søndag 30. august 2015

Vekestart veke 36, om feiring, venskap og familie

Ei helg med feiring er over! I går var det kveldsmat med gode vener, det var gulasjsuppe, kake og god tid til prat. Vi har nesten ikkje sett kvarandre i sommar, så det var så fint å treffes igjen og ha tid til litt meir enn å seie hei!

Og når ein får slike fine kort!
Idag har vi hatt familieselskap, det har vore god stemning og god tid. No er det stille i stova og heilt tomme kakefat!

Eg har prøvd meg på nye oppskrifter, men eg har vel igrunnen berre brukt dei som inspisrasjon, for eg kombinerte litt forskjelleg… Det vart iallfall blåbærbollar med inspirasjon av Fru Timian og kardemommesnurrar med inspirasjon frå Trines matblogg. Eg brukte mi eiga oppskrift på gjærdeig, og hadde ikkje blåbær, men brukte blåbærsyltetøy. Men eg fekk iallfall brukt kardemommekapslane eg hadde i krydderskapet!  Sitronfromasj har eg laga før, den er knallgod! Litt arbeid, og litt omstendeleg, men kan anbefale denne oppskrifta. (og her fulgte eg oppskrifta nøye!)
Det er fantastisk å ha gode vener og fin familie som kjem på besøk, som vil vere med og feire meg og som hadde med så fine gåver!(eg har fått notisbok, blomster, olivenolje, fin edikk +++) Eg er rik!

No er eg nesten klar for ny veke. Eg skal ha eit par feriedagar, det blir godt! Det er mykje program på kveldstid, men greit å få det unna, for neste veke blir det operasjon for øret, og då må eg vel skru ned tempoet endå meir. Det er straks september, og det kjennest rart. Kvar vart sommaren av? Er det haust allereie?! Eg er nok litt lurt av det fine været som har vore i det siste.
Eg fann dette fine augustdiktet på Facebook og det får vere eit slags farvel til august og velkommen til september!

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og

løfter den brune kroppen 

din litt nærmere solen

vakrest er slutten og

august presangen til

dem med hjerte 

for sirisser
rognebær 

og solnedganger

- Arne Ruste -
Augusthimmel

Då ønskjer eg deg ei god veke! Kanskje klarer eg skrive litt i løpet av veka også?

fredag 28. august 2015

Fin fredag

Fredag er yndlingsdagen min! Det er ei heil helg framfor meg, det er tid til å senke skuldrene og berre nyte!
Fine ting å nemne idag er

  • vi skal ha pizza til middag. Deigen står til heving, tomatsausen står og putrar, og det er berre å kjevle ut, legge på fyll og sette i omnen når resten av gjengen kjem heim! 
  • i helga skal eg feire fødselsdagen min med to selskap! Vener på laurdag kveld og familieselskap på søndag. Mange fine folk, det blir tid til god mat og prat!
  • mannen laga middag i går på sjølve 47årsdagen. (Litt stor feiring av ein 47årsdag syns du? Neida! Alt kan feirast!) Biff, ostar, jordbær, sukk, lukke! Eg tok fram tiaraen min og feira dagen med å vere minst mogeleg sjølvhøgtideleg!
  • eldste junior ringte heim og gratulerte meg med dagen. Han har det bra på folkehøgskulen. Det er godt for eit mammahjarte!
  • i går kveld regna det, det tordna og lyna, eg tente levande lys over heile stova, kraup opp i sofaen og las ei god bok ("Disse øyeblikk" av Herbjørg Wassmo)
  • eg har kjøpt blomster til helga, for no byrjar det synge på siste verset for blomkarsen og erteblomstane eg har i hagen. Men dei har gleda meg enormt mykje til no i sommar.
  • sjølv om det regnar, er det enno varmt nok til å gå utan strømper i skoa. 
  • dei to brune, triste bananane i fruktskåla har vorte til banankake = dessert!
  • det er norske epler i butikken. Syrlege, sprø epler, eg får vatn i munnen! 
Fredag altså! Eller igrunnen livet akkurat no! 



