torsdag 7. desember 2017

7.desember

Idag er det 17 dagar igjen til jul. Eg held styr på det, for eg tel ned på så mange måtar!

Julekrubba får ein ny figur kvar dag. Til no har det kome fleire englar, nokre dyr og ein gjetar.


Eg har adventskalender både her og der. Eg har teadventskalender med ein ny sort te kvar dag. Det følgjer med eit lite hefte med instruksjon om trekking, temperatur på vatnet og trekketid. Ei kanne te etter middag, saman med "Jul i svingen"eller "Jul i Blodfjell"(det er også ein måte å telje ned på!) og ein smak julebakst. Flaks eg har nokre svært godt stekte biscotti som gjerne kan etast opp.


På jobb har vi adventskalender, og eg er kalendergeneral. Trekking i lunsjen kvar dag, så lenge det er pakker igjen. Eg har store planer om å overraske litt ved trekkinga i morgon, det er tross alt fredag. Det kan kome bilder, i etterkant.

Og jammen har ikkje mannen byrja henge pakker til meg på kalenderen heime! Det er så koseleg!

Idag har mannen og eg bakt lefser og brune pinner, kokt grisesylte og høyrt julemusikk. Julemusikk av den litt utradisjonelle sorten, den passar godt såpass tidleg i desember. Den høgtidelege passar best på søndagane, og når det nærmar seg på alvor.


Advent er fint, det er litt roleg og det er litt kaos. Den går meir enn fort nok, men enno har eg lave skuldre. Det er litt skummelt, eg er på ingen måte i mål med julegåvene, eg berre trur eg har god tid... Baking har eg god tid til, det blir uansett nok kaker. Eg har som mål å fortsette med lave skuldre, så får vi sjå om julemonsteret held seg roleg?! (Vasking sa du? Det må vel til, men det får vente litt til)

Og dette var utsikta frå kontoret i ettermiddag! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar