mandag 30. juni 2014

Vekestart veke 27

Ny veke, og du er vel klar for nye visdomsord?
Dette diktet las eg i ei blad ein gong, klipte ut og la til sides, så gløymte eg det. Idag fann eg utklippet att, og tenkjer at dette er det rette å dele med dykk idag!
Ein Bukett frå grøftekanten

Gode ord

Det visne mennesket
fikk overrislinger av gode ord
dagen etter
var mennesket fullt av blomster
røttene boret
dypt i oss.

Tove Lie

Er det ikkje fint sagt? Eg får lyst å overrisle andre, og eg har lyst å bli overrisla og stå der full av blomster!!! 

Idag har eg både gjødsla og vatna kjøkkenhagen. Den veks og trives, men den krever stell! Akkurat som folk og venskap og livet!

Frodigt og grønt! 

søndag 22. juni 2014

Vekestart veke 26

Det regnar ute, det regnar jamnt, det er vått. Det er kaldt også, det er ikkje midtsommartemperatur i det heile tatt. Men det er frodig og grønt, og når ein kler på seg og går ut, er det ikkje så ille lell.




Regn

En er en, og to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vådt
deilig og rådt!
En er en, og to er to -
vi hopper i vand, 
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner i dag.
Sigbjørn Obstfelder





Og etter ein våt tur i fjøra, var det godt å kome inn i varmen og få på seg tørre strømper :)

Ha ei strålande veke!

torsdag 19. juni 2014

Te plis, igjen!

Eg har skrive om "Te plis" tidlegare, det er gode minner frå barndommen!

Sist helg var eg invitert i "Afternoon tea-selskap". Eg kjente meg skikkeleg beæra over å bli invitert, det var eksklusivt selskap og flink vertinne! Og eg er ikkje mindre beæra etter å ha vore i selskapet! Afternoon tea er ikkje noko tulleselskap, det finns reglar for etikette, og det er vel bortimot reglar for servering og oppførsel? Eg er nok ikkje heilt stø i slikt, tross min bakgrunn som teplis-utøvar… Heldigvis fekk vi opplæring i "røring med teskei i tekopp", kvar servietten skal ligge, korleis ein skal drikke te og korleis forsyne seg med sukker. All opplæring gjort med eit smil! (Skulle du trenge oppfrisking av etiketten, kan du lese her afternoon tea etiquette )

Vi fekk servert finaste te i nydeleg teservise. Og vi prøvde etter beste emne å ikkje slurpe, men nippe danna av koppen!



Til å ete fekk vi sandwicher, med eggesalat, ost, kylling og sandwichen over alle afternoon tea-sandwicher: agurk- og kremostsandwich! Om vi åt? Gjett!



Vi fekk også scones med lemon curd, clotted cream og jordbærsyltetøy! Og det var naturlegvis engelsk konfekt! Vi hadde det som prinsesser.



Etterpå gjekk vi ut i sola og åt eplekake og is. Kjensla av luksus og ferie seig inn over kroppen!


Og heilt til slutt satt vi ute i solnedgangen og åt reker…



Det var eit fantastisk selskap og ei flott helg, vel verdt turen til austlandet og sola! Men det beste var å bruke tid med fine damer, ha tid til latter og alvor, god tid til prat om både alvor og glede!

(Undertegna til venstre)

(Eg forresten låne seng med rosa himmel og krone, så eg var ei skikkeleg prinsesse denne helga)

onsdag 18. juni 2014

Vekestart veke 25

Beklager, beklager, men dagane går før eg får sukk for meg, og bloggen står langt ned på to-do-lista. Eg har fleire innlegg eg kan skrive, om afternoon tea og strikking og andre ting, men eg rekk det ikkje! Sukk!
Miniatyrvottar

Eg lovar å skrive om verdens beste teaparty, om nye venskap og om strikkekveld.  Men no kjem vekas dikt:

Dager setter spor
små hendelser får mer tyngde,
eller det alminnelige
Hver dag vokser og blir mindre,
noen døgn huker seg fast i minnet
andre slettes for alltid
Et ord i forbifarten overlever
en dag, kanskje tre

