mandag 31. desember 2012

Vekestart veke 1!

Nyttårsaften, romjul, idag kjem eit bilderas frå julepynt og stemning. Ute er det snø, det er glatt, smell og lys frå rakettar har allereie byrja rundt om i byen.



I kveld er det nyttårsfest med gamle vener, vi har til og frå feira i lag sidan ungane var små, no har vi ungar som er høgare enn sine foreldre. Det er spleiselag, og eg har laga fruktsalat og foccaciabrød og dadlar med bacon. Gler meg!



Huset er julepynta, det er kjekt, men fullt... Det krever sitt å halde orden og system med englehæren som svevar over heimen og fine dukar og blomster som treng vatn...


Juletreet er grønt, men det er nåler under treet... Slik blir det fort når ein pyntar og så reiser vekk og treet  måtte klare seg sjølv nokre dagar.


Vi et mykje frukt i jula, men det går med nokså mykje sjokolade også... Av den grunn kan eg ikkje vise bilete av den!

Godt nytt år til alle som les bloggen min! Håpar du vil følgje meg inn i 2013 også!

onsdag 26. desember 2012

vekestart 52

Eg ligg litt etter, men det var ikkje mykje rom for blogging i starten av jula!

Vi har hatt stor storfamiliejul med svigerfamilien, 20 store og små på lillejulaften, 16 på julaften og juledagene. Det er ein del logistikk med mat og dusjing og pakker og soving med ein slik gjeng samla. Kjekt,  men litt slitsomt. Ungane kosar seg, ein får litt ro og tid over samtalane, samtidig er det å lite sitte i sofaen og sjå i veggen.

Det var ribbe julaften, med alt tradisjonelt tilbehør. Det var kalkun med alt tilbehør på amerikansk måte 1.juledag, vi fekk saus og potetmos og søtpotet/godterimos og bønnecaseroll, stuffing etc, og pecanpai og applepai til dessert! Idag er det pinnekjøt, så eg trur eg treng fisk i morgon!

Idag har vi gått tur, det er ikkje så mykje snø her, så det vart på føtene. Men fint var det lell!




Dagens ord blir juleevangeliet, litt forsinka:
Jesus blir fødd 
2I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.  2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.  3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
   
  4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt  5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.  6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,  7 og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
   
  8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. 9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
         
   
 14 «Ære vere Gud i det høgste,
          og fred på jorda
          blant menneske Gud har glede i!»
15 Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20 Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei. 

mandag 17. desember 2012

Vekestart veke 51

Akkurat no lurer eg litt på kvifor eg starta dette vekestart-styret!! (det var for å gje meg sjølv ei bloggoppgåve kvar veke, jada...) Men i denne søte førjulsstri, der nokon kvar kan bli stri, er det ikje så lett å rekke alt.

Stallen fylles opp, det er teikn på at det snart er jul


Englane til høgre insisterte på å bli med heim på laurdag, og det måtte dei få lov til! Meir sjarmerande enn desse skal det mykje til for å bli!














Det vart lussekattar denne veka
Gode vart dei og! (og borte) Og luciatoget mitt fulgte med.


"Æ tror det e enklar me jul for mæ enn for dæ", sa min eldste son idag, då eg hadde fortalt kva eg skulle bruke "fridagen"(eg var iallfall ikkje på jobb) min til. Eg starta dagen med å stå utanfor OBS! og vente på at dei skulle opne, saman med alle pensjonistane, det har eg aldri gjort før! Men det var verdt det, lite folk, lang liste og ganske fort ferdig. Så vidare med lista til eit kjøpesenter, der eg etterkvart unna meg litt kafeliv, og kunne krysse av punkt for punkt på lista. Til slutt heim, til mengder med reine klær som skulle brettast og fordelast.

Eg tek meg i å nynne litt på"vi hakke tid, for vi må..."
Eg har ikkje tid, for det er så mykje anna som kunne og kunne og burde vore gjort, og eg spring frå oppgåve til oppgåve.

Medan eg sukkar og skjær tenner, byrjar mannen synge på denne sangen...


Heksedans

Av Vidar Sandbeck

Og kjerringa hopper i serken sin og kaster seg rundt som en hvirvelvind.
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Ho fær over gølvet så fort ho vinn med pompen i været og knea inn,
for den som vil ligga litt føre sin neste han kan itte såvå når sola rinn.

Men tida er så altfor knapp, kan hende kjem ho for sent, for sent tel livets ende. 

Og kjerringa stamper i stua inn med kluter og koster og pusseskinn.
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Ho drev på i går tel ho nesten datt, men nå lyt a tørk over gølvet att,
for katta ho fly her med sølete labber og rakker tel huset hår enda natt.
Men tida osv.

Det kan itte seile sin egen sjø om ryggen blir rund som ett grislebrød.
For nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Og dagen den går i en kjerringdans med filler og såpe og møbelglans. Og når ho er ferdig da tar a det omatt og omatt og omatt foruten stans.
Men tida osv.

