tirsdag 31. desember 2019

2019, på godt og vondt

Instagram laga ein årskavalkade over bilda mine som flest likte i 2019 for meg. Ikkje overraskande var det mykje solskinn, tur, båt, litt snø og tiara! Det var tross alt snakk om dei mest likte bilda mine!

Eg gjekk rekordmange skiturar! Vi hadde lang båtferie, i historisk godt vær. Eg var på ein skikkeleg lang fjelltur, så godt for humøret og sjølvtilliten (kroppen, og ryggen spesielt, virkar!).
Bildet oppe til venstre er utsikt frå barndomsheimen til mannen, og bildet i modten er barndommens utsikt for meg.

Men 2019 hadde fleire sider.
Det var det året då det skjedde ting eg aldri hadde trudd skulle skje, der det skjedde ting som var venta, men trist, og eit år med gode hendingar.

Tidleg på året forsto eg og kollegaene mine plutseleg at fast jobb i Staten, ikkje er så fast heller... Du kan bli sagt opp! Og det skjedde faktisk! Rett nok etter rundar fram og tilbake, vi ga oss ikkje utan kamp, og eg kom på framsida av Adresseavisen. Eg såg ikkje den komme...

Forsidepike

Samtidig vart mamma dårlegare, og sjølv om det ikkje var uventa, var det ein tung vår med mange Romsdalsturar før ho døydde i mars. Jula i fjor hadde vi saman med mamma og pappa, og det er fint å sjå tilbake på no. Men det var ein plass som var tom då vi feira pappa sin 90årsdag denne jula...

Eg og mamma
jula 1971

Og midt i dette las eg jobbannonser og søkte jobb! Eg var ikkje spesielt rutinert på søknadsskriving, og fekk heldigvis litt hjelp og rettleiing. Hurra for ein sjef som tenkte at ein bioingeniør med litt alternativ karriere kunne vere nyttig på St.Olavs og ga meg ein sjanse. Eg var ikkje dreven på jobbintervju heller, men no har eg vore gjennom fleire rundar, og startar 2020 med fast jobb som bioingeniør ved St.Olavs hospital!
Men det er ikkje berre-berre å få ny jobb, eg har måttet lære meg heilt nye ting og bli kjent i eit nytt arbeismiljø. Det tek si tid, og eg har ikkje kome i mål enno. Det er hol i kunnskapen om datasystem og rutiner, men det kjem seg litt etter litt. Lell må eg innrømme at eg lurer på når alt skal bli normalt igjen...


I haust tok eg ein etterlengta operasjon. Det var bra, bortsett frå at eg ikkje hadde tenkt på kor lang tid det ville ta å komme seg igjen... No er eg igang igjen, kroppen virkar og det er berre litt meir trening som skal til.

Og for ikkje å stivne heilt i gamle mønster og vaner(som om eg har vore i nærleiken av det), starta vi i kor i haust. Mannen og eg. Jada, eg har ikkje sunge i kor på 21 år, så det har vore litt bratt. Men det går seg til, det er ein fin ting å gjere saman med mannen og korsang skal vere bra for mangt.

(Bildet er tatt i ei pause på øvings-weekend med koret)

Så; 2019 har ikkje vore eit kjedeleg år. Heller litt i overkant spennande i perioder. Når ein ser tilbake har det meste løst seg, men det har vore mykje å ta unna innimellom. Eg satsar på at 2020 skal bli rolegare, iallfall slik i det store.

Godt nytt år!

mandag 30. desember 2019

Jul

Det er jul.
Dagane kjem og går, med sein frukost, nokre dagar med fullt hus, ein dag med lite program, biltur fram og tilbake over Dovrre, 90årsfeiring, nokre skiturar. Dagar med kulde og snø, gløgg varma på bålpanne, andre dagar med øsande regnvær og glattis. Kakeboksane er allereie tomme, men vi har mykje anna godt! Snart er det nyttårsaften.

Det har vore godt med fri frå jobb og rutiner, sjølv om det viser seg at det lagar seg klesvask i kjellaren og oppvaskmaskina jobbar doble skift.





søndag 22. desember 2019

Det blir nok jul

Alt tydet på at det blir jul, også i år, og utan at eg har oversikt.
Alle er heime, både han som til vanleg bur i Bergen, han som bur på hybel i byen og ikkje minst mannen som har vore i USA og reiste heim ein dag det var snøkaos på Gardermoen. Å vere saman er det viktigaste!

