mandag 30. desember 2013

Vekestart veke 53/1

Altså, eg vart litt usikker på vekenummeret…det var veke 52, og det er ikkje nyttår enno, så eg velger ei kombiløysing!

ÅRSSKIFTE
Nå gløtter tiden
på timeglasset:
- Et sandkorn faller.
- Et år forsvinner.
Vi står tilbake
og raker sammen
en liten gravhaug
av gamle minner.
Vi raker sammen
og ser tilbake.
Tilbakeblikket -
hvor tungt det veier!
Så kaller tiden
fra svingen forut,
og vi må vandre
med hva vi eier.
Kolbein Falkeid
Eg har ikkje heilt kome til nyttår enno, det er jul i kroppen, det er tid for sofa, uendelege mengder sjokolade, nøtter og julekaker, eg ser film og løyser kryssord. Vi søv lenge om morgonen og legg oss seint, treffer fine folk heime og borte, planlegg nyttårsaften og tenner uendeleg mange lys. Innimellom veltar eg blomsterpotter så jorda veltar utover golvteppet, kastar frukt som har fått grøn pels på fruktfatet og skifter duk etter å ha søla på dei, det er vel også romjul...
Men det er berre ein dag igjen av året, difor blir det eit nyttårsdikt!
Denne knoppen er i ferd med å opne seg, som det nye året.

fredag 27. desember 2013

Julefred, julejobb, julemat, julesorg, juleglede

Jula er iår litt blå, med sakn i hjartet, midt i julestemning, jobbbing, selskap, sakte kveldar og god mat. Vennskap som har vore der lenge, nye som veks sterkare.

Julekvelden var rolegare enn på mange år, med soner som heilt klart har vorte større! Ingen kasta opp av spenning over ventetida til vi fekk opna gåver. Derimot var det samstemmig jubel over endeleg å få Dronning Maud-fromasj og vi vaska opp saman før vi pakka ut gåvene. Og når mor sovna på sofaen etter gåveutdelinga, ordna nokon andre opp med kaker på fat og bestemte kva spel vi skulle spele(for ein skal spele på julaften)
Første juledag starta seinare enn nokon gong før, og var delt mellom testing av helikopter(takk til tante og onkel som meiner at det skal vere noko å leike med første juledag sjølv om ein har vorte "stor") og bruk av loop-boks(jada, eg har gitt den bort, eg skreiv på kortet, men det er stort sett det eg veit om den…)
Spisebordet litt før julefreden senka seg...

Spisebordet då klokkene ringte jula inn
Eg høyrer seriøs og munter juelmusikk i skjønn forening. Desember er julemusikk for meg. Men alt til si tid. Julemusikk med overraskande vri har vore godt denne jula, min favoritt er denne:
Og det finns ein sommarvariant også!!!

Og all julepynten kom fram i løpet av lillejulaften…ny og gamal, tradisjon og raritetar i skjønn forening! Mannen hadde foreslått at ungane kunne pynte juletreet medan eg var på jobb lillejulaften, men han forsto fort at han tok feil!!! Tradisjonar tullar ein ikkje med! Juletreet pyntar ein under mors strenge kontroll.
Englekoret!

A new fairy in the tree 

Litt av den litt rarare pynten :)

 Og heilt til slutt: juleselfie!!!

Og i hjartet er det sorg og gode minner, som gjer at eg plutseleg dett litt ut. 

søndag 22. desember 2013

Vekestart veke 52

Eg ser at veldig mange andre slår til med ferdigpynta hus og alt på stell, både på blogg, facebook og instagram. Det er ikkje slik her!

Eit heilt vanleg spisebord i førjulstida...

Det var mykje som stoppa opp på torsdag då Hanne Kari døydde, Det blir stille når nokon går ut av tida. Det skal bli jul, men eg treng litt tid til andre ting også, som å tenkje, minnast, prate med andre og berre sitte litt i ro. Høyre julemusikk, tenne lys, lese aviser. Det meste er innan rekkevidde for å bli ferdig i tide, og resten får berre vere…

Fjerde søndag i advent

Idag har vi hatt besøk av lillesøster(jada, småsøstre er småsøtre, uansett om dei nærmar 40!) og familien, vi har ete middag, bytta gåver og smakt på julekakene. Årets første juleselskap gjorde godt for sjel og kropp.

Eg er, med litt hjelp frå andre, oppe i 6 slag! Og etterpå var fatet tomt!


På fredag var eg med på båreandakt. Der sang vi Aftonbön av Karin Boye, og eg tenkte at den ville eg dele med dykk no. Julesangar og vintervers får kome seinare.

Aftonbön

Ingen stund är såsom denna,
kvällens sista, tysta timma.
Inga sorger längre bränna,
inga stämmor mera stimma.

Tag då nu i dina händer
denna dagen som förflutit.
Visst jag vet: i gott du vänder
vad jag hållit eller brutit.

Ont jag tänker, ont jag handlar,
men du läker allt och renar.
Mina dagar du förvandlar
så från grus till ädla stenar.

