søndag 31. desember 2017

Årets siste skitur

Kaldt. Men for eit lys! Og fine løyper.  Godt selskap. Mykje folk på parkeringsplassen,  men skogen var stille!



Det har vore mange fine skiturer i desember. Å kjøpe nye ski var lurt (sjøl om det kjentes litt dyrt) ski med faste fellar gjer det  veldig enkelt å kome seg ut, det er berre å ta dei med,  så er eg klar.

Men no er det nyttårsaften.  Eg må gjere nokre førebuingar og etterkvart pynte meg.
Godt nytt år til deg som les! Eg veit jo ikkje kven alle er, men eg håpar kvelden blir fin og at 2018 nlir eit godt år  for DEG.

fredag 29. desember 2017

Jul og romjul

Eg er her. Berre ikkje så mykje på nett.

Ikkje ei jul uten alligator

Og det må vere englar i treet. Helst mange.

Frukost 1.juledag

Kvit jul. På skitur.

Julehjort




Juledagane går fort. Det er mykje mat. Vi har vore borte på besøk, vi har hatt besøk. Eg har vore på jobb.  All tida eg skulle bruke til å sitte i sofaen og lese eller sjå film har blitt borte.
Snart er romjula over, og vi skal starte eit nytt år. Men først skal eg lese litt!

fredag 22. desember 2017

22.desember, kva har eg brukt dagane til?

Idag er det 22.desember, og første juleferiedag. Eg vakna i mørket, sto opp, slo på lyset i stjerna og og fyra opp. Ute hadde det snødd i natt, så etter dei siste dagane med is og regn og varmegradar, hadde forsvunne under eit (tynt) kvitt lag. Eg laga ei kanne te og skar ei skive av julebrødet eg bakte i går. Høyres det ut som ein klisje? Det kan høyrest slik ut, men det er heilt sant! 
Frukost

(Og peparkakebakarane som forsvann ut av huset ei stund etter at avisbodet hadde levert avisene i dag tidleg, hadde både rydda og vaska etter seg, stort sett)
I november, då det verka uengeleg lenge til jul(kanskje ikkje så lenge som då eg var 8 år, då var det omtrent like lenge frå 1.desember til julaften som frå jul til sommarferie) skreiv eg fleire lister med kva eg skulle gjere i desember, og har eg klart å følgje mine eigne planer? (altså, eg har jo varma fiskekeker til middag, vaska klær, vore på jobb og slikt, men i tillegg) Ikkje huskar eg kva eg skreiv heller...men no skal eg sjå det punkt for punkt:

  • julemusikk! Ja! Dette har eg klart. Om morgonane på veg til jobb har eg høyrt på NRK klassisk, og kosa meg med å sleppe politiske debattar etc, kanskje eg berre skal fortsette den vanne?
  • julebakst, eg har bakt berlinerkransar og brune pinner. Julebrød i fleire rundar, dei har ein tendens til å bli oppetne ganske fort! Felles bakekveld med vener, eg bakte lefser og delte med dei andre, og fekk kolakaker, havrekjeks og krumkaker i bytte. Ein god tradisjon vi skal halde ved like! Den engelsek fruktkaka er laga for ei stund sidan, og skal nytast når juletreet er tent i morgo kveld.
  • juleblomster, kanskje ikkje så mykje som planlagt, men eg er på runde to med sviblar og amaryllisen blormstrar. Ny azalea blomstrar saman med den eg kjøpte til jul for 3 år sidan. Krans på døra har vi ikkje, men eg har kjøpt juletre. Einer med lys og kuler i nisjen i trappa, det skaper stemning i heimen. 
  • adventskalender. Eg har vore kalenedergeneral på jobb, men heime har det vore litt til og frå. Det hadde litt med ein liten Romsdalstur i starten av desember å gjere, eg kom på etterskot med både det eine og det andre. Trur eg har igjen meir enn halve tekalenderen, men den kan eg gjerne drikke i romjula og på nyåret også! Felleskalender med mannen og kalender dei dagane ungane er heime, har vorte berre nesten... Men kanskje neste år?!  
  • julekrybba kom fram 1.desember, og har fått ein ny figur nesten kvar dag. No manglar berre Maira og Jesusbarnet. Denne vesle stjerneguten pyntar opp på stova og syng med kvar gong eg sett på julemusikk! (trur eg)

