Eg har hatt eit todagerskurs på mamma sin husmorskule!
Eg hadde lyst å lære å lage fiskemat, syns at når eg har runda 46 år er det på tide…og eg fekk plass på vinterferiekurset!
Men for å lage fiskemat treng ein råvarer, og vi var heldige og ha leveringsdyktige bakmenn.
 |
| Lettmatros og styrmann |
 |
| Fiskeflåten på veg mot land |
Litt ruskevær første dagen, men dag to var det kjempefint!
 |
| Fram med vekta! |
Sjølv om sjefen for fiske har fiska i så mange år at han alltid har opplevd meir fangst, så vil eg seie at vi hadde godt om råvarer! Torsk, lyr, hyse, sei, kolkjeft vart med opp. Skate fekk vere med opp, men vart diskvalifisert. Flyndra, knurren og ueren vart ikkje med til land ein gong.
Heldigvis har det vorte slik at fiskaren leverer frå seg kun fiskefiletar. Lettmatrosen vart god til å filetere, og eg slapp.
Så var vi klare for matlaging!
Først på med forkle.
 |
| Forkleselfie |
Så prøvde eg finne oppskrifta vi skulle bruke. Men det viser seg at etter omtrent 59 år som husmor treng ein ikkje skrivne oppskrifter, derimot har mamma dei i hovudet og fingrane. Eg derimot, med ikkje like lang fartstid, fekk skrive ned ei omtrentleg oppskrift, som kan brukast saman med erfaring.
Vi startar med fiskefilet.
Opp i foodprocessoren, saman med salt, potetmjøl og muskatnøtt. Kjør saman og så spe med mjølk.
 |
Hyse eller lyr, eg kjenner ikkje igjen fiskeart når det er filet(ikkje alltid som fisk heller) |
 |
| Læraren sjekkar om eleven har gjort som ho skal. |
 |
| Det vart godkjent, og vi byrja steike kaker. |
 |
Litt av resultatet. Det vart 120 fiskekaker!
|
Dagen etter var det også mykje fisk. Då laga vi fiskeball. Det er mykje likt i oppskrifta, men her er det også løk og peppar. Det vart 90 stykker. Eg kjente meg som ei dreven husmor etterkvart som timane gjekk på kjøkkenet!
 |
Her er det filet av kolkjeft (det veit eg fordi eg veit det) |
 |
| Fiskeball som kokar |
Og idag har vi hatt fiskeball til middag. Heimelaga mat smakar godt, mat ein har laga sjølv smakar om muleg endå betre!!
 |
| Fiskeball med bacon, potet, gulrot og kålrot. |
Og til slutt, litt natur:
Då eg venta på å sjå fangsten, gjekk eg rundt i fjøra og fekk sjå mykje vakkert!
 |
| Naust #1 |
 |
| Naust #2 |
 |
Samme fjell og fjord på biletet både over og under her, sola gjer ein forskjell! |