søndag 27. mai 2018

Morgon-liste

Eg fann desse morgon-spørsmåla på bloggen  Petrusogpetrine.no og tenkte at dette har eg lyst å svare på. (spørsmåla er direkte kopierte, så dei er på bokmål, men eg svarer på nynorsk) 
Når står du opp om morgenen?
Eg prøvar komme meg opp kl 6.45, men det hender eg brukar snooze-funksjonen på vekkerklokka..fleire gonger. Det er så mykje enklare å sove lenger om morgonen enn å få lagt seg på kvelden! Men eg kjem meg opp ganske kjapt, for eg bør vere ute av døra ca 7.30. Det går kjappare om morgonen no når eg berre har meg sjølv å tenkje på.
Hva er det første du gjør hver morgen?
Eg snur meg og funderer på kva dag det er! Er det kvardag, er det berre å kome seg opp og på badet. Og etterpå tek eg inn avisene, alle dagar treng ei avis i papirform.
Hvor lang tid bruker du på badet hver morgen?
10-15 minutt, inkludert dusj. Eg treng dusj for å vakne, så treng eg bodylotion og etterpå noko i håret for å temme krøllane mine. Men sminke lever eg godt utan!
Er frokosten viktig for deg?
Ja! Og helst ein kopp te. Kanskje P2 og iallfall aviser. Men det viktigaste er mat, enten brød med pålegg, yoghurt med havregryn eller havregraut. Men eg MÅ ha frukost.
Er du våken eller trøtt om morgenen?
B-menneske i heile meg. Men ikkje så mykje som før, kan det vere alderen? Eg ligg ikkje så lenge i helgene lenger, når eg vaknar kl 8 er natta over, sjøl om det er helg...
Hvordan er en perfekt morgen?
Vakne av meg sjøl, det er sol ute, eg kan berre ta på ein sommarkjole og gå ut på terrassen med ein kopp te og påsmurt mat, lese aviser. Ikkje noko eg må rekke! Kanskje er ungane heime på besøk, då er  det ekstra godt med god tid, gjerne nystekte rundstykker og pratetid!
Er det noe du ikke klarer deg uten hver morgen?
Tja, kanskje eg må vere så i-landsmenneske at eg seier dusjen?
Er det noe du ikke liker med morgenen?
Morgonar kjem altfor fort, og ofte med korte tidsfrister... Det har jo ingen ting med at eg er treig å gjere!
Korleis er morgonen din? Det hadde vore artig  om du svara på det i kommentarfeltet, eller i eit innlegg på din blogg og at du la linken i kommentarfeltet.

Veke 21

Søndag kveld, eg kjenner meg ganske i rute med ei vekeoppdatering igjen!


Båttur på måndag, 2.pinsedag. Mannen fylte 50 år og vi nytte godværet på fjorden!
(og dagen etter vart det visst ingen bilder)


Onsdag åt eg heilt nystekte croissanter til frukost! Slik er det med ein junior som har lang ferie og god tid, og som nesten ikkje har vore på eit kjøkken dette skuleåret!


Torsdag fann eg årets første liljekonvall! For ei lukt! Det er sommar, i mai faktisk. Eg er solbrent og det er full blomstring og ein kunne nesten trudd det var høgsommar!


Fredag var fri, og treningsdag. Lang tur i skogen! Aleinetid med lukta av lauv og skog(og svette) og lyden av fuglesang og bekkar og suset i trea! Treng ikkje meir!


På laurdag vart det litt husarbeid, vaskemaskina gjekk heile dagen og eg fekk bakt brød, på lang tid. Men aller mest var eg ute i maisommaren!


Idag har eg budd ute, ete ute, lese ute, sola meg, gått tur. Sanka D-vitamin og kosa meg. Til slutt måtte eg sette meg i skuggen, og såg rett opp på desse grøne blada med verdast blåaste himmel!

torsdag 24. mai 2018

Veke 20

Med fare for å gjenta meg sjølv, vekene går fort, og eg lurer litt på kva eg tok bilde av sist veke... Men vi prøver!


Måndag 14. mai såg eg over bunaden. Eg prøvde, og fann ut at den passa i år også, heldigvis. Bunaden min er arva frå mamma. Bestemor sydde den til henne i 1955, eller deromkring. Den er velbrukt! Mamma brukte den då ho gifta seg, og i utallege andre selskap og festar og barnedåp og bryllup.
Eg overtok den for vel 20 år sidan, og den har levd ein skiftande tilværelse etter det, sydd inn og ut og av og til mått henge i skapet. Men iår låg det an til perfekt bunadsvær og den passa!


Tirsdag kveld gjekk eg tur. Finaste maikvelden, med god varme og solnedgang og gode dufter i lufta.

16.mai gjekk fort, trur eg, iallfall tok eg ingen bilder.