onsdag 26. august 2015

Onsdag

Det kan nok verke som at eg er ein latsabb som sett meg ned så fort eg kan! Det er berre delvis sant☺
Det er sol og varmt ute, men idag vart det middag inne og sofaliv no. Vi har hatt kontakt med eldste son som er på telttur i Jotunheimen,  der er det regn-regn-regn, men humøret er godt. Eg trur yngste son har tenkt å kom heim idag også, men det er så mykje han skal først.(der dukka han jammen opp)
Eg har vore på jobb og funne både gule stafylokokkar og tarmbakteriar. Eg har hatt treningstime med fysioterapeuten, og når ho står og passar på er det ikkje snakk om å jukse med innsatsen eller gjere færre øvelser!  Magemusklane mine fekk jobbe!
Litt meir sofatid og så skal eg reise meg og gjere litt, trur eg. Det må bakst og det burde ryddast litt. Burde....

mandag 24. august 2015

Måndag

Medan kleda tørkar ute i  skygge,  vind og 26 gr, ser eg på.
Og eg tek fotbad. Heilt greit på ettermiddagen! Etter middag under parasollen og is til dessert. På ein måndag.
Godværet er snart slutt, eg nyt den siste varmen alt eg kan!

søndag 23. august 2015

Vekestart veke 35

Eg har dårleg samvit! Eg har eit minne om at eg brukte å ha ein skags vekestart på denne bloggen, sånn ca kvar søndag, men det er lenge sidan no!
Det har vore sommar, ikkje all verden til sommar slik den første delen, men sommar, ferie, tid borte, slappe dagar. Så har det vore tilbake på jobb, ikkje fulltid for meg, men rutiner som skal følgast opp, og trening som skal gjennomførast for ryggen. Så har det vore flytteførebuinagar og innkjøp og pakking med eldste junior, slikt går ikkje av seg sjølv, iallfall trur ikkje mor det! Og så kom godværet! Det har vore nonstop-sol ei veke! Lange, varme kveldar, mørket som kjem, levande lys på terrassen og middag og kveldsmat ute. Det har vore knott og mygg som konkurrerar om blodet mitt, og dertil dårleg søvn når det klør! Eg har ligge langflat i sola, og fyllt på D-vitaminlageret til vinteren og fått litt farge på ein bleik kropp! Viktig jobb! Eg har tatt med alt som kan gjerast ute ut i solveggen, bretting av klær, baking av pizza ++. Vi har vaska og beisa terrassen og sitte der endå meir. Vi har sykla til skogen og eit lite vatn og bada(ok, det var kaldt, men eg svømte!) Og på mine korte turar innom internett ser eg at andre blogga, eg ser interessante overskrifter eg tenkjer eg skal lese meir om seinare. Og eg har tenkt at bloggen min lever vel over endå ein dag utan nytt stoff!
Sol, blomkarse og henhekøye.
Sommar i august!


Sol frå skyfri himmel!

Baking i det fri!

Bading

Kveldsliv på terrassen

Det har den gjort! Overlevd altså. Men eg ser at det er få som er innom, de har vel gitt opp å vente på nye innlegg? Men i kveld skal de få litt nytt!

August er her! Det er ein fin månad(sidan eg feks har fødselsdag snart) Og iår med lange, varme dager og dei mørke kveldane som er så varme og lune! I skogen kjem meir og meir bær(eg har plukka multer i dag, ikkje så mange, men eg fann ei fin myr! Der kosa meg med litt i munnen og mest i posen. Multekrem på julaften er sikra, og vel så det) Men det er dogg i graset lenge om morgonen, enkelte planter seier at no er det snart nok, grønsakshagen er over sitt beste, det går mot haust. Og difor skal eg dele dette diktet av Hans Børøi med dykk, om august og at noko nærmar seg over. Litt mørkt kanskje, men flott!

August

Nattsvermernes ulne tid
august
med mugg og surmelk
og fallskjermslipp av løvetannfrø
over enger som sommeren har forlatt.
En smerte er overvunnet; himmelen legger
mjuke forbindinger av mørke
på de hvite nettenes
bankende sår av lengsel.
Aldri er jorda
jord som i august. Du kjenner
den eier deg. Føttene dine
peker uten misvisning
mot Jordens sentrum.
Og du hører billene
vri sitt lille bor av kitin
gjennom de dødes hjerneskalleer
djupt i gravene.
Hans Børli
Ønskjer deg ei strålande veke! Så skal eg prøve å vere i rute igjen med vekestarten frå no!