  • LYS! Eg har tent levande lys, eg har hatt lyslenker, eg har stjerne med lys, kuler med lys og lysestake i kjøkkenglaset. Det gjer så godt! 
  • lammerull og sylteflesk. Eg har laga begge deler, og tomatsilda er laga. Alt er testsmakt og godkjent, no ventar eg berre på å kunne ta det fram til julaften. Gler meg! Og eg har kjøpt røkt villaks, juelansjon, gode ostar, rømmesild, fenalåret er fedig og klart til smaking. Nam! Svolte treng vi ikkje vere denne jula heller!
  • klementin, det er advent altså! Lurer på kor mange kilo vi har ete...
  • Ta fram julepynten lille julaften, og pynte huset, altså i morgon. Det blir kjekt!
  • julegåver er vel også ein del av advent. Trur det meste er i hus no, men eg har igjen ein del innpakking. Det får bli i natt eller noko.

  • eg har kjøpt julegodteri og gøymt unna, og det skal bli stas å ta fram. Alltid marsipanfrukter og i år også norske nøtter. Det er smak av barndom det!
  • julehatt! Den og julegenser blir nok ein fast tradisjon i desember, til spesielle høve. Særleg på jobb, der enkelte har lurt på kva eg eigentleg driv med! Både julegenser og Lucia har eg tatt meg av i år :)
  • Julebrev er det dårleg med, kanskje det blir tid i romjula? Eg kosar meg iallfall med å lese det alle de andre sender meg!
(om eg er så i ruta at eg har tid til å sitte her og blogge i det vide og breie? Tja? ! Det er ein måte å unngå at eg gjer for mykje, for ryggen syns vel at eg har strekt meg vel langt i det siste. Så då prøvar eg leve litt saktare, til glede for resten av familien, som heller vil vaske enn at eg skal bli liggande)

I skogen er det ferdig pynta!
Og jul blir det! Uansett! Med eller utan hybelkaninar i krokane... 

torsdag 21. desember 2017

21.desember

Juleferie!
Det er godt det. Og dersom ryggen no kunne spele på lag med meg, så blir eg nok feridg. Eller, ferdig blir eg uansett, når julaften kjem er det jul, uansett.

Ikveld kom yngstemann heim. Eldstemann bakar pepparkaker med vener, mannen er på møte(kven er det som legg komitemøter til 21.desember?!) Eg passar sofa og tv og skriv handleliste. Gler meg på dagar med familie og vener. God mat, god tid, eg er heldig!

Amaryllis og stjerne i blåtimen

mandag 18. desember 2017

18.desember

Det finns dei som må ha med seg alle Star wars-filmane.  Og så du har meg. Så eg har vore heime åleine i kveld. Eldstesønnen har kome heim på juleferie, og vart med faren på kino.



Eg har gjort forskjellege ting. Men særleg ein viktig ting: tomatsilda er no på glas! Og er vi heldige, held den heilt til jul! Det kjem vel an på om eg klarer halde meg...
Og eg har gjort meir og er snart på rett stad på kalenderlyset. Mykje å halde styr på i adventstida!

