tirsdag 30. desember 2014

Pustepause

Jul er mykje fellestid, selskap, måltid, sosialt, iallfall for meg. Idag var dessutan juleferien over, det er tilbake på jobb. Ikkje så veldig slitsomt, men eg kan ikkje sove utan å sette på vekkeklokka først og eg kan ikkje ete frukost utan å tenkje på tida. 
Men no i kveld fekk eg ei lita pustepause. Mannen og junior#2 er på  kino. Junior#1 planlegg nyttårsaften saman med kompisane. Så her er eg, åleine heime!!! Yuhu!
Juletreet blir berre meir og meir skakt...




Hjortehorna lyser i den stille kvelden!

Kva eg gjorde? 
Rydda på kjøkkenet og sette på oppvaskmaskina. Samla saman skitne klær og starta vaskemaskina. Bretta reine og tørre klær og sorterte(medan eg høyrte "Jul i P2") Kledde på meg regnklær og snørte på meg piggsko og gjekk tur. 
No har eg ramla ned i sofaen, skrudd av det meste av lys, nyt lysa på juletreet og frå stjerna. Eg et ananas og klementin.
Kanskje ikkje heilt vill og gal, men eg gjer som eg vil :)

mandag 29. desember 2014

Juleselskap

Idag har vi hatt juleselskap! Verken eg eller mannen kjem frå Trondheim, men etterkvart har ein del av min familie slått seg til her, og det er kjekt! Lillesøster med familie bur her, og flerie vaksne nieser og  nevøar. Og når storesøster og mann kom for å besøke barn og barnebarn, fann vi ut at vi skulle treffes til o-store-julefamilie-selskap! Det er vel første gongen i Trondheim, og med stort og smått vart vi 16 stykker. Det blir ganske tett i vår stove, for alle vil vere saman, og ute regna det!
Men med hjarterom og husrom går det.
Godt juletreet står i ro i ein krok.
Men litt synd vi har det for trengt til å gå rundt det!

Nokre glimt fra selskapet

  • det er kjekt å servere masse heimelaga pålegg, både sylte, rull, sild og leverpostei! Særleg når det fell slik i smak. Før neste jul skal eg og lillesøster ha juleverkstad og lage rull og sylte saman. (Eg kjenner meg jo som skikkeleg hsmor når eg i tillegg hadde berre heimebakt brød!)
  • storesøster var raus med lefser, og det kan vi like, vi som ikkje er særleg stø med kjevlet. (Og ho hadde med sirupssnippar og havrekjeks også, også krevande for oss som ikkje likar å kjevle)
  • ei lita niese hadde vannkoppar, og då blir tempoet deretter, men det var mange gode fang å krype opp i.
  • vi spela spel! Det får fram konkurranseinstinktet i dei mest fredsæle av oss….
  • det var julemusikk på piano, litt tilløp til sang, og eit lite band med piano, gitar og kontrabass. Junior som fekk ny gitar til jul, viste fram litt av sine kunster.
  • Multekrem og Dronning Maud-fromasj og Delfiakake gjorde at ingen sto i fare for å gå frå bordet med sult i magen! (og i tillegg var det både tynnbakels og diverse småkaker! No er eg heilt tom for berlinerkransar og kranskakestenger, så då slepp eg tenkje meir på dei)
  • Når dagen er over, er den over for den som er fire år og sliten etter julefeiring i dagesvis! Det hadde jo vore fristenade for fleire å berre gje opp gode manerer og tålmod, men vi bit det i oss…
  • Midt i selskapet ringte mamma, ho brukar det, for å høyre stemninga og bråket. Ho skulle nok gjerne vore med!
  • Eg har fått blomster, det er så fint med nokre friske roser på bordet!
  • Leikekassa vår må fram, med litt lego, gamle bøker, kosedyr og andre småting. Ei god bok kan ikkje lesast for ofte, og veska i raud skai som eg fekk til jul som treåring er like populær idag.
  • Det er kanskje ikkje den beste arenaen for dei djupe samtalene, men litt rekk ein innom. Oppdatering på jula så langt, eit sveip innom planlegging av pappa sin 85-årsdag i januar, vitsing og latter, eit lesetips på bøker og sukking over at snøen er i ferd med å regne vekk.
Og etterpå, når selskapet er over og oppvaskmaskina jobbar på høggir og eg sig ned i sofaen, er det med varmt hjarte eg gler meg over dagen og familien eg er så heldig å ha! Vi har gjerne eit slikt selskap ein annan gong også. 
Korleis har det seg at det alltid er ein del ting som manglar fast plass? Særleg i jula…
Kjøkkenbenken før festen...

Spisebordet er klart for innrykk!

Kakebordet
Ingen huska å ta bilete av lunsjbordet...



søndag 28. desember 2014

Vekestart veke?

Er du klar over at veke som straks er slutt er veke 52?! Og at vi på ein måte (tjuv)startar på veke 1 i morgon?! Litt usikker på om eg likar slikt! For meg er det veke 53 i morgon, dermed basta, og det er jule enno! Strålande jul! 
Vi har fri alle mann i heimen, enno(eg skal på jobb på tirsdag og på nyttårsaften) Dagane startar saktare og seinare enn vanleg, eg tenner julelys på juletreet, stjerna i vinduet, lysestaken, fyrer i omnen, sett på tevatn. Så kjem dei andre ruslane ein etter ein. Frukosten er overdådig med alt godt, kjøleskapet har vore overfyllt. Nokre kjem ikkje før til middag, sidan kveldane har ein tendens til å bli natt for husets yngste. Ute er det snø, rettare sagt SNØ! Det har kome mykje kvar natt og dag, det er godt vi har vaksne, sterke soner, og at ein av dei gjerne vil bruke bilen, slik blir han ekstra motivert til å måke og koste og ordne ute!
Så får det vere at eg lengtar etter og treng kvardag og rutiner og vekkeklokke og orden på dagen. Eg treng rå gulrot og tomat snart, eg treng faste måltid, eg treng aviser, litt tid for meg sjølv. Eg gler meg på fiskekaker og makaroni(det er ingen som nektar meg det no, men det er ikkje plass mellom alt som høyrer med i jula) Eg har laga Dronning Maud-fromasj i kveld, som vi skal ha til dessert i morgon, det er godt det, men litt av gleda er at vi berre et det i jula.
Jula er litt av alt, det er gleda over jula og saknet etter kvardagen! Iallfall for meg! 
Jula er strålande! Iår er den kvit, og eg har gått meir på ski no enn heile fjorvinteren. Eg har eit saftig gnagsår på venstre hæl som bevis… Idag spente vi på oss skia utenfør eiga dør, og kunne gå heilt til marka. Slik kan det vere å bu i by.