torsdag 13. august 2015

Førstemann ut av reiret

For 19 år sidan gjekk eg gravid. For første gong. August for 19 år sidan var varm, og eg gjekk mykje i ein ruta kjole huskar eg. Eg var ganske trill rund, sjølv om termin ikkje var før oktober. I brukbar form, men med litt ryggtrøbbel(det er ikkje noko nytt altså) Eg hadde ein roleg skatt i magen. Eg viste ikkje kven. Eg viste ikkje at det var min eldste son som vaks og trivdes der inne.
Eg var spent! Eg hadde 6 tantebarn allereie, så eg var driven som barnevakt og beleiskiftar. Men ein eigen baby som skulle komme og vere hos oss for noko som virka som alltid?!  Det var ei viss mengde skrekkblanda fryd!
Eg(vi) bygde reir. Vi henta vogga hos svigers, den er laga av kyrkjeplank og i den har både far, farfar og oldefar ligge. Eg kikka på klær, strikka ei bittelita jakke i gult ullgarn, Vi fekk ei gammal vogn som eg trekte om inni. Vi lånte utstyr. Eg skreiv lister over kva eg trudde vi trong og snakka med andre om kva som var lurt. Eg las bøker. (Heldigvis kanskje fanns ikkje O-store-internett, for der hadde eg nok fått vite meir enn eg trong...) Vi meldte oss på fødselsførebuande kurs. Vi fulgte med på magen som voks, når på døgnet junior var aktiv, vi venta!
Så kom prinsen! 
2 dagar gamal omtrent
Han la beslag på mykje av tida mi, for ikkje å seie all… Han sov ikkje vekk det første leveåret sitt, sukk, han har ikkje sove vekk tenåra sine heller, for den del. Men han var jo det finaste vi kunne tenkje oss. Og vi vart kjent, ting gjekk seg til. Lillebror kom og vi vart den familien som har delt kvardagar saman i mange år!

For 17 år sidan gjorde eg klart til oppstart i barnepark. Han trong ikkje så mykje nytt, men sekk og matboks var viktig.
For 16 år sidan var det barnehagestart. No trongs det meir klær, merking av utstyr, ny sekk og ny kvardag.
For 13 år sidan var det skulestart. Noko nytt igjen! SFO, etterkvart fritidsaktivieter. Så vart det ungdomsskule, videregåande, nye vener, nye fag, nye krav.
Men alle desse gongene har han vore heime her hos oss, vi har gjort endringane saman. 
1999


No gjer vi klart på nytt. Det er nye lister. Det er innkjøp av klær, vogn treng vi ikkje(og han skal ikkje ha med bil, sjølv om han har lappen no) Eg kjøper sengetøy og handklær. Eg merkar klær. Vi snakkar om pengar, det er søknad til lånekassa som skal fyllast ut. Det er nye tider! Han skal flytte! Byrje på folkehøgskule. Det er snart berre få dagar igjen til vi skal kjøre han og reise heim utan han… Berre nokre dagar til det berre er lillebror som bur heime. Ei veke til ein ny kvardag for både han og oss... Vi grugler oss, alle saman.  
Han skal gå ekstremsportlinje,  han starta treninga tidleg!
Ca 1999
Vi skal alle gjere noko nytt. Og vi skal ikkje ha alle kvardagar saman lenger. Sukk! 
Eg håpar han får det supert! Eg trur eg klarer finne meg til rette med det ny livet. 
Men dette er ein overgang!

lørdag 8. august 2015

Det beste i livet er gratis!

Det er mykje fint å få kjøpt! Eg er veldig glad i å gå i butikkar, eg er glad i kjolar og sko, eg likar å shoppe. Eg likar finne ting eg likar, og eg likar kjøpe dei. Det veit alle som kjenner meg. Og mange ting ein treng, må ein kjøpe, som mat. Og vi har lagt ned mykje pengar i hus og bil(sukk, gjeldslave. Men det er vi vel ikkje åleine om å vere)

Men det er ting som er gratis. Som kostar litt svette, men som gir mykje igjen i livsglede! Som dagens tur i skogen. Eg fylte vaskemaskina med skitne klær, eg fylte oppvaskmaskina til randen før eg starta begge to. Eg sette ein grov deig til pizzabotn og tok opp elgkjøtdeig frå frysaren. Eg hoppa over hybelkaninane i gangen og trappa, oversåg at badet trong vask og skifta til turklær.