Idag har mann og soner vaska hus! Lukke og glede! Det meste er handla inn, av både mat og gåver. Dei fleste gåver har kome fram til mottakar, og vi har fått mange gåver levert på døra!

Det blir alltid kaos når ein startar å vaske og rydde...
Heldigvis går det over. Delvis...

Då eg var lita, var det juletrepynting på julaften. Eg tenkte aldri at det var seint eller at vi låg dårleg an, og eg trur mamma tok det ganske greit. Vi var ganske væravhengige, sidan pappa kjørte brøytebil, og var det dårleg vær, var han borte heile eller deler av dagen. Tanter og onklar kom alltid innom på julaften, og det var stas! Det var prøvesmaking av julemat, og kanskje ei ekstra gåve eg kunne åpne tidleg?!
Den eine tanta mi ser du på bildet under, med kåpe og hatt! Medan ho pakkar ut og viser oss julegåvene frå henne. Eg står i ruta, heimesydd buksedress, storebror er i (nokså sikkert nystrikka) kofte og mamma står med ryggen til fotografen og ser på.
Dette var typisk tante! Ho hadde det alltid travelt, var kjempespent på gåvene ho skulle gi og ville vise dei fram fortast råd! Lurer på om det var dette året eg fekk bord og stol? (ja, eg veit det, eg var nok vekkskjemt og fekk mykje fint! Bordet og stolen har eg enno, og det er i bruk!)
Foto av foto frå album

Idag har søstra mi vore innom for julegåvebytting, og spørsmålet eg fekk var om det passa med eit "kåpebesøk", altså stikke innom i full fart og sitte med kåpa på under heile besøket. Klart det passa! Men når ho fekk tilbod om loff med tomatsild og ein kopp te, vart det så ho tok av kåpa.

Så no prøvar eg å legge vekk julestresset, når eg er ferdig på jobb i morgon skal det pyntast og då tenkjer eg at skuldrene senkar seg i takt med stigande glitter- og englefaktor.

søndag 15. desember 2019

3.søndag i advent


Tenn  lys ! Tre  lys  skal  flamme
 
 for  alle  som  må  slåss,
 
 for  rettferd  og  for  frihet,
 
 de  trenger  hjelp  fra  oss.
 
 Må  ingen  miste  motet
 
 før  alle  folk  er  ett,
 
 tenn  lys  for  dem  som  kjemper
 
 for  frihet  og  for  rett.

fredag 13. desember 2019

Svart senker natten seg!

Luciadagen.
I år blir eg nok ikkje Lucia, det er måte på å markere seg i ny jobb, også for meg! Det får greie seg med siste kursdag og skjørt og julegenser!
Men eg har bakt lussekattar til fredagskvelden, og eg har funne fram Lucia-toga mine.
Eg er no oppe i tre ulike tog...Og finn eg fleire, blir dei nok med heim!





torsdag 12. desember 2019

Snø på mi rute

Tirsdagskvelden var det snøvær, vind og aller bestå vere inne.


Eg bakte berlinerkransar, kokte lammerull og vaska!

onsdag 11. desember 2019

Må ha det, berre må ha det, til jul

Jul er mange tradisjonar, og eg er ganske glad i tradisjonar. Så når det lir til jul, veit eg godt kva eg skal lage.
Eg har laga, kokt og pressa, og ikkje minst smaka, på årets grisesylte!


Og idag har eg kokt lammerull, som ligg i press no. Kveldsmat i morgon... Det er berre å glede seg!

Idag har eg baka berlinerkransar, og dei ligg forsvarleg gøymt i ein av mamma sine gamle kakeboksar.

Og for kvar dag kjem jula nærmare, og listene mine blir lengre heller enn kortare. Satsar på sterk innsats i helgene, for denne veka er eg på kurs og lærer helgenomsekvensering, og då er igrunnen hodet mitt fyllt opp!

tirsdag 10. desember 2019

Nokon har allereie skaffa seg juletre

Men det er ikkje vi! Desse under her derimot:


Eg har adventspynt og julepynt og noko går litt om kvarandre. Denne gjengen er i yttergangen. Eigentleg er eg ikkje så glad i nissar, men desse har sjarm der dei bær treet heim!

(og han bak der, med rosa frakk og gullhatt! Årets nye nisse!)