Truls Horvei

Idag er ein slik dag som "huker seg fast i minnet". Vi har vore på vitnemålsutdeling på ungdomsskulen med minstemann. Ein milepæl, ei etappe tilbakelagt. No har vi ikkje lenger barn i grunnskulen, sukk.  Vi har ete rabarbrapai(det var det einaste eg rakk lage, for den kan serverast varm) og andre kaker, sett film frå alle tre åra på ungdomsskulen, skratta over kor små dei var, kor store dei er. Vi har høyrt talar, sett kjekk ungdom i sin finaste stas. Eg har vore uendeleg og nesten upassande stolt over junior og resten av musikkgruppa som hadde øvd inn "Bohemian Rhapsody". Vi har klappa etter høgtideleg overrekking av vitnemål og for den flotte ungdommen. Og snakka med andre foreldre som heller ikkje forstår kvar åra har vorte av!

Dei fleste dagane er som andre, så det er fint med dei som skiller seg ut!
Håpar du får minnerike dagar i sommar!
Norske jordbær, dei hukar seg fast  minnet!

Rabarbrapai i produksjon, smaken av sommar og barndom!


mandag 9. juni 2014

Langhelg og bilkjøring med forviklingar (vekestart veke 24)

Det har vore pinse, og for lenge sidan kom invitasjon til barnevelsignelse til vesle Marcus i Bergen, vår yngste nevø, denne helga. Etter litt fundering slo vi fast at dette var ei super helg for å teste den nye bilen som var bestilt.
Dei som har fulst bloggen ei stund, veit at eg har eit ambivalent forhald til bilar, det er ein del dårleg erfaring ute og går! Eg har brukt meir tid enn eg likar på bilverkstader, og eg har strevd litt med å henge med når eg får spørsmål om eg vil ha ny coilrekke eller om når registerrreima sist var skifta. Du kan lese meir om det her: Å sjå Noreg i 3.gir Men sist veke fekk vi endeleg den nye bilen, og alle har vore glade og nesten gjort seg ærend for å ha ein grunn til å kjøre den.

Så fredag pakka vi i bilen, nikka fornøgd til kvarandre om den gode fotplassen og bagasjeplassen, og sette oss inn og starte på dei nesten 60 mila som låg framom oss. Det var god musikk på anlegget og god stemning! Eg hadde smurt matpakker, kjøpt frukt og drikke, laga sunn snacks som gulrotstavar, sukkererter og usalta nøtter som låg i kjølebagen og berre venta på ei pause oppe på ein eller annan nasjonalromantisk vakker rasteplass!
Ok, noko anna hadde snike seg med i matpakka, skuffa soner trøsteet potetgull
Første del gjekk bra, og vi kjøpte oss middag etter ca 1/3 distanse. Det skulle vi aldri ha gjort….for då starta problema. På veg til ein fjellovergang, byrja automatgirkassa å vere vel automatisk, det kom varselverktøy opp på dashbordet, og stemninga i bilen sakk som eit blylodd midtfjords! Eg mistenkte først mannen for å tulle med meg, men det var ikkje så vel. Det vart telefonering hit og dit, vi fekk tak i veghjelp og sto etterkvart ganske fast på ein verkstad inni skogen med ein bil som kun gjekk i 1.gir. Men klokka gjekk og vi forsto at dette ville bli, i beste fall, veldig seint ankomst til Bergen. Det viste seg at næraste leiebil var i Trondheim, som var 20 mil unna og der vi faktisk starta! No byrja galgenhumoren å slå inn!
Mannen spelar gitar for å halde moralen oppe

Etter endå fleire telefonar og medan klokka gjekk endå meir, vart det bestemt at både vi og bilen skulle fraktast tilbake til Trondheim. Skuffa! Men så mykje anna var ikkje å gjere enn å sette seg i bilen, den nye, fine bilen, som hadde alt, men ikkje gir denne dagen, og bli dratt opp på bergingsbilen. Å legge ut bilete som det over på Facebook og Instagram, gir masse sympati og trøyst og hjelp til å halde motet oppe forresten!

