fredag 29. april 2016

Mi indre burugle

Eg veit ikkje heilt kva ei burugle er, men eg trur bestemt det er ei litt småhissig, lett irritert, utålmodig sjel...omtrent som eg om dagen. (sjølv mannen seier, under press, at han merkar at eg er utålmodig)

Det går jo bra med ryggen, eg har stadig mindre vondt, eg klarer meir og meir. Og eg har god tid til å sjå på det eg ikkje klarer... eller ikkje har lov til å gjere noko med, altfor god tid. Eg blir ei litt mindre hyggeleg utgåve av meg sjølv. Eg har god tid til å sjå på ting som skulle vore gjort, vi snakkar vasking av bad, flekkar på skapdører, visne blomster etc etc.
Men eg prøvar jo å ikkje vise det(særleg at det virkar)
Så istadenfor å mase og seie "har du ikkje tatt opp brød?!" seier eg med silkemjuk røyst: "Når du likevel skal hente brød i frysaren, kan du vel ta med det som ligg i vaskemaskina?". Eller istadenfor å brumme "Kvifor er det berre EG som ser at det trengs å støvsugast her?!", smiler eg sukkersøtt og seier "Kanskje du tørkar opp den flekken der når du likevel skal støvsuge?"
Eg trur kanskje eg er gjennomskua... Det er ikkje artig å møte ein mindre søt og hyggeleg versjon av seg sjølv i trappa, det er omtrent så langt eg kjem meg, og der skulle det iallfall vore støvsuga!

Eg ser altså hårstrået på min manns skulder, men ikkje hybelkaninkolonien på mine eigne strømper (eller feil, det gjer eg verkeleg! Men eg får ikkje avliva den) Altså må eg berre lese fleire bøker, gå fleire turar og satse hardt på at det snart blir så varmt at eg kan bruke tid ute i solveggen! Eg må flytte fokus til noko anna, og har du forslag blir eg (og resten av familien)  glad!

(og når alle restriksjonar ang kva eg kan gjere er oppheva, kjem eg til å oversjå alle hybelkaninar og syltetøyflekkar i vekevis!)


Dagens frukost var bra om ikkje anna! Med kvitveis frå skogturen igår og te i Mummikopp. Her reknar vi på plusspoeng!

onsdag 27. april 2016

Eg har slikt å gjere...

...når eg ikkje kan gjere akkurat det som fell meg inn. Advarsel; dette innlegget inneheld litt sutring!

Eg har eit snev av brakkesjuke. Eg er verre no, enn eg var før operasjon, men det er jo forbigåande (etter planen). Eg reknar med at etterkvart er eg sprekare enn før, og ryggen vil vere god, men akkurat no, med operasjonssår og restriksjonar, blir eg litt lei, oppgitt og motlaus. Litt brakkesjuke, rett og slett. (Ja, eg veit at det kunne vore verre. Eg kunne fått nei til operason og gått med uavklart rygg enno. Eg kunne budd i eit land med krig, svolt, utan legehjelp etc. Men litt av problemet er at eg akkurat no ser kun min eigen nasetipp!)
Eg har sjeldan lyst til å vaske golv, men når eg ligg på sofaen og ser BobHarry og venene hans springe rundt på golvet, blir eg litt desperat. Eg bryr meg ikkje så mykje om vindusvask heller til vanleg, men no... Og slik er det med mange ting, eg ser dei, og har god tid til å tenke på det eg ikkje får til! Og det blir litt lange dagar utan selskap, eg får spara opp masse tema til mann og son kjem heim frå jobb!
Eg veit at det beste er å gjere som eg har fått beskjed om, det vil både eg og ryggen tene på i lengda. Og eg er jo mykje betre allereie, eg har kunne kutte ned på smertestilande, og kan snu meg i senga utan å vekke dei andre i huset!

Men kva gjer eg for å få dagen til å gå?

