søndag 27. april 2014

Vekestart veke 18

Nokre veker går fortare enn andre, som denne for eksempel! Når måndag er på tirsdag, tirsdag onsdag osv, blir det fort helg! Det har i tillegg vore nesten sommar, og då går det enno fortare. Lyset, sola og varmen gjer noko med meg! Eg har tatt fram sykkelen og vaska vekk vinterstøvet, eg har fått fram hagebenken(og vaska bort vinterstøvet) og eg har sådd mengder med frø, vi snakkar salat, sukkererter, gulrot +++, litt spent på om eg greier halde liv i dei, for etter to-tre dagar er det grønt i grønt, men dei må fint stå inne enno, nattefrosten kan fort ta knekken på spede spirer.


Vi har hatt den første grillinga i hagen, vi har stekt vaflar på terrassen, junior har hatt terrasseband(han øver til opptaktsprøve, og mor er truleg mest nervøs) Eg har fått sol på kroppen, og kome inn med den gode kjensla av å vere varm i kroppen av sola, og fått bittelitt farge på kroppen(vi snakkar om armar og panne, det er berre nesten sommar, men klok av skade er det ikkje bikini og shorts enno)


Det er lite som er så søndag som kryssord i sola, fuglesang og ein kopp te. Sette føtene på grusen, og gå barbeint første gong om våren.


Og i mangel av elg i solnedgang, byr eg på eit mobilbilete av nabokatten i solnedgang! Skulle tatt seg ut med ein elg som balanserte oppe på det taket…

Vekestarten denne gongen handlar om å vere til stades: (eg har funne det via Jorun, som har diktdykk på Facebook kvar fredag)

NO SKAL DU LEVA

i eit skinande no
skal du leva
ikkje i går ikkje i morgon
men no

no skal du opna deg
for ljoset
som strøymer omkring deg
no

no skal du ta imot stunda
som byd seg fram
tryglande

no


Gerd Grønvold Saue 

Ønskjer deg ei strålande veke, der du er, i nuet! 
(og så får vi tru at det varsla snøveret ikkje kjem likevel og at våren fortsett. Og veka som kjem blir også kort, sidan laurdag kjem allereie på torsdag for min del, Hurra! Mai er jammen fin)

mandag 21. april 2014

Føling i fjøra (vekestart veke 17)

Å berre gå rundt og kikke, finne små skattar, kaste ein stein, nyte utsikta… berre vere til stades!


















Nokre ord ved vekestart blir eit dikt av Jon Fosse

SNØSONG

det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjarta blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finns ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som drive forbi

Jon Fosse

Ha ei strålande veke! Eg håpar det fine påskeværet fortsett, sjølv om påska er forbi!
 
(Bileta er tekne ved Rødvenfjorden, min barndoms fjord. Fjellpanoramaet er omtrent utsikta frå stova heime, og eg trudde det var heilt vanleg med slik usikt… Når eg er der no, prøvar eg å fylle batteria til eg skal tilbake til kvardagen i byen. Og eg prøvar vere tilstades, lagra alt i minnet, med lukt og lyd. Men eg silar ut lyden frå bilane som køyrer fort for å rekke ferga, eg kjenner lukta av gras, ikkje råtten tang, og eg kan få meg sjølv til å like lyden av måseskrik.)

fredag 18. april 2014

Vekestart veke 16(og påske)

Vekstarten denne veka kom litt vekk i påskekjensle, forkjøling og innspurt på jobb før eg kunne ta påskeferie. Eg kom aldri til å legge ut ein vekestart. Men no er iallfall jobben unnagjort, det er ferie, men forkjølinga sitt i enno, så eg har litt sakte tempo. Igår regna det, så då gjorde det ikkje så mykje, idag er det påskeklisjeaktig sol og kvite toppar(og litt vel grønt etter mi meining, det er då berre april?!) men akk, nasjonalromantisk vakkert! Eg har vore ein tur ute med fotoapparatet, god innpakka i varme klær, og no sitt eg inne i solvarmen frå vinduet og nyt!



Sidan det er langfredag i dag, tenkte eg å ta eit litt påskerelatert dikt. Eg er ikkje så sikker på om det vart det, men eg har bladd litt i "Dikt i utval" med dikt av Jan-Magnus Bruheim, og fann eit dikt som iallfall passar litt

BØN

Du som veit um all kvide,
all otte og angest
og alt vi må lide.
Alle dei spørsmål
som ikkje finn svar.
Sjelene som
må einsame må stride.
Alle dei bører
vi ber og vi bar.