Eg såg forresten eit juletreutsalg ein dag, plakaten varsla at her kunne ein kjøpe tre frå 12. desember. Trea låg allereie i haugar. Det er ikkje nyhogde tre når vi kjem til julaften.

mandag 9. desember 2019

Julelunsj på jobb

Ny jobb betyr nye ting, naturleg nok. Eg har høyrt mykje om julelunsjen, og tenkt mitt om at det er vel ein lunsj som så mange andre?

Etterpå kan eg forstå at denne lunsjen ikkje er som andre, men eit klart høgdepunkt i desember! I dagane før lunsjen gjekk festkomiteen rundt og talte opp ledige bord rundt om, og stolar. Det kom beskjed om at kjøkkenkroken vart stengt den aktuelle dagen og det dukka opp serviettar og lys og kasser med julepynt.





Sjølve dagen var det julemusikk og bord vart dratt fram og dekt og pynta. Det var stadig opptelling av antall stolar opp mot kor mange vi var, og stadig konklusjon om at det var for få stolar. Eit stort bord med kaker og frukt og sjokolade sto rett utanfor kontordøra mi... Nokre brukte timar på å legge pålegg på fat og pynte. Det var generelt god stemning!


Etterkvart kom pensjonistane og dei som er i permisjon,. Dei rutinerte var kjappe med å finne seg sitteplass. Og så var det julemusikk og grovbrød med sild eller ost eller egg eller skinke eller noko av alt det andre gode. Og til slutt var det kaker og frukt og sjokolade...

No er det berre å håpe på at eg er der neste år også!


torsdag 5. desember 2019

Brune pinner

Det blir ikkje jul utan julekaker, og brune pinner er ein av mine favorittar. Det blir i grunnen ikkje advent utan julekaker heller....



...kanskje blir det igjen av desse til jul også?

onsdag 4. desember 2019

Adventskalender

I år har eg slått til med kalender til meg sjølv, av typen luksus og ganske svært dyr og eg veit ikkje kva!

Men eg gler meg over den, både innhald og utsjånad. Eg får god kvalitetste, kvar dag i desember (og lenger enn det, for det er rause porsjoner) eg tel ned til julaften og dagens te gir meg ein grunn til å sette meg ned og senke skuldrene litt (får tru det varer heile advent!)

I den rosa boksen er det te!

Alt ein treng for å kose seg!


Kalender med 24 skuffer! Og i skuffene er det ein boks. Og det er med bok,
så eg veit kor varmt vatnet skal vere og kor lenge teen skal trekke.





tirsdag 3. desember 2019

Desembersnø

Igår hadde eg sesongens første skitur! Det byrja å snø på fredag, men helga var full av program, så det var først idag eg rakk ut.


Det tok litt tid å finne fram ski, skistavar og skisko. Men altså: HURRA for ski med faste feller! Det var berre å legge avgarde. Lite løype enno, men det var lys i lysløypa.


Stemningsfullt med skitur i mørkret!


No håpar eg berre at værvarslet tek feil, så det ikkje blir regn og 8 grader i morgon....

mandag 2. desember 2019

2.desember

Enkelte tradisjonar skal ein ikkje ta lett på.
Som julekrubba.
I alle år har det dukka opp ein figur kvar dag i desember, og Jesusbarnet kjem alltid på julaften.


Iår dukka denne karen opp. Ny av året, og ikkje heilt stø på kalenderen tydelegvis, for han sto der brått laurdag kveld, 30.november. Men i stallen er det husrom!

Diskusjonen går om kven dette er, for eg meiner det er eit reinsdyr. Med vingar. Mannen (som også er jeger) meiner det minner om ein katt, med lange bein. (og vingar) Uansett så er han her! Eg held på reinsdyr. Eventuelt engel.

søndag 1. desember 2019

1.søndag i advent

Snø ute, god tid, roleg frukost.
Med adventslys og sang.


Ikkje så dumt at 1.desember og første søndag i advent fall på same dag.

torsdag 14. november 2019

November

Eg har i fleire år hatt prosjektet "å leve i november", altså ikkje ta advent og desember og jul på forskot. Eg veit ikkje kva som har skjedd, for i år har eg ikkje rekt å tenke tanken på å ta noko på forskot, eg har meir enn nok med å spa unna det som skjer her og no!
Og det hjelper naturlegvis at været har vore bra, kaldt og klart, ikkje regn og mørkt! (ikkje for det, eg saknar dagslys! Det er mørkt når eg står opp og mørkt når eg kjem heim frå jobb.) 