  • eg startar dagen med ei stor kanne te! Eg har masse god te å velge mellom, og eg går litt rundt, høyrer radio, blar i avisa, drikk te, før eg sett meg ned og et frukost, prøvar gjere det til ein god start(og det er best å drikke te medan ein er ståande eller sittande, veldig vanskeleg i liggande posisjon) Og ein liten bit mørk  sjokolade til frukostdessert! (og eg har på skikkelege klær, joggebuksa er parkert i skapet! Eg kjenner meg friskare slik)
  • eg finn meg ei god stilling på sofaen, med puter og pledd(for det kan fort bli kaldt, og særleg når det haglar ute) Eg har etter litt tid kome fram til at det er ikkje så farleg om eg søv litt på dagtid. Eg søv dårleg på natta, og det er greit å ta igjen på dagen(iallfall litt)
  • eg høyrer radio, på radio, som nettradio eller podcast. Eg er særleg glad i P2, med Ekko, Kulturhuset og Salongen.  Men eg er innom NRK Jazz og NRK P1 også.
  • eg les! Særleg ebok, på Kindle. Frykteleg greit når ein ligg på ryggen, fordi den er så lett å halde. (og så lett å fylle på når ein har lest ut ei bok....)
  • eg vaskar klær. Det går, når eg får andre til å bære dei skitne klærne til vaskerommet. Eg har ordna meg ein stol der, slik at eg kan sitte og sortere klærne, legge i maskina, flytte over i tørketrommelen og til slutt få nokon til å bære dei reine klærne opp igjen. (Jada, min indre pensjonist er tilstades)
  • eg går på butikken og kjøper eit rundstykke til lunsj. Det er akkurat passe tungt å bære heim igjen, og eg får rørt meg, frisk luft og avveksling. Når eg slår meg laus, kjøper eg med blåbær også. 
  • eg planlegg middag. Og lagar middag, eg må berre starte tidleg, og finne rettar som ikkje krever for mykje kutting og hakking, og som gjerne blir betre av å stå lenge og putre(mi indre husmor er på ferde). Evt fiskekaker på panna. Det kan heller ikkje vere element av tunge løft. Men denne veka har vi hatt fiskekaker, lasagne og suppe. No må eg snart skrive handleliste, og sende nokon ut og fylle på matlageret.
  • eg er meir enn vanleg aktiv på Instagram, Facebook og Twitter, der er det stort sett noko som skjer. 
  • eg ser ikkje tv på dagtid. Det er eigentleg ikkje noko prinsipp, men har du prøvd å sjå tv på dagtid? Det går ingenting!

...og innimellom kjedar eg meg likevel....

Og dette skulle eg eigentleg skrive ferdig før idag,  men så vart eg invitert med på lunsj på kafe. Eg rakk ikkje blogge, eg rakk ikkje kjede meg. Eg fekk testa formen, kjørte bil sjøl, gjekk ute mellom folk, og det gjekk BRA! Og det var så kjekt at eg gløymte å ta bildebevis også!

Så det går framover, eg må berre stoppe og kjenne etter. Eg veit at om nokre veker er verste over, eg blir spretten igjen til sommarferien ser det ut til. Eg er glad eg får tid til å bli frisk, at eg har fått operasjon. Eg prøvar å huske at ofte er det dagar utan planer eg drøymer om, og at eg skal nyte litt også, men så gløymer eg meg. Men no har eg iallfall laga ei liste som viser at eg gjer ein god del som eg syns er kjekt, og at eg igrunnen har det bra. Så OK, eg får prøve å huske det i morgon!

mandag 25. april 2016

Prolaps og litt postoperative tankar

Det vart operasjon! Men først var det meir venting, og litt neglebiting, for det var forsinking og øyeblikkeleg hjelp som naturlegvis må gå først, og ingen lovand om opersajon til oppsett tid, og eg hadde så lyst å bli ferdig! Men så vart det min tur! Hurra!
Eige rom, på med snertne sjukehusklær, lyseblått er ikkje mi farge, heller ikkje dei kvite støttestrømpene... Men alt kler den smukke!