Du som var og skal vera.
Som hjelper kvar lidande
sjel til å bera.
Alle du skapte,
kom til dei, og ver!
Og lat oss leva
di heilsame læra,
Fader, som var
og som blir og som er.

Jan-Magnus Bruheim


Og så blir langfredag snart til påskedag, det er nye veke og nye diktsjanser :)
Fortsatt god påskehelg!

torsdag 10. april 2014

Hovmod står for fall (sukk!)

Eg huskar for nokre år sidan, då mine eldre søsken byrja klage over kor mørkt det hadde vorte og kor små bokstavane hadde var! Eg flira både i smug og høgt og foreslo at eg kunne lese høgt for dei, snakk om gamle folk! Men på eit eller anna tidspunkt har noko skjedd med lyset i heimen hos oss også, lampene lyser ikkje så godt lenger og aviser etc har skifta til uforsvarleg lita skrifttype. For ikkje å snakke om krydderglas?! Kvit mikroskrift på svart botn! Eg har måtte ty til briller frå Nille og sterkt lys for å tyde noko som helst.
Det er fleire år sidan eg måtte krype til korset og byrje med progressive glass(også kjent som "mors aggresive") Det gjorde mest vondt i viljen, for eg har brukt briller i over 30 år og andre såg ikkje endringa. Det er ikkje briller eg er i mot, eg har hatt det meste(og verste) der :) Store blå i plast, studentbriller, "kattebriller", grønne, svarte, brune. Men i vinter har eg fått meir og meir problem, eg syslar med veldig små ting på jobb, som bakteriar og slikt, og eg har prøvd og prøvd, men augene protesterar og det er måte på kor sterkt lys ein kan ha før andre reagerer… Det hjelper på humøret å vitse litt om å vere trangsynt, fjernsynt og vidsynt, ha for korte armar etc, men det hjelper ikkje stort på synet.
Eksempel på småtteri, dette er forresten ein salmonellatype

Så det vart tur til optiker, som var skuffande klar i konlusjonen om at her har alderen gjort mykje for synsevnen! No har eg briller til bruk ved småarbeid og pcbruk, i tillegg til brillene eg har for å kunne kjøre bil og finne fram i butikken eller på flyplassar. Dette gir gir uante forviklingar og problemstillingar… For kva gjer ein når ein til ei kvar tid treng to par briller for å kunne sjå nært og fjernt om kvarandre, eg må nesten bytte for å sjå kollegaen på andre sida av bordet klart, og så bytte tilbake for å sjå klart det eg har framfor meg. Eg har ei mental sperre på å bruke brillesnor, det lukter møllkuler og gamal dame lang veg! På den andre sida…det har sine praktiske sider også; då veit eg iallfall kvar brillene er! Til no har eg prøvd ut diverse variantar av sambruk, så får vi sjå kva konklusjonen blir.
Under følgjer eksempel:



Eg må vel berre ta møllkuler i lommene og kjøpe nokre fancy brillesnorer, for briller i munnen eller i håret er ikkje så egna. Briller i panna er verken fancy eller praktisk.

Eg er forresten godt fornøgd med dei nye brillene, eg fann noko som ikkje lyste "terminalbrille etter statens regulativ", og vart veldig frista til nye briller sånn til fulltidsbruk også.

Og eg har lært, alle blir eldre og ser dårlegare. Også eg, sukk! Så no nikkar eg forståelsesfullt når nokon klagar på lyset og skriftstorleiken og gir diskret tips om at det finns hjelp å få og at vi er fleire i same båt.



mandag 7. april 2014

Vekestart veke 15

Det er VÅR! Eg likar denne årstida, når snøen forsvinn, det blir lysare kveldar(og morgonar) og eg kan kjenne at sola byrjar varme. Det kjem snev av grønt på plena, busker mistar all forstand og lagar bristeklare knoppar, utan tanke på frostnettene som heilt sikkert kjem til langt ut i mai. Og eg kan finne på å gå ut med ei altfor tynn jakke og kjenne at eg blir sår i halsen, og tenkje at "pyttsann". Fuglane som syng når eg står opp(Dei song forresten ikkje idag, idag plaskregna det og eg hadde planlagt å gå til jobb, sidan vi heilt plutseleg har solgt den eine bilen, og den nye ikkje kjem før i slutten av mai, eg kunne trengt litt fuglesang idag i det eg gjekk til jobb og vart våt og skitten. Eg hadde med skift, men det viste seg at den buksa ikkje var presentabel med hol i baken…) Og eg gler meg til endå meir varme, kanskje den første grillinga ein dag i påska, eller sitte ute og lese bok!