Men i helgene er det lys! Her er nokre glimt frå sist helg:

Asalea i solnedgang

Lys i mørketida!


Litt advent har snike seg inn...det vart ein boks peparkaker med heim ein dag, og eg jobbar med å drikke opp juleteen får i fjor!

søndag 10. november 2019

Farsdag

Søndag, god tid, farsdag.
Og tid til lang frukost.
Mannen har vore ei veke i Wien med jobb, og det var godt å starte dagen roleg, med god tid, mat og prat.


Det er liksom ikkje slik når eg spring i meg frukost på kvardagane...

mandag 4. november 2019

Måndag

Enkelte måndagar er meir måndag enn andre måndagar. Idag for eksempel.


Ikkje det at det var noko spesielt ille som skjedde, men kombinasjonen

  • måndag
  • mange minusgrader ute
  • måndag
  • november
  • måndag i november
  • glatt å gå til jobb
  • måndag
  • sove for lite
  • tomt for brød
  • kaldt inne
  • eg er heime åleine
  • måndag
  • det er tidleg i november

Men eg gir ikkje opp!

Eg drakk ein kopp te før eg gjekk på jobb. 
Eg har mykje ullklær, og kledde meg godt.
Eg tok bilde av meg sjølv med glitterfilter, det hjelper!
Eg lagde middag av restar  #etoppmatendin Gulrot og blomkål i omeletten er undervurdert.
Eg har sove middag. 
Eg har prøvd å vinne over klesberget på vaskerommet. 
Eg har fyra tett og trufast frå eg kom heim frå jobb. 
Eg har bakt rundstykker. 
Eg har førebudd noko eg gruar meg litt til. 
Og eg har lese ei heilt enkel, lett bok, med ei dame som ser inn i bakgrunnen på framsida (det er ein eigne sjanger! https://biblioteket.trondheim.kommune.no/innhold/voksen/tips-og-anbefalinger/manedens-leseutfordring/februar-en-bok-med-en-person-med-ryggen-til-pa-forsiden/)
No skal eg snart ta på nattkjolen i ull og sove! 

onsdag 30. oktober 2019

Foredrag

Då eg starta i nyjobben (kor lenge er ein jobb ny, forresten? Eller kor lenge er eg ny? Det har starta minst 3 stykker etter meg) vart eg spurt om å ha eit foredrag om den forrige jobben min. Det har ført til at eg i det siste har sett igjennom mange hundre bilder, for å finne illustrasjonsbilder. 
Bilder er effektivt til å få igang mimring!




Eg skal ikkje gje dykk dei mest blodige her! Ikkje til dei nye kollegaene heller, når eg tenkjer meg om.



Sopp sett i mikroskopet er fantastisk vakkert!



tirsdag 29. oktober 2019

Det eine treet

Du veit dei beskjedane om at "på tirsdag stiller alle i svart eller grått"?



Trur nokon ikkje fekk med seg den beskjeden. Eller så er dette eit tre som har sin eigen stil!

Fint var det iallfall då vi såg det i skogen på søndagsturen vår!

mandag 28. oktober 2019

Oktoberslutt

No er straks oktober historie. Idag var det mørkt når eg gjekk til jobb, og mørkt når eg gjekk heim (no skal det seiast at eg satt litt lenger enn vanleg på jobb) Men eg er ikkje så glad for vintertid... eg treng dagslyset!
Sidan bloggen lever litt sitt eige, einsame liv for tida, tek eg eit slags oppsamlingsheat for oktober, og gir deg nokre bilder!

Matpakkelunsj.
Det som er trist om morgonen, smakar
alltid godt til lunsj! Sjølv tørt brød med brunost.

Ut på tur, aldri sur! Og sol! 

Sakte helgefrukost.
Den beste luksusen eg veit
(særleg no når eg står opp kl 6...)

Plutseleg var det frost.
Og ringblomsten måtte gje tapt.

26 år sidan vi gifta oss.

Togtur over Dovrefjell.
Langt der bak er Snøhetta.

Den finsaste utsikta! 
Dukkevogna mi og dukkene fekk
vere med heim att!


Fredagspizza.

Meir tur og meir sol.
Og haustfarger!

Eg har tatt influensavaksine.
Det er jobben, ikkje alderen! 
Oktoberhimmel.
Så glad for kamera på mobilen til å fange
slike øyeblikk


Den første snøen. 
Dette var nokre glimt frå ein hektisk månad! Håper du får ei strålande veke!