Eit rom med utsikt

Nervane(ikkje isjiasnerven....) kom for fullt akkurat då eg vart trilla inn på operasjonsstova, og dei grønkledde byrja snakke og stikke og gje medisin og kom med oksygenmaska, men det gjekk såpass fort at plutseleg fekk eg beskjed om å vakne igjen. Eg huskar også i skodda at kirurgen sa "no er vi ferdige" og noko om at alt hadde gått etter planen, men særleg meir bevist var eg ikkje! Eg lurte meir på om det var verdt det, for så ille syns eg det er å vakne av narkose! (ikkje at alternativet er noko betre)

Det tok nokre timar å vakne heilt, og forma var ikkje tipptopp. Kvalm, tørr i munne og litt vondt. Men tilbake på rommet, og med litt drikke, medisin og besøk kjente eg meg iallfall betre. Eg var oppe og gjekk og det klarte eg fint.

Heldigvis eit flyktig bekjentskap

Neste morgon fekk eg ta på eigne klær, eg satt oppe og åt, eg trong ikkje hjelp til å gå(farvel til "prekestolen"!) og kjente meg, om ikkje heilt frisk, så iallfall på god veg! Eg hadde besøk av fysioterapeut, og har fått detaljert plan om korleis eg skal bevege meg dei neste 4 vekene, og kva eg ikkje skal gjere. Eg kan sjå på tømming av oppvaskmaskin som trim. Eg skal ikkje løfte tungt, men kan løfte lett mange gonger, altså kan eg henge opp klær. Legen var innom, med kjapp forklaring og sjukemelding. Sjukepleiarane var stadig innom, målte blodtrykk og temperatur og sjekka at alt var som det skulle. Og eg fekk vere der til mannen var ferdig på kurs før eg reiste heim.

Noko skjer med intimsfæren når ein er på sjukehus. Eg møtte dei samme folka på venterommet preoperasjonsdagen, opersjonsdagen og etterpå. Vi vart på ein måte litt kjente og første dagen snakkar ein om ufarlege ting, som været og ventetid. Eg veit ikkje kva dei heiter, ingenting om alder og stort sett ikkje kvar dei kjem frå. Eg veit berre såvidt kvifor dei var på samme avdeling som meg, eg veit meir om ventetid, undersøkingar og legar dei har snakka med. Men når ein møtes igjen etter operasjon, er det som å sjå gamle kjente! Ein deler ting som sjeldan er tema rundt lunsjbordet på jobb eller på kafebesøk. Eg veit mykje om andre sin kvalme, mengde og type smertestillande og korvidt dei har klart å gå på do, med eller utan hjelp. Komplikasjonar, kor lenge dei skal vere på sjukehuset og problem med å sove(dei veit naturlegvis det same om meg) Vi delte det som var naturleg, som aldri ville vore naturleg sin annan stad!  Godt ein ikkje skal vere så lenge på sjukehus! Og godt med enerom, slik at ein kan ta pauser frå diskusjonane...

Eg kom heim dagen etter opersjon, det er best heime! (sjølv om eg saknar ringeknappen og nokon å spørje, for det er lett å kome på spørsmål når ein er vel heime...) Eiga seng, ønskemat(feks sto 18åringen opp og laga frukost til meg på laurdag, utan å bli spurt! Han berre lurte på om eg ville ha omelett eller kokt egg.) Eg får naturleg trim i trappa, eg kan veksle mellom å ligge på stova, tvstova og senga, og det er greit, sidan eg skal ligge minst 4 gonger pr dag og minst 30 minutt kvar gong dei neste 4 vekene. Det er flerie tv-kanalar og eg trenar med å sette inn i og ta ut av oppvaskmaskina. Eg kan gå ein liten tur i frisk luft og lufte tankane og røre musklane.
Sofautsikt

Turterreng


Laurdagsfrukost
No håpar eg berre på sol og litt varme, slik at det er lett å kome seg ut på små turar dei neste vekene! Eg les bøker, aviser, løser kryssord og ser tv, men det er greit å få rørt seg litt innimellom.