Du får lyfta, du får bära,
jag kan bara allting lämna.
Tag mig, led mig, var mig nära!
Ske mig vad du sen må ämna!
Karin Boye


God veke, god jul og vær tilstades i livet!



torsdag 19. desember 2013

Det blir stille når nokon går ut av tida

Idag kom meldinga eg har vist ville komme, men håpa ikkje skulle komme riktig enno.
Ei kjær venninne er død.

Det er vondt, trist, tomt og heilt uverkeleg.
Eit dikt har ligge og venta på denne dagen, i håp om at den var lenge til…

Jeg finner nok fram

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante
Jeg finner nok fram

Kolbein Falkeid


Det blir stille utan henne, det er ei for lite i flokken min, ei som manglar. Ei eg har kunne diskutere livet med, delt bøker med, gått på kafe med og utveksla mengder med sms´ar med. Latter og alvor! Eg har visst det ville bli slik ein dag, men eg var ikke førebudd lell...

Kvil i fred, kjære Hanne Kari!

mandag 16. desember 2013

Vekestart veke 51

Av og til er livet rart! Akkurat no står eg midt i juleførebuingane, det er lister over baking, vasking og dei siste julegåvene. Det er pynting og julemusikk, julete og prøvesmak av baksten. Det er ei tid med forventingar i lufta, glede og samhald, for vår familie.

Samtidig har eg nokon som står meg nær som er alvorleg sjuk, som eg besøker og prøvar vere hos med jamne mellomrom. Der er det også snart jul, men fokuset blir eit anna. 

Og midt i dette rare gapet lever eg, og mange andre har det på samme måte. Idag tidleg då eg sto opp, kom lyset så vidt ute, og inne hang adventsstjerna og lyste klart og sterk. Difor blir det denne sangen som er vekestart denne veka:

En stjerne skinner i natt

En nyfødt kjærlighet sover
nå er guds himmel nær
vår lange vandring er over
stjernen har stanset her

Englene synger høyt i kor
synger om fred på vår jord
verden var aldri helt forlatt
en stjerne skinner i natt

Se himmlen ligger og hviler
på jordens gule strå
vi står rundt krybben og smiler
for vi er fremme nå

Her kan vi drømme om den fred
som vi skal eie en gang.
For dette barn har himlen med
og jorden fylles med sang.
Tore W. Aas

lørdag 14. desember 2013

Lettvint jul? Særleg!

Det er snart jul!
Tradisjonar er viktige, og nye ting skal kanskje inn på lista, det er så mangt å ta hensyn til.
Det er naturlegvis ikkje så viktig korleis og kva ein gjer når ein førebur jul, SÆRLEG!
Eg har som eg tidlegare har skrive om, levd hybellivet i periodar i haust, faktisk særleg dei to første vekene i desember. Folk har på mine vegne bekymra seg for korleis juleførebuingane skulle gå, og eg har kjekt sagt at "neida, det går bra! Mann og barn kan vaske og resten tek vi som det kjem". SÆRLEG!
Eg har sitte på hybelen og skrive lister med kva(eg syns) skal kjøpast, kva eg kan tenke meg å lage, kva vi treng til jul, matlister, gåvelister. Eg har aldri vore så tidleg ute med julegåvene, iallfall ein del av dei, ein skal lyge med måte :)

Gåver ferdige til utdeling!

No er eg heime igjen og skal igang med gjennomføring av planene! Eg har ikkje nådd totalt stressnivå og sprengte blodkar, men eg har ein liten juledeperado i mitt indre som meiner vi MÅ ha julebrød, krumkaker og lammerull. Mannen meiner vi ikkje treng alt, berre fordi det snart er jul. SÆRLEG! Kva veit vel han?! Klart vi treng heimelaga fikenmarmelade, pepparkakehus og berlinerkransar!

Berlinerkaransar
Idag har vi vore ute og sendt julegåver, før posten sin frist! Vi har kjøpt både pinnekjøt og ribbe, og der var det faktisk ingen dsikusjon om vi trong det! Vi har bestemt at det blir Dronning Maud-fromasj til dessert på julaften og karamellpudding på nyttårsaften.

Eg har pynta til advent, med kalenderlys og julekrybbe, 4 adventslys og adventsstjerne. Min indre hamster har sørga for at vi(eg) har rikeleg med både adventspynt og julepynt får før. Enkelte i heimen meiner vi har meir enn nok, SÆRLEG! Ein får aldri nok og det finns alltid noko nytt som er heilt nødvendig for å skape julestemning. Det er difor vi(eg) har endt opp med 2 ulike Luciatog! Men kan ein ha for mange Luciatog?

