tirsdag 30. august 2016

Vekestart veke 35

Eg åt ei blåbær i skogen her ein dag. Eg plukka berre ei regnvåt, stor, litt overmoden bær ved stien og putta i munnen. Den smakte ... barndom!

Den smakte som dei blåbæra eg brukte plukke når vi gjekk til hytta på fredagsettermiddagane i august. Då eg var kanskje 9 år, og bar min eigen sekk med klær, heilt sikkert laurdagsgodteriet og kanskje ei pakke pølser og eit brød. Mamma bar meir og pappa bar tyngst, kanskje han også måtte ta lillesøster på skuldrene i tillegg til sekken. Vi gjekk når pappa var ferdig på jobb, vi skulle fram på hytta i helga. Noko skulle snekrast, vi skulle sette garn og det var helg. Det var augustluft og det kom dugg i graset. Stien gjekk over myra. Eg vart skitten på buksa av myr, kanskje våt oppi støvlane, fordi eg ikkje greidde å hoppe heilt over myrhola, men landa midt i. Det lukta myr og skog og bær! Ofte fekk eg regn i håret. Langt framme såg vi vatnet, kanskje møtte vi andre hyttefolk? Kvelden ville bli mørk, og det ville vere litt skummelt å gå og pusse tenner og gå inn på utedoen. Men mørke kveldar gir godt fiske, så det var godt håp om steikt fisk til middag!


Alt dette var samla i den blåbæra eg plukka her ein dag!

På desse myrene veks det bær -og ein
kan trakke over støvlane...
Det er mykje minner i smak og lukt, eg kan bli flytta til ein heilt annan stad og ei anna tid av lukt og smak! Har du det slik?

Ute regnar det, det er mange tankar i hovudet mitt.
Eg gler meg veldig til helga, då kjem junior heim på første perm frå militæret! Eg har tenkt mykje på han og korleis han har det. No skal han få nybakt brød og mykje søvn.
Eg bekymrar meg over ting eg ikkje kan vere meir enn ein tilskodar til, slikt tek energi.
Eg trur vi treng eit trøstedikt!

jeg skal holde deg til du sovner
hva om jeg ikke sovner?
jeg skal holde deg
Nils Øivind Haagensen

Ha ei fin veke!


mandag 22. august 2016

Vekestart veke 34

August, altså. 
I tillegg til at det er min bursdagsmånad, er det også månaden for nytt semester, bærplukking og kveldar der det er på tide med levande lys og (iallfall no) flotte solnedgangar. Ein slags festmånad spør du meg! 
Ein kveld denne veka var eg nesten tilbake på kjøkkenet heime, slik eg huskar augustkveldar då eg var lita. Ein slik kveld, rett etter skulestart, når det byrja bli mørkt ute. Det var nyplukka rips og vaniljesaus, på omnen sto ein kjele og putra med rips som skulle bli ripsgele. Lukta av varm ripssaft fylte heile kjøkkenet! Akkurat som då eg var lita. Men heldigvis utan bøker som skulle ha nytt bokbre og irriterte og oppgitte sukk over kor vanskeleg det var. Tape som klistra seg feil, og papir som krølla seg og ikkje var stort nok likevel.
Dette bildet skulle vore med lukt!



Mange små glas med ripsgele!
Elles har veke innehalde jobb, som vanleg. Men det har vore mykje anna bra også!
Tur i skogen etter både blåbær og bringebær. Og snart er tytebæra moden. Lukke! Min indre hamster lever livets glade dager no, med så mykje å sanke i skogen(eg skulle berre hatt litt betre tid og ein betre rygg). Eg har gått tur med ei venninne, berre for turen sin del. 
Ryggtrening. Eg prøvar trene målbevist, og leitar etter resultat, men det går sakte. Det får ikkje akkurat fram treningsglede å sove dårleg pga vond rygg.
Kafeliv med ei anna venninne, med fokus på den gode samtalen og løysing av verdsproblem av ulik storleik. Vi kom ikkje heilt i mål, og må nok ha ein kveld eller to til.
Det har vore sol og varmt, og eg har fyllt på D-vitaminlageret i kroppen, slik at eg har litt å gå på til vinteren.