Vekestart veke 17

Eit lite livsteikn. Det skal komme eit innlegg om operasjon og postoperativt liv, for der har eg gjort meg nokre tankar om intimsoner og slikt,  men no er eg berre innom og seier "Hei måndag".

Eg starta dagen litt optimistisk, og tok det som eit teikn då dette sto på teposen min... "Erfaring vil gi deg visdom"... jaja. Eg åt frukosten min, og la meg på sofaen.  No skal eg gå ein tur I sola og kvile meir etterpå!

onsdag 20. april 2016

Dagen før dagen

Idag har eg brukt det meste av dagen på eit venterom på sjukehuset. Informasjonsskrivet som eg fekk på førehand snakka sant; "Du må regne med en del ventetid denne dagen". Eg stilte førebudd, og hadde med mobil, nettbrett, bok og blad med kryssord. Eg hadde med drikke og matpakke og litt mørk sjokolade og blåbær.



Kva som skjedde slik innimellom ventinga? Eg har snakka med ein sjukepleiar og ein sjukepleiestudent. Dei har informert, fyllt ut skjema og tatt blodprøver. Eg har snakka med ein forskningssjukepleiar, som tok fleire blodprøver. Eg har snakka med ein lege, som sjekka refleksar og at eg kan gå på tærne og på hælane. Han konkluderte med at operasjon er tingen for meg. (Det har vore mitt hemmelege mareritt, at dei idag skulle oppdage at det ikkje var grunn til operasjon likevel. At det var gjort ein feil ein eller annan stad, men slik var det heldigvis ikkje)
Eg har snakka med anestesilegen, og vist at eg er flink til å gape opp og kan bøye hodet bakover, det er vel igrunnen så lang tid den undersøkinga tok. Og eg har snakka med kirurgen, i følge han er dette eit kjapt og greit inngrep. Og det kan jo han seie, som gjer det stadig vekk(eg har forresten vore med på det både i 2004 og 2006, men eg sov meg gjennom det då også)
Og eg har tatt fleire blodprøver, og kjem truleg til å sjå ut som eit blått fargekart i morgon... Eg har fått oppmøtetidspunkt, eg har fått dusjinstruksjon og ei sprøyte til å sette i kveld.



Og vips hadde det gått 4 timar!
No skal eg kose meg i kveld, og drikke masse vatn, medan eg enno kan, for det er faste frå midnatt!
Og så satsar vi på at i løpet av i morgon blir ryggen mykje betre!

tirsdag 19. april 2016

Vekestart veke 16

Tirsdag. Jazzband som øver i kjellaren. Nybakte brød på benken. Alt metall-, glas- og plastsøppel er sortert og levert på rett stad. Alle reine klær er bretta. Vi har hatt røkt torsk med gulrotstuing til middag. Eg har fyllt ut mykje papir. Eg har lese avisa ganske grundig.

I morgon skal eg på forundersøking til operasjon. Det kan ha noko med det å gjere...



Omtrent til ein slikt venterom skal eg i morgon.

Dryssa stjerner

Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.
Når ein heilt vanleg gråversdag har
stjerner over seg. Når nokon har sett at
vi er til.
Kanskje var det berre i forbifarten. I
travelheten. Eit uventa smil, ein open
varme. Kanskje var det ein omfamnelse,
kanskje berre eit sekunds stogg. Nokon
som hugsa noko godt, og takka. Nokon
som rørte ved oss, kanskje ubevisst.
Vi kjende oss famna inn, kjende oss
overdryssa av varme. Våga sleppa gleda
eit ørlite steg lenger fram. Våga kanskje
sjølv dryssa stjerner, dela ut varme gje
smil, røra ved...
Måtte vi nøra elden i kvarandre.

