onsdag 4. desember 2019

Adventskalender

I år har eg slått til med kalender til meg sjølv, av typen luksus og ganske svært dyr og eg veit ikkje kva!

Men eg gler meg over den, både innhald og utsjånad. Eg får god kvalitetste, kvar dag i desember (og lenger enn det, for det er rause porsjoner) eg tel ned til julaften og dagens te gir meg ein grunn til å sette meg ned og senke skuldrene litt (får tru det varer heile advent!)

I den rosa boksen er det te!

Alt ein treng for å kose seg!


Kalender med 24 skuffer! Og i skuffene er det ein boks. Og det er med bok,
så eg veit kor varmt vatnet skal vere og kor lenge teen skal trekke.





tirsdag 3. desember 2019

Desembersnø

Igår hadde eg sesongens første skitur! Det byrja å snø på fredag, men helga var full av program, så det var først idag eg rakk ut.


Det tok litt tid å finne fram ski, skistavar og skisko. Men altså: HURRA for ski med faste feller! Det var berre å legge avgarde. Lite løype enno, men det var lys i lysløypa.


Stemningsfullt med skitur i mørkret!


No håpar eg berre at værvarslet tek feil, så det ikkje blir regn og 8 grader i morgon....

mandag 2. desember 2019

2.desember

Enkelte tradisjonar skal ein ikkje ta lett på.
Som julekrubba.
I alle år har det dukka opp ein figur kvar dag i desember, og Jesusbarnet kjem alltid på julaften.


Iår dukka denne karen opp. Ny av året, og ikkje heilt stø på kalenderen tydelegvis, for han sto der brått laurdag kveld, 30.november. Men i stallen er det husrom!

Diskusjonen går om kven dette er, for eg meiner det er eit reinsdyr. Med vingar. Mannen (som også er jeger) meiner det minner om ein katt, med lange bein. (og vingar) Uansett så er han her! Eg held på reinsdyr. Eventuelt engel.

søndag 1. desember 2019

1.søndag i advent

Snø ute, god tid, roleg frukost.
Med adventslys og sang.


Ikkje så dumt at 1.desember og første søndag i advent fall på same dag.

torsdag 14. november 2019

November

Eg har i fleire år hatt prosjektet "å leve i november", altså ikkje ta advent og desember og jul på forskot. Eg veit ikkje kva som har skjedd, for i år har eg ikkje rekt å tenke tanken på å ta noko på forskot, eg har meir enn nok med å spa unna det som skjer her og no!
Og det hjelper naturlegvis at været har vore bra, kaldt og klart, ikkje regn og mørkt! (ikkje for det, eg saknar dagslys! Det er mørkt når eg står opp og mørkt når eg kjem heim frå jobb.) 

Men i helgene er det lys! Her er nokre glimt frå sist helg:

Asalea i solnedgang

Lys i mørketida!


Litt advent har snike seg inn...det vart ein boks peparkaker med heim ein dag, og eg jobbar med å drikke opp juleteen får i fjor!

søndag 10. november 2019

Farsdag

Søndag, god tid, farsdag.
Og tid til lang frukost.
Mannen har vore ei veke i Wien med jobb, og det var godt å starte dagen roleg, med god tid, mat og prat.


Det er liksom ikkje slik når eg spring i meg frukost på kvardagane...

mandag 4. november 2019

Måndag

Enkelte måndagar er meir måndag enn andre måndagar. Idag for eksempel.


Ikkje det at det var noko spesielt ille som skjedde, men kombinasjonen

  • måndag
  • mange minusgrader ute
  • måndag
  • november
  • måndag i november
  • glatt å gå til jobb
  • måndag
  • sove for lite
  • tomt for brød
  • kaldt inne
  • eg er heime åleine
  • måndag
  • det er tidleg i november

Men eg gir ikkje opp!

Eg drakk ein kopp te før eg gjekk på jobb. 
Eg har mykje ullklær, og kledde meg godt.
Eg tok bilde av meg sjølv med glitterfilter, det hjelper!
Eg lagde middag av restar  #etoppmatendin Gulrot og blomkål i omeletten er undervurdert.
Eg har sove middag. 
Eg har prøvd å vinne over klesberget på vaskerommet. 
Eg har fyra tett og trufast frå eg kom heim frå jobb. 
Eg har bakt rundstykker. 
Eg har førebudd noko eg gruar meg litt til. 
Og eg har lese ei heilt enkel, lett bok, med ei dame som ser inn i bakgrunnen på framsida (det er ein eigne sjanger! https://biblioteket.trondheim.kommune.no/innhold/voksen/tips-og-anbefalinger/manedens-leseutfordring/februar-en-bok-med-en-person-med-ryggen-til-pa-forsiden/)
No skal eg snart ta på nattkjolen i ull og sove!