torsdag 28. februar 2013

Midtveke veke 9

Eg har ein dagdaraum, om å vere mørk, mystisk og intellektuell (Her passar det nesten med ein dårleg vits: Jag är intelektuell, sa den ein svensken. Inte jag heller, svara den andre) Mørk har eg aldri vore, og no er det kommunebrune håret fullt av sølvtrådar... Mystisk kan eg nok framstå, særleg for dei som ikkje er tankelesarar og som ventar på eit svar(stakkars mannen min) Men intelektuell verken er eg eller har vore, der er eg skikkeleg wannabe!

Eg likar lese, som tidlegare nemnt på bloggen, eg sluker bøker, eg har stablar rundt om i huset, nattbordet knekkjer snart saman, bokhyllene har fleire rader og loftet er fullt av bokkasser som ventar på  nye hyller på stova. Eg hamstrar til dårlege tider...  Eg les ikkje mykje kiosklitteratur, men heller ikkje tunge bøker av store tenkjarar. Eg har lenge hatt ei leseplan som går ut på å lese Nobelprisvinnarar, eg har funne og skrive ut ei liste, men har kome sørgeleg kort! Sigrid Undset er kryssa av, eg har lese forskjelleg av Bjørnson og eg har lukta på Hamsun. Eg har lese litt av ein sørafrikansk vinnar som eg ikkje huskar namnet på. Eg har besøkt huset til Hemmingway på Key West og "Klokkene ringer for deg" ligg på det før omtala nattbordet. Eg har vener som anbefaler bøker fulle av kloke tankar, djupe meiningar og vise råd, eg startar lese med nytt mot kvar gong, men litt ut i andre kapitteel dett eg av lasset... Men eg vil så gjerne!


Men eg har meir og meir oppdaga dikt. Korte dikt, med fortetta innhald, som seier så mykje på få linjer.

Idag fekk eg "Strek"(Du finn meir om magasinet Strek her)  i posten, eit magasin som kallar seg sjølv sentralstimulerende! Det utfordrar tanken min, krever av meg når eg les, men eg likar det! Og dessutan er det lekkert å sjå på og det er ikkje noko minus.

I dette nummeret presenterar dei den indiske diktaren Rabindranath Tagore. Ikkje høyrt om han du heller?! Men for meg var dette to fluer i ein smekk: han skriv dikt og er Nobelprisvinnar i litteratur, frå 1913! Strek presenterer nokre av dikta hans, og eit av dei fekk eg lyst å gje til deg:


lørdag 23. februar 2013

Å gå på ein smell



Eg er veldig glad i bøker, sånn generelt. Eg les alltid på minst ei bok. Litt krim, litt historie, litt dikt. Men kokebøker er også kjekt! Salg på kokebøker er veldig kjekt!

Kokebøker er ikkje berre oppskrifter, det er stemning, inspirasjon, idear, bilder, kultur og historie+++ Ei god kokebok kan lesast som ein roman, kan vere med på senga, kan lesast høgt frå, kan gi friske, nye innslag på frukostbord, lunsjbord og middagsbord. Oppskrifter blir testa, laga på nytt eller forkasta. Dei av kokebøkene mine som er mest brukt er fulle av notatar og bokmerker og kommentarar.

Desse bøkene har eg kjøpt etter jul... Eg har gått på ein kokeboksmell, rett og slett. Den ruta kokeboka til Ingrid har lenge mangla i hylla, så den MÅTTE eg ha. Andreas Viestad er ein favoritt, den MÅTTE eg ha. "familiekokeboka" har eg høyrt mykje om, og etter klare råd, rettleiing og ønskjer fekk eg den til morsdagen. Restekokeboka var så billeg, og viste seg å innehalde mykje inspirasjon. Boka til Maria er litt coffee-table-book, til å bla i og lese litt her og der.

(...og eg har flerie nye kokebøker i ein pose eg ikkje har turt å vise fram til resten av familien enno :) )

Med inspirasjon frå "Restekokeboka"

Fastelavensbollar, kultur og historie og tradisjon i eitt!

tirsdag 19. februar 2013

Trå varsamt i veven



Ein skal passe seg ute på verdsveven! Den som googlar meg finn sikkert både blogg, facebook, twitter, jobbrelaterte ting, fritidsaktiviteter, kanskje andre ting og. Det er ikkje hemmeleg at eg jobbar, og det kan vere praktisk at ein kan finne meg på heimesidene til jobben. Det er ikkje spesielt mykje informasjon om meg på Berg kyrkje sine sider, anna enn at eg sitt i menighetsrådet(kan du forstå at ikkje alle kallar det sokneråd, eg syns det er eit skikkeleg stasord! Muleg at eg må lage ein eigne bloggpost om gode ord?) Det er ikkje til å unngå i dagens samfunn at folk finn informasjon ein ikkje legg ut sjøl.
Slik ser det ut utanfor eit vindu på jobb