Vekestarten får vere ein julesang

JUL, JUL, STRÅLANDE JUL

Jul, jul, strålande jul,
glans över hvita skogar,
himmelens kronor med gnistrande ljus,
glimmande bågar i alla Guds hus,
psalm som er sjungen från tid til tid,
eviga längtan til ljus ock frid!
Jul, jul, strålande jul,
glans över hvita skogar!
Kom, kom, signade jul!
Sänk dina hvita vingar,
över stridernas blod ock larm,
över all suckan ur människobarn,
över de släkten som gå till ro,
över de ungas dagande bo!
Kom, kom, signade jul,
sänk dina hvita vingar!
- ukjent -

God veke 53!

lørdag 27. desember 2014

Testing av dings

Når ein har vorte den stolte eigar av ny dings, type nettbrett i jula, må det testet om det kan blogger direkte. Alle eventuelle skrivefeil her er naturlegvis brettet si skuld, og all rar redigering likeså.
Jula har vorte rolig så langt,  men litt av førjula sitt nok i skuldrene, for I dag vakna eg med "to-to-lista" klar i hovedet. .. Den var lang og svært uklar! Det var klesvask og rydding, handling og matlaging, Ikkje minst snømåking og bæring av ved. Eg var igrunnen både sliten og sur før eg åpna augene skikkelig!  Takk pris for fornuftig og tålmodig mann som sorterte oppgåvene og fekk skuldrene mine ned!
Bilete å illustrere med? Ingen! Så då får eg vere kreativ og vise nokre tilfeldige!

 Englekoret

 Det snør ute, stadig vekk. Ikkje rart eg har mareritt om måking


Blåtime og MEIR snø...


Tja, skal vi seie at blogging frå brett går greit?

onsdag 24. desember 2014

God jul!

Det blir jul! Det meste er i orden, maten er klar, treet pynte, gutta gleder seg. Det ble julestrømper til alle, sakte frokost med alt godt og en stor kopp julete.
Øyeblikksbilde
Julete, julekoppar, julepålegg, julebrød, julestrømper, juletre, juletulipaner, julelys og julepynt, julepost, juleglede!
Julero og julefred ønskjer eg alle!

Vi "snakkast" i romjula!

tirsdag 23. desember 2014

Snart jul (og vekestart)

Det er julekortstemning ute, snøen lavar ned, inne prøvesmakar vi julekaker og hører skikkeleg klissete julemusikk i lyset fra mengder av levande lys! Kakene ligg på stettefatet eg fekk av bestemor ei jul for mange år sidan, duken har vi fått av ei gamal tante og oppskriftene til kakene er får mødre og søstre og andre som deler villeg, slik at også det minner meg på kjære!

Så får det vere at det er kasser med julepynt over heile spisebordet, dynetrekk heng til tørk framfor omnen og at juletreet står i vaskekjellaren enno. Når alle er i hus etter diverse ærend i siste liten, blir det pynting og etterpå må golva vaskast. Dei lilla dukane er samla saman, dei raude heng nystrøkne over trappegelenderet, klare til å leggast på. Kvite lys ventar på å bli sett i lysestakane(som ikkje er pussa enno, når eg tenkjer etter)

Før i dag var eg på skitur! Det var fint det! Kan ikkje anna enn tru at det var mykje lurare enn å vaske og stresse heile dagen? Og det er overraskande kva eg har rekt etterpå også :)
Skogen hadde pynta seg!


Julestemning
Ikkje var eg åleine i skogen heller, det var fleire som fann ut at dagen måtte nytast! Det var både laussnø og fine løyper(når eg berre fann dei) Men ei pyse i nedoverbakkane er eg!!
(og eit saftig gnagsår vil nok minne meg om turen i mange dagar…)

Jula nærmar seg, for alle. I følge mannen vil den kome uansett, om vi blir ferdige eller ei. Og godt er det. Eg gler meg, uansett. Men mange går jula i møte med litt blanda kjensler. Eg er litt seint ute med vekestarten denne veke, men eg tenkte å avslutte adventsblogginga med eit dikt om dei blanda tankane mange har inn mot jul!

Vi tenner et lys for alle som undrer
for undringen driver oss fram dit vi skal
Som kongene følger vi julenattsstjernen til Frelseren, 
født som et barn i en stall.


Vi tenner et lys for alle som lengter, 
for lengselen rommer et evighetsfrø.
Det vokser mot himlen fra Betlehem-stallen. 
Det rommer det livet som aldri skal dø. 


Vi tenner et lys for alle som håper, 
for håp er en fakkel som lyser oss hjem.
Det lever i alle som våger å tro på 
at englenes julenattsang gjelder dem. 


Vi tenner et lys for alle som leter, 
for letere finner det gjeterne fant:
At barnet i krybben er Guds Sønn, vår Frelser. 
Vi ser og vi tror og vi vet det er sant. 


Hilde Dagfinrud-Valen

God jul til deg og dine, der de er. Ønskjer du får ei god jul!
I morgon skal eg i kyrka, så er det familiejulekveld. Dei neste dagane er det familie og vener og forhåpentlegvis tid til å lese, gå tur og kanskje berre sjå i veggen? Eg skal ikkje på jobb før 6.juledag, og får god tid til å sove og ete julemat!

