lørdag 31. desember 2016

Godt nytt år

Og takk for mykje fint i 2016! Eg syns eg har vorte kjent med så mange fine folk via bloggen.
Stilleben med blomster, sjokolade og
papirlommetørkle 


Romjula har vorte borte i litt jobbing, og ei forkjøling med behov for masse nesespray og mange papirlommetørkle. Det siste var ikkje plana... satsar på at forma er såpass at eg får med meg feiring i kveld.
Usminka romjula stove! 
Godt nytt år til deg. Takk for iår!
Og etterkvart forsvinn vel forkjøliga over og det blir overskot til blogging igjen?

mandag 26. desember 2016

Førjulsdagar og plutseleg jul

Eg hadde ei plan om å blogge kvar dag i desember, det gjekk nesten. Eg hadde ei plan om å skrive både 21. og 22. og 23. desember, ikkje minst eit "god jul"-innlegg på julaften! Kvifor vart det ikkje? Livet skjedde. Eg tenkte å gje deg eit lite glimt av det som skjedde.

21.desember hadde vi grautfest (det går heilt fint å kjøpe Fjordland-graut. Den kan varmast i mikrobølgeomn og så tømmast over i ein kjele) Dette er ein vennefest/kurvfest, alle tek med litt, og vi byttar på kvar vi er. Iår var det hos oss. "Ungane" byrja bli store, men jammen vil dei fleste vere med om dei kan. Så vips var vi 22 stk! Då krever det litt organisering av møblar på førehand(vi har ikkje spiseplass til så mange, eigentleg ikkje plass i det heile, men der det er hjarterom etc), litt rydding og litt innkjøp. Det vart fullt hus, latter og prat og graut, spekemat og kakebord. Utruleg kjekk kveld! Kjenner meg så rik med så mange fine folk i livet mitt! Men tid til blogging vart det ikkje...
Klart til grautfest

Kake må man ha!

22.desember var det jobb, rydding etter grautfest, litt førebuing til jul, innkjøp av dei siste gåvene, planlegging, ta fram julepynt, sjå over dukar og vips hadde dagen gått.
Siste innspurt på jobb

23.desember, fridag, lillejulaften. Ute snødde det, rett nok våt snø, men det er kvitt! Mannen meinte vi låg utruleg godt an til jul, men det er merkeleg kor mykje som skal gjerast lell. Lang handleliste, sjølv om ein trur det meste er kjøpt. Sende julebrev, ja, det vart litt seint. Lage dessert; Dronning-Maud-fromasj, som er vår faste julaftendessert. (funfact: eg ser tv-program om Maud sine fotografi sånn ved sida av no). Huske å legge pinnekjøtet i vatn. Tenkje på at ein skal stryke dukar. Pakke inn gåver. Få nokon til å sette fot på treet. Ein etterlengta frisørtime.
Og til slutt: pynting av juletre. Då hadde vi det så fint at eg nesten fekk vondt. Plutseleg dett ting på plass. Gutane tok nesten bølgen av glede over all den fine julepynten, både den dei hadde lagd sjølv som små og den vi har kjøpt opp igjenom åra. Masse historier som må forteljast, bilder som blir sendt ut på sosiale medier av både alligatoren og pingvinen, hjortehorna som er pynta med lys, og ikkje minst alle kommentarane som kjem tilbake. Tøys og tøv! Til slutt påsmurte julebrødskiver, kaffe og te, berre lyset frå juletreet og stjerna, musikk med Bugge Wesseltoft i bakgrunnen. Ingen som skal noko. God tid! Men ikkje til blogging.




Julaften! Lang frukost. Kjøpe den siste julegåva, organisere dei siste innkjøpa. Nokon reiser for å sjå etter båten, med alt uværet som er meldt er det godt å ha gjort det! Legge på juledukar, finne fram blomster. Sjå om det er meir pynt som skal settast fram. Endeleg få fram strykebrettet og stryke damaskduk og tøyserviettar. Høyre julemusikk på radioen. Sette på pinnekjøt til kok, og kjenne sjølvaste lukta av jul spre seg i huset. Sjå Disney på tv. Plutseleg få invitasjon til å vere med på julegudsteneste i Nidarsomdomen. Stor oppleving! Stresse bittelitt heimover, og få pynta bordet og så var det middag! Julekveld, juleevangeliet, julegåver, kaker, samvær med familie.
Stryking

Nidarosdomen

Det blir julepynta bord

Endeleg middag!