Men så kjem vi til twitter og facebok, der er det eg sjølv som legg ut, for ikkje å snakke om bloggen. På twitter prøvar eg vere kortfatta og mystisk og tvetydig, på facebook er det litt augeblikksbilete. Bloggen er litt både og, men mange ord oftast! Eg prøvar ikkje bruke namn på folk eg skriv om, utan å spørje først, eg legg ikkje ut bileter utan at folk har godkjent det. Det er slik loven seier det skal gjerast, og det føles greit, og eg likar best når andre følgjer same reglar. Eg trur særleg huset sine tenåringar syns det er ein grei regel.

Men av og til skriv eg utan å tenkje!!!

Ein sein kveld ringte mi mor: «Du er heime, ja?!» Ja, eg har igrunnen vore heime i heile kveld. Mine foreldre hadde derimot ikkje vore heime, dei hadde mellom anna treft pappa sin kamerat. Denne kameraten er aktiv på facebook, og vi er vener. Pappa og kompisane hans, karar på +/- 80 år er aktive på internett, dei kan mail, nettbank og er godt oppdatert på nyheiter!!
Kompisen hadde lese på facebookstatusen min, og spurte som naturleg var: «skal Kirsti til flytte Tyskland i 2,5 år?» Mine foreldre var store spørmålsteikn! Dette var nytt for dei, og sidan eg aldri kom særleg langt med tysken på skulen, var det vel ikkje dit dei såg for seg at eg skulle dra først. Ikkje rart mamma kasta seg på telefonen så snart dei var heime!!
Epler frå barndomsheimen

Kvifor trudde plutseleg alle at eg hadde gløymt å informere om ei viktig hending? Eit «kjedebrev» på facebook....som eg heilt ubevist hadde lagt ut som status: 
«Jeg skal til Tyskland i 27 måneder.»
Slike utsagn er jo greie for oss som veit kva det gjeld, men meir forvirrande for andre!!! Eg fekk forklart meg og eg trur blodtrykket roa seg i foreldreheimen.

mandag 18. februar 2013

Vekestart vinterferie

Det er vinterferie, iallfall for ungdommen i huset, men og litt ekstra fri for mor, og det er godt!!

Eg vimsar ofte rundt på internett, og har enkelte faste stopp. Ikkje sikkert eg er innom kvar dag, men ganske ofte. Ein stad eg prøvar huske å kikke innom er tegneserien Zitz Det er aldri feil!

Zitz handlar om tenåringen Zitz som bur saman med sine fossile foreldre som kan gjere kven som helst flau over kva som helst, dei er totalt akterutseilt på det meste som betyr noko. Eller handlar den om slitne foreldre som bur saman med ein tenåring som strekkjer tålmodet til det ytterste!? Som gløymer avtalar og tider, som trur han er verdas midtpunkt og som ventar sevice til alle døgnets tider. Her i huset kjenner begge generasjonar seg igjen :)


Grunnen til at eg valde akkurat denne stripa, er at vi i helga har vore på familiehelg på Oppdal. Kjekt med ski og sosialt og dekka bord og fellesskap. Før helga rakk eg nesten å sjå botnen på mengda skitne klær, men no er det fullt igjen(ikkje berre tenåringane si skuld då...) Det er skiklær, vanlege klær, klær som treng ullvask, sengetøy, håndkle, etc... Jammen godt eg har fri, så eg kan gå skytteltrafikk mellom vaskemaskin, tørketrommel og tørkestativ!

Eigentleg har eg ete lang frukost, lese avis, høyrt P2, drikke te - alt dette er innanfor det eg kallar luksus og det gode liv! Så har eg vore innom ein bkhandel og kikka på Mammutsalget, som er som magnet på ein bokelskar som meg. Eg kjøpte ikkje noko, enno, eg berre kikka, i morgon derimot...

Eg skulle no naturlegvis ha slått til med ei mengde fine bilete frå skitur på Oppdal, men det har eg ikkje. Eg kan derimot gle dykk med nokre vinterlege og våte bileter frå Trondheim. Dagen starta med snø, så har det vorte våtare og våtare...


Winter wonderland medan eg åt frukost


 Bittelitt vått og grått i sentrum....

