torsdag 29. oktober 2015

Mindfullness i myr

Det er sikkert fleire dagar sidan eg har lagt ut bilder frå skogtur, hehe! Så eg må berre dele nokre bilder frå dagens tur med deg!
Det var sol, men i skuggesidene låg rimen på bakken etter nattekulda. Note to self: Eg burde faktisk ha funne fram piggskoa mine, for det var ganske glatt. Både blad med rim på og vatn som hadde frosse, tina og frosse igjen.


I enden av stien her, kan du nesten sjå bakbeina på ein joggar. Trur han vart litt forundra då han kom rundt ein sving og nesten snubla i meg som låg og fotograferte rimlagte strå i vegkanten!

Kunsferdig rimlagte strå

Mindfullness i myra, det er terapi for kropp og sjel, det! Idag var det frosse til, og det heldt meg nesten... Lite som er så kaldt som isvatn i skoa, hehe! Men ull hjelp! Og både klær og sko tåler vaskevatn.



Då eg kom forbi her, kom eg på ei sitan av Leonard Cohen:
There is a crack, a crack in everything 
That's how the light gets in. 
Sola kom igjen ei åpning den tette skogen, lyset varma og tina isen!
Ta deg ein tur ut i hausten!

tirsdag 27. oktober 2015

Venskap

I kveld skal eg treffe nokre damer eg har kjent i mange år, dei fleste i godt over 20 år. Nokre har eg kjent sidan eg var singel, nokre har eg kjent sidan eg var nygift og alle har sett meg som kone og mor. Dei kjenner kjernefamilien min, veit om foreldra mine, søsken, kvar eg kjem frå. Jobben min, helsa mi, oppturar og nedturar i livet.
Eg kan spørje dei om råd, eg kan lufte frustrasjon, eg kan be om heiarop, støtte og tilbakemelding. Ærlege tilbakemeldingar! Og det er ikkje berre for meg, vi er der for kvarandre, heile gjengen. Vi er der for kvarandre! Vi er nettverk for kvarandre. Nokon som vi veit stiller opp! Vi deler liva våre med kvarandre, på godt og vondt. Heldigvis har vi faste treff, for eller ville tida fort gått frå oss, med alt anna som skjer. I kveld har vi sett av tid! Eg gler meg!


Og eg har andre vener, frå jobb, i nabolaget, frå studietida, frå barnehagen og skuletida til ungane. Snakk om rikdom! Rikdom som ikkje blir mindre sjølv om det er bankkrise eller kollaps i boligmarkedet.
Det var ikkje noko meir eg skulle seie i dag.

søndag 25. oktober 2015

Vekestart veke 44

I helga har vi prøvd noko nytt: Vi har vore på besøk hos junior som har flytta ut! Det er ein første gong for alt...
Han starta på folkehøgskule i haust, og då vi reiste frå han første dagen, syns eg at han var litt bleik om nebbet! (for ikkje å snakke om kva eg var...) Men no var det familiedag og alle foreldre(og søsken og besteforeldre etc) var inviterte. Det var klassesamling med orientering med kva dei har gjort og kva dei skal gjere, for det det er ikkje til å kome ifrå at 19åringar ikkje er dei flittigaste til å ringe heim og fortelje...  Det var globalløp med innsamling til misjonsprosjekt, det var underhaldning og det var felles middag. Godt for ei mor å sjå at junior trivst, har fått gode vener og klarer seg godt utan foreldra!
Litt stress er det med 38 mil kvar veg, vinter som truar på fjelltoppane(og forsåvidt skodde og litt snø på vegen), mørke kveldar og sliten rygg. Men det gjekk bra! Utruleg kjekt å ha vore der, og godt å kome heim igjen.

Idag har eg fått gått av meg sliten bilkropp. Eg har plukka tyttebær, vorte våt i haustregnet, skitten av myrvatn og fått trøtte musklar! Det er berre å kle på seg, så er ikkje våte haustdagar så ille likevel.

Fargene er ikkje så sterke lenger, men det er fint i skogen!



No er eg ganske klar for ny veke. Eg vart ganske stressa i ettermiddag då eg oppdaga at eg var dobbeltbooka på formiddagen i morgen, men no har eg fått ordna opp i dette, og pustar betre med magen og har lavare skuldre!