Lillejulaften

Lista med ting som kan/bør/skal gjerast kan bli milelang om ein ikkje sett ein sluttstrek!
No jobbar vaskemaskina, deigen til loff står til heving. Ute er det snø. Tenåringane søv. Mannen er på jobb.

Eg skal kle på meg og gå tur, få dagslys, frisk luft og "hjernen-er-alene"-tid! Så får vi sjå kva eg rekk, etterpå.

Utsikt frå stoveglaset

mandag 22. desember 2014

Bittelille...

...julaften dag, altså!
Ikkje mykje å melde, siste dag på jobb idag, fri i morgon. I kveld skal vi sjå film, når berre tenåringane kjem seg heim etter alle ærend dei hadde(som måtte gjerast etter at vi andre kom heim frå jobb, naturlegvis)
Eg trur eg skal på skogtur i morgon, dersom eg sett på vaskemaskina først, jobbar eg jo samtidig?! Og så skal vi pynte, vaske, rydde, gjere klart maten, skifte på senger, få tenåringane til å prøve finklær(for å sjå om dei har noko som passar, jada, det skulle vore gjort før, men enkelte ting er lett å utsette, når motviljen er stor hos motparten…)og eg skal lese avis, tenne adventlysa og drikke te!
OK, vi er ikkje heilt i mål altså! Det blir ein lang dags ferd mot natt…men slik har det vore før, og blir nok igjen :)

søndag 21. desember 2014

Den glade galskap!

Av og til må ein gjere ting som kanskje ikkje verkar så fornutig eller lurt, men som er artig! I går fann vi ut at med ein liten ryddeinnsats og ein tur på butikken, kunne vi ha adventslunsj (og julegåvebytting) idag! Og kyniske som vi er, tenkte vi at ikkje alle kunne på så kort varsel…men heldigvis kunne dei fleste!
Så vi har hatt 26 stykker innom på lunsj idag! Naboar og vener i fin blanding, store og små i godt selskap. Det var godt å sette seg ned saman, ete og prate og la juleførebuingar segle sin eigen sjø! Skuldrene blir lavare, og pusten blir djupare.
Klar for innrykk!

Det er litt å ordne, men ikkje verre enn at ein aktiv formiddag løste det. Oppvaskmaskina tek seg av det meste av oppvask og eg trur at vi vil ha glede av denne ryddinga når vi skal gjere siste innspurt til jul.
Eg har iallfall kosa meg, eg fekk treft mange, men ikkje snakka så mykje med dei som eg eigentleg ønska, det rakk eg ikkje. Vi har ete (kjøpte) peparkaker med blåmuggost og fikenmarmelade, det vart dagens hit! Julebrødet fekk bein å gå på, og edamerosten som har ligge eit år i kjellaren fekk kome fram.
Adventskrans med kanel i svingane og melis på, fekk også bein å gå på!

I morgon er siste dag på jobb før jul, det blir godt med fri! I morgon må eg finne ut kva som står igjen å gjere, og fordele oppgåvene rundt i familien, så får vi sjå om alle tek sin del av juleryddebyrden?!

lørdag 20. desember 2014

4 dagar igjen...

..til jul. Er du i rute? Som i ruta ribbesvor, sjakkrutekaker og firkanta, harde pakker?

Eg trur eg er ferdig med julegåvene, om ein ser vekk frå nokre til kollegaer, naboar og slikt. Eg hadde pakkeverkstad i dag føremiddag. Med julemusikk, levande lys, snø som dalte(evt hagla/regna) ute og ein sekstenåring med uvanleg god tid til å prate (og som gjorde at eg har igjen å pakke inn gåvene til han) låg iallfall det ytre til rette. Vi skulle nemleg på julegåvebytting hos søstra mi idag, så då måtte alt vere klart dit. Og i morgon kjem ein nevø innom for å hente gåver, han skal kjøre til Romsdalen og då var det best å få unna det han skal ha med også.
Eg blir alltid litt hissig når eg skal pakke inn, papiret revnar, tapen er utan ende(du veit når den "lause" enden sitt fast og ikke er mogeleg å rive laus…. Grr!!!)  og det er tomt for merkelappar. Men det gjekk merkeleg bra idag.
Eg var forresten i kjellaren for å finne kakeboksar idag, og der gjorde eg arkeologiske funn. I to boksar fann eg skårne pepperkaker, og eg huskar ikkje kva jul vi sist laga slikt her i huset… Iallfall ikkje i fjor. Eg tok dei venleg i handa, eskorterte dei ut og la dei i komposten! Så få kaker som vi har i år, reknar med at vi ikkje gjer slike funn neste jul.

Alt i alt trur eg vi er i rute, juletreet vart kjøpt i dag, snøen og regnet vekslar på å underhalde oss utanfor vindauget og skulle butikkane plutseleg ikkje opne før i romjula, overlever vi nok lell!

Azalea, juleblomst for meg!

fredag 19. desember 2014

Å sakne nokon

Idag er det eitt år sidan ei god venninne døydde. Eg har blitt vant til at ho ikkje er her, og eg er ikkje vant til det! Eg kan lese ei bok, og tenkje at den må eg tipse Hanne Kari om, eg ser noko komisk, og tenkjer at det kan eg send ei melding til henne om. Då slår saknet innover meg likevel, for ho er ikkje her. Eg har ikkje vent meg til det likevel.
Eg saknar henne, men er glad eg fekk bli kjent med henne!

Dette diktet delte eg i fjor, det er aktuelt no også.

Jeg finner nok fram

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante
Jeg finner nok fram

Kolbein Falkeid


Ha ei fin førjulshelg! Med eller utan sakn.



torsdag 18. desember 2014

Drøymer om mat, julemat!

I år har eg vore streng og konsekvent, og vi har nesten ikkje ete noko som startar med jul (som juleskinke, julepølse, julebrød, julemarsipan etc) Eg er veldig fornøgd med det, men no er eg veldig klar for julemat og julesmakar altså! Vi har ete heilt vanleg kvardagsmat, og det er jo godt det også. Grunnen til at eg har halde igjen på julekosen før jul, er delt. Eg likar at vi gler oss, eg likar at vi sparar det beste til jul. Eg tenkjer at det blir nok kos, om vi ikkje startar i november. Men som sagt, no er eg klar!!

