onsdag 25. mars 2020

Kva skal vi gjere?

Idag har eg vore på jobb, sånn fysisk, ikkje berre på heimekontor og skype og via nett og meldingar og epost. Eg har vore på jobb, eg har hatt på kvite klær, eg har tatt meg av prøver, eg har gjort førebuing til analysene i morgon og eg har snakka med folk. Eg har ete lunsj saman med fleire, men det er ikkje utan restriksjonar. På alle bord ligg det påminning om å halde avstand, det står sprit rundt om og det er utarbeid planer for kven som skal ha lunsj når og saman med kven. Vi er delt i to lag, for å førebygge at alle blir sjuke på ein gong og vi har bemanning døgnet rundt. (eg jobbar berre på dagtid da, men halvparten av tida på heimekontor) 

Men heime kjenner eg innimellom på brakkesjuka. Eg har lyst å treffe folk, gå på kafe, gå på butikken utan å vere redd for smitte. Då er det ein ide å ha nettmøter, som i sosiale treff. Igår var det storfamilien som hadde kahoot og fellesmøte på nettet. Trur vi var ca 23 stykker. Takk til niese som tok initiativ og inviterte oss. Idag har eg snakka med begge sonene på ein gong, med video. Det kan fint kombinerast med kjeks og ein tekopp!
For det er noko med å sjå folk, ikkje berre snakke. 

Familietreff!

tirsdag 24. mars 2020

Kva skal vi finne på?

Det er viktig med rutiner i kvardagen, men det er jammen viktig med variasjon også, no når dagane er litt vel like med heimekontor og samme folka rundt bordet (mannen er triveleg selskap, men no har det berre vore oss to nokre dagar) Og no skal vi fortsette med dugnadsarbeid, vere mest mogeleg inne, ikkje ha store folkemengder til over påske, og då må vi ha planer! 
(eg legg ikkje i veg med opppussing, nedvask og slikt altså!) Eg skal ikkje berre vere heime, eg har ein jobb der eg trengs, så det er 50% heimekontor og 50% jobb på ubestemt tid framover. Ein dag skriv eg kanskje om jobben min også. Der skjer det mykje for tida!


Eg har lagt nokre planer som eg skal dele med dykk dagane framover. 

Idag har eg fått påskete i posten, og ingefærkjeks. Te skal bryggast i kanne, og så må ein velge kopp. Eg har ei plan for dei neste dagane, trur eg klarer meg godt ut karanteneperioden: 
Ny mummikopp kvar dag! (ikkje nyinnkjøpt, men arbeide meg gjennom koppane i skapet)


Mannen og eg som lurer på om det blir båtliv
til sommaren.
Og skulle karantenen vare endå lengre, skal eg sjå om eg ikkje har fleire koppar å drikke te av... Det er ikkje så veldig god plass i skapa mine!

søndag 22. mars 2020

Corana-sysler

Eg ser at folk ryddar i skap, boder, vasker hagemøbler, sår tomatfrø og vaskar vindu.

Eg?
Eg legg puslespill!


Lukta av nybakt brød

Eg har bakt brød. Det er frykteleg lenge sidan sist, så det føles på sin plass å skryte litt av meg sjøl! Som vanleg startar eg omtrent med ei oppskrift, og ender med å slumpe det saman til passe seig. Slik også idag.

Men det som gjer at eg skriv om det no, er alle minna som kom over meg medan eg stekte brød. Ute var det sol, fuglesang og snøsmelting. Ein ekte vårdag. Då eg sette brøda i omnen, måtte eg sette opp glaset på stova, for det vart så varmt inne.


Nybakt





Og då kom dei, minner som lukter kan hente fram. Lukta av brødbakst, lukta av vår og minna om slike dagar. Når mamma bakte brød og eg kom inn til lukta av nystekte brød, og lukta av vårdagen ute, sidan mamma hadde sett opp kjøkkendøra for å lufte på kjøkkenet. 
Og så vart det ekstra rart, sidan eg tenkjer mykje på mamma om dagane no, det er eit år sidan ho døydde, og dagane var fulle av sorg, gode minner og planlegging av gravferd. (Og eg tenkjer på dei som står midt i dette no, når det er restriksjonar på gravferder og det å få vere saman)

Så eg laga meg ei god skive med smør og brunost, og tenkte på alle skivene mamma smurte til meg. Det er mykje omsorg i ei påsmurt skive!

lørdag 21. mars 2020

Skitur i coronaens tid

Eg har vore på skitur idag.
Det er altså det finaste været, sol, ny snø, fin temperatur, skyfri himmel idag.
Og corona og "hele Norge stenger" og dugnad og idet store og det heile har det vore ei veke heime og stort sett inne, slik vi alle skal vere. Med mannen og meg med heimekontor i kvar vår etasje. Inneliv på kveldstid. Eg har vore forkjøla og har hatt heimekontor av den grunn, dei kunne nok hatt nytte av meg på jobb. Det får bli neste veke.

Men altså idag. Ikkje heimekontor, god tid og vi planla skitur.



Det var det ikkje berre vi som gjorde. Alle trong sol og lys og aktivitet!
Eg syns dei fleste var flinke til å halde avstand, få som stoppa for å prate. Nokre få såg ut som dei helst ville ha løypene for seg sjølv, og gjekk lange omvegar rundt meg. Mest var det smil! Det var ungar som gjekk nye vegar over myrene, bål og pølser, små som sov i pulk, folk som stressa og folk som arbeidde med påskefargen.


Og eg, som fekk ein lang runde på ski, medan mannen fotograferte snøkrystallar i sol.