fredag 27. september 2013

Eg er inga pyse(eg kan når eg må)!

Fredag ettermiddag er ofte lang! Kaffepausa på jobb gjekk over i jobbprat i ettermiddag, og det varte litt før eg kom meg tilbake på kontoret.
Då såg eg at eldste junior hadde prøvd å ringe meg. Det er sjeldan noko godt tegn... (intet nytt er godt nytt frå den karen) Eg ringte tilbake og fekk følgande spørsmål: "korleis rensar ein skrubbsår?" Slik kan ein på ein effektiv måte få opp pulsen på mor, heilt utan innblanding av trening og slikt. (Tankane flyg fort, bør eg berre ringe etter ambulanse med ein gong, lege, eller helst legehelikopter kanskje?) Litt kjapp pusting med magen(mor altså) og så spørje kva som hadde skjedd. Joda, han hadde måtte passe seg for ein bil som kom køyrande i sykkelfeltet der han sykla, og då hadde han velta og skrubba seg litt i ansiktet. Bilisten hadde forresten ikkje stoppa, men berre køyrt vidare. Lett hysterisk spør mor om ho skal kome heim, i ei fart? (Igrunnen var eg no nesten på veg ut døra på jobb.) Neida, det var det ingen grunn til! Så etter litt forklaring om vasking av sår og slikt, var det "ha det bra".

Då arbeidsdagen var avslutta, tok eg meg ein tur innom apoteket, og kjøpte både det eine og det andre til sårstell. Erfaring sa meg at eg nok ikkje hadde alle fakta enno...

Vel heime traff eg syklisten....og det er forskjell på litt og litt skrubbsår, tydelegvis! Etter å ha fotografert elendigheita, tilbydde eg meg å rense og kanskje stripse saman såra litt meir. Då kjem det fram at uhellet hadde skjedd på tur TIL skulen, 5 timar før! Heldigvis er han flink å bruke hjelm, og det har nok redda hodet for den verste smellen. Han hadde ikkje fått merknad sjølv om han ikkje var tidsnok til første time, ikkje kompisen som hadde hjelpt han heller. Og det skal junior ha, han skulkar ikkje skulen utan veldig god grunn! Og litt og litt, halve ansiktet er skrubbsår, små kutt, hovent og snart blåflekkar. Sidan det hadde gått såpass lang tid, slo eg frå meg å stripse kutt, men vaska litt meir. (og prøvde forklare at eg godt kunne fått beskjed litt før!)
Dårleg lys dekkjer over ein del...
Det kunne gått mykje verre, og kjekke karar gror fort saman igjen, heldigvis! (og imorgen har han tenkt seg på jobb)
Bruk hjelm folkens!!

(Onde tunger vil vel ha det til at det er ein grunn til at eg ikkje får alle fakta med ein gong, men det forstår eg ikkje noko av)

Historia er fortald med tillatelse frå helten, og med mor si vekting av detaljer og hennar avslappa holdning.

søndag 22. september 2013

Vekestart veke 39

Eg er for ein gong skuld tidleg ute! Forklaringa er at eg skal på eit tidleg fly til Oslo i morgen, og eg reknar med at blogging og jobbing går dårleg saman i morgon og tirsdag. I morgon er det møtedag, og på tirsdag skal eg på kick-off, ikkje bloggearena noko av det!
Dagens dikt er av Kolbjørn Falkeid, det har vore nokre av han i det siste, det er fordi eg nettopp har oppdaga han.

Morgen

Det er morgen igjen, vesle håp
og verden frotterer seg med nyvasket solskinn.
Livets ansikt er aldri det samme
selv om vi ser på det i all evighet.

Kolbjørn Falkeid


Eit lite glimt av gårsdagens frukost: fikenmarmelade, toast/kjeks med nøtter og kirsebær og Kraftkar(blåmuggost frå Tingvolls) Det er ikkje til å kome ifrå at matsnobbar kan ha det riktig så bra! Og med selskap av mannen, te og ferske aviser og god tid, var det ein god start på dagen!


Ha ei strålande veke!!!

torsdag 19. september 2013

Venskap er ein fin ting!

Igår inviterte eg til kvinneforening, eller syforening om du vil. Finfine damer som møtes med ujamne mellomrom. No hadde mellomrommet vore spesielt langt, vi hadde ikkje møttes i denne settinga sidan februar... Nokre av oss har vore med i gruppa sidan 1995!!! Andre er nyare, så vi kjenner kvarandre meir eller mindre godt. Men vi kjenner kvarandre godt nok til at vi veit om jobb, livet, familie, gamle foreldre, oppussing av hus+++
 
