onsdag 31. juli 2019

Bjørnsund


På heimtur med seglbåten fekk mannen meg med på ein omveg (eller heiter det omsjø?) Vi la ut mot Bjørnsund, som er eit fiskevær på Romsdalskysten. Det budde folk her fram til 60-talet, då vart dei tvangsflytta og no er alle husa feriehus.
Vi var heldige med været, vi hadde god tid, og fekk sett oss grundig rundt. Mannen hadde aldri vore her før, og eg hadde ikkje vore der sidan ca 1973, på besøk hos tanta til mamma, som var av dei som vart tvangsflytta. Den gongen var det eit forferdeleg vær, så ille at eg huskar den enno. Den gongen var det folk som ikkje turde vere med båten tilbake til land. (Er det rart eg har båt no? Igrunnen ja)
Her kjem nokre mange bilder frå rusleturen vår rundt på nordre Bjørnsund i sommarsol og vindstille.

Isbjørnen på Bjørnsund.
Til minne om dei som vart borte på havet

Blomster




Knallfarger!


Nordre Bjørnsund

Fyret 


Ikkje alle dagar havet er så stille

Det er mange fyr i dette farvatnet

Kveldstemning i hamna

Solnedgang


Og neste morgon sto vi opp nesten før fuglane, og la i veg over Hustadvika, som ligg rett bortanfor Bjørnsund. For admiralen (=meg) var veldig spent på det havstykket, som vanleg. Men etter fire turar over Hustadvika, byrjar eg lure litt. Det blir stillare og stillare hav for kvar gong, denne gongen var det nesten ikkje dønningar heller. Og vi kom tidleg til Kristiansund, vi hadde fyllt diesel og lagt til kai før kl 12.00, så vart god tid til å slappe av, vere turist og lese bok.

Hustadvika ein tidleg morgon.
Eg klagar ikkje!

tirsdag 30. juli 2019

Heime

Vi er heime igjen.

To veker med båttur, familieferie og farting er over. Det er skitne klær, krølla klær, klær som er litt brukt, dyner som luktar båt (eit snev av diesel og saltvatn) Kroppen byrjar å falle i balanse igjen, etter nokre dagar i båt, gyngar at, også på land.
Etter to døgn er ca 3/4 av klærne vaska. Det meste er pakka ut, men ikkje lagt på plass. Det står ein koffert og 4 ryggsekkar i gangen. Det står 1 kasse med ukjent innhald og 1 kasse med sko i yttergangen. Eg har kasta ein del utgåtte varer frå kjøleskapet, dei med pels må ut! Eg har sortert og kasta gamle aviser og levert 5 store poser med klær og bøker ++til Fretex idag (har ingenting med utpakking å gjere, dei sto ferdig pakka før ferien). Eg har overført mange hundre bilder frå telefon til Mac, men dei er ikkje sortert.

Eg har sola meg(igår) og vi klipte plen, eg har plukka jordbær i jordbæråkeren. Eg har kasta døde planter, inne og ute, og kjøpt nokre få nye. Idag har eg vore i skogen og ein liten tur til byen. Eg prøvar å huska at det er ein slags kvardag, og at måltida difor ikkje treng overlappe lenger. Eg står opp når mannen går på jobb, i eit slags forsøk på å finne rytmen og snu døgnet. 

Eg "skriv" stadig nye blogginnlegg i hovudet, og noterer idear på lappar rundt om i huset, kanskje blir det systematisert og skrive etterkvart?

Og heile tida går hjernen på repeat i bakgrunnen, at "på tirsdag skal eg byrje i ny jobb".


onsdag 10. juli 2019

Onsdag kveld

Eg sitt og tenkjer på at eg burde legge meg, men så kjem eg på at det er ferie!
Ute er solnedgangen eit syn, det er klar, blå himmel og tosifra temperatur. Eg ser på frå inne, for eg hostar, og tenkjer at eg like gjerne kan bli frisk før neste ferieetappe.

Men før idag var eg ute i solveggen! Med solhatt og bok. Og såg utover den fantastisk grønne plena, som ikkje er nyslått. Men som er full av kløver og humler! Heia humlene!