Det blir sagt at lukt er av det sterkast når det gjeld å huske ting , og det er sant når det gjeld meg og særleg jul! Ta meg inn i eit rom der pinnekjøt står til damping og sviskesuppa kokar i ein kjele ved sida av. Eg er tilbake på mamma sitt kjøkken, eg ser for meg juletreet i stova og dei litt stive, men akk så lekre finskoa eg fekk til jul i tredje klasse. Eg hadde fotsid kjole ala "Hollie Hobby", og har sjeldan vore så fin før eller seinare! (Men ikkje berre den jula, alle juler heime) Eg har aldri likt sviskesuppe, men lukta hører med til jul!
Omtrent slik huskar eg kjolen. Men eg hadde ikkje kyse!

Opne ein boks hjortesalt, og eg får mjøl på nasen og eit akutt behov for den finaste utstikkarforma! Det er nemleg hjortesalt, mykje, i kakemannoppskrifta vår! Eg treng den dameforma, veit du, som gir litt runde damer, ikkje firkanta! Det er varmt på kjøkkenet, det luktar hjortesalt, det smakar godt med kald mjølk til lunka kakemenn, som er malt med konditorfarge i raudt eller grønt. Ein gris står det "Bustus" på, på mann- og damefigurane er det namnet til gjestar som er venta i løpet av jula.

Lukta av juletreet er nostalgi herfrå til 20.dag jul! Lukta av sot og olje når pappa rensa kaminen på kvelden lillejulaften, etter at all vasking var avslutta… Lukta av grønsåpe, røkelse, levande lys, nybakt julebrød, aniskringler +++ eg har mange julelukter lagra i nasen, eller kanskje helst i hjernen. Og eg kan føye til svibel, julete, og ein grøn shampo med eplelukt eg fekk i julegåve eit år!

No gler eg meg endå meir til jul:)
Eg treng lange frukostar i jula, for eg har så mykje godt pålegg!! Eg har laga

  • lammerull
  • sylteflesk
  • fenalår
  • speka elgkjøtt
  • leverpostei
  • tomatsild
Leverpostei
Og eg har bakt litt, og må bake litt til, så vi ikkje berre et pålegg :) Svigermor sendte ein boks havrekjeks, som er så god at eg vurderar å halde skjult at vi har dei og ete dei i smug! Vi skal ha røkt laks og egg og god ost, og kjenner eg oss rett, er det ikkje sikkert vi rekk middag alle dagar, for frukosten varer for lenge!

Eg har ikkje bakt så mykje, men har 
  • berlinerkransar
  • brune pinnar
  • krumkaker
  • peparnøtter
  • frukt- og nøttekake
Frukt- og nøttekake
Eg har meir også, for idag fekk eg to sortar lefse og sirupssnippar frå storesøster! Det er ei super julegåve! Og når det nærmar seg skal vi lage delfiakake, det er konsentrert mat, både med smak og kaloriar! Og skulle juniorane få ånda over seg, blir det kanskje peparkakehus og kransekakestenger.

Så har mann og barn kome med liste over ønska dessertar, og eg lurer litt på om vi må utvide romjula for å rekke all desserten!
  • dronning Maud fromasj(eit must, ein av dei første fellestradisjonane for mannen og meg)
  • sitronfromasj
  • multekrem
  • jordbær med vanlijekrem
  • heimelaga is med sjokolade og karamell
  • karamellpudding
Karamellpudding
Oh, eg blir svolta her eg sitt og skriv! Og eg gler med :) Til maten ja, men like mykje til gode minner frå barndommen, når eg lagar mat med minner, eg tek fram julepynt med historie, eller skal sige ned i sofaen med julehefter! Eg gler meg til rolege dagar med familie og vener! Tid til ein ekstra tekopp til frukost, tur i skogen, kanskje på ski om snøen ligg. Kanskje til og med brettspel ein kveld?






onsdag 17. desember 2014

Julegåve

Det er naturlegvis altfor tidleg for julegåver, men eg har "pakka" ut ei i dag! Eg vart invitert med Eli på konsert, og det viste seg å vere julegåva mi! Snakk om heldiggris!

Vi var på julekonsert med Cantus, koret som har ein av hovudsongane i filmen "Frost"! (her er eg på skikkeleg tynn is, for eg har ikkje sett filmen… Men eg forstår at for rette aldersgruppa er dette ein topp film! Stemmer det?)

Cantus sang både denne sangen, og mange andre, for meg, meir kjente songar. Alt med eit preg av vinter og jul!

Tusen takk for gåva, Eli. Det var veldig kjekt å få gå på konsert med deg!


(Og eg har rekt å ta ein prøvesmak på sylteflesket og lammerullen i kveld, dette lovar godt! Og eg har laga tomatsild, for første gong i mitt liv. Spent på smaken! Ein kveld når tempoet er litt roelgare, skal eg skrive litt om mattradisjonane våre i jule)

tirsdag 16. desember 2014

Ein dag med dobbelheit

I går ettermiddag byrja det snø, og i natt vart det kaldt. Snakk om vinteridyll idag tidleg!
Snøen låg tungt på alle trær, himmelen var heilt klar. Utsikta frå kontoret var som eit julekort! Det passa perfekt å nynne på "Winter wonderland", fundere på kvar vottane er, om eg fortener nye vinterstøvlettar, lese værmeldinga for å sjå om dette kan halde heilt til jul. Eg som ikkje er så glad i vinter og kulde, kjenner at dette fortener eg/vi, som nesten ikkje hadde snø ifjor. Merkeleg ting å fortene, når det vi eigentleg fortener er smekk på fingrane for å vere medskuldig i klimaforandringane. (Og eg bekymrar meg over junior med nytt førarkort, som gjerne vil kjøre mest mogeleg, og som må få lov til det, medan mamma´n sitt inne og bit naglar)

Winter wonderland med Ella, frå YouTube

Dette er den same dagen som nokon fann ut at dei skulle gå inn på ein skule i Pakistan, og angripe uskuldige barn! Der talet på drepne har vorte ufatteleg høgt utover dagen. Eg har fulgt med på radio og nettaviser, ikkje i stand til å ta det innover meg. Eg lever i mi verd, langt unna. Men det blir ikkje så viktig om eg manglar fleire slag for å kome til 7 ti jul, eller om eg er sein med julebrevet. Det viktige er at eg har mine barn, friske, raske og i live. Og tanken går til kva ein kan gjere, for å hjelpe.