Når det byrjar bli mørkt, må ein ha fyrlys, særleg når ein er i båt (eg får fletta inn litt båt i dei fleste innlegg for tida :) )

Kalypso

Åse-Marie Nesse
Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta
eg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt

Ønskjer deg ei god veke!

søndag 14. august 2016

Vekestart veke 33

Ferietida er offisielt over. I morgon også for husets yngste. I morgon startar han på siste året på videregåande. Når skjedde dette? han brukte då ikkje vere så stor... Han er lite lysten på lekser og tidlege morgonar, men gler seg nok innerst inne på mykje lærdom om favorittsysselen musikk!

Men no blir det meir rutine på alle, og det krever instramming -for alle- på soving og ikkje minst stille vekkeklokka. Kjøleskapet og brødboksen må ha ei vis grunnutrustning til ei kvar tid. Det hadde vore fint med middagsliste. Vi får sjå...
Det er meldt sommarvær igjen, etter ei veke med grått og regn. Det blir ein liten sommar igjen! Tid til litt meir samling av solvarme i kroppen! Det blir bra for fleire ting, som bærplukking. Idag har vi ete blåbærpai, med sjølvplukka blåbær.

Full konsentrasjon og innsats!

Igår var vi på musikkfestival, ein liten sjarmerande festival i ein hage! Eg kjente litt på #min_indre_hipster, eller iallfall var det ein del andre der som var kulare enn meg. Vi høyrte junior spele saman med bandet han spelar i. Og vi fekk med oss litt anna musikk, mykje fint og heilt anna enn det eg brukar høre på. Ein kjekk konsekvens av å vere musikkmamma!

Bildet lyg, det var godt med bølger!

Og det er lettare å kome seg ut på tur når det er sol. Kanskje blir det gode tider for segling også? Vi hadde eit tur i litt frisk vind idag, iallfall friskare enn vi hadde tenkt. Men vi kom i land tørre og som vener, full av ny kunnskap(særleg eg). Det er noko med styring av båt i bølger, vindstyrke og mengde segl som skal opp og ned, vindmelding som ikkje er  heilt korrekt... Vindretning i forhald til retning på fjorden, beskjedar som blir gitt, men ikkje forstått etc. Men som sagt, vi får det til og blir betre og betre, så gode at mannen byrjar mase om at eg må lære meg å legge til kai. Det er eg slik i teorien einig i, når det kjem til praksis er eg litt meir usikker.

AUGUST

Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste
Ønskjer deg ei god veke!

fredag 12. august 2016

Fredagsgleder

Det er nok å henge seg opp i, av både viktige og mindre viktige ting. Ting som irriterar som kløe på ryggen, andre ting er større og kan ta nattesøvnen. Difor tenkte eg å lage ei liste med fredagsgleder!
Ein stamme å kvile på, når det er fredag og det har
vore ein lang motbakke først.


  • eg rakk jobb tidsnok idag, til tross for at eg forsov meg. Takk til mannen som laga frukost til meg (eg har fleksitid, men av og til må eg vere der til ei fast tid lell, det er alltid slike dagar ein forsøv seg!) No gjeld det berre å finne ut kvifor "vekkarsengeristaren" ikkje starta i dag tidleg. Det kan vere eg må ringe Hjelpemiddelsentralen for å få hjelp.  Det er litt "pangstart" på dagen å forsove seg...
  • eg har vore på kafe og ete lunsj. Heilt åleine, men med selskap av ei avis og ein stor kopp te. Det kallar eg kvalitetstid.
    Kvalitetstid
  • eg har gått tur i marka. Med bøtte til å plukke litt blåbær her og der, for det er så mykje bær i marka. Ein skikkeleg kosetur, med lavt tempo, litt fotosafari og litt bær i bøtta og mykje i munnen. Tid til å høyre suset i trea, kjenne lukta av skog og sjå på humla som surrar. Det var ikkje sol, men det regna ikkje og slik været har vore dei siste dagane, er det eit avgjort pluss.
    Blått i blått!
  • eg kom heim etter skogturen og åt ei skive av rugbrødet eg bakte i går, med kremost og blåbær på. Det var eit skikkeleg #instamoment, og eg kjente meg nesten som ein rosabloggar :) Det er hashtag på hashtag! #heimebakt #sjølvplukka_blåbær #gamalt_servise #husmorpoeng #utan_sukker #mat_frå_grunnen 
  • eg har bakt blåbærkake av blåbæra! Den et eg lunka framfor tv´n i ei varm og tørr stove, saman med mann og son. Godt! Vi ser Ol-sending, med bueskytting og håndball.
    Blåbærkake
  • ryggen virkar når eg tek det med ro. Eg har klart å gjere styrkeøvingar fleire dagar den siste veka, og halde meg i skinnet når eg er ute og går(altså ikkje prøve å sette fartsrekord...) Det er så godt for humøret å kunne gå tur i skogen!
  • eg har ei heil helg framfor meg, med litt planer, men også med tid til å gjere det som fell meg inn. Fredag er kanskje den beste dagen i veka slik! 
  • eg har fleire gode(trur eg) bøker liggande som eg skal lese. Kanskje eg skal lese langt på natt? I morgon har eg uansett ikkje tenkt å teste vekkerklokka.
Eg skal tenkje litt meir på desse plusstinga når eg legg meg i kveld! 