Igår kveld fann eg årets avling av markjordbær også, 2 små til meg og 1 stor til mannen. Luksus!



Og så får eg berre prøve å ikkje irritere meg over at vaskemaskina har stoppa, at meldinga mi til reparatøren ikkje hadde kome fram, slik at han ikkje hadde rett del då han var her i dag, og at vi difor må klare oss utan vaskemaskin eit par veker til....

tirsdag 9. juli 2019

Kjærleik

Heime hos oss deler vi på oppgåvene. Eg er ansvarleg for bekymringar, der er eg ansvarsfull og tek oppgåva på det største alvor. Særleg nattestid. Til no har eg hatt ansvar for å levere og hente bil på verkstad, og det har til tider ikkje vore nokon liten jobb. Tenkjer dei på verkstaden blir glade når dei oppdagar at eg skiftar jobb, og difor ikkje skal ha den oppgåva lenger. Eg kan vere litt hissig når det kjem til bil som treng reparasjon... Og eg er husets hamster. Eg har eit velutvikla hamstergen. Eg finn stadig ting vi/eg  treng, enten det no er sko, klær, mat, bøker eller andre ting. Ein sjeldan gong av og til viser det seg at dette trong vi vel eigentleg ikkje.
Mannen har ansvar for ein del andre ting, båten, halde igjen litt når hamsteren slår til, fotoutstyr etc.

Mitt siste tilfelle av hamster gjeld teservise, som eg oppdaga at vi ikkje hadde. Vi hadde iallfall ikkje akkurat det eg syns eg trong. Og eg fann jo tekoppar, hos Fretex. Men så hadde eg berre koppar og tefat, ikkje asjetter... Og korleis skal ein kunne ete sandwichar eller scones med lemon curd, krem og syltetøy utan asjett?? (Nokre vil vel seie at eg kan bruke andre asjetter, men...)

Spire,
både tefat og asjetter

Det riflede, kun tefat...

Ut på jakt igjen! Det går an å søke på Finn.no. Eg søkte på Finn.no, eg fann på Finn.no. Rett nok litt meir enn eg skulle ha. Eg skulle ha asjetter, det fekk eg. 7 stykker. Det var også med 7 tekoppar og tefat. Og eit serveringsfat. Eg avtala henting, og tenkte at når det først var i hus, så var det i hus.
Problemet var at eg hadde vorte forkjøla, eg hadde ei form som var heilt topp til å ligge på sofaen, med Ibux innabords kunne eg orke å sitte også. Eg tenkte at dette måtte eg berre la gå, eg orka ikkje kjøre 3 mil for å hente. Men mannen tilbydde seg å kjøre meg! Tross lite skapplass og eit ikkje like klart behov for fleire tekoppar, forsto han at dette var noko eg ønska meg. Eg hadde kanskje vore litt uklar på kor mykje eg skulle kjøpe...
Te frå Sverige bli betre i fin kopp!
Og med ingefærkjeks frå Sverige, servert frå
Mummihus kjøpt i Japan.

Så no har vi 10 tekoppar og 7 asjetter i "Spire", og 8 tekoppar i mønsteret "det riflede". Du forstår problemet? Eg har ikkje asjettar til "det riflede"!
Eg er på saken, eg har søk på Finn.no etter asjetter til "det riflede" frå Porsgrund. Og i morgon skal eg ein tur på Fretex for å sjå kva dei har!

Heldigvis syns faktisk mannen at eg har valgt eit to fine og elegante serviser, og han kjører meg nok når eg får tak i neste funn også! Tross fulle skap frå før. Eg trur det er dette som er kjærleik!

Det spørs forresten om eg snart skal  må invitere til eit teselskap. Det står ikkje på koppar!

Stockholm

Vi har hatt storbyferie. Ein liten tur til Stockholm, bestemt utfrå kriteria "billeg, direktefly og samme tidssone".  Ja, vi kunne tatt toget, det får bli neste gong. Eg hadde tenkt at det skulle vere sol og varme også, men det fekk vi berre delvis innfridd. 