Eldstesonen kom seg laus frå fjellet,  og om nokre dagar kjem yngste sonen heim. Mistenker at han har med kontrabassen sjøl om det er ferie.

søndag 17. desember 2017

3.søndag i advent

Vips var det 3.søndag i advent, og det er berre ei veke til julaften. Huskar eg kjente meg skikkeleg snytt første gongen eg oppdaga at 4.søndag i advent og julaften fall på samme dag. Kunne det verkeleg vere lov? Slå saman to dagar på den måten?! No tenkjer eg meir på at advent blir litt kort når julaften er på søndag... Men det må innrømast at så veldig stressa er eg ikkje, vi blir ferdige, etter prinsippet "godt nok" og vi tek det vi rekk! Men skulle du kjenne på sresset, så les dette diktet, sakte:

Berre ta det heilt med ro
Du pustar
Hjartet slår
Hår og neglar veks
Kvil i denne tomme stunda

Hans Sande


Brillene dugga på innsida og snødde igjen. på yttersida
 Litt farefullt i nedoverbakkane, meg eg oppdaga hunden før
eg kjørte på den...og det same med dei to
små som streva oppover i fiskebein.

Eg syns vi har fått mykje ut av helga. Vi har bakt litt. Vi   Mannen har vaska badet. Eg har vaska skapet med servise på stova, det er fullt og det bakerst blir fort litt støvete... Ikkje no lenger! Vi har gått på ski, medan det snødde og løypene vart finare og finare (litt straff for det idag, ryggen syns det vart mange oppoverbakkar) Vi har hatt lange frukostar, med levande lys og fyr i omnen. Saktetid og lave skuldre.


Og idag har vi vore på grautfest, lang tradisjon med vener. Det blir færre barn som er med, men kan dei, så kjem dei (men mine satt fast i ein kontrabass eller eit fjell) Spleiselag, nokon fiksar graut, andre spekemat og flatbrød, nokon kake og snop til kaffen. Vi sett av tid saman. Dette er folk eg kjenner godt, og dei kjenner meg og mi historie. Vi treng ikkje mykje tid for å kome til kjernen! Idag kom vi inn på bekymringar, det å bekymre seg for ting, meir eller mindre med god grunn. Og vi snakka om korleis vi lever med, kloke løsningar og gode tips. Skal ikkje påstå at vi har løst alt, men det var ein god prat. Medan vi åt kaker og julegodter!

Trur eg er ganske klar for ny veke no!

Det er ikkje så mykje lys i desember,
men det som er er vakkert!



torsdag 14. desember 2017

14.desember

Eg er åleine heime, og etter jobb idag tok eg meg saman og tok meg lista  ei av listene mine og reiste på ein handlerunde for å kunne krysse av ein del punkt når det gjeld gåver. Eg blir svett og varm og litt matt allereie før eg startar slike dagar...men du verda så godt etterpå. Kjøpesenter rett før jul er stress, uansett, men eg måtte innom for enkelte ting fekk eg berre der. Eg vart naturlegvis ikkje ferdig, men eg har ei plan og ei ny liste med det som manglar.
Shoppinga vart avslutta med middag på kafe, eg er tross alt åleine heime! Og medan eg åt, kryssa eg ut det eg hadde gjort og sette nye punkt på lista.

I aksjon

Klar til utdeling

Fordelt i poser

Vel heime rydda eg spisebordet, tente lys og sette på julemusikk. Aksjon innpakking var igang. Den som leitar, finn, og etterkvart fann eg igjen klistremarker, gåveband og meir papir. Det passa godt å gjere dette åleine heim. Då kunne eg kikke på det som skal vere her i huset også, utan at nokon kom innom på feil tid. Og eg er så fornøgd med enkelte av gåvene, at det held hardt å ikkje fortelje om dei. Må vel vente litt med å avsløre?

Luciadagen

Om eg fekk vere Lucia?

Svaret finns her!

Det viser seg at ein kan finne ei kvit skjorte, ei lyslenke og lys, legge til eit par gode kollegaer og vips skaper ein stemning på jobb ein dag i desember!

(det hjelper også å ikkje ta seg sjøl så veldig alvorleg og høgtideleg!)

tirsdag 12. desember 2017

11. og 12.desember

Måndagen kom og forsvann. Eg fekk ikkje gjort alt så mykje av det eg hadde tenkt.

så har du
rause mandag
som velger 
å la de andre dagene 
få skinne

Trygve Skaug


Skumringstimen var fin, om ikkje anna.
Idag er det tirsdag, den har fungert betre! Eg har fått gjort både det eine og det andre etter jobb, eg har for eksempel sove bitte litt på sofaen, bakt lussekatter og stukke innom med middag til junior som gjekk rett på jobb frå eksamen. Vi har prøvesmakt lammerullen, god! Så god at eg fann det best å fryse den fortast mogeleg, for det er først til jul vi skal ete den. På julebrød...nam!

I morgon er det luciadagen. Det byrja vi å snakke om på jobb idag. Eg har skaffa meg nokre enkle, lekre plagg til bruk når vi trekkjer adventskalenderen. Og nokre meinte at i morgon må eg stille som Lucia. Vi får no sjå...
Juletrehatt er eit må-ha på kontoret i desse adventstider!

Men iallfall byrja eg tenkje tilbake til den gongen Lucia ikkje var ein kva som helst slags dag, men tvert i mot høgdepunktet i kniving om lyskransen for små jenter. Noko flottare enn lang, kvit kjole, glitter og lys er det jo nesten umuleg å sjå for seg! Men då eg gjekk i småskulen, var det berre å sjå langt etter å få gå først i Luciatoget. Det var ikkje plass bak Lucia heller. For dei som gjekk på ungdomsskulen, og var omtrent vaksne, hadde sangkor og gjekk i prosesjon på lysmessa i kyrkja. Sukk, vi små måtte berre sjå på! Eg huskar eg drøymte om kor bra det vart når eg fekk vere med i koret!
Kva som skjedde? Då eg nærma meg rett alder, la dei ned koret og endra prosedyren! Er slikt eigentleg lov? No var det plutseleg dei minste som skulle gå Lucia, og eg var av dei store. Skuffelse! Eg vart minnt på dette for nokre veker sidan, då eg møtte ei som huska kor stas det var å synge i det koret og få gå Luciatog på lysmessa. Jada, eg vart brått 10 år og urettferdig behandla igjen! (eg har fått gått luciatog seinare i livet, huskar ikkje om eg har fått vere Lucia, men eg har hatt kvit kjole og glitter og sunge!)

Det hjelper med eige Luciatog!

Små, men syng av full hals!

Men i morgon er det Lucia igjen, det er sikkert utallege spente Luciaer rundt om, små jenter som får gå saman med Lucia og små stjernegutar som ikkje er så ivrige etter å kle seg i kvit kjole og få glitter i håret. Og det er spente foreldre, med kamera klart og tårer i augekroken.
Eg har ikkje stjernegutar i heimen lenger. Men eg har mitt eige vesle  fleire små Luciatog, som skal pynte opp i morgon. Det er tradisjon! Og det blir lussekattar til frukost!

Og ute dalar julesnøen ned. Det er kanskje optimistisk å tru den har kome for å bli til over jul, men det er LOV å håpe!

Snøvær i lyset frå gatelyktene

søndag 10. desember 2017

2.søndag i advent

Igår kveld var det julebord med jobben til mannen. God mat og triveleg stemning. Men kva er det med slike lag? Her kjem eit hjartesukk frå ei med dårleg hørsel. Først stappar du masse folk, som har lyst til å snakke saman inn i eit lokale med god klang(det gjeld dei fleste slike festlokaler) så sett du på bakgrunnsmusikk, akkurat litt for lavt til at du eigentleg får med deg musikken, men akkurat nok til at det saman med stemmesurret blir uråd å høyre noko av samtalen rundt bordet. Iallfall for meg, sjøl om eg stilte med både høreapparat og Rogerpenn, og det gode øret mot folk.  Og eg trur, utfrå alle som sa meir eller mindre "hæ" at det er fleire som har problem med å høre i slike rom og samanhengar.