Nokre kloke ord på starten av ei ny veke skal du få med, litt prega av helga:

Det er to varige gaver vi kan gi barna våre. Den ene er røtter, og den andre er vinger.
William Hodding Carter jr.
Det er noko av jobben til ei mor, gje ungane røtter og kunnskap, slik at dei får utvikle vingane sine og kan leve sitt liv. Så enkelt og så vanskeleg!
Ønskjer deg ei god veke!
 

onsdag 21. oktober 2015

BAHA, operasjon og tida etterpå

For 3 veker sidan fekk eg operert inn skruen til beinforankra høreapparat(BAHA). Kva som har skjedd før, som førte til behov for dette, kan du lese her . Kva BAHA er? Dette sitatet kan kanskje forklare litt:

BAHA kan være et alternativ til de som av forskjellige årsaker ikke kan bruke tradisjonelle høreapparat. Årsaker til at denne løsningen blir tatt i bruk skyldes som oftest øregangs- eller mellomøreproblematikk, men kan også være aktuell for ensidig døve. 

Ved hjelp av vibrasjoner fra en lydprosessor, sendes signalet videre via benet bak øret som igjen vil stimulere cochlea/indre øret. Dette betyr at en er uavhengig av ytre og mellomøret sin funksjon, men at en helst skal ha et velfungerende indreøre/cochlea. For å oppnå best mulig lydoverføring og resultat må en implantere en benleder/titanskrue med et koblingsstykke som apparatet skal sitte på. Fra Oslo universitetssykehus sine nettsider
Eg prøvde først ut BAHA på bøyle, for å sjekke om det kunne vere noko for meg. Så vart det bestemt opersajon, og det tok litt over 6 månader frå det var bestemt til operasjon vart gjennomført. Det er alltid spennande med operasjon, og på førehand er iallfall eg flink til å finne ting å lure på og bekymre meg for! Denne operasjonen er dessutan med lokalbedøvelse, eg skulle altså vere vak! Jada, eg funderte på både det eine og det andre; smerter, lukter, lydar...

Eg hadde heldigvis time på morgonen, så det var berre å møte opp, kledd med ledige klær og nyvaska frå topp til tå. Det blir alltid litt venting ein slik dag, men det var eg førebudd på. Eg trong ikkje møte fastande, og det var fint særleg å kunne drikke litt te og vatn! Hadde eg vore lur, hadde eg spurt om å få litt beroligande før opersajonen, men det kom eg på først etterpå. For akkurat idet eg vart ropt opp, byrja eg angre! "Kva har eg sagt ja til?!"
Eg fekk på sjukehusskjorte, type "one-size, fits nobody", men den hadde dei fleste av knappane iallfall. Eg fekk på hette på håret, og størrelsen der passa ikkje hårmengda mi, men litt tvang og alle krøllane var gjemt. Inne på operasjonssalen vart eg lagt på benken, pakka inn i sterile papir og vaska grundig rundt og bak øret og dei barberte vekk litt hår, men mindre enn eg hadde venta. Eg fekk sett litt av utstyret som skulle brukast og litt forklaring før dei sette igang.
Så kom kirurgen og ein lege som berre skulle vere med for å sjå. Det førte til at eg fekk veldig grundig gjennomgang og innføring av operasjonsprosedyrene...slik går det når ein er vak! Men det var stort sett greit, og eg syns jo det er bra at fleire blir lært opp(og det blir iallfall gjort grundig arbeid når det er opplæring samtidig!). Det som plaga meg mest, var lydane, som når dei borra, skraping i bein og klipping, men vondt var det heldigvis ikkje. Kvar gong eg syns eg kjente noko, som eg sikkert eigentleg ikkje gjorde, sette dei meir bedøvelse.