I går hadde vi familieselskap, med ribbe til middag, kaffe og kveldsmat. Vi spela spel, gjekk tur, prata og var saman. Idag har det vore lavt tempo, mykje sofa og endeleg fisk til middag.

Eg rakk ikkje å blogge før no, er det så nøye? Eg er rik og heldig!

Utsikt ut kjøkkenvinduet idag. Det var sol ei lita stund.
Og det er snø!

tirsdag 20. desember 2016

20.desember

Det nærmar seg jul! Idag har vi hatt julelunsj på jobb. Det var høg kjolefaktor. Vi fekk påsmurt mat, det var levande lys og tale frå avdelingsdirektøren. Frukt og sjokoldae til dessert. Rart med det, korleis  nokså enkle endringar, gjer lunsjen til noko anna. Eg meiner, det var same lokale og dei samme folka.
Eg tok ikkje bilde idag, men dette er
adventskalenderen på jobb.
Det får duge som illustrasjon!

Då eg vaks opp, var det juleavslutning på skulen. Skulen eg gjekk på hadde ca 100 elevar, fra 1.-9.klasse. Samla frå mange bygder rundt fjorden.
Festen var kvelden før siste skuledag, ofte 20.desember. Det huskar eg godt, for 21. desember, alltid siste skuledag i min hukommelse, hadde ei i klassa mi fødselsdag, og vi brukte synge bursdagssangen for ho, før vi gjekk rundt juletreet og det var juleferie!
Festen var open for alle, 9.klasse(for dette var i gamle dagar, då 9.klasse var siste året) var arrangør, med ansvar for kafe og for hovudprogrammet. Landskapet var gjort om til festsal. Skilleveggane var skubba til sides og golvet fyllt med stolar. Og fremst var scena! Alle klasser hadde innslag, altså kom både tanter, bestefedre og foreldre og søsken. Ungdommar, som i mine auger var vaksne, men mest truleg hadde gått ut frå skulen for 3 år sidan, kom også. Dei satt bakerst. Det var fullt hus og stinn brakke! Akkurat slik det hadde vorre året før, og kanskje er enno?

Ute trur eg det stort sett alltid var snøstorm. Parkeringsplassen var full. Det var prøving av juleklær, og pensko medbrakt i pose. Eg huskar eg hadde "huset på prærien"-kjole eit år. Med kvit bluse inni og rysj på skuldrene. Eg var så fin! Og fine sko, som var vonde på. Omtrent som om det skulle vore idag...  Det var balansering av kakefat og kaffekanner til kafeen. Garderoben var full. Når festen var slutt var det ut i kulden og mørket, varm av det vi hadde opplevd, for å koste bil.

Programmet var variert. Alle klasse hadde øvd inn noko, og vi hadde øvd på å neie etter applausen. Skodespel! Det var alltid skodespel på desse kveldane. Kanskje julespel av førsteklasse? Song og nokon som spela gitar eller piano. Eg har vore med i dukketeaterversjon av Hakkebakkeskogen. Vi hadde laga dukkene sjølv, i formingstimane. Det var høg filt- og striefaktor. Eg har sikkert sunge i kor, i ei eller fleire former. I 9.klasse hadde eg drama valgfag. Vi hadde instruktør frå Teateret Vårt, og spela eit stykke som eg trur heitte "Krav". Det var eit ganske tungt stykke om krav ein som ungdom møter, og hadde sikkert vore minst like aktuelt no! Eg forsto iallfall at eg ikkje hadde ein skodespelar i magen. Men oftast var det ei komedie som vart framført, med giftesjuke ungkarar og kranglete naboar. Det var mange skodespelartalent! Og mon tro om vi ikkje sang "Deilig er jorden" til slutt, alle saman?
Og saman med oss var det ivrige lærerarar, med vilje og evne til å inspirere og hjelpe oss vidare! Eg har veldig mange gode minner frå desse kveldane!

Meiner bestemt eg var engel eit år! 