Og kjerringa roper åt gubben grå:Du får itte kom inn med skoa på
For her er det lemmer og liv om å gjøramed påsken og pinsen og jula for døra.
Og kjerringa rydder den sene kveld det gubben og onga har rote tel,
med tobakk og pipe og bøker og bilder og klosser og sneller og ludospell.
Men tida osv.

Og kjerringa vasker og gnir og gnur og aldri ho tar seg en løpartur.
For støtt er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra.
Og gølvfilla går i en evig ring, nei, maken det fins itte her omkring,
så hvis at ho kjem i sin egen begravelse ville det bli tå de store ting!
Men tida er så altfor knapp, kan hende kjem ho for sent, for sent tel livets ende.


Eg kan ikkje skryte på meg så mykje vasking, da...men litt sant er det vel idet.

Men heldigvis var kvelden i dag avtala for lenge sidan, vi skulle på tradisjonell grautmiddag saman med gode vener, som har vore vener så lenge at det er bortkasta å prøve å gjere eit godt inntrykk lenger. Heldigvis! Det er berre å vere seg sjøl, slappe av og ta kvelden som den kjem! Full avslapping saman med vener er god medisin mot stressnakke.

I morgon er det jobb igjen, men no trur eg at det meste er under kontroll, iallfall gåvene, og uansett så kjem jula! Ha ein fin siste veke i advent!




torsdag 13. desember 2012

Realitetsblogging

Eg rekk ikkje alt eg drøymer om til jul! Eg blir sur og vanskeleg å ha med å gjere... Ei furie i huset!!! Arbeidet veks meg over hovudet, og kjennest heilt kritisk viktig....


Særleg fordi ikkje alle ser alt som er nøye i mine auger når eg spring avgarde på ei stressbølge av kaos! Det blir brått viktig å ha alle kakeslag i boks no, gåvene skal vere personlege, spesielle, ikkje for dyre, passe store og helst vore ferdig innkjøpt og pakka no, julebrevet burde(burde er eit grusomt ord, skulle vore fjerna frå språket!) vore sendt og kvifor har vi ikkje laga fikenmarmelade og sirupssnippar?!

Eg har ein klok mann som er flink å realitetsorientere meg, også igår, han vaska badet og eg fekk rydda litt. Han fortel kva som er viktig, og minner meg om det året han leverte ei stor oppgåve 21.desember og eg hadde betennelse i begge skuldrene, det vart jul det året og! Vi har begge full jobb, eit par tenåringar som treng nokon å snakke med og berre vere saman med. Vi treng å leve, snu ryggen til rotet! Det er berre så lett å gløyme...

Idag gjer eg difor noko heilt unødvendig i håp om at det senker skuldere og fokus endrar seg :)

Skal det vere så skal det vere, safran i dyre dommar!
Det er luciadagen og eg bakar lussekattar for første gong! Dei står til heving og når eg har køyrt junior på speletime, skal eg bake ut fine kattar og prestens hår osv. Eg skal senke skuldrene, puste med magen, ete lussekattar og høyre julemusikk!

Sidan ungane på mystisk vis har vorte så store, er det ikkje lenger verken luciatog i barnehagen eller lysfrukost på skulen lenger, så eg må greie meg med mitt eige luciatog i keramikk:

Eg kom på at eg hadde dei, og fekk dei fram seint i natt, slik at dei var klare då vi kom til frukost. Finaste Lucia med stjernegutt og terne!

Då er skuldrene lave for i kveld, men det spørs i morgon... Lett å gløyme!

mandag 10. desember 2012

I love your blog


Ok, engelsk på bloggen i dag, men det får gå for denne gong!

I går fekk eg denne fine bloggprisen frå Magefølelsen. Der skriv Heidi om mat for alle, men særleg allergimat, mat utan gluten, egg, mjølk osv. Eg kjenner Heidi frå "gamle dager" då kostholdet nok ikkje alltid var like gjennomtenkt, vi snakkar sjokolade til middag og høg kosefaktor :) Men vi har og delt husvære ein periode, og tok grep og åt fruktsalat til frukost og bakte riktig så grove grovbrød.

No er vet min tur å anbefale 5 bloggar eg likar og les regelmessig.

Eg startar med diamantisen. Diamantisen har eg vorte litt kjent med via Twitter. Ho kjem frå Norge, men bur i Hellas, og skriv mellom anna om kvardagsliv, natur og mat. Kikk innom! 

Neste blogg er Eva Cathrin - helt meg . Også Eva har eg møtt via Twitter, der er det mange fine folk! Eva skriv om dagsaktuelle tema og legg ut dei mest fabelaktige bilete!!

Eg får av og til spørsmål om eg ikkje syns det er problematisk å blogge på nynorsk... Nei, det syns eg ikkje, det er hjertespråket mitt, og eg har gode forbileter som har blogga på nynorsk lenge! Eg vil anbefale to: Den gode feen, som skriv mykje om interiør og om kreativitet, til inspirasjon for alle, og Tankar frå ein kvardag som skriv mykje om nettopp det, men og om livet og refleksjonar rundt det.