"Julekort", hekk i lampelys
Samtidig har dagen dobbel botn, eg fortsett med mine julesysler. Syltaflesket og rullen er kokt og lagt i press, horn og brød er baka. Men bak i hovudet mitt ligg tanken på alle mødre som har mista eit barn idag.
16.desember, 8 dagar til jul, og verda er urettferdig!


mandag 15. desember 2014

Måndag, sjukedag og pusting med magen

Eg har sjukedag, eg øver på å puste med magen, senke skuldrene og vere HER. Ein travel haust heime og på jobb, har sett seg fast i skuldrene mine, eg må gjere noko for å bryte mønsteret. Eg prøvar å ikkje stresse med jul, eg skal bruke dagen til å gjere lystbetonte ting.
På min veg rundt i bloggverda idag tidleg, var eg innom Mammadamen og der fann eg noko av det klokaste eg har lese på lenge. Det snakka rett til hodet og kroppen min!

“Find meaning. Distinguish melancholy from sadness. Go out for a walk. It doesn’t have to be a romantic walk in the park, spring at its most spectacular moment, flowers and smells and outstanding poetical imagery smoothly transferring you into another world. It doesn’t have to be a walk during which you’ll have multiple life epiphanies and discover meanings no other brain ever managed to encounter. Do not be afraid of spending quality time by yourself. Find meaning or don’t find meaning but 'steal' some time and give it freely and exclusively to your own self. Opt for privacy and solitude. That doesn’t make you antisocial or cause you to reject the rest of the world. But you need to breathe. And you need to be.”


― Albert CamusNotebooks 1951-1959
Eg har planene for dagen klar. Først vente på at Hjelpemiddelsentralen skal kome med den nye vekkeklokka mi, "meditere" litt over krumkakejernet og etterpå gå tur. Få dagslys og frisk luft. Eg har kjøpt sko med piggar, så eg treng ikkje sitte inne sjølv om det er glatt ute. Kanskje får eg lunsjbesøk. Planene passar ganske godt med sitatet over, eg skal ikkje oppleve noko grensesprengane, men eg skal vere her, saman med meg sjølv!
Tante sin krumkakeboks

Krumkaker bakt med tante si oppskrift

søndag 14. desember 2014

3.søndag i advent

Vips, så hadde det gått fleire dagar utan blogging frå meg. No trur du kanskje at det betyr at eg har vaska ferdig, har eit berg fferidg innpakka gåver, klare til utlevering samt bakt 18 slag?! Neida! Eg har ikkje stått på hodet og vaska hua eller baka, eg har vore i Oslo på kurs :) Slik midt i julestria reiste eg bort, ei hotellnatt og ein dag med godt selskap og klokt påfyll! Det var fint det!
Utsikt frå hotellrommet
Oslonatt!
Eldste junior har dessutan tatt lappen, og mor har organisert ny forsikring på bilen, bitt litt neglar sidan det starta snø akkurat samtidig og lånt ut bil(han må jo få kjøretrening!)
Men no er det blogging, advent, palnlegging, listeskriving, innpakking av gåver, fundering på dei siste gåvene, og alt det andre, og så jobb, naturlegvis.

Idag har eg vore i kyrkja, julestemninga blir ikkje mindre av fred og ro, og advents- og julesangar med både kyrkjelyd og kor!
Krybbe i kyrkja

Og ute er det snø, litt meir enn berre eit melisdryss, og glatt som berre det… Men mannen og eg kledde på oss og tok sko med broddar og piggar og fekk ein fin tur i skogen. Reine julekortet!

Og ein dompapp midt i :)



Sidan det er søndag, slår eg til med vekestart også! "Mitt hjerte alltid vanker" er nydeleg, og passar godt no i førjulstida. Og med Ingebjørg Bratland er den berre nydeleg!

torsdag 11. desember 2014

Kristtorn

Igår rakk eg ikkje skrive! Til tross for fridag :) Kanskje bra eg har hadde så mange andre fine ting å fylle dagen med, at bloggen vart nedprioritert?!
Vi fekk middagsbesøk av fine tantebarn. Og dei hadde med kristtorn til tante! Det må bety at eg har vore snill iår?
Eg huskar kristtorn som noko heilt spesielt frå eg var lita. Tanta mi hadde ei busk, som ho med nød og neppe fekk til å overleve i ein lun krok på nordvestlandet. Vi fekk av og til få ei grein til jul. Men dei hadde aldri raude bær på, det var visst ikkje rette plassen i landet for det.(og eg les på O-store verdsveven at dei lever ikkje så langt nord, eigentleg heller!) Så store var mine auger då eg var på Sørlandet(for ca 25 år sidan, kvar vart den tida av?) i desember og kunne gå rundt i ein kristtornskog, der det var masse raude bær! Vakkert!

Eg fekk iallfall igår, og eg skal ha den på bordet i jula!
Å få besøk av vaksne tantebarn som har tid til å ete middag med oss, som fekk smake på julebaksten(trur eg snart må bake meir, dei to slaga eg har er snart borte) og god tid til å prate er skikkeleg stas! Håpar vi kan få til mange fine førjuls- og juleselskap i år!

tirsdag 9. desember 2014

Kva skjer?!

Eg har ikkje barn i advents-kose-treff-avslutnings-racet-alder lenger. Lell har eg tre avtalar i kveld! Når skjedde det? Ikkje er det slik advents-kose-avtalar heller… Men heldigvis vart det tid til sofa mellom avtale 2 og 3, så her sitt eg no.
Junior#2 gjer lekser i musikklære, så eg har mild pianospeling i bakgrunn.
Lekser

Godt med ei pause, godt med sofa! Særleg når det bles som det gjer ute.


