søndag 30. september 2012

Pannekakefrukost

Enkelte tradisjonar inneheld det meste! Når vi blir einige om pannekakefrukost er det ikkje vanskeleg å få nokon til å stå opp og hjelpe til. Ikkje at vi brukar starte så tidleg...denne frukosten blir berre laga når vi veit at vi har god tid. Kanskje vi heller skulle kalle den pannekakebrunsj. Sverre er verdens beste pannekakesteikar og vi andre dekker bord, pressar appelsinjuice(jada, idag hadde det vorte svikt i logistikkavdelinga, vi hadde ikkje appelsin...måtte drikke kjøpejuice) steiker bacon etc. Vi lagar maten saman, tek oss litt ekstra tid når vi et, ingen ting hastar og det er kanskje difor dette er ein gulltradisjon i familien?
Frukostproduksjon

Mor må berre bruke koppen sin for å få alle til å skjønne at ho treng hjelp!


Bacon, blåbær og lønnesirup :)
Vi har vore på iHOP(www.ihop.com ) i USA, der er porsjonane rause med pannekaker med ALT av tilbehør som banan eller omelett eller ekstra bacon og ei mugge lønnesirup... Det er veldig godt og veldig lurt at vi må reise langt for å ete der :)
Men vi kan skape stemninga heime, med litt enklare tilbehør. 
Tilbehøret er viktig, sjøl om vi naturlegvis burde
ha plukka blåbæra sjøl


Så får vi sjå når Sverre får realisert planen om å mose banan og ha i røra, bananpannekaker! Neste gong?



lørdag 29. september 2012

Kommentarar

skal no vere enklare å legge inn. Eg reknar med det går bra :)
Laurdag er dagen for beina på bordet!

fredag 28. september 2012

Mitt liv som and!




Eg har eit favorittuttrykk:

Always behave like a duck – keep calm and unruffled on the surface but paddle like the devil underneath.

~ Jacob Braude

Vere som ei and, roleg på overflata, kave desperat under vatn... 
Denne gjenger bur på badet, litt liv og røre!

Innimellom kavar eg frykteleg "under vatn" medan eg sikkert ser roleg og fatta ut på overflata...  Det kan vere i ulike samanhengar behovet melder seg; i diskusjon med tenåringar, på butikken når ekspeditøren ikkje forstår kva eg vil eller kanskje særleg på jobb når eg skal legge fram noko eller får spørsmål som eg skal prøve å gje gode svar på. Det kan også vere når eg er sliten, men ikkje vil vise det, og heller vil ha blankpussa fasade...
Eigentleg bør ein vel stå fram som ein er, seie ein er usikker eller ikkje veit og heller be om time-out. Men det er eigentleg, no snakkar vi om real-life og beinhard kvardagsrealisme!


imgres.jpg

torsdag 27. september 2012

Du veit du er gift med ein jeger når (4)...

...det er september og jakta nærmar seg; det er mange detaljar som skal på plass! Er jaktradioen i orden? Skulle ein vore ein tur til på skytebanen for å sjekke at geværet virkar som det skal? Innkjøp av mat til jakta må takast på alvor, og er sko og klær i rett stand?
Fil-Moose-Gustav.jpg
I tillegg er det ei viktig oppgåve å følgje med på været, fine solfylte haustdagar med bål i lyngen og sopp på steikepanna står høgare i kurs enn å sitte på post når det snør og myrene er fulle av vatn.

Elgjegerenka trivst best inne, med dyne og innedo og dusj! Luksusdyret :)


søndag 23. september 2012

Duppeditter

Eg har lese ein stad at eig du meir enn 8 ting så eig tinga deg... eg trur eg ligg dårleg an! (og veit du kven som har sagt dette så fortel det gjerne til meg)
Eg har nettopp kjøpt meg ny mobiltelefon, sidan den gamle datt i golvet og knuste skjermen. No har eg kjøpt smarttelefon, og har spel og nett og kan ringe og sende sms og chatte og eg veit ikkje kva. Det tek si tid kan ein seie, kan vel nesten kalle det ein tidstjuv... Resten av familien plystrar meldingslyden støtt og stadig for å forvirre meg! Med rette... Der plystra det igjen, forresten.



Som eit ledd i datamaskinparkutvidinga i heimen har eg overtatt ein Mac. Det er ikkje berre enkelt for mor... Vurderar å skrive bok: "Mor har fått Mac", med undertekst sinne, frustrasjon og det er visst aldri for seint å lære. Godt eg har konsulentar i huset! Det er litt artig og, men når alt er litt endra og eg stadig  må tenkje litt ekstra krever det si dame. 