Å ordne til foreiningskveld har litt nostalgi i seg. Eg huskar når mamma skulle ha forening, då var det rydding og vasking, og det skulle ikkje ligge sko i gangen som nokon kunne snuble i. Det var påsmurt mat og noko litt søtare til slutt, og restar til frukost og nistemat neste dag om ein var heldig!! Når mamma stekte sveler eller vaflar, klipte ho rundt dei før ho la dei på fatet, det skulle ikkje vere frynsete kant. Eg gjer mykje det same av førebuing, men med min vri. Huset må ryddast, og det har det oftast berre godt av! Ein runde med støvkluten gjev litt meir skinnande flater :) Sko kjem tilbake på plassen sin, eg finn andre ting som kanskje kan ryddast på plass, og støvsugaren går varm. Hausten har kome, og eg kunne finne fram lys og tenne i alle krokar og ikkje minst tenne lys i lyslyktene ute. Det vart sveler igår, og grønsaker med dip som eit sunnare alternativ(og jammen lurte det seg fram ei skål med sjokolade...) Det var te og kaffe og brus, det var det fine serviset vi fekk til bryllaupet for snart 20 år sidan og ikkje minst duk på bordet! Med duk på bordet kjenner eg skikkeleg etablert!


Godt!!!

Men det viktigaste er samtalen. Å dele av livet, å få støtte, trøst, råd, respons, latter. Alle skal ha taletid. Igår gjekk samtalen med ein litt sår undertone i starten, for ei av oss er svært alvorleg sjuk. Vi var saman, ho kunne fortelje, vi kunne spørje. Godt å vere saman om slikt og! 
Men etterkvart vart det latter igjen, gode historier, heile livet fekk plass!


 

søndag 15. september 2013

Vekestart veke 38


Eg har hatt ei fabelaktig helg, med bryllup, familie, storfamilie, den nye storfamilien, latter og glede. Eg har også kjent på saknet etter dei som ikkje kunne vere med på festen, og tenkt nokre tankar om livets gang.
Det har vore kjekt og slitsom på samme tid, og det er godt å kome heim til kvardag igjen. Det er travelt å vere så mange saman, men artig å ha mange å ete frukost med og vandre rundt i ein ukjent by saman med! Vi rakk vere bittelitt kulturelle og har sett Munch sitt hus i Åsgårdstrand.
Det er mange klemmar frå små nieser, og småprat med vaksne nevøar. Det er godt å kunne bruke tid saman, tulle og fjase, snakke litt alvor innimellom, sjå forelskinga og kjærlbittelitt turistar og har sett Munch sitt hus i Åsgårdstrand.
Bordpynt i bryllupet


Og det er september, og det er ein september av det slaget ein drøymer om, med høg, klår himmel, sol og haustfarger(igrunnen kom haustfargene litt brått på meg, for varmen har minnt mest om sommar, ikkje haust). Kaldare kveldar, mørke som kjem tidlegare for kvar dag, kjensla av at noko er over og at snart er det mest inneliv.

Det er på sin plass med eit haustdikt:

SEPTEMBER
September-dager så klare som fugleøyne, myrerhvor tranebæra dugger matt om kvelden
når 
stjernene slår sine sølvspik i stillheten.
Alt er fred og fredløshet;

det ligger en marsjordre forseglet

under treets krøklete røtter

djupt i bergrevner og raumold.

Og løfter du blikket

fra stien gjennom blåbærlyng over høgda,

da renner øyenhulene dine fulle

av blå-blått ved himmelrendene: En vill lengsel

stryker stille gjennom din indre ødemark
lik skyggen av langsomme vingeslag.

Hans Børli
(Frå Vinden ser aldri på veiviserne, 1976)




onsdag 11. september 2013

Pysemamma

Idag fekk eg ikkje tak i ein av juniorane, meir skal ikkje til før eg blir bekymra!

Før eg fekk barn, trudde eg at eg var tøff! Eg burde vel ha forstått at det er eg ikkje, eg som ikkje likar høgder eller fart. Då eg gjekk gravid, tenkte eg at eg skulle oppdra ungane til å bli tøffe og uredde. Dei har vorte det, men det er mykje fordi dei har ein far i tillegg til pysemamma`n... Pysemamma`n ser nemleg farar over alt!

Eg er ei pyse, rett og slett! Eg bekymrar meg for mangt og mykje, kanskje bittelitt unødig og. Eg kan sjå for meg det verste på kort varsel, særleg dersom ingen svarar når eg prøver få tak i dei. Er dei sperra inne i brann? Ligg dei forslått i skogen med sykkel over seg? Det er ulempa med mobiltelefon. Den bekymringa slapp mine foreldre! Og har tenåringane sove nok, kledd på seg rett, hugsa å ete?