Slik såg det ut den første dagen

Operasjonen tok ca 1,5 time. Eg var i god form etterpå, satt ca 30 minutt på eit kvilerom før eg reiste heim(junior hadde haustferie og kunne hente meg). Der tok eg litt smertestillande og sov nokre timar, for natta før sov eg litt lite. Då eg vakna skulle eg tatt meir smertestillande, for etterkvart gjekk bedøvelsen ut, og då sprengte det litt i såret og beinet.
Eg vart operert ein onsdag og var tilbake på jobb måndagen. Det gjekk heilt greit, eg har hatt lite smerter etterpå. Litt plager er det etter ein operasjon. Eg fekk ikkje vaske håret på 14 dagar. Eit ilandsproblem, heilt klart, og det hjelp med tørrshampo, men det var fint då eg endeleg kunne vaske! Eg har vore øm rundt såret og i beinet, det sitt litt i enno. Eg søv ikkje godt om eg legg meg på sida med skruen i. Det kjennes litt som eg har ein stor blåflekk der. Eg har ikkje blødd frå såret, men eg gjekk med plaster over ca 2,5 veker for å beskytte såret og skruen(som hadde annan beskyttelse på også)
Slik såg det ut utan plaster

Eg tok stinga etter 12 dagar. Eg var tilbake hos kirurgen, som ville sjekke at såret var grodd, at det ikkje var infeksjon og at skruen satt som den skulle. Både han og sjukepleiaren var strålande fornøgd med kor pent arret mitt hadde blitt! Eg var mest fornøgd med at eg no kunne vaske håret igjen! 14 dagar med tørrshampo er lenge nok...

Slik ser det ut no
Slik ser det eigentleg ut, når håret er på plass
Eg ventar på time til å starte å bruke BAHA og øve meg på å bruke den, men det er vel ca 2 veker igjen til det. Det er viktig at skruen gror godt fast før bruk, og at huda er sterk, så her(St.Olavs hospital) anbefalar dei å vente minst 1 månad før oppstart. Det ser ut til at det går som det skal. No er eg igang med å lære meg renserutinene. Kvar dag skal huda vaskast og skruen skal vaskast/pussast for at det ikkje legg seg smuss der. Det er litt komplisert der bak øret. Ikkje er det enkelt å jobbe med hjelp av speil heller... Eg har fått litt hjelp av mannen så lenge eg måtte ha plaster på, men no klarer eg meg sjølv. Sånn litt forsøksmessig, speglvent og bakvendt. Eg har kjøpt med hårklemmer for å sette opp håret, elles blir det berre rot. Hos meg vises ikkje skruen, men eg har masse krøllar! Er litt spent på om det vil skape problem for forsterkaren? Då må eg evt sette opp håret fast.
Og rensesettet ligg klart til bruk på badet
Den mest spennande delen står igjen, syns eg! Å venne meg til lyd! Eg merkar at skruen, med beskyttelseskappe akkurat no, tek inn lyden av håret mitt. Eg høyrer puta på natta. Det er uvant og forstyrrande! Eg har jo ikkje høyrt noko på over eit år på den sida. Dei første dagane var det nesten ubehageleg! Eg er ikkje lova å få tilbake retningshørselen, men eg håpar å få følelsen av å få med meg meir av det som skjer på venstre side. Det skal også finnest hjelpemiddel som kan koblast til BAHA, og det er eg spent på. Kanskje er det ting som kan hjelpe meg på jobb for eksempel? Reknar med dette vil ta si tid og at det blir slitsomt, så eg prøvar vere tålmodig, noko som ikkje er mi sterkaste side...

tirsdag 20. oktober 2015

tyttebærmimring

Då eg gjekk tur på laurdag, hadde eg naturlegvis pose i lomma. Ikkje hundepose, eg har ikkje hund. Men pose for å plukke bær i, om eg fann. Første delen av turen, som eg gjekk med tante May, hadde ikkje bærplukketempo. Det var "trim og prat", som er ein utmerka kombinasjon. Men etterpå, då eg venta på å bli henta, måtte eg ut i skogkanten og sjå om eg fann tyttebær. Og eg fann:) Store, raude, modne tyttebær vart plukka i posen, og dei får blåbæra som var der, gjekk rett i munnen!
Eg huskar at mamma alltid prioriterte tyttebærplukking på hausten då eg var lita. Eg forsto lite av det! Gå frivillig i skogen og plukke bær!? Og så små som tyttebær er, det tok kjempelenge før det monna noko i bøtta. I tillegg smakte den altfor skarpt for ein liten baremunn. Eg huskar eg og søskenbarnet mitt var med mamma og tante og plukka tyttebær ein gong, og vi to(kanskje 6 år gamle) fann ut at vi ville plukke både blåbær og tyttebær i samme bøtte. Det var ein skuffelse etterpå, for det vart jo ikkje noko godt å ete... Så på tyttebærtur masa eg aldri om å få bli med. Men no, som vaksen, forstår eg gleda i å plukke bær, og ikkje minst få gå ute i skogen, gjerne åleine, med luktene, fargene, lydane, samtidig som eg plukkar bær som kan bli til godt syltetøy! For ikkje å snakke om å finne rørte tyttebær i frysaren og kunne ete dette på varmt, heimebaka brød! O, lukke og kvardagsluksus!