Eg fann eit fint dikt idag, eg syns det godt kan passere som eit vårdikt. Vårregnet gjer noko med naturen, gode ord gjer noko med oss!
Ha ei strålande veke!

GODE ORD
Det visne mennesket
fikk overrisling av gode ord
dagen etter
var mennesket fullt av blomster
røttene boret
dypt i oss
Tove Lie


lørdag 5. april 2014

Omstilling på danskebåten

Eg har vore på tur med danskebåten. Slike båtar har eit visst rykte, folk endrar seg om bord, det er så, musikken er litt anna enn det eg høyrer på til vanleg. Ein gond i forrige århundre tok eg Kielferga frå Göteborg, bandet der spela noko som verka kjent på ein måte. Etter ei stund kjente vi att "Lys og varme", framført med rytmeboks, bass og keybord, teksten på svensk(!) og musikarane i kvite dressar med gullkantar! Eit lite stykke frå originalen…


Men altså, danskebåten. Det treng ikkje vere berre klisjear og fest, sjølv om vi møtte igjen ein kavaler frå tidlegare turar! Vi har hatt kurs og årsmøte med fagforeninga(NITO), og det har vore nyttig, lærerikt, alvorleg og innimellom hylande morsomt!
Program for turen
På jobb er det ikkje berre festleg for tida, med nedbemanningsplaner, sluttpakketilbod, møter, allmøter, snakking i gangane og på kontora, omlegging og nye oppgåver. Det er slitsomt og tungt, krevande og irriterande. Eg må ikkje gå frå jobb, men eg kjenner folk som må gå, og det er ikkje artig! Eg vil få nye oppgåver, korleis blir det? Kva skal dei som går gjere? Korleis blir det på jobb framover? Det er MASSE spørsmål! Det å få to dagar saman på danskebåten var heilt gull! Mykje frustrasjon har fått lufte seg, vi har hatt fagfolk å spørre, kvarandre å trekke vekslar på, og om ikkje alle svar er skrivne i stein no heller(det vart vel heller fleire spørsmål på lista), kjenner eg at eg har fått mykje!

Og vi har fått nokre timar i København, ein av mine favorittbyar! Våren har kome mykje lenger der enn i Trondheim, her snødde det då eg sto opp tidleg på torsdag morgon for å reise...
Nyhavn
Det vart dansk frukost og shopping. Dansk frukost i Nyhavn må eg berre ha, då eg er verkeleg på tur.
Frokost med reker, laks, roastbiff etc

Vi såg Den Kongelige Livgarde. Slike hattar har aldri vorte mote, så vidt eg veit…men dei held seg varm på ørene iallfall! Det trengst i kald vårsno i gatene.
Staute karar

Å lufte shoppinggenet er alltid stas, særleg når eg veit kva eg ser etter og kvar eg skal gå. Vi la veg med nypussa kort, stor innsatsvilje og klare planer! Det ga frukter, ein koffert som ikkje romma alt og slitne bein!
Her gøymer det seg fleire par sko, gåve til ein ny nevø og marsioan til påske! 

Ein vellukka tur altså!! Og så kom eg heim til kvardagen, til tross for at det er laurdag. Det må handlast, det må ryddast, eg må smugle inn i heimen skoa eg har kjøpt, gjøyme dei eksklusive marsipanegga slik at dei varer til påske, sette vekk kofferten, sortere skittentøy, nyte å vere heime igjen hos dei eg høyrer il saman med.

Så får det vere at eg fekk i oppdrag å arrangere eit møte seinare i vår, vedtatt ved akklamasjon, medan eg låg og sov vort litt kroppslege plager på lugaren. Kollegaer altså :) (Lugaren var forøvrig av høg klasse denne gongen og skulle vore brukt meir, men sove kan ein jo gjere heime… Eg er enkel på mange måtar, gje meg litt luksus og eg kvitrar!)

Her kunne eg fint bu!