Vått, men tross alt snø....

torsdag 14. februar 2013

Vekestart veke 8

Jada, vekestart og vekestart, tenkjer vi må strekke oss til midtvekestart... Men denne veka har vore så travel at eg vil ikkje seie meir om det enn at mannen trur eg blir jaga i søvne, så uroleg som eg søv medan eg fordøyer dagen og nakkemusklane er som stål... sånn, då er vi ferdige med det! 

Vekestart skal vere nokre ord å tenkje på, var iallfall tanken då eg byrja. Av og til skjemt og moro, av og til noko til ettertanke og kanskje noko å fabulere over(er ikkje fabulere eit godt ord:)!) Av ulike grunnar har eg idag googla Kolbjørn Falkeid og om dikta hans. Eg las overskrifta til eit dikt i ei avisreportasje, og måtte finne det diktet for å lese. Så fann eg naturlegvis meir, mellom anna det eg vil dele med dykk idag:

Lengter du etter noe
måtte det være ei snøvidde
som gnir hele fjeset sitt
inn med soloppgang og dagslys
Et sted hvor tanken fortaper seg som trær
mot tregrensen

Kolbjørn Falkeid
Nokon har vinterferie allereie, vi skal ha snart. Då eg las diktet kjente eg på ei lengt etter fjella heime og kunne sjå framover myrene og ei vårsol som varmer og lyser! Ein stopp i ei solskråning med appelsin, ein draum om varmare dagar og ei stille over det heile.
Appelsinen er avbilda på kontorpulten...
Utsikt frå kontoret vil aldri kunne måle seg mot Romsdalsfjell!
 Eg må berre vise litt kva eg drøymer om
fagre fjell ved fjorden, med sol over :) Ikkje akkurat no, men seinare skal eg dit!

Ha ei fortsatt god veke, og straks god helg!



lørdag 9. februar 2013

"Lever i tiden...

... forventer effektivitet" Då burde eg vel ikkje bruke så mykje tid på nettet?

Men eg er no tilgjengeleg i endå ein "kanal": instagram (er du der også, sa junior#2 med eit sukk)
Heiter kisabo og kan love endå mindre fornuft der enn her :)



Dagens bilder for den som ikkje er på instagram, kuldedokumentasjon(-18 er ikkje veldig vanleg, så vi går i skytteltrafikk for å fylle omnane og hente meir ved), sol og snø(vakkert, men kaldt ute, sett frå stovevinduet) og eg har allereie fått morsdagstulipanar, fantastisk fine! Så spørs det om det blir morsdagskake og fastelavensbollar i morgon?

Fastelavensbollar betyr at snart byrjar fastetida. Eg har ikkje eit veldig sterkt forhald til faste eigentleg, men tenkjer at det kanskje er lurt med ei nøysom tid av og til. Eg hadde eit år pause fra Facebook i fastatida, det var ganske fint, eg merka at eg etter nokre dagar med avvenning fekk betre tid. Ifjor droppa eg Pepsi Max i fastetida, det krevde litt meir, eg må vel tilstå at eg er ganske avhengig... Kanskje eg skulle gjere noko liknande i år og? Noko som krever noko av meg? Ikkje for å vere flink, men for å gje meg sjøl ei pause frå noko eg er "avhengig" av og vant med å få utan vidare.
Eg må tenkje vidare!

torsdag 7. februar 2013

Å vere flink

Å vere flink kan vere så mykje!

Eg trur eg er ganske flink på jobb, eg kan lage mat, iallfall sånn til kvardags, eg kan kjøre bil og eg er flink til å prate i telefon.
Ein kan vere flink på skulen(tilbakelagd stadium, evt for seint) flink på jobb, flink til å strikke, flink på ski. Men kva med alt det andre eg kan, som eg veit, men som kanskje blir vekk?
Eg tenkte å løfte fram dei meir ukjende flinkis-greiene!

Måtte lage ei skive til, til meg sjølv!

  • eg er flink til å lage god kveldsmat av det som finns i kjøleskapet når junior ikkje finn noko han har lyst på. Banan og bringebærsyltetøy er ein super kombinasjon på brødskiva!(og eit tynt lag med smør, så får ein litt saltsmak)
  • eg er flink til å lytte når mannen fortel og forklarar noko eg eigentleg ikkje er så veldig interresert i, men når han treng ein som høyrer på.
  • eg er flink til å rydde ein flekk av stova, slik at eg kan sjå på noko ryddig, og sitte med ryggen til rotet! Kan gjere underverk for humøret med ein ryddig plass :)
  • eg er flink til å stenge verda ute og lese ei god bok! Ei god bok er som å reise i stad og rom, og ingen kan klage på at eg er vanskeleg å få kontakt med når eg er ute på reise vel?

