I sommar har eg tatt bilder av humler. Mange humler, særleg saman med blomster. Men kva gjer ein med alle bilda? Det er måte på kor mange eg kan legge på Instagram som #dagenshumle...
Så då samlar eg ein del bilder her!
|
Seint i mai, då snøen omsider var borte |
|
Tistel med humle |
|
Peon med humle |
|
Dobbel humle!
Åkerhumle på marihånd |
|
Humle på setra
Ein fjellforglemmeiei, trur eg. |
Å oppdage humlene, har også gjort at eg har oppdaga blomstrane på ein ny måte, og no ligg Floraen framme til ei kvar tid og eg leitar på nettet etter namn på blomster. Så dette er ein slags vinn-vinn på lærdom og glede!
|
Tistel med humle og utsikt |
|
Her er noko anna, men eg måtte ta den med.
Blåknapp med blek engmott |
|
Blomkarsen er veldig populær hos humlene! |
|
Denne blomsten har eg aldri tenkt over før, men det er
altså ein enghumleblom. Og humla jobbar innandørs her. |
|
Humle i hekken
|
Eg kosar meg med humlejakt. Eg gler meg over jobben dei gjer, og lurer på om det er fordi eg ser etter dei at eg syns det er færre, eller om det er som før? summar det litt mindre i blomsterenga?
|
Steinhumle på reinfann
(takk til internett!) |
Humler er fine! Prøver ofte ta bilde av dem, men som oftest blir de enten uklare eller så bruker jeg så lang tid at humla allerede har sust videre.
SvarSlettDei er ikkje så lett å fangeleir i bilde, eg har sletta mange bilder undervegs....
Slett