Godt for ryggen. Godt for humøret. Godt for pusten. Åleinetid er gull verdt. Eg fekk regn i håret, gjørme på skoa(og leggane) og blåbærblå farge på fingrane. Øresusen min fekk konkuranse frå skogens mange lydar, og det gir hodet mitt litt fri. Eg fann stiar der nesten ingen andre gjekk. Eg såg eit ekorn som pila i veg. Haren eg møtte ein dag før, viste seg ikkje idag.

Det er ein grunn til at eg blir så skitte. Heldigvis har eg vaskemaskin!
Eg har ete markjordbær, eg fann mange i ei solside. Det såg ikkje ut til at det hadde vore andre der og plukka. Skulle tredd dei på eit strå.

Jordbær
Eg fann blåbær, nokre få, nok til å smake og få blå tenner. Nok til ein smak på brødskiva i morgon tidleg.
Eg har plukka litt multer. Kanskje nesten nok til multekrem på julaften? Men det finns mykje meir å plukke, den treng berre nokre dagar til med sol. Kvar den veks? Hehe, det er min skatt eg voktar over! Men 10 minutt kjøretur og så 37 minutt og gå, så er eg der!

Multe med regndråpe
Eg gjekk nokre rundar i "kantarellskogen", men det er nok litt tidleg for sopp. Eg såg nokre få, men dei fekk stå. Kanskje blir dei større og fleire til neste gong eg går forbi?




I kveld kjenner eg at eg har vore ute, tross litt regn då eg gjekk, kjenner eg at sola har varma både kinn og armar. Kanskje eg får litt brunfarge?
(Og så protesterar ryggen i kveld, for det vart kanskje litt langt og eg var litt ivrig i motbakkane, men eg satsar på at det gir seg til i morgon)
Ein gratis tur, med gevinst i lange baner! 

torsdag 6. august 2015

Sommaren med prolaps

Høyrest ikkje det fint ut? Googlar ein "Sommaren med…" kjem det opp litt ulikt, som "sommaren med sellik" om ein selunge som bur i ein familie ein sommar. Det er sol, sommar, sjø... Heilt slik har ikkje sommaren med prolaps vore!

Å ha prolaps er ikkje å foretrekke! Men å få påvist prolaps har iallfall forklart plagene eg har hatt sidan i vår. Både lege og fysioterapeut har undersøkt og testa, og av og til har det stemt med det dei trur og av og til ikkje. Av og til har eg hatt litt vondt, andre gonger har eg kjent ingen ting og andre gonger har eg ikkje klart å gå. MR-bilde viser at det er ting inni ryggen som forklarar dette(ikkje spør meg meir, for dette kan eg ikkje forklare!)

Korleis har sommaren vore då? Kva har eg gjort og ikkje gjort?
Enkelte dagar har det kun vore sofa som har virka.
Middels fornøgd med sofaen
Eg har klart å gå tur. Av og til kortkorte turar. I eit svært sakte tempo. Andre dagar har eg gått lange turar, først var dei også saktesakte, men no klarer eg snart å gå i vanleg tempo. Eg går helst i skogen, eller andre stader med ujamnt underlag, då blir eg betre. Lenge på hardt, flatt underlag gjer at ryggen protesterar etterpå, særleg dagen etterpå. Altså ikkje så godt egna for byliv, men når det skjer, godt egna for hyppige kafepauser.
Myr er mjukt og godt (og vått og skittent)
Eg kan ikkje sitte lenge i gongen, særleg ikkje i bil, og iallfall ikkje bak rattet. Altså korte strekk og ofte pause. Iår likar eg godt å kjøre strekningar med ferjestopp.
Eg får lese mykje meir enn vanleg! Og det seier ikkje så lite. Eg har for eksempel lese dei tre Skipsmatrosbøkene til Jon Michelet. Anbefalast!
Eg blir utålmodig og får kort lunte. Eg ser masse som skulle vore gjort, som eg ikkje greier å gjere sjølv(og som eg aldri ville brydd meg med når eg er frisk…) Det er slitsomt med smerter, det går utover nattesøvnen også. Det virkar fort på humøret på dagtid… Eg har ikkje vore på jobb, det er også ugunstig for humøret. Eg treffer ikkje folk på dagtid, eg mistar praten i lunsjen og gode rutiner. Så snur det, og eg blir lat.

Korleis går det no?
Ryggen blir sakte betre. Eg overser ting eg kunne gjort noko med, for eg kan klare det sjøl og utsett det. Tilbake til normalen der altså! Eg er delsvis på jobb. Eg går tur. Humøret blir betre. Måtte det fortsette på denne måten!