17.mai og sol og flagg! Ein fin dag med mukje som skjedde, det kan du lese om her


På fredag fann eg restar av marsipankake og sjokolade på bunadsskjorte. Då var vel 17.mai vellukka? No er det berre å vaske og stryke, så er vi klar for konfirmasjon for nevø neste helg.


 På laurdag feira vi mannen litt på forskot. Med ekte sodd til middag. Kake til kaffen og familieselskap.


På søndag var eg god mor, og kjørte bilen til musikkjunior som skulle avslutte folkehøgskuleåret på måndag. Han fekk bil og eg tok toget heim. Fekk emd meg masse fin trøndernatur i kveldssol!

Det kan lønne seg å halde ut

Eg har prøvd å vere ei tålmodig mor, og latt ungane sleppe til på kjøkkenet. Innimellom har tålmodet lell fått kjøre seg... Det har vore gonger der dei har gløymt å rydde, andre gonger har benkane vore vaska, men golvet har vore berre klissklass. Det har vore dagar der eg har tenkt å lage noko, men det har vore tomt for det eg trong. Kjøkkenet fullt av tenåringar, med god tid og lite planlegging.

Eg har kome heim, og gutegjengen på ca 13 år har handla inn og starta å lage brownies med ostekrem og bringebærkrem. Dei har sjeldan bakt kake før, ikkje laga ostekrem før og slett ikkje lese heile oppskrifta før dei starta. Men kaka vart god!

Det har lukta brente toast over heile huset, det nybakte brødet borte(det tørre har ligge trygt i brødskuffa) og osteklokka tom. Tenåringane har vore blide og mette, og kjøkkenet rydda.

Eg har fått eggerøre til frukost på bursdagen min, og scones til kveldsmat. Vaflar til laurdagskos(og veffelrøre på kjøkkengolvet)

Den eine junioren smeller gjerne saman ein deig til foccacia, eller lagar pizza til gjengen. Den andre steiker amerikanske pannekaker og dynkar dei i bacon og lønnesirup og inviterer gjengen på frukost. Eller på hamburger, av elgkjøt, og med heimebakte brød.

Det har vorte mykje stas med maten. Eg har prøvd å gje dei matglede, både ved å lage og å ete. Og eg trur eg har lykkast. Dei er ikkje redde for å prøve seg fram, kombinere nye smakar, lese oppskrifter og dei tenkjer omtrent som Pippi "det har jeg ikke prøvd før, så det kan jeg sikkert"!


Så til spleisefrukost på 17.mai tok studenten med eggerøre og nybakt foccacia, lettvint og godt. Igår bakte musikkjunior croissanter til frukost! Han sto opp kl 6 for å kjevle ut og steike, slik at eg fekk varme croissanter før eg skulle på jobb. Idag fekk vi kyllingsalat til middag.


Det var verdt nokre rundar og timar med rydding og masing og øving! Så slepp ungane til, det kan fort gje deg nokre fordeler på sikt.
(Og så får vi jobbe vidare med vasking og rydding, ikkje berre på kjøkkenet!)


mandag 21. mai 2018

50 år

Idag er mannen 50 år! Hurra for han!

Om ikkje mange månader er eg 50 år, og litt etterpå har vi vore gift i 25 år (altså gift halve livet! Mystisk, det kjennes ikkje alltid slik. Men når eg ser på sonene, ser eg at vi har halde saman lenge). Dette er året for feiring!

"Kjærleik er å vilja vel" las eg ein stad. Det
er mannen min god på, "å vilja vel"!
Oss to!

Og sjølv om vi ikkje hadde planlagt så stor feiring denne dagen, har det vorte litt i løpet av helga. Vi feira med 2 søsken av mannen og svigerfar på laurdag, og i dag har dei unge, håpefulle vore med og ete middag. Så satsar vi på meir feiring til sommaren og hausten!


Og først idag, var vi på båttur. I sol og veldig lite seglvind. Men vi har fått farge
og frisk luft og eg har lese i boka mi!

fredag 18. mai 2018

Min 17.mai

For første gong på aldri så lenge, hadde vi ingen som skulle gå i tog. Trur ikkje det har skjedd sidan i 2003. Så vi måtte sjå litt på kvarandre, og undre "kva skal vi gjere på 17.mai?" Det viser seg at ein kan ha ein super dag utan barn som skal ha is og pølse og  heliumballong (no har ikkje maset vore så stort dei siste åra, når eg tenkjer etter)og nye tradisjonar og programposter kom fort på!


Då vi vakna, vart vi enige om å utsette frukosten, og starte dagen med ein tur i marka. Mannen tok til og med på 17.mai-sløyfe! Det var sol og det lukta nytt bjørkelauv, skogbotnen var kvit av kvitveis og det var var ein strålande vårmorgon i skogen. Vi møtte ikkje så mange, men vi såg masse festkledde folk på veg til byen.