Eg gjekk før det vart full fart og levande musikk, så eg fekk ein times tid heime med stillheit før eg for tilbake for å hente mannen. Lell har eg sove dårleg i natt, for så mykje lyd fortsett i hodet, lenge... Jaja, det var dagens hjartesukk! Eg er mest glad i små og oversiktlege selskap, utan bakgrunnsstøy!


Sola skein på stjerna, som laga skyggebilde på stoveveggen.

Dagen idag starta med sein og lang frukost, nypressa appelsinjuice, adventste og julebrød. Tenning av to adventslys og julemusikk. Så kjente eg at eg var klar for sofaen. Kanskje sove litt til? Kanskje løse litt kryssord, steike pepperkakene eg sette deig til igår? Finns det noko betre enn sofa og laurdagsavisene ein søndag formiddag?
Mannen hadde andre planer, "sjå ut" Det er sol og snø og Så fint! Vi må ut på tur" Eg mumla noko om ."..trøtt...forkjøla...kryssord...stiv nakke", men det tolka han som "Hurra! Tur! Ski! Gjerne!" Eg mumla litt tydelegare "Sofa litt til, tur snart, sakte tur, sakte" og det høyrte han nesten. Etter at eg sa det litt høgare. Kvar gong eg bladde om kvitra han "vi må ut i sola".
Men altså, ut i kuldegrader og snø, når sofaen er mjuk og det brinn i omnen? Eg som er glad i tur var lell ikkje overbevist.  Ull over og under, ein ullgenser til, tørre klær til å ha på etter turen, ski og sko og ut i bilen. Det viste seg at det var ikkje berre vi som skulle på tur idag! Heldigvis er marka stor og skispora mange, så vi gjekk ikkje i kø, iallfall berre litt. Og når eg først var ute, var det ikkje så ille lell. Det vart tur, sol, ski. Og fine bilder! (for ei som er på snap, insta og face er jo det heilt sentralt!) Formen kom seg også, med sol og tur og lys.
Og eg tenkjer som eg ofte gjer, at eg er glad i årstider! Noko finare enn ein klar vinterdag er vanskeleg å tenkje seg, det måtte vere ein vårdag med sol og lysegrønne blad på trea, ein sommardag med solgangsbris eller ein haustdag med høg himmer og fine farger. Årstider altså!




Så ok, eg har takka for at han ikkje ga seg, men drog meg ut av sofaen og ut i marka. Kanskje er eg ikkje like motvillig neste gong.


Dagens vers, sidan det er 2.søndag i advent:

No tenner vi det andre lys
dei står der stilt og skin
Vi ventar på at Gud vår far
skal sende sonen sin 

lørdag 9. desember 2017

9.desember

Laurdag før jul betyr vel vasking? Iallfall vart det det her idag. Det er lurt å velge noko som verkeleg krever vask, for då vises det veldig godt etterpå, hehe. Kjøkkenvifta skin no, etter grundig skuring. Og den litt vage planen om smultringar er lagt på is, for eg orkar ikkje vaske vifta ein gong til før jul. Og apropos is, så var det rikeleg av det i frysaren... Både den og kjøleskapet er no reine og klare for julemat.
Det er kjedeleg undervegs, men veldig fint etterpå! Trur eg kan notere full kvote med husmorpoeng idag, særleg når vi legg til julebrødbakst.

Vi har hatt felles sein lunsj idag. Mannen har pakka inn båten for vinteren, eldstemann har hatt ex phil-eksamen og yngstemann er heime i helga for å øve saman med bandet sitt, og innimellom alt dette klarte vi møtes til lunsj med nybakt julebrød og te som eg fekk i adventskalenderen idag. Mykje tull og tøv, julemusikk og fiolette lys.



Eg har forresten kjøpt ny azalea, og sviblane mine har byrja blomstre. "Its beginning to look a lot like chritmas" (evt at det liknar på advent i heimen)



torsdag 7. desember 2017

7.desember

Idag er det 17 dagar igjen til jul. Eg held styr på det, for eg tel ned på så mange måtar!