Då eg kom tilbake til mamma og pappa på laurdag, fekk mamma tyttebæra mi. Og ho forsto å sette pris på gåva! No er forresten ikkje tyttebær så surt lenger heller, ikkje når den er så moden som den eg plukka no, så vi smaka litt medan vi fann ut at vi skulle lage trollkrem!
Vi hadde 3 dl tyttebær og blanda med 1 eggekvite og 1 dl sukker, og så var det berre å piske til det blir stiv skum, luftig og rosa.

Medan mamma laga trollkrem og eg pizza, fortalde mamma om si tante, Karen Anna(som var uttala KarnAnna), som var veslesøster til bestefar. Ho var fødd i 1889, jobba som syerske og var ei dame med klare meiningar. Eg huskar henne godt, for ho levde til eg var 14 år, men ho budde på aldersheim så lenge eg huskar. Mamma brukte vere med henne på tyttebærplukking, for tante Karen Anna likte godt å plukke bær, men ikkje å gå åleine. På grunn av eksem på hendene brukte ho gummihanskar når ho plukka, som for meg virkar ganske tungvint og klumpete! Men dersom det måtte til, var det vel greit. Ho var redd for orm, så når dei gjekk i solvarme lier, brukte ho støvlar og smurte løk på støvlane for å skremme vekk ormen! Så dette med bærplukking sitt nok i genene mine.

Og tante Karen Anne er også opphavet til "matlei"-pålegget over alle hos oss: Brødskive med eit tynt lag smør, så bananskiver og ripsgele på toppen. Dette laga mamma til meg då eg var lita, og eg har laga det til mine ungar. Tante KarnAnna brukte loff, og hadde ei tynn skive eple under bananskivene, men den detaljen har vorte borte hos oss. Dette er ein sikker vinnar på matlei-dagar! KarnAnna brukte servere dette når ho hadde misjonsfrening, og då var det sikkert skråskårne skiver og fine fat også.

Dårleg bilde, men eg hadde ikkje tid til meir, vi skulle ete!

Og trollkremen? Kjempegod! (og det vart nok til dessert både laurdag og søndag for mamma, pappa og meg)

mandag 19. oktober 2015

Vekestart veke 43

Måndag. Eg syns det er litt artig at statistikken for bloggen viser at det er ekstra mange innom på søndag kveld og måndag formiddag, det tyder på at nokon ventar på at det kjem eit vekestartinnlegg. Og no skal du få premiering for at du kikkar innom!

Måndag er jobb, med eit møte eg hadde grudd meg til, men som viste seg å gå mykje enklare enn frykta. Er ikkje det typisk?! Her gruar eg meg til ingen nytte... Og at det viser seg at å sette seg saman og snakke er ei mykje betre kommunukajsonsform enn mail? Ok, vi kom iallfall fram til felles forståing og ei løsning som var bra.
Då eg kom heim vart eg møtt med allsang frå hybelkaninane, som hadde fest i trappa og hadde danna fagforening. Det var ikkje å råd å utsette vaskinga lenger!
Etter middag har dei mørkebrune bananane vorte til banankake etter ei ny oppskrift eg har funne. Huset luktar av godt av kake og eg gler meg til prøvesmaking etterpå!
Alt i alt kan vi seie at dette har vore ein aktiv dag! (og eg håpar å kunne fylle på husmorpoengkontoen!)