Dagen etter var det rydding, dugnad med heile skulen. Kosetime med klassa. Gang rundt juletreet med heile skulen før ferien starta. Eg kan ikkje huske at det var nokon som hadde fritak eller at det var diskusjon rundt dette. Vi var aldri i kyrkja, for det var for langt unna skulen. Men eg huskar det å slutte litt tidleg på skulen, ta buss heim medan det var lyst og vite at "NO, no er det jul!"

Eg kan sakne desse kveldane. I ein stor by, med store skular og store klasser, kan ein ikkje ha slike festar som samlar så mange. Difor måtte eg mimre litt no. Naturlegvis var det skummelt å skulle opp på scenen, nervar for om ein huska alt. Det var fullt og kø i kafeen. Å vere liten i ein slik vrimmel kunne vere overveldande. Men alt i alt huskar eg desse kveldane med glede!!

mandag 19. desember 2016

Vekestart veke 51

Måndag. 5 dagar igjen til jul, seier ryktet og det seier dei i "Snøfall". For mannen og eg ser "Snøfall" kvar ettermiddag. Drikk te og smakar på julebakst og lever oss inn i historia. No forstår vi ikkje heilt korleis dei skal samle trådane?? Men vi håpar det går bra til slutt. (Vi har prøvd å innvie sonene i denne desembertradisjonen, men får lite respons, sjølv om eg tilbyr dei kaffe i staden for te. Det er visst ikkje interessant nok?)
Eg har hatt fri idag. Litt har vorte kryssa av på lista, men det har jammen kome fleire nye punkt også. Godt jula snart er her, for då blir det ikkje gjort meir! Det er godt med ein heil dag, då kan eg jobbe i eige tempo, med litt jobbing og litt kvile innimellom.

Rakk ein tur på IKEA med junior. Dei var utsolgt for det vi eigentleg
skulle ha, men vi fann naturlegvis noko anna! Og vi fann kø...

Det er vekestart også. Eg kunne valt ein julesang, eg høyrer mykje julemusikk om dagane. Men eg har valt eit dikt om sakn. Idag er det tre år sidan ei god venninne døydde så altfor tidleg. Enno tek eg meg i å tenkje at "det må eg fortelje til Hanne Kari" eller det skal eg sende ein SMS om.

Jeg finner nok fram

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante
Jeg finner nok fram

Kolbein Falkeid


Eit hjarte for dei vi er glade i som ikkje er her
Idag har det igjen vore det dei trur er terror, ikkje så altfor langt frå oss. Nokon har mista nokon nære og kjente, rett inn i jula. Og eg kjenner på at verda blir meir usikker, også her eg sitt i Norge, i mi trygge stove.  Det skjer i ei tid vi helst vil tenke på som samvær med dei vi er glade i, ikkje sakne dei... Så dette diktet er til deg som saknar nokon akkurat no i juleinnspurten. Som ikkje er så opptatt av ribbe og sju slag.

Sender ein klem til dykk alle!


søndag 18. desember 2016

Desemberutfordringa, 4.søndag i advent

4.søndag i advent, 6 dagar igjen til jul(i følge mi niese som protesterte kjapt då eg sa det var ei veke igjen) Idag har vi hatt impulsiv familieadventslunsj med innlagt gåvebytte. Utruleg kjekt! Skulle jo tru at når ein er familie som bur i nærleiken av kvarandre, så ser ein kvarandre ganske ofte, men det slår dessverre ikkje alltid til. Det er livsfaser,jobb og aktiviteter som gjer at dagane og vekene går fort. Heldigvis er det kjekt når vi møtes!
Morgonstemning. Eit lite glimt av soloppgang.
(før regnet kom...)
Grovbrød, nybakt loff, prøvesmaking på fenalåret og ei stor skål klementin. Mislukka kransekake og ein veldig godt heva adventskrans med 4 lys. Lego, musikkinstrument og dataspel. No har oppvaskmaskina gjort jobben sin, og eg håpar at litt av ryddinga idag heng igjen til vi skal ha grautfest på onsdag.

Adventskrans

Kjekt med adventslunsj 
Eg sett veldig stor pris på oppvasakmakina på dagar med mange rundt bordet!

(Men prøvesmaking av lammerull var berre for dei som møtte opp til frukost)
Så over til utfordringa til Lammelårtanker:


søndag, 18.12: Hvis du skulle gjort noe annet enn du pleier på julaften, hva skulle det vært (og hvorfor)?