  • eg har vorte flink til å bruke det vi har i kjøleskåpet/frysaren til å lage middag, det kan naturlegvis bli litt spesielle kombinasjonar av og til, men det er bra for lommeboka, bra for miljøet og eg sparar tid på å sleppe innom butikken(eg er ikkje så god til å legge middagsplaner, og av og til er det tidspress og vi er heime til ulike tider og nokon har allereie reist vidare)
  • Kjent syn i heimen...
  • eg er god til å finne to like strømper i haugen med reine klær som ikkje har vorte sirleg para og bretta og lagt på plass(denne eigenskapen har eg naturlegvis ikkje bruk for så ofte...) 
  • eg er flink til å sette på oppvaskmaskina, vaskemaskina og tørketrommelen, det skortar kanskje litt meir på å tømme dei aktuelle maskinene...
  • eg vil gjerne vere flink til å vere venn, ei som lyttar og som kan vere ei støtte. Eg prøvar iallfall!
  • eg er flink til å slappe av og søv gjerne tungt til TV og film på fredagskvelden, er slik sett billeg i drift og kan sjå samme film fleire gonger før eg har fått med meg alt.
  • eg er utruleg flink til å utsette ting! Der har eg kanskje mi største styrke! Alt kan utsettast, særleg det eg gruar meg til, slik at eg kan gruble på det om natta og kaste vekk verdifull tid...
  • eg er flink til å jobbe under press, gje meg ein tidsfrist og plutseleg kan eg levere det som har vore nesten ferdig lenge. Men ikkje to tidsfristar på rad, ein skal ikkje utforde skjebnen heller.
  • eg er flink til å finne ting eg "treng" på butikken, både klær og småting. Men eg har vorte flinkare til å la det ligge igjen(men eg fann ein heilt nødvendig blomstervase her eine dagen, den måtte eg ha! Den var som sagt nødvendig)
Kjenner du deg igjen? Kva er du flink til?

søndag 3. februar 2013

vekestart veke 6


Dagane blir lengre og lengre, ein kan nesten sjå det fra dag til dag, det blir LYSARE! 
For ei som ikke er så inderleg glad i vinter er det godt! 

Idag var det nysnø, -4 gr og sol, det er så energien går gjennom heil hud! Det var masse folk ute då eg gjekk ein runde, alle såg fornøgde ut!


Det er tulipantid, dei går frå nesten sprø knoppar til overdådige, langstrekte, uryddige vakre bukettar! Det er berre å gje seg over og nyte!

Kanskje er vekas tekst i det tidlegaste laget? Men kva gjer vel det, sola kjem iallfall inn mitt stovevindu, avslører støv og skitt og varmer og lyser, det siste er viktigast!



SOLTRALL av Alf Prøysen
Nå skinner sola i vinduskarmen,
og katta maler som aldri før.
Den ligger langflat og kjenner varmen og er ei katte med godt humør.

Heisan!
Og dudliattentei!
For sola og deg og meg.


I karmen står det ei flittig Lise
med raude blomster så slank og fin. Det er så moro å stå og vise
seg fram for sola i stasen sin.

Heisan!
Og dudliattentei!
For sola og deg og meg.


Han Filiokus i kalvebingen,
han danser ringdans med stor kommers. Nå greier'n takta i innersvingen
og setter halen sin rett til værs!

Heisan!
Og dudliattentei!
For sola og deg og meg.


Ja, sola skinner på hønsetrammen, så snøen bråner ved hver en vegg. Og høna kjenner seg raud i kammen og går mot reiret og legger egg.
Heisan!
Og dudliattentei!
For sola og deg og meg.


Hu Kari traller og ler mot sola,
da kommer noen i tunge sko.
Og opp går døra og inn kommer Ola, så tar de springdansen begge to.

Heisan!
Og dudliattentei!
For sola og deg og meg. 


Og så må eg berre slenge med eit boktips: "Ta vare på mamma"
Ei ikkje heilt ny bok, av ein koreansk forfattar. Ei underfundig bok, som vekslar mellom realisme og fantasi. Handlar om ei gamal mor som blir borte, vi får historiene til barn og mann som leitar og huskar episodar frå livet saman med mamma, og vi får mor si historie. Trist, vedmodig, tankevekkande og eit innblikk i ein annan kultur(trur aldri eg har lese ei koreansk bok før) som samtidig har mange felles punkt med vår kultur. Løp og kjøp (eller lån)!!! 


Ønskjer alle ei strålande veke med sol og lys!!