Ein engel som passar på
Eg prøvar vere flink, eg seier hurra når dei meistrar, eg lyttar til ein viss grad til forteljingar om kva dei har gjort på sykkeltur i skogen, eg nikker lett nervøst til historier om klatreturar etc, og snur meg diskret vekk når nokon skal vise triks. Eg er ganske god til å beundre utsikta den andre vegen! Eg lærte det av ei anna barnehagemor for mange år sidan, at det å snu seg vekk, men samtidig vere der, kunne vere godt for nervøse mødre(då er vi klare når junior må lappas saman, på ein måte)

Men det er jammen med god grunn eg er litt nervøs! Eg har fått telefon om kløyvde lepper(og tunge!), brekte armar, vridde knær og utslåtte tenner. Eg har fått spørsmål om det er mogeleg å vaske bort blod...det går, men holet på buksa var så stort at det var berre å kaste den. Eg har sett ein junior stupe over panseret på møtande bil, det gjekk bra den gongen også. Av og til smør dei på litt ekstra når dei fortel, sidan dei veit at mor blir bleik. Eg kan vere kald og roleg og ordne opp når det trengs, eg brøyter meg veg i køa på legevakta, eg held maska ganske lenge når det gjeld, men etterpå....skjelvande løvblad! Eg er evig takknemleg til tannlegen som lappa saman lepper og tenner på han som hoppa og landa litt dumt på sykkel, men som først plasserte mor i ein stol i eit hjørne, med beskjed om at no skulle dei fikse guten.

Eg er veldig glad eg har aktive gutar, eg er glad dei likar å bruke kroppen. Eg trur til og med at dei blir flinkare til å bruke kroppen, når dei utfordrar den. Balansen blir god av å sykle på smale skogsstiar, den som klatrar blir sterk og smidig. Men treng dei sykle i mørket, og så fort? Treng dei gå på topptur åleine? (joda, far min gjorde det same i ca 1946, men det er lenge sidan!) Og kan dei ikkje stupe frå litt lavare høgde, og er vatnet varmt nok?!
Eg trudde det skulle bli litt betre når dei vart større, men det lurer stadig nye farar. Bilkjøring for eksempel, ja berre øvelsekjøring er tøft for mor. Korleis eg skal tørre å sende dei ut i verda, lurer eg på. Vil dei klare seg utan mor? Truleg ja, og dei vil vel klare seg godt...
Eg øver meg på å sleppe taket, og er glad eg har litt tid igjen. Eigentleg gler eg meg til at dei er ute av huset(og eg trur dei gler seg og), men det blir rart og skummelt!
Når vil eg slappe av og slutte å bekymre meg? Vil det i det heile skje? Og er det andre som har det slik?


(eg har litt å slekte på; bestemor var bekymra for barn og svigerbarn og barnebarn og barnebarns barn heilt fram til det siste. Trur ikkje foreldra mine er heilt fri heller.)

tirsdag 10. september 2013

Vekestart veke 37


Klar for vekas ord? Eg har kome litt skeivt ut i det siste, og er stadig for sein...



Privat huskeregel

Du skal ikke klistre fine øyeblikk 
opp på veggene i tankene
og forgylle den med lengselen din.
Du skal kjøre spettet
hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
En etter en.

Det er derfor livet har deg på mannskapslista.

Kolbjørn Falkeid

Livet er ikkje for pyser! 

Det er fine dagar og arrete dagar til alle som vil ha...






















Eg er nok litt prega av å ha alvorleg sjukdom rundt meg på fleire kantar for tida, eg får lyst å rømme unna, dra dyna over hovudet, kjenne på dei fine stundene og fortrenge alvoret. Akkurat no er det mange dagar å ta tak i med spett!! Men eg ser samtidig dei gode, gyldne stundene innimellom. Det er noko å gle seg over.


(og eg har nytt kamera og kjem til å bruke bloggen som teststad for bilder! Bilda her er tekne i hagen idag, hausten kjem snikande, sjølv om det er varme dagar og det kjennes som sommar)

tirsdag 3. september 2013

Vekestart veke 36

I helga var eg hos mamma og pappa. Heime er eg dotter, same kor gamal eg blir. Men litt meir får eg gjere, litt meir blir eg tiltrudd med åra. Eg får lage middag, reie opp mi eiga seng og får rygge pappa sin bil ut av garasjen!

Men det er pappa som plukker plommene, eg fekk ikkje opp i stigen!




Og været viste seg frå si beste side ei stund og eg gjekk på tur og fann sopp og fekk dei aller lengste beina i sola!



Vekas ord er litt preg av at mamma er sjuk, så eg vil ha nokre mammaord idag:



En mamma er en mamma
En mamma er en mamma
 om du kan krabbe eller gå.
En mamma er en mamma
om du kan sitte eller stå.
Hun løfter deg og trøster deg og legger deg til ro,

hun bretter dyna over deg og gjør deg varm og god.

En mamma er en mamma

om hun har hundre andre små.

En mamma er en mamma
 om det er vinter eller vår.
En mamma er en mamma om du blir stor og tiden går.

Hun klapper deg og klemmer deg. Hun fyller opp din kopp.

Hun synger når du legger deg og når du skal stå opp.

En mamma er en mamma
 om hun er over hundre år.

Om hun har hundre andre ting å gjøre,
 hun kan høre
 om du har det bra.
 Hun er så god å ha!
Hun klapper deg og klemmer deg, hun fyller opp din kopp.
 Hun synger når du legger deg og når du skal stå opp.
 En mamma er en mamma 
om hun er hundre mil herfra. 
En mamma er en mamma. 
Hun er det beste du kan ha!!!
(Gustav Lorentzen)


Og vi åt kake og feira fødselsdagen min for omtrent fjerde gong den veka!!