Bente Bratlund Mæland


Eg lovar å gje lyd frå neg igjen snart, ha ei fin veke! 


lørdag 16. april 2016

Laurdag

Endeleg laurdag!
Eg har vore i Lier på kurs om hørsel, utrulig bra og veldig slitsomt. 3 dagar fullpakket med interessant program, utfordringar og felleskap.  Eg fekk heldigvis til eit triveleg kafébesøk med ei god venninne ein kveld, men elles har eg brukt 'fritida' til å sitte I ein stol på hotellrommet(og å kjøpe kjole)
Då eg kom heim igår, bar det rett i  selskap.  Fine damer og god stemning!  (Og jammen fekk eg brukt litt nylært kunnskap frå kurset)

Då passar det bra med ein roleg dag idag. Mannen og sonen har tatt kvar sin bil til kvart sitt, og eg har pakka ut(som er det kjedelegaste eg veit), vaska badet og starta vaskemaskina. No har eg laga omelett med spinat og skinke, kokt ei kanne med resten av påsketeen og løser kryssord. HERLEG!

Og til veka blir det ryggoperasjon. Det er litt grugleding ...

mandag 11. april 2016

Kveldsmatprat og knekkebrød

Av og til når vi nye høgder når vi pratar saman. Som i kveld. Vi åt kvelsmat. Med mitt nesten nystekte brød, etter ny oppskrift, som eg nesten fulgte. Eg brukte den iallfall som ei slags rettesnor. Brødet var godt. Det passa med både ost, skinke og syltetøy. Og sikkert andre pålegg når vi kjem så langt.

Digresjon: Eg blir litt erta fordi eg ikkje er så flink til å følgje oppskrifter. Eg let meg gjerne inspirere, men det er ikkje alltid eg har akkurat det som skal oppi, og det blir litt meir av noko, mindre av noko anna og ingenting av det siste. Det brukar gje eit brukbart resultat, men kanskje ikkje så reproduserbart alltid.

Vi hadde sognemorr i dag, det er lenge sidan sist. "Å, no blir eg så minna om kveldsmat hos gomor og gofar", seier junior. "Og der brukar eg alltid ete eit knekkebrød til slutt." Altså måtte vi ha knekkebrød. Frøknekkebrød, også kjent som frukostknekkebrød.
Her må eg innrøme eg har svikta som mor. Eg har ikkje klart, trass all mi faglege tyngde og påverkingskraft, å få sonene til å smøre på på rett side! Dei tek etter faren, som legg smør og pålegg PÅ frøsida! Det er jo feil! Alle veit jo at smøret og pålegget skal på den andre sida. Det har eg lært heime. (Då åt eg forresten berre brunost på knekkebrød. Eg har vorte dristigare på den fronten, eg kan slå til med både smøreost, kvitost og blåmuggost. På ein riktig vill dag, kan eg ta skinke! Men aldri oppå frøa!)
Så eg måtte berre seie frå idag, igjen. "Eg veit at ein skal smøre på den andre sida! Det er rett! Det har eg lært heime! I ein trygg og god heim", sa eg. "Å", sa junior, "så æ har ikke vokst opp i en trygg og god heim!?" Sjakk matt...

Digresjon: Då eldstejunior gjekk i barnepark, åt han kun frøknekkebrød med leverpostei. Stabburet leverpostei i gul boks. (Sidan det var eg som smurte på, var leverposteien på rett side!) Han var ganske finspist, så at han åt dette, litt mjuke knekkebrød med leverpostei var toppers. Bestevenninna byrja ete det samme, og slik niste heitte i mange år berre "bestevenn-knekkebrød" hos oss og den andre familien. No går desse to barneparkvenene på folkehøgskule saman! Slik går det når ein har pålegget på rett side!


Vekestart veke 15

April, vår, sol i bakkane, frost om natta, den aller lettaste tida å finne seg ein forkjølelse og dra på. Lyse kveldar. Plener som har spede grøne gras innimellom fjorårsgraset. Ein hekk som sakte får museører. Fuglar som kvitrar høgt i sky. Gåseplog seint på kvelden. Herlege tider!