Utsikta framover når ein blir bilberga
Vi kom tilbake til Trondheim 11 timar etter at vi starta, omtrent samtidig med at vi skulle vore i Bergen… Slitne og litt motlause! Etter familieråd fann vi ut at leiebilen vi fekk var for liten til at vi orka starte med ny frisk klokka fem neste morgon. Så fann vi ut at fly heller ikkje var noko alternativ, verken flytider eller pris passa, og vi gjekk og la oss.

Helga vart ikkje som planlagt! Vi fekk ikkje med oss familieselskap, grilling, barnevelsigning og berre det å vere saman med famile. Vi har enno ikkje fått møte Marcus, vi har ikkje spela kubb og leika sisten med dei andre søskenbarna, og prøvar no legge planer for sommaren slik at vi får det til då iallfall.

Vi var skuffa og lei oss då vi kom heim, og trong ein "liten" mental snuoperasjon for å nyte helga heime. (Men jammen var bilselgaren skuffa og lei seg på våre vegne og, vi fekk mykje god hjelp der! Han var ikkje noko glad for å måtte treffe oss på laurdag for å ta bilen inn på verkstad.)

Men vi har fått sol på eiga terrasse, eg har ligge i sola og lese aviser og bøker og fått kvilepuls. Eg har sykla tur, sidan den eine foten skal behandlast forsiktig, og det gjekk bra. Vi har langtidsgrilla svineribbe på grillen, for andre gong og det gjekk bra denne gongen også! Då treng ein god tid og mykje tålmod, lav varme og spennande krydder. Fin mat å invitere gjester på!
Potetsalat med egg, paprika, løk og urter i fleng
Ribbe på grillen

Vi skulle jo eigentleg i barnevelsigning i helga, vi skulle treffe ein liten kar som er ny i slekta. Og diktet må vere til han den veka:

Det største mysterium
er ikke mer enn det
at en ørliten kropp
er våknet til jorden.
Den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.

Selv femtrinns-raketter
og kjernefysikk
blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn
med et eneste blikk
beviser at Gud er til.

Andre Bjerke


Alle gode ønskjer til Marcus! Og ei god veke til alle de andre der ute!

Lausriving

Eg har tenåringssoner.

Det har naturlegvis tatt nokre år å kome hit, men eg syns det er rart å vere her. Det er ikkje så lenge sidan beleiskift, nattevåk og lego over heile stovegolvet. Det er ikkje så lenge sidan dei ville vere saman med meg heile tida, vi foreldre var kloke og morsomme,  dei trong meg til det meste, og eg viste kvar dei var! La seg om kvelden gjorde dei og… (og vakna tidleg om morgonen) Dei trong meg for mat, kos, pass, klær. Det var mykje "maaammmmaa!(og "paaappa")

I det siste har eg merka at noko skjer. Det er lausriving på gang. (og ja, eg veit det er normalt og sunt og eg kan minnast at eg har sagt at eg gler meg til denne tida og, ikkje ha små barn lenger) Der det før var "kan æ få gå til en kompis?", har det ei stund vore "æ går te en kompis". Men no er det meir at dei berre er borte, planer blir lagt heilt utan at eg veit noko om det. Eller plutseleg står det nokon på døra, seint på kveld, for eit lite besøk. Det er -o skrekk- fleire med "lappen" så det er bilkjøring også. Det er lyse netter og varme dagar, det er telttur og grilling og tur på kafe. Det er akutte behov for pengar og reine klær. Det er tomt for brød og juice og middagsrestar. Det er bandøving, trening, og sykkeltur i skog og hei, samtidig som det i mitt hode skulle vere fellesmiddag. Men innimellom er det familiekos, øvingskjøring, lekser og eksamen, ting der eg er med og er nødvendig. Dei slår plena og tømmer oppvaskmaskina utan å bli spurt, dei fiksar sykkelen min og løfter tunge ting på plass. Dei kan diskuterer og kome med kloke innspel, før det plutseleg kjem ein dårleg vits og eg må skratte og kjem ut av det!