Kva ville eg gjort om eg skulle gjort noko anna på julaften? Kva gjer eg til vanleg?
Eg har vakse opp med at vi alltid var heime, litt fordi pappa hadde brøyting av vegane og då kan ein ikkje reise bort om vinteren(iallfall ikkje då eg var lita, det snødde alltid på julaften! Mykje! Gjerne med vind også) Mine besteforeldre feira saman med oss og av og til nokre av pappa sine yngre søsken med familie. Etterkvart feira vi med mine eldste søsken og deira barn. Dei siste åra, ca dei siste 16, har vi feira heime hos oss sjølve, med unntak av eit par-tre gonger. Og vi har hatt besøk hos oss sjølve, ikkje berre nær familie. Men fellesnemnaren er feiring heime og med familie. Tradisjonsrik mat, pinnekjøt eller ribbe. Sviskesuppe eller jordbær. Dronning Maud-fromasj. Fruktfat. Marsipan. Eg likar det.
Er det feigt av meg?

Kva ville eg gjort på ein annan måte? Det har eg aldri tenkt på!
Somme reiser bort i jula, for å stå på ski eller bade. Det har ikkje frista meg, til no. Kanskje det blir aktuelt ein gong?
Andre hjelper til på ulike arrangement, lagar mat, pratar med folk. Det har heller ikkje vore aktuelt for meg, enno. Og eg tenkjer at eg treng ikkje gjere det på ein julaften, eigentleg, dei treng sikkert hjelp heile året?
Kanskje er mi alternative jul for nokre år framover å vere saman med familie, unge og gamle alt ettersom? Men interresant spørsmål!






torsdag 15. desember 2016

Trekning!

Idag er det den 15. og det er trekning på give-away-en. Eg har sirleg skrive ned alle som har meldt seg på, og fått hjelp av junior til å trekke. Han kunne ikkje brydd seg mindre, der han sitt nedsylta i oppgaveskriving, så han er ein heilt nøytral hjelpar!


Trommevirvel, vinnaren er:

Gratulerer til Gina Lisbeth! Eg sender deg ein mail, så kan du sende meg postadressa di.
Dette var så artig. eg skulle veldig gjerne ha gitt alle ein liten ting, så eg måtte rett og slett iallfall ha ei lita ekstratrekning :)
Ein litt forkava engel, sikkert sliten av juleførebuingar går til Anja! Du får epost frå meg.

God desemberkveld vidare.
(Då eg kom heim i ettermiddag, dreiv mannen med nedvask av stova! Det var det glade kaos, det lukta såpevatn og no er alt tilbake på plass, berre reint og fint! Så no kan eg sige ned i sofaen )

tirsdag 13. desember 2016

Luciadagen

Eg har ikkje tenkt å gå så veldig inn i debatten, sjølv om eg ser den går både her og der. Eg er såpass enkel at eg tenkjer at Lucia, dersom vi skal halde oss til tradisjonen og historia, er ei jente. Og det finns stjernegutar og terner, så det er roller for fleire. Dersom Lucia-rolla skal vere ein slags premie er eg mot, men eg syns godt det kan vere ei jente. Eg har aldri fått vere Lucia, det var ganske trist då eg var lita!


Og det å velge rett Lucia er ikkje spøk, berre sjå her i denne sangen av Ingrid Bjørnov:


Ok, Lucia-dagen er her. Kan ikkje hoppe over det. Eg møtte eit Luciatog med studentar i kantina idag, Veldig skuffa over at dei ikkje sang, men hadde sang på mobiltelefon... Pluss for at dei tross alt stilte opp.
Eg greidde så vidt å fange dei på veg inn til undervisning.
Med store barn, må ein ty til nye løysingar for å få Lucia-stemning. (Det finns ikkje ein einaste foreldrefrukost,verken på videregåande eller i militæret, viser det seg.) Heldigvis hadde gode kollegaer baka lussekattar som vart servert i lunsjen idag, det var stas! 
Ein annan stemningsskapar er desse Luciatoga som eg har samla over tid, dei må fram den 13.desember (og eg er open for fleire, om det skulle dukke opp!). Desse små figurane skaper glede og stemning.
Desse er ca 4 cm høge, og har no flytta inn i julekrybba.
Skeptiske røster i heimen meiner dei ikkje høyrer heime der.
Eg seier berre "Pøh" 
Desse er litt større og vart kjøpt i glede over ein
bilreperasjon som ikkje vart så dyr som frykta for
nokre år sidan. 

