tirsdag 25. april 2017

"Og i hagen står en gravemaskin"

I sangen "Kjekt å ha" av Øystein Sunde ender dei opp med ei gravemaskin i hagen. Om eg huskar rett, vart det ganske permanent. I kveld oppdaga eg at vi har gravemaskin i hagen vi også. Eg håpar den blir vekk igjen, men ikkje før den har gjort ferdig arbeidet bak huset.

Gravemaskin i solnedgang
Vi har budd på ein slags byggeplass sidan januar 2015. Mykje bra har vorte gjort, ein del har tatt veldig lang tid, noko meir enn planlagt, og andre ting har vore litt fordi dei måtte.
Først byrja dei på vegen bak oss, og der har det vorte nye kablar av alle slag, vatn og avløp, sykkel- og gangveg, støyskjerm og ny fylkesveg. Den var stengt i nesten 2 år i arbeidsperioden, så då fekk vi lære alternative ruter både hit og dit. "Litt" slitsomt undervegs, sidan vi bur på leire, og all gravinga medførte også spunting for å sikre oss at vi ikkje endte lenger ned i byen.... Inn i alt anna la dei også ny kloakk inn til huset, heva hagen opp(dette betyr at dei har gravd opp alt bak huset vårt!) og laga ein mur mellom oss og ein nabo. Men dei har liksom aldri gjort det heilt ferdig. Er det lov å håpe at det er det dei skal til med no, når det plutseleg er ei gravemaskin i hagen igjen? Kanskje vi kan få plen? Plante bærbusker og lage kjøkkenhage? Den eg hadde for to år sidan flytta den med gravemasin og la ned igjen, opp ned...

Mai i 2015, det ser ikkje slik ut no!
Vi bur i venstre halvpart, med det brune tilbygget.
Juni 2015. Gravemaskin omtrent på same stad som idag.
Kassa med grønsakshage er snudd opp ned...
Mai 2016
Stova er i det brune tilbygget i det gule huset. Og vi har fått støymur.

Etter at dei tok alt bak huset, har dei gravd opp gata vi bur i, lagt nye rører for vatn(det innebær to rundar med å grave opp oppkjørselen vår) samt ny kloakk til naboane på andre sida av gata. Det har ført til at gata vår delvis har vore stengt sidan november, og at det av og til går an å kjøre til huset og andre gonger ikkje. Det har vore 4 og 5 gravamskiner i drift til ei kvar tid, og eg har vent meg på å vakne av at dei kjem kjørande forbi soveromsvinduet på morgonen. I-landsproblem? Heilt klart, men slitsom. (dei er ikkje ferdige med denne jobben, altså, no er det stengt nederst i gata igjen, og det er ganske humpete i heile gata...og nabogata)

Og her er dei jammen igang på den andre sida av huset! 
No lurer eg på om eg kan gle meg på ein ende i gravinga? For no er det vel ikkje meir å grave opp? Kan eg kjøpe frø, og så erteblomster, ringblomster og lin? Sukkererter og gulrot? Eller skal eg vente til neste år?
(Litt tilfeldig kva eg fann av bilder, men du ser endringane)

søndag 23. april 2017

Vekestart veke 17

April er ingen månad for pyser! Igår sette vi ut båten, etter vinterlagring på kand. Det var regn og snø og vind, innimellom nokre solstrålar, men generelt vått og hustrig!

Å sitte i bilen og vurdere om ein orkar gå ut og starte på jobben.... 
Båten er i lufta!

Skippern og skuta!

Med båten vel på sjøen, køyrte eg heim bil og hengar, medan mannen cruisa med båten på fjorden. Muleg eg gjorde det beste byttet, været var finare inne med tekoppen i varmen enn ute på fjorden... Der var det vind, snø, hagl, men dei gjekk fleire båtar saman, dei passa på kvarandre.

Greit inne med te og aviser 
Skansen
Admiral og skipper.
Med like jakker! (men betre enn like
grilldressar!)
Alt eg har grudd meg for med utsett av båt, var stort sett vekkasta. Ikkje hadde båten velta i løpet av vinteren(det visste vi, for vi har sett til båten) ikkje mista dei båten ned i flyttinga, med litt hjelp starta motoren som ei klokke og vi hadde ei perfekt landing på båtplassen! No gjenstår å få opp segla, vaske innvendig, flytte inn alt som har ligge heime i vinter, kjøpe ny gassflaske og starte seglsesongen og sjå om vi får gjennomført nokre planlagte tokt. Vi treng berre litt varmare vær...

