fredag 18. april 2014

Vekestart veke 16(og påske)

Vekstarten denne veka kom litt vekk i påskekjensle, forkjøling og innspurt på jobb før eg kunne ta påskeferie. Eg kom aldri til å legge ut ein vekestart. Men no er iallfall jobben unnagjort, det er ferie, men forkjølinga sitt i enno, så eg har litt sakte tempo. Igår regna det, så då gjorde det ikkje så mykje, idag er det påskeklisjeaktig sol og kvite toppar(og litt vel grønt etter mi meining, det er då berre april?!) men akk, nasjonalromantisk vakkert! Eg har vore ein tur ute med fotoapparatet, god innpakka i varme klær, og no sitt eg inne i solvarmen frå vinduet og nyt!



Sidan det er langfredag i dag, tenkte eg å ta eit litt påskerelatert dikt. Eg er ikkje så sikker på om det vart det, men eg har bladd litt i "Dikt i utval" med dikt av Jan-Magnus Bruheim, og fann eit dikt som iallfall passar litt

BØN

Du som veit um all kvide,
all otte og angest
og alt vi må lide.
Alle dei spørsmål
som ikkje finn svar.
Sjelene som
må einsame må stride.
Alle dei bører
vi ber og vi bar.

Du som var og skal vera.
Som hjelper kvar lidande
sjel til å bera.
Alle du skapte,
kom til dei, og ver!
Og lat oss leva
di heilsame læra,
Fader, som var
og som blir og som er.

Jan-Magnus Bruheim


Og så blir langfredag snart til påskedag, det er nye veke og nye diktsjanser :)
Fortsatt god påskehelg!

4 kommentarer:

  1. Svar
    1. Vi er i fagre Romsdalen, nærmere bestemt Måndalen akkurat nå. Det er barndommens og ungdommens fjell, og det er fantastisk å se at nå er det tenåringenes fjell, det er topptur i blikket til frokost! (men mor er forkjøla og ser det fra sofaen)

      Slett
  2. Vi har jammen mye flott natur rundt oss. Og Måndalen er jo bare vakker:)
    Bildet med sola gjennom treet og fjella i bakgrunnen skulle du ha forstørret og hengt opp, fantastisk fint.
    Håper du har hatt gode påskedager, at forkjølelsen har sluppet taket og at det kanskje ble tur på deg også:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord! Har tatt masse bilder i påska, og har igrunnen lyst å prøve meg på litt forstørrelsar og sjå korleis dei blir på veggen :) Forkjølelesen slapp taket, så dei siste dagane fekk eg nyte sola!!

      Slett