(Forresten har eg gjort eit godkjøp idag. Ikkje av typen god pris, men av typen lurt! Eg har kjøpt joggesko med innebygde ispiggar! Her er det glatt kvar du snur deg, og farleg å gå om ein ikkja passar seg. Men med ispiggar var det ikkje noko problem å legge ut på tur på ettermiddagen :) Så no er ikkje mangel på gode sko heller nokon grunn til å halde seg inn!)

mandag 8. desember 2014

It´s a new kid in town

Når eg er ute og reiser, likar eg å sjå etter julepynt. Det er eit minne om turen, eg har den framme berre ein liten del av året og dei er oftast små! Det er jo tre ting på ein gong, og det er vel slikt vi ønskjer oss?  Slik har eg endt opp med julekule frå Harrods, julealligator frå Key West og ei skikkeleg, klissete erkeDisneyjulekule frå Disneyland. Når eg tek dei fra, minnes eg ferien! (og eg har mykje meir, som eg kanskje skal vise fram i løpet av advent og jul)
Eit av dei siste tilskudda til samlinga er ein liten engel frå jenteturen til Stockholm i haust(det vart vel med flerie englar heim dersom eg skal telje nøye etter, men dette er den med størst personlegheit) Eg fann han i ein lita turistefellebutikk, liten og nesten åleine på ei hylle. No er han på plass i adventskrybba, godt igang med å øve på julesangane. Liten, men god som gull!
Du ser jo at alvoret tek han, der han står og øver! 



Idag må eg dele ein av mine favorittjulesangar, i kategorien litt spesiell. Den er med The Source: of christmas. Det er ein litt ellevill versjon av "Et barn er født i Betlehem". Ikkje sikkert alle likar den, men…

Ok, du heng med enno? Eg trur på nye sangar og nye tekster, og nye måtar å synge gamle sangar på! Men eg trur på tradisjon også, så eg skal finne noko meir standard til i morgon.

Og no folkens, er vi ferdige med 1/3 av adventstida! I kveld har eg pakka inn julegåver, trur eg er ferdig med omtrent ein tredjedel der og… Men eg har ei plan om kva eg skal kjøpe vidare, eg har ei bakeplan(trur eg) og pynting blir det nok av! Vi har faktisk ein julekrans hengande på veggen heilt frå i fjor jul… Den er riktig fin, raud og grøn og laga av junior#2 då han gjekk i andreklasse. Då vi oppdaga den i påsketider, fann vi ut den berre kunne henge.

søndag 7. desember 2014

2.søndag i advent (vekestart)

Ute klarer ikkje veret å bli einig med seg sjølv om det skal regne eller snø, men når eg ligg på sofaen uten briller, ser eg klart at det snør og det gir julestemning. Det er ganske ryddig i stova, berre så vidt leselys ved sofaen, fyr i omnen, stille musikk,  eg har lese litt og døsa litt. Mannen søv på den andre sofaen. Det er adventsstemning!
Vi har hatt gjester, og ete graut. Gjestane hadde med indiske potetkaker, og det er noko anna  enn lompene her til lands! Fyllt med spicy fyll og smakte godt med rømme til. Vi prøvesmakte julebaksten, og eg har lese i gamle barenbøker saman med den yngste gjesten på 3 år. Vi fann ei felles forståing på ei blanding av hindu, norsk og engelsk!


Eg gløymte å ta bilete av adventslysa, men dei brann medan vi åt middag.

No tenner vi det andre lys, 
dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud, vår Far, 
vil sende Sonen sin 

Ha ei strålande adventsveke!

lørdag 6. desember 2014

6.desember, Nilsmess / St.Nikolaus

Ok, vi har kome til ein merkedag på primstaven, så då stoppar vi litt opp:
St.Nikolaus var biskop på 1300talet og vart martyr under kristenforfølging seinare i århundret. Han er skytshelgen for barn og sjøfararar. Han er også utgangspunktet for nissen! Berre smak på namnet; St. Nikolaus, Klaus, nisse, santa claus…

Denne dagen feires minne om St. Nikolaus som er forløpernen til selveste Santa Claus eller julenissen. I Norge ble dagen kalt Nilsemesse.
I følge tradisjonen skulle barna sette frem sko eller støvler på kvelden 5. desember og om natten ville St. Nikolaus komme og fylle dem med godterier og gaver. Hvis barna hadde vært snille. Denne skikken praktiseres av mange blant annet i Nederland og Tyskland den dag i dag.

Eg har ikkje så stor tradisjon med å feire denne dagen, men kjenner folk frå Nederland, og for dei er dagen viktig!

Eg har derimot brukt dagen til å gå tur, det var fint!!! Litt snø i natt gjorde det lyst og lett, og litt glatt… 

Etterpå har eg rydda og vaska, og bakt peparnøtter, for i morgon får vi gjestar. Dei er nok ikkje så vant med norske julekaker, så då må dei få ein smak her. 


Dersom eg rekna rett i oppdelinga, vart det 128 nøtter, men eg kjenner meg trygg på at ein del er borte gjennom prøvesmaking. Dte resten av familien ikkje veit, er at eg bakte berlinerkransar i går kveld, og det er berre eg som veit kvar dei er! 

Dagens julemusikk må stå i stil med at det er Nilsmess. Eg har funne ein variant av "Santa Claus is coming to town", dette er julestemning langt inn i sjela mi! Bill Evans kan spele piano.

(Og no skal eg gjere meg klar til fest! )


fredag 5. desember 2014

Desemberbilde av ei ferieveke

Eg har ferie, eg må bruke litt meir ferie før året er slutt. Eg har tenkt at dei som ikkje klarer å ta ut ferien sin, er arbeidsnerdar med lite anna enn jobb på planen sin, ikkje nok å gjere på fritida liksom. Feil, det kan vere meg, gitt, som berre har hatt litt mykje å gjere på jobb og som har tenkt at eg skal ta ferien, etterpå...
Men iallfall, eg er heime denne veka. Eg har betre tid. Det er lang frukost i pysjamas, ein tekopp til og lesing av aviser, sakte. Og julemusikk i mengder. Det er godt med morgonar som er berre mine!
Lys i møketida!