Det er ikkje tvil om at vi treng eit vårdikt!

Nå opnar denne dagen sin april
og tynne bjørkekvistar finst i ope lys
Me snakkar ikkje om det i butikken
men alle går og veit at det vil skje
Ei kraft som er ustoppeleg og ny
som fyller slitne ryggar med eit gys
Det underlege gamle som blir født:
Ein vår av mjuke kronblad i vårt tre
- Helge Torvund -

Igår var vi på tur langs Trondheimsfjorden. Der er det tursti, og vi var ikkje åleine! Fint lell! Neste gong skal vi ha med mat. Og sitteplater og ha god tid. Ei god bok, varm drikke og ein ekstra genser. Kanskje allereie til helga?





torsdag 7. april 2016

Førebuingar

Etter snart eit år med ein kranglete rygg, eit uttal undersøkingar, lang sjukemelding og mange legetimar, er det no bestemt: eg skal operere vekk prolapset i ryggen. Å gå tur, trene rygg- og magemusklar saman med fysioterapeuten og mykje smertestillande har ikkje vore nok, ikkje denne gongen heller. Men det har ikkje stått på vilje og innsats, iallfall!
Eg kjenner det er litt skummelt, litt godt, litt lettelse og mest av alt er eg glad fordi det endeleg skjer noko. Eg har gjort det før, 2 gonger, for 10 og 12 år sidan, så eg veit litt kva eg går til. Men eg har jo vorte 10 år eldre (kirurgen fekk ei stor stjerne då han sa at 47 år er ingen alder;) )samtidig har det sikkert skjedd noko med operasjonsteknikk også. Det blir nok bra! Og eit arr(til) på ryggen er ein liten pris for å mest sannsynleg bli bra. Då eg var operert sist, meinte ein kollega at eg skulle bedt om glidelås i ryggen, så ofte som dei skulle inn der...men no har det gått så lang til, at det var vel like greit dei berre lukka skikkeleg.

Når eg får beskjed om at noko ekstra skal skje, går eg igang med førebuingar. Det er jo ting som er greit er i orden, men det er ikkje sikkert du og eg tenkjer på dei samme tinga, hehe. Eg planlegg lesestoff, eg har sett på leselistene mine, og lasta ned bøker til Kindle og planlagt ei bok eg skal kjøpe. Eg tenkjer på filmar eg har tenkt å sjå, program på tv som eg aldri rakk, kanskje ligg dei på nett-tv eller kan lastast ned? Skrive på liste! Eg ser kva eg har av klær, som er lette og ledige og ikkje vil stramme rundt operasjonssåret på ryggen. Eg prøvar å lese meg litt opp om operasjon, for å finne ut om det blir ein ny periode med Jan Thomas sin tørrshampo, eller om eg kan dusje og vaske håret som vanleg. Eg bestiller iallfall ein frisørtime slik at eg er nyklipt. Og eg klipper tåneglane, før eg får eit arr som strammar! Eg funderar hardt på om dette kan vere ei utruleg god unnskylding for å kjøpe nye sko??? Eller eg funderar vel ikkje over det, eg veit at det er det!

Eg ryddar på skrivebordet(det er godt det er litt tid til operasjonen, for akkurat det tek si tid...)noko som ikkje har noko med operasjonen å gjere, men det er jo godt når det er gjort! Eg tenkjer på middag, og brødbakst. Eg skal skifte på senga og eg har funne fram gåstavane mine, slik at eg kjem meg på tur etterpå.

I tillegg drikk eg mengder med te med ingefær og honning, i håp om å få vekk gruffet frå halsen, slik at ikkje noko skal forsinke meg!
Det heile handlar om å vere førebudd, slik at eg, om mogeleg, har det enklare etterpå, at ikkje brakkesjuka skal ta meg og at eg ikkje skal utfordre grensene og reglane. Det spørs om det hjelp! (og litt for at eg ikkje skal bli ei burugle som har lange lister klar til mannen når han kjem heim frå jobb!)