søndag 7. august 2016

Vekestart veke 32

Det er søndag kveld, det er august. Livet snusar på normal døgnrytme og normale dagar, det er berre ei veke til skulestart(eg gler meg til normal døgnrytme på junior). Vi har fått kontakt med eldste junior som har vore gjennom opptaksveker i militæret, med lite søvn, mykje gåing og lite vasking. Han greidde det! Hurra for innsatsen(og litt skrekk for mor)
Idag har vi, som vanleg nesten, vore i båten, ein liten tur på fjorden og ei lang stund i hamna med lunsj og besøk og sol! Feriesøndag i august!

August kan by på multer og bringebær!

Eit lite augustdikt på  må du få. Eg likar august, det er feks bursdagsmånaden min. Skogen er full av bær, det er tilbake til rutinene, det er ofte lune kvedar og samtidig snart på tide å sitte inne med levande lys og tekopp. Det er noko med det at variasjon er fint, sol og varme til si tid, innetid på hausten, og draumen om varme om våren...  August er slutten på sommaren, vedmodig, og starten på hausten, eit nytt semester, nye planer.

Mjuk solnedgang


August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.

Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stilhet:
Tal Herre, tal!
dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.


Einar Skjæråsen



(og jammen er det ei setning om segling her og)

God veke til deg!
Truande skyer...

fredag 5. august 2016

Historia bak eit bilde

I går kveld la eg ut eit fint solnedgangsbilete på Instagram. Det har eg fått mange "likes" på, både på Instagram og Facebook. Og det var nydeleg fint på Skansen, der båten ligg, kl 23 i går kveld:



Solnedgang er eit takknemleg motiv, fjord og fyr er fin framgrunn.
Men det er ei bakhistorie til kvifor eg var der så seint på kvelden...

Først på dagen var vi i byen og gjekk litt på Matfestivalen i Trondheim. Vi handla litt, og kom oss til båten. Vi slappa av, mannen fiksa litt og eg sat i cockpiten og pynta opp.


Etter litt om og men, lesing og mat, la vi ut på fjorden. Det var såpass med vind at vi fekk opp segla, og vi segla sikkert 20 minutt før det vart blank fjord og vindstille.... Men det er ikkje det som er grunnen til at eg var i hamna seint på kveld. Vi starta motoren og tøffa sakte rundt ei god stund.

Undervegs oppdaga vi at det var ein feil på pumpa til septiktanken... skulle gjerne ikkje måtte skrive det! Det kom vatn(heldigvis ikkje noko anna) inn i båten istadenfor at ting gjekk ut. Vel i land, reiste eg heim medan mannen skulle skru litt. Det vart litt meir enn litt, og solnedgangs-idyll-biletet er tatt etter at eg kom att for å vere håndlangar og moralsk støtte til reparatøren som låg og prøvde tømme kjølsvinet for ekstra vatn og skit... Det har eg dessverre/heldigvis ikkje bilete av. Men eg har vaska ei mengde håndkle og klær idag, slik til orientering.
Ifølge andre båtfolk er dette normalen, tida ein seglar på fjorden er berre ein brøkdel av tida ein brukar på å skru. Nuja, eg håpar dei tek feil! For når slikt skjer, er det ikkje til å kome frå at eg lurer på om det var lurt å kjøpe båt? Vel, eg angrar ikkje enno, og båten ligg ikkje på Finn.no. Det går seg vel til?! Og det å sige rundt ute på fjorden er ganske roleg tidsfordriv som veg opp for ein god del anna!


Avslapping i båt før det vart skruing og fiksing...

Så: eit fint solnedgangsbilete kan lyge meir enn mange ord om realitetane rundt fotografen.

(Om pumpa virkar no? Nei. Og det foregår ein del surfing på nett etter ei liknande pumpe, og nødreparasjon av den vi har. Vi får tru "det blir likar i morra")