Vel heime laga vi brunsj, med rundstykker og alt godt vi hadde i skapet. Korsang på anlegget, men eg må tilstå eg sakna 17.mai-sending på NRK. Den høyrer liksom med...



Etterpå var det på med bunad og vi reiste på besøk til svigermor på sjukehuset. Vi hadde med både 17.mai-sløyfe og blomster i raudt, kvitt og blått. Der fekk vi marsipankake og kaffe. Det har eg aldri fått før på sjukehuset, men eg har aldri vore der i bunad på 17.mai før heller!


Så måtte vi til byen, det får vere måte på nye tradisjonar og programposter! Vi møtte kjente i Salem,  men i år åt vi ikkje kake der. Vi kikka på borgartoget, iallfall deler av det innimellom alt folket i byen. Vi vart slitne i beina i bunadssko og varme i sola. Det er rart kor sliten ein blir av å stå på asfalt!




Vel heime åt vi is på terrassen. Sola skein, og om det ikkje var så varmt, var det skikkeleg nasjonalromantisk med flagg mot blå himmel.


På sein ettermiddag var vi bedt på spleise-grillfest hos vener. Hurra for dei som opnar huset for oss, det er jo litt styr med 20 stykker, sjølv om alle har med litt! Det er fint å feire saman med vener, prate og ete både grillmat og kaker, diskutere bunader og bunadssølv og ha god tid.

Og til slutt var det heim og ta i mot overnattingsgjester!
Ein strålande dag, både i vær og opplevingar!
(jammen godt det har vore fri idag!)

tirsdag 15. mai 2018

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

Så i kveld har eg gått tur. Og kjent lukta av våren, sett kveldslyset og sikkert sett 50 shades of green. Så utruleg fint! Og hadde det ikkje vore for jobb i morgon, så hadde eg gått endå lenger, og sett meg i ein stol ute og sett lyset bli vekk og kome tilbake igjen. Det er ikkje så langt mellom dei to tidspunkta no. Og enno skal det bli lysare netter, i over ein månad til. Og det skal bli grønare, men er det noko finare enn dei grønne fargene som er no når det akkurat har vorte grønt!?










Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
under dei lauvtunge tre.
Aslaug L Lygre

søndag 13. mai 2018

Veke 18 og 19

Forrige veke vart visst aldri dokumentert. Sist søndag satt eg på det aller minste hotellrommet eg har budd på, men det var heilt greit, for det var reitn og greit, og eg skulle tross alt vere på jobb og trong ikkje så stor plass. Men nettet var ikkje heilt samarbeidsvillig, så då datt den oppdateringa ut. Og resten av veka var også litt travel, så eg slår dei like godt saman til ei litt lengre bileteoppdatering idag.

Det byrjar ikkje så bra, for måndag 30.april tok eg ingen bilder...


 Tirsdag 1.mai var eg i skogen, og fann kvitveis. Då er det ekte vår! 


 På onsdag gleda denne planta meg med blomster! Eg blir så glad når blomster eg har i potte inne, kjem med blomster! Mine grøne fingrar, liksom!


 På torsdag fekk vi kort frå Kina. Dei som var på reise kom forsåvidt heim for fleire veker sidan, men pytt, kort i posten er stas, uansett.


Fredag hadde eg fri, og gjekk på tur i skogen. Våren kjem meir og meir, og her var det tomt for snø på myrene, men is på vatnet.


 Laurdagsfrukost er god tid, god mat, te og aviser. Og denne dagen: blomster.


Søndag kveld reiste eg til Oslo. Og eg hadde leita etter sommarklær, for ryktet ville ha det til at det var sommar i Oslo.


 Her er rommet mitt. Heil ok, men ikkje så stort.


 Blomstring i Oslo, veldig fint! Og det var sommar det.
Eg hadde nesten gløymt korleis det eigentleg er. Eg gjekk rundt og berre nytte!


 Jammen tok eg ikkje med våren/sommaren tilbake til Trøndelag, på onsdag vart det middag ute.


På torsdag fekk vi impulsbesøk av musikkjunior, her ventar han på toget tilbake til siste skuledag
på folkehøgskulen.


Eg kjøpte snål mat, og jammen var denne gulrota litt rar. Men smakte godt.


Kjøkkenhagen har fått påfyll, med hjelp frå  Plantasjen.
Vi får iallfall salat.


Og seglsesongen er igang!
Søndag på fjorden er fint. Sjøl om det var delvis lite vind.