Kva ville du gjort av førebuingar? Er det noko eg har gløymt?

tirsdag 5. april 2016

Vekestart veke 14

Litt på etterskot med blogginga. Eg har mange tankar om kva eg skal fortelje om og skrive om, men det blir liksom ikkje. Eg skal berre først, lese avisa, sette på ei vaskemaskin, snakke med mannen, vere på jobb, lage middag etc...og så er det kveld, og ingenting er skrive eller lagt ut!

Men idag skal du få eit lite livsteikn! Det er tirsdag, og du skal få eit lite dikt med deg ut i resten av veka. Eg skal fortelje deg om gleder og bekymringar.

I helga hadde vi mykje god mat; bacalao på laurdag. Med fine folk på besøk, og rikeleg med mat, må det jo berre bli bra. På søndag gjorde eg eit forsøk, eg fann andebryst på tilbod for ei stund sidan, og tenkte at det kunne vere artig å prøve. Litt googling og lesing av koebøker, god tid ein søndag og vips(nå ja, vips og vips...) hadde vi andebryst, med appelsinsaus, bakte rotgrønsaker, løkkompott og potet! Fekk ros av resten av familien, og det kan fort bli laga flerie gonger.
Klar for å lage bacalao

Søndagsmiddag


Sist veke hadde eg ein spennande avtale med hjelpemiddelsentralen og bedriftshelsetjenesten, der eg skulle få opplæring i det nye hørselstekniske hjelpemiddelet(slike ord kan skremme kven som helst) mitt. Eg hadde så vidt prøvd det før, men no fekk eg med meg Roger heim(Roger-pen, høg og mørk, nok ein mann i livet mitt. Oppladbar og lyttande!) Det vart mykje informasjon, masse utstyr og spennande oppleving av å høre "nye" lydar. Eg vil aldri få tilbake hørselen på venstre øre, så alt som gjer at samtale kan gå greit sjølv om det er støy rundt er gull! Roger er ein mikrofon som den som pratar kan ha hengande rundt halsen, den kan ligge på bordetnår det er møte, eller eg kan peike den mot den som snakkar. No treng eg berre rutiner for å lade streamer og Roger og huske å skru på dei ulike delene etter kva eg brukar, for elles virkar det ikkje. Så no testar eg ut i lunsjen på jobb, i bil, på tur, på trening etc, og har langt igjen! (og eg må finne ein stad til alle ekstra ledningar, koblingar, bruksanvisningar osv slik at eg finn det igjen når eg står fast.)
Eg skal skrive  meir om Roger når eg har meir erfaring.
Ladestasjon(Roger til høgre)
Idag har det også vore ein spennande dag. Minstejunior hadde oppkjøring for lappen! Det er skikkeleg spennande medan ein ventar på å høyre korleis det går, og det var fint for mamma´n å få melding om at lappen var i boks! Men spenninga varer jo, for han tok bilen og stakk ut etterpå! Og slik blir det vel framover...junior kjører og mor formanar! Kjør etter forhalda, ikkje kjør når du er trøytt, ikkje køyr for fort +++ Og eg har forresten fått ein telefon med ein kommnetar eg ikkje hadde venta idag; mamma som ringte og refererte til noko eg hadde skrive på Facebook! Slik går det når mor på 80 får nettbrett og Facebook-profil i gåve.

Vekas ord passar godt no på våren, snart vil alle fuglar forsvare reira sine og sleppe små kladasar rett ned på den som ikkje passar seg:

Burde man ikke nikke
tilfreds, og glede seg litt,
hver gang man nesten, men ikke, 
blir truffet av en fugleskitt. 
-Dag Evjenth

Det er jo vår i lufta. Snøen har nesten forsvunne, på søndag åt vi lunsj på terrassen for første gong i år(og eg har vorte snørrete og sår i halsen) og det er fuglesang og tid for lettare klær!

Lunsj i sola(og god bok!)

Ha ei strålande veke vidare!