I helga har eg vore i Romsdalen. (Alle som følgjer meg på snapchat / instagram / facebook har truleg oppdaga det allereie, for eg har teppebomba sosiale medier med bilder av fager Romsdalsnatur i haustfarger og sol. Vil du følge meg heiter eg "kirstisaebo" på snap og "kisabo" på instagram)

Tenk å vakne til lyset som kjem over fjellet
Grunnen til at eg reiste, var trist. Eg var i gravferd til ei eg har kjent i snart 35 år. Ho tilhøyrte den utvida storfamilien, som søster av mi svigerinne. Men likevel opplevde eg ho som nær. Ei dame med stort hjarte og oppriktig interesse for dei ho møtte. Vi har møttes i selskap, kvardag, på fjellet, rundt matbordet. Det var naturleg å følge henne denne dagen.

Når eg først reiste, vart eg der i helga og besøkte mamma og pappa. Det har vore ei roleg helg, med lite program. Godt! Sein frukost, fjelltur, sein middag, trollkrem til dessert, prat og mimring, togtur til og frå. Fjellturen starta i litt gråvær, men så kom sola og det er ikkje finare enn heime då. Heilt objektivt!
Haustfarga myr
Mektig fjell

Dagen etter gjekk eg på skatte- og fotojakt i fjøra. Litt sol, litt dramatisk himmel og ei mengde motiv å velge i!

Ein skatt i fjøra

Det er jo ikkje til å kome frå at det er vakkert!

Nei, her skal ikkje hjorten kome til!

Barndomsheimen

Og om nokon lurer på korleis det går med operasjonssåret, tok eg stinga sist måndag og kirurgen var svært fornøgd med kor pent arret hadde vorte!!! Eg kan ikkje uttale meg så hardt, såret ligg under håret og bak øret... Så no kan eg vaske håret når eg vil og eg har kome inn i rutinen med å rense huda og skruen kvar dag. Enno er det litt problem med å sove på venstre side, men satsar på st det går seg til.

Vekas dikt er prega av gravferd, haist og alle dei fine trea eg har sett i helga.



NESTE GANG VIL JEG VÆRE ET TRE

Neste gang vil jeg være et tre,
stå i en trivelig park eller en lang allé.

Jeg vil ha tunge grener og en svær, dyp rot
så jeg kan drikke av jorden og få et langt livs mot.

Fugler skal bo hos meg. Jeg blir fuglens hus.
Svaler får bygge rede. Jeg bærer vindenes sus.

Et ekorn får gjerne komme. Jeg kan stå og se
den brune halen som danser fra tre til tre.

Sommeren går. Jeg skifter farve og lød.
Om våren irrende grønn. Om høsten rød.

Når løvet faller står jeg der uten vern,
med naken stamme så de tror jeg er gjort av jern.

Så kommer det sne. Jeg blir hvit eller grå,
men alltid den samme. Der jeg står får jeg stå.

Og så kommer våren. Vinden gir meg sin penn.
Men jeg kan ikke skrive med grønne hender
så det får stå hen.

Kanskje jeg mumler litt. Et dikt, en sang.
Sølvperler når det regner. Stans opp og lytt en gang.

Og så er det høst igjen. Du vasser i løv.
Lukt av karbol og ether. Og av gammelt støv.

Til tiden er inne og det kommer en mann en dag,
med en motorsag.

Så når det er slutt
tar det bare et halvt minutt.
(Rolf Jacobsen, fra samlingen ”Tenk på noe annet”, 1979)



Ønskjer deg ei strålande veke!

mandag 12. oktober 2015

Vekestart veke 42, elgjakt, bærtur og fyr i omnen

Det er måndag. Av ulike grunnar sitt eg i sofaen istaden for å vere på jobb. Eg har fyr i omnen, har fått frukost og høyrer P2. Det går seg vel til utover dagen. Eg skal, forhåpentlegvis, ta stinga etter operasjonen idag, satsar på at det har grodd godt og at eg får vaske håret etterpå(eg er ikkje ei jåle, slik eigentleg, men håret byrjar få eit vist grått preg etter snart 14 dagar med tørrshampo) Igår kveld og i dag tidleg har det vore grauttjukk skodde, det har vore skikkeleg haustkjensle! Altså, godt å fyre opp og kjenne varmen spre seg i huset.