No er ei langhelg over. Litt rart med slike langhelger, plutseleg er dei over, sjøl om ein ikkje syns ein får gjort så mykje som ein trudde. No har eg dynka bunadsskjorter og skal gjere meg klar til 17.mai.

fredag 11. mai 2018

Akkurat no

Eg ligg litt etter med blogging. Det har skjedd så mykje anna i det siste, så bloggen har på ingen måte levd noko eige liv, tvert i mot vorte ignorert. Men akkurat no skal du få vite kva eg tenkjer på:


  • idag har eg hatt fri, det var godt! Eg har bakt børd og knekkebrød og gått til angrep på haugen med diverse klær på vaskerommet. Du veit dei  som ikkje passar å berre putte saman med mørk eller lys vask 60 gr. Det er ull og silke og skjorter i mange ulike farger, litt for få gule klær til ein eigne vask +++ Eg har ikkje nådd botn av haugen, men eg er på veg.
  • eg ser at det kan bli kjøkkenhage i år også! Sjølv om eg ikkje har sådd eit einaste frø. For eg har vore på Plantasjen, og ser at der kan ein kjøpe små planter og plante i eigen hage. Genialt for meg som nesten ikkje trudde det skulle bli vår iår. Eg har også kjøpt blomster til å sette i potter ved inngangsdøra, for no trur eg på vår (og sommar, sidan det var 25 gr i går!) 
  • eg er glad for helsevesenet! Nokon eg kjenner, trong brått hjep frå spesialistar på høgt nivå, og der var dei; fulle av kunnskap, omsorg og tålmodig til alle spørsmål. 
  • idag avsluttar musikkjunior året på folkehøgskule. Han har hatt eit fint år, virkar det som, og har vorte vaksnare. Så får vi sjå korleis det blir å få han heim, vi har lagt oss til nye vaner etter eit år som to i heimen!
  • ute blir det grønnare nesten minutt for minutt, vi har hatt eit par dagar med varme og idag har det regna, det vises!
  • det er snart 17.mai. Eg har i tankane at eg må ta fram bunaden og sjekke for flekkar og skjortene(for mannen har også bunad) treng dynking og stryking, og det hadde vore fint om eg gjorde det i helga, det skal visst vere best å gjere i god tid. Og eg trur at bunaden passar i år også, men det kan jo vere greit å sjekke? 

No lurer eg på når mannen kjem, slik at vi kan ta litt mat!

torsdag 3. mai 2018

Torsdag

Det har vore ei rar veke, med mange inntrykk, på godt og vondt. På tur heim frå jobb skya det meir og meir til, det bles og regnet trua. Det verka som det einaste fornuftige å gjere var å finne ein god sofa og litt lesestoff.
Vel inne, og i sofaen, ringte mannen, som lurte på om ikkje eg hadde veldig lyst å hente han. Klart det! Ute var det KØ, og medan eg sto i kø kom regnet. Bra mannen hadde regnjakke. Vi vart einige om at vi ikkje hadde lyst å lage middag, men at vi hadde veldig lyst å kjøpe middag. Så vi fann ein kinarestaurant, og istadenfor å ta med mat heim, som var første plan, åt vi der. Det var varmt, ganske roleg, ute plaska regnet ned og vi hadde god tid til å sitte og ete og prate. Ein godt brukt ettermiddag.

Då vi kom heim var arbeidslysta litt større, så eg laga rundstykker (for "hushjelpa", kven no det måtte vere, hadde ikkje kjøpt brød) og vi fekk fersk bakst til kveldsmat.

tirsdag 1. mai 2018

Veke 18

Eg trur eg har klart å finne få bilder over til Dropbox no, iallfall bilder frå sist veke. Så her kjem eit lite tilbakeblikk. Ikkje berre det, eg har funne ut korleis eg kan vise bilder på tv-skjermen, direkte frå telefonen, og kjenner meg som eit teknisk vidunder!


På måndag fekk eg ny telefon. Her er litt av utstyret. #tekniskinnsikt


Tirsdag måtte eg klappe meg sjølv litt på skuldra. Denne fekk eg av svigermor i fjor. Den har overlevd vinteren, og den har overlevd at eg har potta om og delt den i to og den blomstrar! Bill.merk. #grønnefingre!


Onsdag var eg innom sjukehuset for eit lite inngrep. Eg fekk heldigvis seng og masse smertestillande. Det vart ein del venting, som forventa, eg las bok før inngrepet og syns synd på meg sjølv etterpå! No er eg mykje betre. #venting


Pga onsdag, brukte eg mykje av torsdagen på sofaen. Det blir litt hang-over... #sofadag


Fredag og eg prøvde ut ei ny oppskrift. Thai-inspirert laks med paprika og kinakål, med kokte byggryn til. Trur eg må teste ut byggryn fleire gonger, eg er ikkje heilt overbevist. #byggryn


På laurdag kom eg meg på ein liten tur. Ein eller annan gong i april har det vore gåsungar, men no er dei heilt klart ikkje ungar lenger... #vår


På søndag besøkte vi denne damen, og lange fleire, og kanskje særleg bonden!  #mohairgeit