mandag 12. desember 2016

12.desember, vekestart

Måndag igjen. Dei siste vekene har eg hatt fri på måndag, det er sånn: "oj, veke starta utan meg!" og "fantastisk å ha ein roleg start på veka". Ja, altså forstå meg rett, eg søv meg ikkje gjennom dagen, men eg treng ikkje stille på jobb på mørke måndagsmorgonen, likevel klarer eg fylle dagen. Eg startar gjerne med lang frukost framfor omnen, idag var det minus 10 ute og klart vær, så te og varme gjorde seg. Så gjorde eg ryggøvingar og gjekk tur, med innlagt kasting av glass- og metallavfall. Det er SÅ vanskeleg å få gjort, så det brukar ende med at det står fleire posar i kjellaren, og når eg først tek det med, er det gjort i ein fei. Kan nokon forklare meg kvifor det er slik? Resten av dagen har veksla mellom diverse husarbeid og kvile av ryggen, vi har ikkje vore heilt på lag idag.
Pause på sofaen, og spisebordet er fullt av ting som ventar på å bli rydda...

Eg har laga den mest mislukka kransekaka sidan sist eg prøvde meg. Det kan bli lenge til neste gong også! Litt rop om hjelp på instagram, og svaret er at eg truleg har hatt for mykje egg. Dei heva seg veldig fint(noko kransekake ikkje skal), før dei datt saman. Så satt dei riktig godt fast i formene, og delte seg i bitar då dei omsiden slapp taket. Smaken er god, om dei ikkje har utsjånaden med seg. Det er tross alt det indre som tel?!

I morgon kjem junior heim til jul.
Då eg var lita, venta vi på mine eldste søsken som skulle kome heim til jul. Dei flytta då eg var 6 år. Det var noko med å gjere huset klart til dei kom heim, det var jo ikkje jul når dei kom, men det nærma seg, og det skulle dei kjenne. Det var stas å få dei heim, og kanskje fekk eg ei litt tidleg julegåve også?
Så var det min tur til å flytte, og kome heim til jul. Desse siste dagane med innspurt før ein skulle reise heim, gjerne sein eksamen og mørketid, sliten og trøtt. Og gleda over å kome heim, bli møtt av juleinnspurt og ein smak av julekaker og julebrød.
No er det altså eg som ventar på junior som skal kome heim! Livet går jammen i faser. Radioen har byrja spele ein sang eg nesten får tårar i augene av å høyre; "Driving home for christmas", kjøre heim til jul. Han syng om å treffe igjen familien og vere saman! Det blir mi helsing til deg i dag.




Og til slutt må eg minne om min give-away , du kan få ei julegåve frå meg om du går inn og legg igjen ein kommentar! Trekning den 15.desember.

søndag 11. desember 2016

Desemberutfordringa, 3.søndag i advent

I november, då det var lenge til jul og lite å blogge om, slang eg meg på bloggutfordringa til Lammelårtanker. No, når det er desember, huskar eg ikkje like godt, og vips var det 3.utfordring:

søndag, 11.12: Arranger en give away og fortell hvorfor du valgte det du velger

Då eg las utfordringa, tenkte eg at HER skal eg legge godsida til og lage tidenes give-away!!! (For deg som ikkje er heilt inne i det: give-away er når ein bloggar gir bort noko via bloggen sin til ein heldig lesar, eit sponsa produkt eller noko bloggaren har skaffa seg på annan måte. Stor eller liten ting, nytting eller unyttig.)
Som sagt har tida gått fort, og den store planlegginga vart det lite av. Men eg har fundert i heile dag, for eg vil jo gjerne gje ein av dykk ei gåve, og har no komponert ei gåve til deg. Eg har brukt litt av tankane eg skreiv ned sist søndag, om julegåvetips, og litt frå det eg skreiv 8.desember, om heimelagde gåver. No blir det litt med tanke på kva som kan sendast i posten, sursild og heimebakt brød er ikkje så godt egna, men jammen fins det ting som tåler ein runde i posten også. (Og no forstpår du sikkert at denne bloggen ikkje er sponsa.)