Det er så masse bær igjen i skogen

Både laurdag og søndag har eg vore på bærtur. Lenge! I tillegg til gleda over å kunne gå i skogen, kjenne at kroppen virkar i motbakkane utan at ryggen protesterar med ein gong, helse på dei ein treff, alle lydane og lukta, er det bær! For meg er bærplukking ein slag mindfullness! Eg er heilt tilstades, eg tenkjer på bær, ser etter bær, smakar og luktar. Eg er heilt til stades! (og så var det litt dumt at eg tråkka over på tur tilbake til bilen, for då blir det ikkje meir tur denne veka...) I går vart det nyrørt, kortreist tyttebær til elgsteika og blåbær med vaniljesaus til dessert!

I helga har mannen vore på elgjakt, som vanleg på hausten. Eg har fundert på desse helgene med jakt, det å vere gift med ein jeger. Fordelene med jakt er fleire;

  • vi får mat(ok, det finns andre enklare og raskare måtar å fylle frysaren på, men dette er god, rein mat!)
  • eg får senga for meg sjølv, eg kan lese så lenge eg vil på kvelden utan at nokon spør om når eg skal slukke lyset! (ulempen er at eg les altfor menge)og eg kan lese avis i senga når den kjem om morgonen, snu meg og sove vidare! 
  • mannen får masse tid ute i skogen, frisk luft og mykje lys, saman med andre med samme interesse
  • eg kan gå på kafe utan dårleg samvit for at nokon andre jobbar i heimen, det eg ikkje gjer er det berre eg som ser...
Men det er ulemper også; 
  • det er ingen å varme kalde bein hos på natta
  • eg må diskutere innetider med 17åringen åleine... 
  • eg et middag åleine, for junior er ute med kompisar (men eg kan ete alle dei "rare" rettane som resten av familien er skeptisk til)
Altså, pluss og minus også med elgjakta! Veldig kjekt når han kjem heim igjen iallfall.

Vekas dikt er eit dikt, slik eg les det, om å møtes. Eg tenkjer på menneskemøter om dagen, kven vi ser når vi møter kvarandre. Litt fordi eg nettopp har fått eit dødsbudskap. Litt fordi eg har møtt igjen folk eg ikkje har sett på lenge, ser vi det samme no? Eg møter mange. Mange ser meg, kven ser dei? Kva gjer møta med oss? Kva sitt vi igjen med? Måndagsfilosofering :) Og det er herleg med dikta til Jan Erik Vold, rare setningar og nye måtar å lese på!


SVARET
Hvem er det
du
er, hvem er det vi er, som er
glade, glade
- jeg ser inn
i et par
øyne som lever
og får
til svar: Vi er to som fikk
en tid
sammen, her nede, til å være
glade - skal vi prøve på det?
(Jan Erik Vold)



Ha ei strålande veke, i møte med folk, deg sjølv og dagane!

Eit bilde å kvile i



fredag 9. oktober 2015

Bryllupsdag

22 år saman med mannen! Snart halve livet. Ikkje verst! Vi er glade det er slik. Det er jo ikkje sjølvsagt at det er slik. Mykje kan skje på 22 år. Alle dagar er ikkje solskinn. Det er litt av alt! Som livet elles.

Heilt ferske ektefolk

Men ein ting vi ikkje tenkte på då vi bestemte oss for bryllupsdato, var elgjakta... Det er alltid elgjakt på bryllupsdagen vår, hehe! Så vi gjekk ut og åt middag og feira i går, slik at mannen kunne reise på jakt idag. Mannen fekk gåve av meg i dag tidleg, og eg fekk rose av han før han reiste. Vi var sånn passe romantiske og litt klissete, slik at 17åringen sukka litt.


Saman med gåva idag, fekk mannen eit dikt, som eg syns beskriv ekteskapet godt!

Ekteskap

Ekteskap er to om alt,
to om bankbok, sukker, salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsynsskjerm og kjøleskåp,
godlynt drøs, og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap,
Først og fremst er ekteskapet
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.

