tirsdag 30. desember 2014

Pustepause

Jul er mykje fellestid, selskap, måltid, sosialt, iallfall for meg. Idag var dessutan juleferien over, det er tilbake på jobb. Ikkje så veldig slitsomt, men eg kan ikkje sove utan å sette på vekkeklokka først og eg kan ikkje ete frukost utan å tenkje på tida. 
Men no i kveld fekk eg ei lita pustepause. Mannen og junior#2 er på  kino. Junior#1 planlegg nyttårsaften saman med kompisane. Så her er eg, åleine heime!!! Yuhu!
Juletreet blir berre meir og meir skakt...




Hjortehorna lyser i den stille kvelden!

Kva eg gjorde? 
Rydda på kjøkkenet og sette på oppvaskmaskina. Samla saman skitne klær og starta vaskemaskina. Bretta reine og tørre klær og sorterte(medan eg høyrte "Jul i P2") Kledde på meg regnklær og snørte på meg piggsko og gjekk tur. 
No har eg ramla ned i sofaen, skrudd av det meste av lys, nyt lysa på juletreet og frå stjerna. Eg et ananas og klementin.
Kanskje ikkje heilt vill og gal, men eg gjer som eg vil :)

1 kommentar:

  1. Det er Luxus med litt åleinetid; å få gjera det ein har lyst til i sitt eige tempo, til og med ingenting ;)
    Treet er sjarmerandes!
    Godt nytt år til dykk!

    SvarSlett