Det er dessutan rolegare ettermiddagar, eg er heime når tenåringane kjem heim. Eg får direkte rapport om skuledagen, det som har skjedd. Eg får sett slitne kroppar, svoltne lange slampar som leitar etter noko godt å ete som går fort! Eg får tak i nedturar og oppturar, høyrer namn eg ikkje kjenner, får vite om konsertplaner og prøver. Ei sukk over at det er travelt, ei god historie frå ei matpause eller bussen.
Det er ikkje berre dei små som treng nokon som høyrer etter, tenåringen treng også å bli sett og høyrt.
Eg får lyst å vere meir heime på ettermiddagen, for å få del i dette.

Dette vart dagens adventinnlegg. Alle treng å bli sett!

Dagens julemusikk er "Count your blessings instead of sheep" med Diana Krall. Det er kanskje ikkje den mest typiste julesangen, men eg syns den er så fin. Sett deg godt tilrette og lytt til teksten! Pust med magen og senk skuldrene.



Ha ein fin dag!

torsdag 4. desember 2014

Adventskrybbe?? og Barbromesse

Eg har alltid likt julekrybber. Dei kan vere stilfulle, med flotte figurar, dei kan vere i plast med glorete farger, det kan vere naturtro figurar, stiliserte, store, små…Eg syns alle har sin sjarm! Eg var på julekrybbeutstilling i Oslo i fjor, og der kunne ein også sjå forskjellane frå land til land. Fasinerande!

Men ei julekrybbe kan også vere ei adventskrybbe! Huskar du at eg har nemnt at eg likar ting som hjelper meg halde styr på tida fram mot jul? Då ungane var små, byrja vi sette fram ein og ein figur for kvar dag. Krybba vår er eigentleg ei samling med gipsfolk og -dyr, og er på langt nær mange nok til å rekke fram til jul. Men eg er englesamlar, og her er englekoret tilstade i høgste, gladaste grad!!! Kven veit om ikkje englane var tilstades frå før Maria og Josef kom til stallen også?  Før var det stas å få sette på plass dagens figur, no er det min jobb. Men alle er innom og ser at antallet stemmer med dagens dato :)

Sjølvaste stallen er ganske enkel,
spikra saman i ei fart for mange år sidan.
Englar og dyr er på plass.

Eg kunne skrytt på meg at vi sang faste sangar når vi fylte inn i krybba, men det er nok ikkje sant. Men ein sang som kan passe er "Et barn er født i Betlehem" frå plata "Rosa frå Betlehem" som eg høyrde mykje på i studietida. Eg syns dette er skikkeleg snke-skuldrene-og-lytte-musikk. Så enkelt men avansert!



Elles ser eg at å bidra med musikk og "kalender" kvar dag tek tid… Det spørs om eg rekk det når ferien er over på måndag?! Men det er ganske artig også :)
I følge den store verdsveven er det dessutan Barbromess i dag, og namnedag for Barbro. Barbro som dagen er kalla opp etter, kan vi lese meir om her:

Barbro skal i følge legendene ha levd i Tyrkia på 300 tallet. Hun var utrolig vakker, så vakker at Dioscorus,, faren hennes stengte henne inne i et tårn slik at ingen friere skulle finne henne. I tårnet ble Barbro kristen, det likte ikke faren, som prøvde å drepe henne. På mirakuløst vis unslapp Barbro først, men faren overga henne senere til myndighetene og hun ble torturert. Imidlertid nektet Barbro å oppgi sin tro og faren ble pålagt å drepe henne. Etter drapet ble Dioscorus straks slått til jorden av et kraftig lyn og brent til aske. Barbro ble gjort til katolsk helgen etter sin død og var svært populær.
Hun ble helgen for kanonskyttere, artellerister, artelleriregimenter i flere land, også i Norge har henne som sin vernehelgen og markerer Barbromessedagen.
Julens merkedager, Aktiv i Oslo

Av juleførebuing idag, kan eg nemne koking av fikenmarmelade(godt til ost!), krydring av ribba til julaftan og tur i skogen for å senke skuldrene!
Og på ettermiddag såg himmelen slik ut



onsdag 3. desember 2014

3.desember og bakermester Harepus er i aksjon!

Bakermester Harepus bakte ikkje frukt- og nøttekake, iallfall kjem det ikkje fram i "Dyrene i Hakkebakkeskogen", men det ville jo vore mykje meir naturleg for han å bake enn peparkaker! Eg meiner, det var ein skog, i skogen er det nøtter! Det veks bær i skogen, og frukt kunne dei finne på stabburet. Kortreist og trendy! Så eg reknar med han hadde frukt- og nøttekake i hylla bak disken, men at reven var ute etter å utvide horisonten sin kulinarisk og ville ha noko nytt og spennande!
Vi spela Hakkebakkeskogen som dukketeater då eg gjekk i 3.klasse. Det var skikkeleg tverrfagleg: Vi las historia i norsktimane, fekk kvar vår rolle, eg var Klatremus, og vi laga dukkene i formingstimane. Det var trening i samarbeid og konsentrasjon når vi skulle spele. Klatremus ligg nok i ei eller kasse på loftet, kjenner eg meg sjølv rett!

Eg derimot, bakar alltid frukt- og nøttekake til jul! Det er eit must! Oppskrifta har eg delt før; Frukt- og nøttekake. Eg anbefalar den varmt :)

Det er litt kaos når det står på, med alle dei ulike ingrediensene som skal finnast fram og vegast opp. Eg prøvesmakar ein daddel og litt paranøtter, eg må ha eit coctailbær og eg prøvar ut nye bær og frukter som kan passe inn. I år vart det tranebær, trur det blir bra!
Klar for steiking.