Ingvar Moe

søndag 4. oktober 2015

Vekestart veke 41

Eg føler det litt som eg er ferdig med første veke av haustfeiren, og skal byrje på veke to. Det er naturlegvis berre tull, for eg har ikkje haustferie i det heile tatt, men ungane har. Kvar si veke, faktisk. Eldstemann har vore heime ei veke frå folkhøgskule, og reiste igjen idag. Det var kjekt å ha han heime, og rart at han reiste igjen. Eg skal få tilbake kvilepuls når eg veit han er vel framme. Yngstemann byrja haustferien no, og det trur eg var etterlengta og nødvendig! Det har vore fullt kjør og stor innsats, lite søvn og musikk til alle døgnets tider, og konsert på skulen torsdag før ferien. Som sagt, eg trur ferie kan vere bra.
Og sjølv om eg ikkje har ferie sjølv, gjer det noko med rytmen i huset når det er nokon som har fri. Det smittar litt på oss andre. Det blir litt betre middag, kanskje kake til dessert, eller iallfall dessert. Vi ser ein film eller ein serie saman, et middag litt lengre enn vanleg og det blir kveldsmat ved pådekt bord. Trur det er både sunt og godt! Sjølv om det blir litt lite søvn på oss som skal opp om morgonen... (og sidan eg har vore heime med operasjonssåret mitt, fekk eg ei litt rolegare rytme eg og, om eg ikkje hadde feriekjensla)
Formen er mykje betre! Det klør i såret, det betyr vel at det gror?! Og det klør i plasteret...det må eg vel berre godta... Eg er litt øm, men det er vel ikkje så rart, det er skrudd inn ein skru der! Men smerter har eg ikkje, nesten rart. Ikkje vises det heller, for håret mitt dekker alt av sår og plaster. (og frykten for hårvask viser seg nesten ubegrunna, det hjelper med tørrshampo! Ei niese foreslo forresten at eg kunne bruke hatt no, dersom eg ikkje klarte fikse håret som eg ville. Eg har ikkje heilt tatt av på den, men lue er fint ute iallfall)

Natur og lue!

Oktober er her! Det er fint, og vedmodig. Eg likar godt hausten, når den først er her. Eg er berre ikkje så glad i å tenke på at den kjem, med surt vær, kulde, mørkare dagar og tre som mister blada. Men no, når den kjem gradvis, med farger, tid til å fyre opp og å tenne levande lys, er det ikkje så verst lell.

Myr i oktober

OKTOBER

Oktober går over jordene
en maler med spann og koster
som klatter litt rødt og litt gult og brunt på bladene
Han har et vennlig resignert blikk,
som om han er bror av undergangen

Nå har han fargelagt morgenen rosa,
fjellene, de dype dalene og lagt noe blågrønt i fjordene
går han hjem og setter seg ved kjøkkenbordet
Teller dagene som er igjen av året,
renser penslene og drysser noe hvitt på paletten

Der skal de få ligge
til frosten hugger rimspor i asfalten og på markene
Da er han frampå igjen med et bedrøvelig smil,
en melankolsk kost som børster vekk løvet
og sparkler verdens ensomhet
med hvitt kitt og frostroser i pannen
(Truls Horvei)

"litt rødt, og litt gult og brunt på bladene"



Og i kveld er det Downton Abbey igjen. Eg skal sette meg vel tilrette i sofaen og la meg underhalde av intriger, spennande personar, fine klær og herskapelege interiør, fjernt frå min kvardagen!

torsdag 1. oktober 2015

Oktober

Igår var det operasjon. Den gjekk veldig greit, heldigvis. Eg byrja lure litt medan eg låg på opersajonsbenken og venta på kirurgen(det var lokalbedøvelse, så eg var vak)om eg eigentleg ville opererast... Altså, dei skulle skru ein skru inn i hodeskallen min! Det må vere normalt og sunt å lure på om det er klokt?! Men eg tenkte det var seint å snu, så eg låg i ro. Glad for det idag! Og kanskje skriv eg meir om operasjonen seinare.

Idag er det sofadag. Eg har ikkje så veldig vondt, men det er ømt der skruen er sett inn og sårt i såret. Eg tek det med ro. Ute er det øspøsregn, så mykje at det har fått namnet "Roar". Vi bur vel litt i ytterkant av "Roar", men det er sanneleg vått nok! Eg fyrar i omnen, les "Historia om det nye namnet" (Elena Ferrante), høyrer radio, har jamnt lav puls.


På tur ut for å hente posten, i oktoberregn, såg eg at erteblomstene ved inngangsdøra er igang med ein ekstra blomstringsrunde. Det luktar erteblomster, dei lyser med dei fine fargene sine. Dei gir litt ekstra sommar, i oktober.


Oktobersommar