Ta-dam!!!! Her blir den presentert:

Ripsgele. I august fekk eg kome til vener med store ripsbusker og plukke rips. Då laga eg mellom anna ripsgele. Den kan du få smake!


Ein boks sitron- og mandelbiscotti. Om eg må seie det sjølv, er dei gode. Særleg når du dyppar i ein kopp te. Fabelaktig som frokostdessert. Du veit den lille godbiten etter grovbrødet...lov i desember!

Eg drikk ikkje særleg mykje kaffe, men prøv å ta frå meg ein av dagens mange tekoppar... Du kan få ein liten boks svart te, testa og godkjent av meg.

.
Dette har eg putta opp i denne posen. Men så var det plass til meir. Kva det er? Hemmeleg, som ei god julegåve skal vere! Eg elskar gåveposar, der det er litt meir enn du først trudde!

No håpar eg dette er noko du kan ha lyst på, og at du difor deltek "i gi-bort´n" min.
Korleis du kan få del i gleden?
Skriv ein kommentar under innlegget. Du må legge igjen e-postadressa di, slik at eg får tak ideg, men den er det berre eg som ser. Dersom du ikkje har eigen blogg, kan du kan krysse for anonym, då deltek du også.
Det blir trekning den 15.desember, då skal pakka kunne kome til deg til jul, slik at du kan ta ei tepause med ein biscotti til.

fredag 9. desember 2016

9.desember

Eg les litt her og der, og i dag var eg innom Glamourbibliotekaren sin adventskalender. Ho skriv om blomster idag. Då fann eg ut at det kan eg gjere også! 
For blomster og desember, og særleg jul, høyrer saman.

Svibel er vel juleblomsten over alle for meg. Trur eg har hatt den i hus i alle år sidan eg flytta frå heime. Eg har prøvd den i svibelglass, der den har ein lei tendens til å velte, då blir det søl og rot og ikkje så kos lell. Eg har hatt den i potter og i år har eg planta fleire saman i ei stor glasskrukke. Litt mose og litt pynt og det blir jul! No er den i ferd med å starte blomstringa, og eg er spent på om eg må flytte dei ut snart på grunn av lukta. For lukta er både den aller beste og den aller verst, det er best i små mengder. Den minner meg om advents- og julebesøk på aldersheimen der tante til mamma budde då eg var lita. Der var det alltid sviblar i blomst rundt jul.
Adventsblomt på adventsduk


Amaryllis er noko av det finaste eg veit til jul! Alltid like spennande å kjøpe ein løk der det såvidt stikk fram noko grønt, og så blir det ein stor, mektig blomst. Og det skjer stort sett uansett kva eg gjer, mykje eller lite vatn, varmt eller kaldt, lyst eller mørkt, blomster blir det (det er jo det samme med svibel, men den blir ikkje like imponerande) Amaryllis har ein tendens til å bli topptung, og eg har plukka den opp fra sofaen når den har velta ned av ei hylle... Men den er like fin om du kuttar den av og sett den i ein vase, lenge står den også! Og dersom du stikk oppi ei grein med granbar eller litt eine, blirdet ein liten juledekorasjon utan særleg styr. Skikkeleg vinn-vinn-blomst som passar godt inn i mitt hus.
I år har eg fått pengar av mamma og kjøpt denne fine amaryllisen.
Det viste seg den var raud, ikkje kvit som eg trudde. Men raudt er fint
til den fiolette adventsfarga!
Til slutt har eg spara ein blomst som eg har brukt mykje tid på det siste året: Azalea. Dei som følgjer meg på Facebook og Instragram, har vorte spamma ned med planta eg kjøpte sist jul, for den har overlevd og blomstra på nytt, frå slutten av april til no! Slå den!
No heng det berre ein liten blomst igjen, og eg lurer på om den skal få juleferie, eller om eg skal prøve å halde liv i den utover våren? Eg har ikkje kjøpt ny til jul enno, men det fristar å prøve ein ny runde!
Her er den i november
(Og den som ser godt etter på bildet av amaryllisen, ser at ute står det ei gravemaskin. Idet siste har vi hatt ei gravemaskin bak huset, som har bygd opp att hagen etter diverse graving av kloakk og ein del vegendring og bygging av støymur. Framom huset, i gata der vi kjører til og frå huset, grev dei også ny kloakk til dei som ikkje fekk ny på baksida av huset... Det fører til at vi av og til ikkje kjem fram til huset og må drive adhoc-parkering hos ulike naboar. Saman med rekordmykje nedbør til no i desember og leiregrunn, har det vorte veldig skittent ute og inne! Yttergangen er full av sko tunge av leire, og golvet snakkar vi ikkje om... Det er kanskje lov å håpe at dei blir ferdige til jul, eller på tørt og kaldt vær?)
Og vi kan berre kjøre oppover, for nederst i gata har dei rett og slett grave eit
stort hol tvers over heile vegen, og det skal visst vere der til alt anna
er ferdig...