Når kakene blir ferdigstekte, gjeld det å halde seg til ein liten smak, og så skal dei pakkast og leggast i kjellaren til modning. Så får vi sjå, det blir vel peparkaker her også når det nærmar seg jul.

Vi må ha litt julemusikk idag også, ikkje sant? Idag skal eg dele ein sang frå The Source: of Christmas. Det er nok litt på sida av det tradisjonelle, men for meg er dette litt godt. Eg blir litt sliten av det ferdigtygde og søte av og til(sjølv om eg elskar julemusikk med sukker og glitter på, men alt til si tid)

"Jeg gikk meg over sjø og land" med "The Source: of Christmas":

Seinare i desember skal eg dele den finaste versjonen av "O helga natt", med same band.
Ha ein fin dag, med eller utan musikk og baking!

tirsdag 2. desember 2014

Kalenderlys

Eg likar tradisjonar, både i advent og elles, og ting som hjelper meg telje ned til jul!
I studietida hadde vi adventskalender i kollektivet, men like godt huskar eg adventsstake og kalenderlyset. Under middagen brente vi opp "dagens bit" av kalenderlyset, det var så koseleg! Og før vi reiste heim til jul, brente vi opp heile lyset den siste kvelden!
Vart visst ikkje heilt skarpt dette bildet,
så datomerkinga er ikkje lett å sjå.

Den tradisjonen har vi i familien og, litt lys kvar dag. (Men den levande-lys-glade mora må oftast ha litt meir lys på bordet, for det går så fort å brenne dagsbiten) Levande lys skaper stemning i desembermørket! (igår var det eit melisdryss med snø og kuldegrader her, men i løpet av natta vart det mildvær og regn, og ikkje minst speglblank i gata vår, som har grusveg. Det er ein slags vintertradisjon det og…lyst blir det iallfall ikkje av glattisen!)


Idag har eg sett litt på julemusikken vår, det er ikkje så reint lite, og mykje av det er for spesielt interesserte! Tenåringane brukar spørje, når dei høyrer ny musikk om "kor spesiell den er frå ein skala på 1 til mamma sin julemusikk!" Jaja, eg tåler det! Eg skal presentere litt av den seinare i advent! Men all musikken har så mange minner i seg, og den høyrer med! Eg har ei opptrapping i musikk, den mest høgtidsstemte og klassiske ventar eg med, no i starten av advent er det mykje "lett" musikk. Eg har ei samleplate med alt muleg som ein kollega lage til alle på jobb eit år, den er fast innslag i starten på advent. Det er bjelleklang og rudolf og "driving home for christmas".
Ei plate eg høyrer mykje på no i starten av desember er "It´s snowing on my piano" av Bugge Wesseltoft. Roleg, god pianomusikk, med variasjonar over kjente og meir ukjente julesangar. Så får det vere at det regnar ute….
Videoen under er henta frå YouTube,  It´s snowing on my piano
Anbefalar å sette deg godt til rette, puste med magen og nyte!


mandag 1. desember 2014

Adventskalender


I går kveld, medan salmane rulla over skjermen, pakka eg adventskalenderpakker til den store gullmedalje. Men det var mykje enklare iår, når eg fann ferdige posar å putte gåvene i. Å pakke inn tyggispakker i gråpapir er noko dill…
Debatten om kalendergåver går kvart år, kor dyrt det blir, kor vekkskjemte blir dei, kor mykje sjokolade etc. Her har vi aldri hatt tradisjon for gåvekalender, sjølv om det blir pakka inn og hengt opp. Det er blyant, viskelær, penn, linjal(ting dei likevel må ha i ei travel tentamenstid) og ulike sjokoladar. Eg har kjøpt strømper, truser, dusjsåpe, refleksar, ballongar++ nokre år, men tannkost vart det berre ein gong, det fall ikkje i smak! Dusjsåpe er tradisjon, den er altfor tung til å henge opp, så den må hengast med lang tråd og ligge på golvet under. Alle veit kva som er i pakka med lang tråd. Men at gleda over ei overrasking kvar morgon i advent er der, er heilt klart!

Kalenderen laga eg til advent i 1998, så den har vore med på nokre rundar. Den er vel ikkje den mest kunstferdige, eit barn av si tid, på ein måte, men den er ein del av vår adventstradisjon! Eg syns det erstas å ta den fram år for år, mimre litt om då ungena var små og berre kunne henge på ei pakke i gongen, fordi spenninga var så stor. Og det var ei lita nøtt kvar den skulle henge etter at vi bygde på og veggen den alltid hadde hengt på var borte! Det løste seg heldigvis ganske greit. 

Eg er vant med kalender frå eg var lita. Eg fekk fleire år kalender frå storesøster, kjøpekalender med fint motiv, gjerne av ei julekrybbe, og inni var det små plastfigurar. Det var skattar å få! Trur eg har nokre av dei enno, ca 40 år etterpå. Seinare laga mamma kalender, ho sydde sokkar av filt og hengte opp på ein bakgrunn av strie(ja, vi snakkar tross alt 70-talet) På kvar sokk var det sydd dato, og når sokken var tom, snudde vi den. I sokkane var det plass til ein seigmann til både meg og veslesyster, eller kanskje tre nonstop til kvar. Eg viste godt kva som var i strømpene, for eg var alltid med og pakka inn. Det var ikkje kva som var oppi, men at det var ein ting for kvar dag, slik at vi hadde nedtelling!
Då Skomakergata kom, måtte vi ha nellikappelsin for å telje ned saman med Tøfflus, naturlegvis. Det var ein skuffelse når appelsinen rotna midt i desember, fekk pels og lukta stygt! Men det var vel ikkje verre enn at vi fann ein ny appelsin og prøvde på nytt!
Posane er ikkje fulle! Og legg merke til hyssingen
som går ut av biletkanten!


I Norge er ikkje tradisjonen med adventskalender så gamal, om ein skal tro informasjonen eg finn på nettet. Den starta først etter andre verdskrig i Norge, men i Europa er den omtala i ei bok fra 1852 og det finns kjøpevariantar frå ca 1900. Men måtar å telje ned på har nok funnes lenger.