"Det har du sagt før!"
Og skulle det skje noko så rart som dobbelbooking med noko eg har planlagt, er det mi skuld at ikkje alle veit det. (det hender vel at mor tenkjer at "det har eg sagt, flerie gonger") Eg prøvar å halde på at under mitt tak, er det faktisk foreldra som bestemmer, det er ikkje berre å komme og gå som ein vil. Og stort sett vi løser det greit, vi legg planer, vi avtaler reglar("vekk meg når du kjem heim" Mannen har naturlegvis rett når han seier det er manglar ved den regelen der, kva om dei ikkje kjem heim?) Eg har ikkje mobilen på lydlaust om natta lenger, iallfall ikkje når ikkje alle er i hus. Eg likar å få eit livsteikn når dei reiser bort, slik at eg veit at dei er der dei skal. Eg tilbyr meg å kjøre og hente, eg vil vite kvar dei skal og kven dei skal treffe.

Eksempel på mat laga av junior
Oftast går det heilt bra! Når eg minner om prøver, laurdagsjobb og slikt, viser det seg at det meste er under kontroll, og eg får beskjedom å slutte å mase. Nokre få glippar er slikt som kan skje den beste. Men det er rart for mor. Har eg lært dei alt dei treng? Kan dei vaske klær, styre økonomi og lage mat? Har dei kompetanse til å klare seg utan meg?! Det er jo der det ligg, vil dei klare seg utan mor?! (og vil mor klare seg?)Eg kan ikkje huske at mine foreldre tok det så tungt når eg var på veg ut av reiret, og alle andre eg kjenner med ungar som flyttar, verkar og veldig rolege. Er det berre meg?

Eksepel på kva ein kan finne på brødfjøla

onsdag 4. juni 2014

Stakkars meg! (vekestart veke 23)


Venteromslek

Av og til, av og til, berre sjeldan, naturlegvis, syns eg synd i meg sjølv! Sånn skikkeleg!
Idag er ein slik dag! Eg furtar i sofaen etter å ha fått beskjed om å gå minst mogeleg ei veke framover, og det passar særdeles dårleg, eg som er inne i ein brukbar driv med å bevege meg meir kvar dag. Eg har fått ei sprøyte som var så vond at eg har bitemerke i hånda enno, fleire timar etter at det skjedde. Den "snille" fysioterapeuten som var der, syns eg var tapper, men det var før han såg bitemerka… Eg satsar knallhardt på at "vondt skal vondt fordrive", for dette bør jammen ikkje vere forgjeves. Det tvingar seg fram ein sofakveld med tv. Det kan forsåvidt vere greit nok, eg huskar ikkje sist eg såg tv, og det finns sikkert nokre opptak å kikke gjennom.

Då er eg ferdig med å klage(trur eg) :)

Kjøkkenhagen 
Solnedgang



Veret i Trøndelag har vore nydeleg dei siste dagane! Det har vore uteliv, grilling, middag på terassen, seine kveldar, solnedgang, varmt soverom. Eg har måtte vatne kjøkkenhagen kvar kveld, for der er det tørste småplanter som vekst i rekordfart i varmen. I kveld har eg hatt ruccolasalat på brødet, frå eigen hage, snakk om luksus!
Døgnrytma blir så som så, for både foreldre og tenåringar, når tenåringane går mot avslutning på skuleåret. Eksamen delvis er overstått og det er lite å fylle dagane med på skulen. Det er seinare start og lett program, med basketballturnering og grilling blanda med rydding og standpunktkarakterar. Eg let meg påvirke av det same, og det gode veret og alt lyset kan forvirre alle, men eg har samme kjøret på dagtid og nyt å sove litt i sola!

Vekas dikt seier litt om det same, og om det brå skiftet vi ikkje er førebudd på.


Eg drøymer meg burt



Eg drøymer meg burt
her i utslåtta,
i lundar av bjønnkjeks

og burkn.
Kring sylvbunke-duskane

sviv fivreld
vakrare enn

paradisfuglar,
eg er barn att

og burte og

eitt

med angande gras

og siglande

skyer -

Til ein rå vind

skjek

ei einsleg
kongsfure

av ein einstape

og migemaur

kryp

under kledi.

Olav H. Hauge