torsdag 8. desember 2016

8.desember

Igår mimra eg om julekalenderar på tv, og då kom eg på nokre andre minner også. Nemleg juleverkstad! Det var fast post i adventstida. Eg kan nesten kjenne lukta av skolelim og strie... Det kunne vere enkle ting som å lage julepynt. Eg trur eg slo til og broderte skeive korssting på små dukar ei jul. Meiner eg satt på rommet mitt og høyrte julemusikk og broderte og kjente meg svært nyttig!
Eg vil tru eg såg ut omtrent som dette...
(bilde frå epla.no)

Eg var heldig og hadde ei storesøster med mange idear og langt tålmod! Så saman laga vi forskjelleg eg kan huske å ha gitt bort. Eit år lima vi bomull på syltetøyglas, laga ei kule til hode på toppen og vips har du ein snømann som kan fyllast med godteri og gis i presang til onkel eller bestefar. Vi har laga klokkestrengar av strie med figurar av filt(og lukta av striestøv kan eg kjenne berre eg tenkjer på det!) Det var vattkuler og ispinnar involvert, og det vart både englar og nissar. Fine ting som mottakarane takka fint for og som ga meg trua på at eg kunne dette med heimelaga gåver. Den gongen tok ein ikkje bilder  i hytt og vær, så dette er ikkje lagra anna enn  i minnet. Kanskje like greit.

Eg hadde ein periode litt seinare der eg dreiv mykje med teikning og maling, og eit bilde eg ga bort, har eg faktisk fått tilbake -med ramme! Det er ganske koseleg å tenkje på at onkel laga ramme til bildet han fekk av meg.

Då ungane var små hendte det vel at vi laga julegåver, men det var noko med tålmodet til mor...

No lagar eg ikkje mykje gåver sjølv, eg er full av beundring over dei som strikkar vottar og sokkar og broderer dukar, slikt er jo så stas å få!
Men eg lagar gåver du kan ete opp, julekaker, kvekkebrød, kjeks, marmelade, konfekt, leverpostei. Tomatsild og surslid er også fine gåver, men kanskje ikkje så egna å legge under juletreet? Eg syns det er kjekt å få heimelaga gåver som kan etast, og håpar andre syns det samme!
Idag luktar det skikkeleg førjul i huset, for sylteflesk av gris, fylt med masse gode krydder har stått til kok i mange timar. Snart skal det leggast i press, og i morgon skal det delast i bitar og frysast ned. Kanskje er det nok til ei gåve eller to til nokre utvalde?
Dette burde vore ein blogg med lukt...

onsdag 7. desember 2016

7.desember

Eg tenkjer på ein eller annan nissesang , frå ein eller annan julekalenderserie på NRK der dei syng noko ala "for idag er det 7.desember" (eller kva dag det nov var) Hm, berre det eg kjem på. Har eg sett den fast i hovudet ditt også no? Eg må kanskje google?

Det er utruleg mange minner rundt slike adventsseriar på tv. "Jul i Skomakergata" er jo ein klassikar, naturlegvis hadde eg appesin med nellikspikar og gjekk rundt og sang på Jon Blund-sangen og sa "stol på tøffe Tøflus". Eg huskar Eli og Teodor, "Vertshuset Den Gyldne Hale" (med tegn og tale), Amalies jul, Jul i Blåfjell, Portveien 2 og det har sikkert vore fleire? (Portveien 2 var forresten første gong "Tenn lys" vart sunge. Starta som sang i barnetv og endte som klassikar) Vi prøvar få med oss "Snøfall" iår, det går ikkje kvar dag, men heldigvis finns det nett-tv!
Slike seriar gjer noko med folk, for det er noko dei fleste ser på, virkar det som når vi sitt i lunsjen og pratar.