Det var godt å vakne idag tidleg og tenkje på at no er båten vel plassert på plassen sin i hamna, og då gjorde det ikkje så mykje å vakne med sår hals og med 15 cm nysnø ute.

No er eg klar for vår! Litt meir varme, litt mindre snø og tid til å sitte i hagemøblane som vi tok ut sist helg (men som no er nedsnødde...)

Av hela vår soliga värld 
önskar jag blott en trädgårdssoffa 
där en katt solar sig... 
Där skulle jag sitta 
med ett brev i barmen, 
ett enda litet brev. 
Så ser min dröm ut... 


Edith Södergran 

Det kunne vore fint! 
Utsikt frå frukostbordet. Snø!


(Og litt på sida:

Og takk og pris har vi litt meir peiling på seiling enn i denne sangen :) Ikkje har eg ambisjonar om jordomseiling heller! )

fredag 21. april 2017

Helgestart

Hm...ei veke går jammen fort! Og det gjeld denne veka også. Vekestarten vart visst vekk. Men du skal få eit lite dikt her og no, som innleiing til helga. Eg kjenner meg særleg igjen i det med snøen...

Nokon gongar snør det i april. Nokon gongar
gjør det vondt i april. Nokon gongar blør det i
april. Nokon gongar er det perfekt i april.

Frode Grytten

Ut kontorvinduet i dag. Jada... Det snør. Mer enn før.
Eg seier som Ole Brumm: Tiddeleibom!

Og eg kjenner meg att i det med at det gjer vondt, eller at det er perfekt. Ok, eg kjenner meg igjen i det meste!

Plan for helga er å få båten på vatnet, eg gruar meg. Det er så mange ting som skal på rett plass, og det er dårleg vær. Men det er vel berre å kle på seg, og når det blir lyse, varme dagar, då blir det fint på fjorden!

No ventar eg berre på mannen, så skal vi ete middag og etterpå ordne det vi kan til båtliv i morgen.

(Liten "funfact", idag er det 1 år sidan siste ryggoperasjon! Står meir om den her. Ryggen er betre enn før operasjon, men heilt bra er den ikkje, dessverre. Men eg kan gå tur! )


tirsdag 18. april 2017

Mi påske

Påska har gått fort. Den har vore fin! Her kjem nokre bildeglimt.

Første del av påska var vi heime. Det var kaldt, snø og mykje inneliv! Og mat, naturlegvis. Her illustrert med eit posjert egg. Det skal vere egg i påska! Eg likar både ekte egg, maraipanegg og sjkoladeegg. Eg fann faktisk små egg med mandlar og lakris, dei er vekk no! Nam!


Ein litt frossen krokus med "beina" i snøen.

Etterpå reiste vi til familie i Romsdalen. Der vart været finare for kvar dag! Vi traff slekt og vener, rakk fjelltur, både med bil og til fots. Vi feira svigerfar og svogers fødselsdag skjærtorsdag.





Mamma sin fødselsdag og mamma og pappa sin bryllupsdag(nr. 61!) vart feira på langfredag. Der var nesten heile min familie, 26 med stort og smått til middag! Og då trongs det litt kaker!



Nokon, ikkje eg, var på topptur ein dag. Men eg fekk meg ein fin fjelltur til fots, bittelitt hytte og sol i ansiktet!



Hytta i mitt hjerte!