Begge er nødvendige!
"Svart senker natten seg"




















Men ein ting skal eg ha, midt i alle listene mine, eg bekymrar meg lite for vasking! Der er mannen mykje verre, idag har han vore vaskegeneral og vi har måtte vaske stove og kjøkken og bad. For eit mas og for eit styr! Den mannen tek ikkje lett på det, tak og veggar skal vaskast og han er ikkje fornøgd med å vaske rundt teppa, neida, dei skal rullast vekk først… (ok, det blir fint og veldig triveleg etterpå!  Og enkle testar, som sjekk av vaskevatn, viste at det ikkje var omsonst arbeid…)

Det er lenge igjen til jul, slik eigentleg, og når det nærmar seg byrjar eg nok å stryke ting av lista, kjenner eg meg sjølv rett :)

Eg kjenner dessutan meg sjølv så godt at at eg veit at innimellom alt eg syns eg skal gjere, blir det nokre stunder med beina på bordet, julemusikk og kos. Eg kan leike jule-ordne-general så mykje som berre det, men eigentleg er eg litt lat… Eg har kjøpt ny julemusikk iår og, der er det heller ingen disksujon, det er alltid plass til ein til!
Marsipan er lov i desember! (og frukt naturlegvis!)

Papparkaker med blåmuggost! 


onsdag 11. desember 2013

#hybellivet, ei oppsummerimg

Etter ein haust med meir reising enn vanleg og hybelliv i flerie rundar, er det vel rett og rimeleg med ei slags oppsummering.
Korleis vart det? Har eg gjort det eg hadde tenkt?

Å bu borte heile arbeidsveker kan vere ein skikkeleg egotrip! Det er ingen familiemiddag som skal planleggat og lagast. Mor kan velge det ho sjølv vil ha, eller velge take-away eller kafe(eller brødskive med salami, det tel som middag når ein et bakt laks i kantina til lunsj) Det er ingen som skal kjørast eller hentast, så #morstutogkjør har midlertidig stans i drifta(det er mogeleg far ser ansleis på det, han som er åleine om logistikken) Haugen med reine klær er ikkje her, så eg får ikkje bretta noko som helst, faktisk treng eg ikkje vaske klær heller! Eg kan berre drive leksehjelp og -masing via telefon, og vekking av trøtte tenåringar er ikkje mitt bord.
Greit å vere på besøk ein plass med kakkelomn ein kveld med storm og straumbrot.

Forrige veke var eg rundt og trefte mange kjente, det var superkjekt! Eg hadde full fart nesten kvar ettermiddag, opplevde strømbrot og lekselesing, prat om nye og gamle dagar, øitt trøbbel med trikkestopp som har flytta seg sidan sist. Eg åt sushilunsj med fine damer, og skratta som eg sjeldan gjer. Denne veka har eg berre gjort som det har falle meg inn! Eg har ikkje hatt ein einaste avtale etter jobb, eg har shoppa litt(litt er kanskje eit definisjonsspørsmål. Nokon vil sikkert seie at litt er mindre eller meir, eg ser eg skulle valgt større koffert), sitte masse i sofaen, lese, sett tv, surfa på nettet, sove middag. Eg har vore på jakt etter den perfekte julepynten, og har sett på julekrybbeutstilling. Eg har vore egosentrert og tenkt at dette er det ikkje ofte eg kan gjere, så det gjeld å utnytte det! No skal eg vere klar for innspurt til jul heime, trur eg…
Den aller søtaste #julepingvinen!
Planene eg hadde før eg byrja å reise; om å gå på kino, teater, kafe etc, har kokt bort i kålen på eit eller anna vis. Å jobbe har tatt meir krefter enn eg trudde, og eg fann ut at eg søv betre på sofaen enn på kino, billegare er det og… Eg har heller ikkje gått kilometervis tur berre for å gå, eg har ikkje strikka ei maske, ikkje laga julegåver, nesten ikkje kjøpt nokon heller.
Slottet i grått desembervær, eg gjekk forbi igår.


Og for den som måtte lure: eg har vore på jobb kvar deg, eg har vore på plass i god tid før klokka åtte og jobba heile dagen. Eg har gjort mest ting eg kan, eg har vore på møter, vorte kjent med fine folk, eg har måtte strekke meg litt og lære litt, eg har obserert og kommentert. Det krever si kvinne det og! Å vere på ein ny stad, tilpasse seg nye rutiner, sjå kva som er ulikt eigen jobb, diskutere for å finne ut kva som er rett, det kan minne litt om å vere student, sånn 20 år etter :)

Men å vere borte heile veker er også å sakne mannen, sakne tenårigane, sakne senga mig og ikkje minst dyna! Eg gler meg til å kome heim til aviser levert på døra før frukost, småprat med gjengen min, adventspynta hus, middag med familien og alt rotet og rutinene. Eg har sakna den vanlege jobben, dei vante oppgåvene og ikkje minst lunsj saman med kollegane mine. Det er normalen som er best! Eg er nok rett og slett eit vanedyr som likar kvardagen best, sjølv om eg ser at å gjere noko anna er godt for ein periode!



At det er meldt orkan i morgon kveld, når eg skal heim med fly, er ikkje som planlagt! Eg syns eg fekk nok reisevær og reiseforviklingar sist veke. Men slik er det vel å reise i desember?
Så får vi sjå om det er slutt på pendlinga no eller om det fortsett etter jul.