Den gongen det var snø i desember...

Det eg eigentleg skulle skrive om idag, er julemusikk. Det er også ein stor stemningsskapar. Eg spelar dagen lang, til enkelte andre si fortviling, både på jobb(der er eg ganske diskret altså) og heime. Eg har progresjon i stemningsmusikken, og enno held eg meg til lett musikk(altså ikkje Sølvguttene enno) og "Its snowing on my piano" med Bugge Wesseltoft. Har du ikkje høyrt den, anbefalar eg å finne den. (den ligg på spotify)

"Have yourself a merry litle christmas" med Ella er også ein stemningsskapar.  Lytt og nyt!

Før syntes ungane at min musikk var meir rar enn musikk, men no har eg nesten overbevist dei! Dei spør faktisk om vi ikkje skal sette på The source, of christmas.


På ein skala frå ein til mammas julemusikk når det gjeld rart, er denne på ein sterk 9ar!
Dette var dagens lille adventsmusikkglimt og tips frå meg!


tirsdag 6. desember 2016

6.desember / vekestart

Stille kveld i huset. Både mannen og junior er ute. Eg har funne ei speleliste på Spotify med masse fin julemusikk, eg har levande lys, eg har "førsta snøn"-te i tekoppen min. Ute er det ikkje snø, det er ein dag med opphaldsvær, og det treng vi her i Trøndelag, det har regna meir enn nødvendig dei siste dagane. Det har vore, og er, stengte vegar og jordras rundt om. Ikkje kjekt at det er meldt rekordnedbør igjen i morgen. Eg gruar meg, ikkje fordi vi bur utrygt, men fordi det seier noko om klimaendringar eg ikkje likar å høyre og fordi det øydelegg for så mange!
I varmen inne hos meg står det brød i omnen og på benken hevar aniskringler. Håpar at aniskringlene skal vare heilt til jul....eg får fryse dei og merke dei "restemat" :)

Tekos og peparkaker

Og når alle mummi-koppane vart sett i kjellaren,
fekk eg plass til julekoppane i skapet.

Eg hadde ein tanke om eit innlegg kvar dag i desember, men når ein er "kulturkjerring" som meg, er det hardt å rekke alt ein vil! På søndag var vi på konsert med eit kor der vi kjenner mange, og igår var det "Unge musikere" der junior er med. Vips, så har dagen gått!
(Og slik heilt mal apropos, eg har vore på mange musikkskulekonsertar i mi tid, både som pianospelande jente, som øvde på å neie etter framført nummer, og som mor. Eg har høyrt masse fin musikk, rørande framføringar, nervøse små og tøffe typer som plutseleg kjem heilt ut av det. Eg har høyrt urytmisk trommer og pipande klarinett, eg har fulgt enkelte i fleire år, og høyrt framgangen. Eg har vore gjennom mange rundar med øving i heimen, masing om øving, vakker øving og slitsom terping. Eg har høyrt og sett musikkglede, og høyrt frustrerte utbrot over umogelege lekser. Eg vil seie det har gitt gevinst, konserten i går var så bra! Det er så mange flinke ungdommar som brukar utruleg mykje tid på hobbyen, og det dei håpar og drøymer om skal bli ein jobb. Eg heiar alt eg kan!)

Eg kjem nok ikkje til å ha like tett mellom konsertane
 resten av desember
Jazzkvartett


Dagens dikt er  eit håpedikt til deg. Der du er, med lange lister av alt som skal til, mørketid og korte fristar.


HÅP

Når alle ord tier
og tennene fryser ihop
du synes du har skår av
knust glass i munnen,
da
står plutselig
et tre i døra
og hvisker grønt
med snø i baret.

Hans Børli

Eg treng iallfall litt håp no. Det er mørkt, det er regn, det er ikkje jul enno, eg er litt sliten av indre og ytre forventingar. Noko å sjå fram mot er fint!

Grønt i skogen, med snø i baret

Grønt på vatnet, med lys i baret