Legg til bildetekst
I sommar fekk eg Kindle, lesebrett fra amazon.com Eg får mykje trening i å lese engelsk, eg finn stadig bøker eg har lyst på og det er farleg lett å kjøpe bøker på nettet. No les eg "Winter of the world" av Ken Follett. Eg kosar meg med historier fra 1930talet både i Europa og USA, og det er ei tjukk bok(men Kindelen er lett å ta med)
 Eg har nye øretelefonar og då er det lettare å høyre musikk. Oppdagar at eg har mykje bra liggande:)

Og dette er berre dei tekniske tinga mine... Korleis eg skulle klart meg med berre 8 ting veit eg ikkje, og ikkje veit eg kva eg skulle hatt heller, men trur eg treng mine eigne reglar for bruk!
Ute held hausten på å nærme seg... Utsikta er frå kjøkkenvinduet, på taket har det vore is fleire gonger allereie og trea har byrja få haustfarger. Det er litt rart, sommaren gjekk så fort, men det er litt godt og. Det er tid for levande lys og innekos med pledd og varme supper.

torsdag 13. september 2012

Roller i livet

Eg har mange hattar:
Solhatt for lesing i sola

Denne måtte eg prøve! Skikkeleg meksikansk hatt(i "mexiko" i Disney Epcot), men vart for vanskeleg å få med heim på flyet...

70talls dongerihatt
Eg har faktisk endå fleire rundt om i huset, trur eg må byrje bruke hatt oftare:)

Men eg kan også ta på meg hatt som ei rolle:
  • søt konemor
  • sur kjerring
  • monstermor
  • mønstermor
  • venninne
  • søster
  • bioingeniør/overingeniør/bakteriekikkar
  • lesehest
  • osv
Av og til fleire hattar på ein gong, mønstermor og pysemor, venninne og bioingeniør, søster og helseingeniør, gnagsår og konemor... Alt dette er meg, på godt og vondt! På jobb er det godt eg kan mykje om bakteriar, i privatlivet kan det gje mykje "i verste fall"-tenking. Det er enklare å vere mønstermor når ein snakkar om å oppdra ungar, enn når ein skal diskutere med tenåringar om reglar i heimen!
Ikkje alltid lett å vite kva hatt ein skal velge, kva som er korrekt "antrekk" eller  speglar det indre best...
Det var dagens filosofering fra meg.

søndag 9. september 2012

I skuffer og skåp

Eg har vore innom det før, eg har eit velutvikla hamstergen! Og det virkar naturlegvis inn på korleis det ser ut i skuffer og skåp. Eg fann att ein kniv idag(vel, fann att...den låg plutseleg på plassen sin igjen, kvar den har vore og korleis den kom att er eit mysterium. Husnissen kanskje?) og kom samtidig på at eg har mykje rart :)


Gulrotkniv 
Ein eller annan gong fekk eg ein gulrotkniv, som eg med ironi og litt distanse har brukt. Gulrotkniv liksom, kva skulle eg med den? Skikkeleg husmorting. Men litt etter litt byrja eg bruke den, gulrøttene vart festleg stripa og smakte kanskje enno betre, og no når den har vore borte ei stund har eg sakna den! Men no skal det bli orden på gulrøttene igjen!

Kva er dette? (beklager bildekvaliteten)   

Eit eller anna ukeblad hadde ein gong ei spalte der dei spurte etter det merkelegaste kjøkkenredskapet folk hadde, og søstra mi meinte eg hadde noko av det raraste!
Dette er eit spesialrivjern for muskattnøtt! Eg trur eg har arva det, sikkert saman med noko anna, så huskar ikkje kvar det kjem frå, men at det er ein nyttig ting kan ingen kome frå! Alltid beredt til å rive muskattnøtt i kvitsausen!

Dette er ein ganske ny ting, som heile familien fekk i julegåve. Kakestikkepinne med litt ekstra fin utføring! Men den blir iallfall ikkje vekk i skuffa og er lett å bruke!

Dette er noko eg har kjøpt sjøl! Ikkje arva, ikkje funne, ikkje fått, men rett og slett investert sjøl. Maishaldar! Etter ferien i USA i sommar der eg åt maiskolbe titt og ofte, det er så godt, kom eg heim og fekk dilla på å grille mais. Men det er eit griseri å ete, og då eg fann desse(som forsåvidt kosta lite for 8 stk)slo eg til. Praktiske og artige:) Evetuelt skuffefyll, men dei er så små at det går bra!

Appelsinskrellar, eit must i ein kvar møblert heim! I samme stil som ein nøtteknekkar, og eg har sikkert fruktknivar i samme stil også, men dei er så vanlege at dei ikkje blir vist fram idag.


Kven har ikkje sakna ei trinse for å få samme storleik på sirupssnippane til jul? Kan sikkert brukast til hjortetakk også. Berre sei frå, så kan vi bake saman til jul.

Og til slutt eit fat, til å legge dei renska appelsinane på, eller sirupssnippane eller gulrøttene og maisen. Då eg fann det, syns eg det var så stygt at det var nesten fint:) No syns eg det er berre fint og brukar det med andakt og tenkjer på tante Marwild som hadde det på hytta si.

Ting er berre ting, men enkelte ting har meir sjel enn andre og fortener ein plass i sola på ein regnværssøndag!