Julekrubba får ein ny figur kvar dag. Til no har det kome fleire englar, nokre dyr og ein gjetar.


Eg har adventskalender både her og der. Eg har teadventskalender med ein ny sort te kvar dag. Det følgjer med eit lite hefte med instruksjon om trekking, temperatur på vatnet og trekketid. Ei kanne te etter middag, saman med "Jul i svingen"eller "Jul i Blodfjell"(det er også ein måte å telje ned på!) og ein smak julebakst. Flaks eg har nokre svært godt stekte biscotti som gjerne kan etast opp.


På jobb har vi adventskalender, og eg er kalendergeneral. Trekking i lunsjen kvar dag, så lenge det er pakker igjen. Eg har store planer om å overraske litt ved trekkinga i morgon, det er tross alt fredag. Det kan kome bilder, i etterkant.

Og jammen har ikkje mannen byrja henge pakker til meg på kalenderen heime! Det er så koseleg!

Idag har mannen og eg bakt lefser og brune pinner, kokt grisesylte og høyrt julemusikk. Julemusikk av den litt utradisjonelle sorten, den passar godt såpass tidleg i desember. Den høgtidelege passar best på søndagane, og når det nærmar seg på alvor.


Advent er fint, det er litt roleg og det er litt kaos. Den går meir enn fort nok, men enno har eg lave skuldre. Det er litt skummelt, eg er på ingen måte i mål med julegåvene, eg berre trur eg har god tid... Baking har eg god tid til, det blir uansett nok kaker. Eg har som mål å fortsette med lave skuldre, så får vi sjå om julemonsteret held seg roleg?! (Vasking sa du? Det må vel til, men det får vente litt til)

Og dette var utsikta frå kontoret i ettermiddag! 

onsdag 6. desember 2017

5. og 6.desember

Planen om å blogge litt kvar dag i advent viser seg vanskeleg å gjennomføre. Ikkje fordi eg vil eller manglar tema, eg manglar meir på tid og prioritering!

Igår prioriterte eg å gå på ski! Mine nye, fine ski og eg, ut i skogen i nysnøen og dei heilt nykjørte løypene. Snakk om luksus!

Kven vil vere med på tur?

På kvelden gjorde eg noko ein ikkje kan skrive om , sidan det nærmar seg jul og eg ikkje veit kven som les dette. Men eg vart iallfall halvferdig! Og eg laga grisesylte.

Sylte. Klar til koking.

Idag har det vore jobb, ein skitur til (det er SÅ fint ute, masse nysnø og litt kaldt, og så er det meldt 6 plussgrader og regn i morgon... Det var berre å spenne på skia! ) og i kveld ein alle tiders adventstradisjon(vi har iallfall gjort det av og til før) felles julekakebakst med vener. Vi bakar og deler til slutt. Så no har eg kolakaker, havrekjeks, krumkaker og lefse. Vi har baka, prata, skratta masse og prøvesmakt.
Lefser gir utallige husmorpoeng!
Så får vi sjå, om det blir meir blogging i morgon. Eg har mykje på hjartet om advantskalender, julekrubbe, julemusikk og andre ting!


tirsdag 5. desember 2017

4.desember

...forsvann i ein røyk!
Det var Måndag med stor M, kjentes det som. Jobb, ein avtale veldig rett etter jobb, som eg så vidt rakk, og så var det baking og rydding før eg fekk besøk på kvelden (eigentleg lite rydding, det var fordelen med å kunne spontaninnby nokre måndag etter 1.søndag etter advent, huset var ganske ryddig og iallfall pynta!)
Kvelden vart bra, gode vener, god prat og lave skuldre undervegs og etterpå! Vener altså!
Årets første julebrød. Nam!

Snø og kø på tur heim frå jobb