Vel heime har vi fått fram hagemøblane, og sjølv om det var kaldt, er det noko med å sitte i solveggen(med pledd og dunjakke)


No er det kvardag. Igår reiste eldstejunior tilbake til militære, og yngste junior kom heim frå klassetur i Amsterdam. Idag har eg rydda vekk påskepynten, funne fram reine dukar og kjent at sola varma! No står det att å ete opp restane i påskeegget...



tirsdag 11. april 2017

Påskespel

Risk. Spelet som ikkje får fram det beste i folk. Men det ser ut til at vi blir ferdige i løpet av natta, truleg som vener.


mandag 10. april 2017

Påskegodteri

Det skal vere godteri i påska. Og naturlegvis(som dei fleste) har eg kjøpt smågodt i lausvekt på tilbud.  Men då eg var i Tromsø forrige veke, kjøpte eg litt 'luksus'-påskesnop i tillegg.
Dette ligg ikkje framme til jamnt forbruk! Det blir rasjonering ut med streng hånd og nøye fordeling av mor.


Fine marsipanegg, som er så store at vi må dele, påske-te (den er eg ikkje så streng på), eit metallegg fyllt med små egg og ein pose biscotti. Oh, lukke!

Og denne treeska,  som eg malte i 1998, den innehold smågodt!  Fri tilgang.


Og i påska passar det godt med ein liten frukostdessert. .. 




søndag 9. april 2017

Palmesøndag

Palmesøndag. Lang frukost med levande lys, te, loff og appelsinmarmelade. Dessverre ikkje heimelaga, det datt visst ut av to-do-lista. Det er det fleire ting som ikkje har vorte gjort til påske. Det fine er at det ikkje er det ytre som skaper påske!



Det blir nok ein roleg dag. Mannen er forkjøla, sonene søv. Eg skal legge lammestek i omnen og ut på tur, snart. Men først drikke opp teen min og høyre på mannen som les høgt fra avisa til meg.

tirsdag 4. april 2017

Vekestart veke 14

Fridag. Stiv rygg og heldigvis tid til å gå i skogen. Der var det full ommøblering, snø skulle smeltast, is skal smeltast, det var gjørme og store bekkar. Fuglesang og bekkebrus. Eg var nok tidleg ute idag, og møtte nesten ingen andre før eg nærma meg parkeringsplassen igjen. Det er ekstraluksus! Å ha skogen for seg sjølv!

Det er berre stykkevis og delt med skispor igjen!

Skogen er min mindfullness-plass! Ein plass for å løse opp stive musklar og tenke lange tankerekker. Eg treng ein plass som rommar begge desse, for ofte heng dei saman også!

Jeg rusler skogstien
innover i meg sjøl, lykkelig,
med strofene fra en svarttroststrupe
plantet som en kvast stritt duftende
trolldomsurter i
det gamle hjertet mitt.
Hans Børli

Vårbekken er stor!


Håpar du har fått ein god start på veka! Berre litt til no, så er det påskeferie for meg. Planene er litt flytande, som vanleg her i huset, men dei inneheld egg til frukost -og loff!- og lam til middag ein dag, arbeid med båten, eit besøk i barndomstrakter og heilt sikkert turar i skogen!

lørdag 1. april 2017

Vår, trallala vår!

Eg har vore nokre dagar i Tromsø på kurs. Lærerike, heilt fullstappa dagar med relevant program. Antibiotikaresistens frå morgon til kveld. Eg reiste åleine, og fekk trena smalltalk-muskelen. Eg rakk å sjå litt av sentrum, og har kjøpt både påskeegg og påskete. Men særleg vårleg var det ikkje!
Det snødde i Tromsø, sånn cirka frå eg kom til eg reiste. Det var rasfare og det gjekk rs rett utanfor byen. Dei lokale byrja ymte om at dei ønska seg vår.
 Turen heim vart litt forsinka pga snø, ikkje berre for meg, men for alle som skulle reise til eller frå Tromsø den dagen. (og eg kjente meg litt forfulgt av snø, for jammen var det snø på Gardermoen og meir forsinking. Og då eg kom til Trondheim dala det noko kvitt ned her også...)

Ishavskatedralen omtrent midt i bildet, ved enden av brua.

Utsikt frå hotellrommet

Igår hadde eg fri, og det var sol! Eg måtte berre prøve meg ut for vårens første terrasselunsj. Det var kaldt... sjøl på skinnfell og med dunjakke. Men eg kom meg ut, fekk sol og prøvesmakte påsketeen!


Og på tur i nabolaget fann eg hestehov, midt i skitt og søle og visna gras. Ein solstråle i seg sjølv!

Og litt vår i stova! Med pastellys og fine blomster.