Då vi kom til hotellet, fann vi ut at her har vi budd før. (men det huska vi ikkje) Mornington hotell på Østermalm er fint, det er tekoppar og bokhyller på rommet! Meir skal ikkje til for å sjarmere meg. Det ligg også greit plassert i forhald til sentrum, og det er god frukost. 


Deler av ein frukost.

Den første dagen gjekk vi. Langt og mykje. Det var stort sett fint vær, sjølv om vi såg meir og meir truande skyer. Vi gjekk over Skeppsholmen og Kastellholmen, gjennom Gamla Stan og fann ein lunsjplass under tak ca 5 minutt før tordenværet kom.


Etterpå gjekk vi til Fotografiska, som er eit fotogalleri med mange ulike fotoutstillingar. Veldig bra! Skal du til Stockholm, må du dit! Det var særleg to utstillingar som gjorde inntrykk, James Nachtwey er krigsfotograf og hadde plukka ut sterke bilder. Scarlett Hooft Graafland hadde meir humoristiske bilder, med skråblikk.

Dagen etter fann vi ein båt som gjekk ut i Stockholm sin skjærgard, og der serverte dei lunsj undervegs. Litt luksus og dekadense må ein ha på ferie!

Forrett
Trur det var ein slags kjøttpostei på rugbrød,
under alt tilbehøret. Godt!

Rimmad lax med dillstuvad potatis
Dette må vi prøve å lage sjøl!

Vaxholm, med kabelferge og festning
Ny dag, nye kulturopplevingar!
Waldemarsudden, med prins Eugens slott(veit ikkje om det var eit slott eigentleg) og kunstutstilling.


Prinsen var veldig glad i blomster, og hadde ikkje
berre eit blomstvindu, men ei heil blomsterstove.

Ja, det regna!
Det var ein stor og fin park, men den såg vi ikkje så nøye på...

Og svenskane kan smørbrød! Dagens lunsj:
Smørgås med räkor

Og når eg finn ein tebutikk, då lyser det stjerner i augene mine!
Litt av kvart vart med heim.
https://sibyllans.se/


Tre dagar, og ferien var over. Det er godt å kome bort og oppleve noko heilt anna. Og det er godt å kome heim og finne si eiga seng, sitt eige bad og eige kjøkken. Og det er artig å sjå tilbake og snakke om kva vi har gjort på og opplevd.
Det passa godt med ny te, eg har vorte sylte forkjøla etter at eg kom heim, og drikk kanne på kanne med te for å lindre sår hals.

mandag 1. juli 2019

Frukost på senga

Eg har vakse opp ved ein Vestlandsfjord. Då veit alle at sommar ikkje nødvendigvis betyr sol frå skyfri himmel. Det kan like gjerne vere stabile 10 grader, skodde til nasetippen og regn. Det kan gå rykter om sol, men dei går fort over. Fjelltoppane er gøymt i skodde (eg kjem frå samme kommune som Noregs mest berømte mann, betre kjent som Mannen. No er han igang igjen), men det er skikkeleg frodig og grønt! Det skal Vestlandet ha!
No bur eg i Trøndelag, same same.

Eg er ikkje sur, berre veldig, veldig våt! 
No er ferien i gang. Det er regn så langt yr kan spå. Eller alle andre værtenester. Det er kaldt og vått, og veldig frodig rundt husa! Og snø ned til 600 meter, seier dei.

Så korleis skal vi få feriekjensla?
I helga hadde vi frukost på senga! Både laurdag og fredag. Opp og koke egg, fylle tekanna, steike rundstykker (nei, ikkje frå botn, vi tok halvstektvarianten) smøre eit fint fat med mat og finne fram kjeks til frukostdessert. Ta inn avisene, hente radioen og skru på "Reiseradioen"! Huske penn til kryssord. Og så berre la humla suse og la tida gå! Det vart feriekjensle og lave skuldre!

Standsmessig nattbord. Ny tekopp og trufast tekanne.


Og på laurdag var eg ute og kjøpte ny te.
Sommarte!

(Smuler i senga? Neida, ikkje med fat og rundstykker og serviettar tilgjengeleg. Måtte forresten rydde nattbordet, slik at tekoppen og tekanna hadde fast grunn)