Siste blogg ut er Amelie 78. Ho skriv refleksjonar rundt livet, om jobb og om morsrolla. Ein klok blogg!

Med bloggprisen følger disse oppgavene:
1) Takke og linke til bloggeren man har fått awarden fra.
2) Gi utmerkelsen videre til fem blogger og gjøre dem oppmerksom på det.
3) Kopiere post it lappen og sette den på bloggen.
Det skal sendes til kanskje en ny blogg eller en blogg som ikke har så mange følgere ennå.

søndag 9. desember 2012

Vekestart veke 50

Tida går, folk byrjar snakke om nyttår og eg som knapt har kjøpt ei julegåve...

Soloppgang i Molde 9/12-12
Det gjeld å halde seg kald og roleg, iallfall på overflata og halde seg til lister og planer og jobbe jamnt og trutt! Alt ordnar seg for snill piker, er det ikkje slik?

Vi har vore på vennejulebord i helga, med mannsoktetten Tucas som har sitt årlege jubileum, i år 21 år! Sidan dei er spredd litt rundt om i MidtNorge, er den einaste gongen i året dei syng på eigen jubileumsfest :) Damene  er heiagjeng, supporterar og kritikarar av reportoaret! Utpå kvelden blir gjerne vi med også, iår på White Christmas, på nynorsk, firstemt! Kvelden var elles prega av latter, mat og mimring.

Idag treng eg difor ein venskapstekst, og valet fall på denne: 

Auld Lang Syne

Skal gamalt venskap kverva bort
Og ikkje setja far
Skal gamalt venskap kverva bort
Og det som ein gong var

Ref:
For det som ein gong var, min ven,
For det som ein gong var,
Eg drikk den gode skål med deg,
For det som ein gong var !

Du tek ditt staup og eg tek mitt
Som gamle vener plar.
Me drikk den gode skål i lag
For det som ein gong var

Refreng:

Kom, ta mi hand, min trugne ven
Og gjev meg di til svar
Eg byter vin og glas med deg
For det som ein gong var

Refreng:

Dette er eigentleg ein skotsk sang;Auld Lang Syne, dikta av Robert Burns, den er oversett til norsk av Hartvig Kiran. 

Eg har forresten fått skryt og hederleg omtale på bloggen Magefølelsen , det er stas, så i morgon får eg prøve å svare på utfordringa!

Ha ei super veke med fokus på adventskos og ikkje førjulsstress!

fredag 7. desember 2012

Venner for livet!

I går var eg i Oslo på eit møte. Det var opp på før fuglane hadde brusa med fjøra, det var kaldt og mørkt ute, då eg venta på flybussen kl halv seks var det ikkje mange som var ute og gjekk.
Møtet eg var på var bra, lærerikt og vi fekk tid til å diskutere. Eg veit no mykje meir om svinesjukdommar enn før, og kva eg skal leite etter. Smalt fagfelt, ja, men nokon må kunne noko om det og :)

Etter jobb traff eg ei venninne frå studietida, for første gong på lenge, vi fann ut at vi ikkje har sett kvarandre på fire og eit halvt år. Men det er nokon venskap som heldigvis tåler det og! Praten gjekk frå første stund, vi oppdaterte kvarandre litt på trivialiteter, barn og hus og heim og gamle foreldre, men etterkvart snakka vi, altså slik vi gjorde før, om livet, om tankar og fortid og framtid. Det gjer så godt med slike møter!
Vi har naulegvis forhistoria som ein solid grunnmur; vi veit kva papir som er best når ein skal gråte ut kjærleikssorg, vi har kome med synspunkt på klær og sko, vi har fnisa oss forbi kjekke og mindre kjekke menn. Vi hadde kulturklubb saman, og brukte den som grunn då vi gjekk på kino og såg "Pretty woman" og "Da han møtte henne", vi trong den ikkje då vi såg "Babettes gjestebud". Vi har anbefalt bøker og diskutert store og små problem. Det var ho som fekk meg til å smake svarte oliven første gong(eg trudde det var blå druer...) og avocado, kort sagt vi har delt mykje!
Å treffes igjen var balsam for sjela!

Eg har ikkje spurt om lov til å legge ut bilete av mi gode venninne, så de får klare dykk med eit bilete av meg frå tidleg  90-tal, på eit hotell i Berlin. Strålande humør!(og eg klarer ikkje snu biletet rett...)

I helga skal eg på "julebord" og treffe endå fleire fine folk, folk eg har kjent i over 20 år, enkelte over 30 år. Dei tilhøyrer kjernen i livet mitt, nokre treffer eg jamnt, andre berre denne eine gong i året. Eg er ikkje så flink til å halde jamn kontakt, så faste ting som julebord ein god ting! Gler meg!

tirsdag 4. desember 2012

Berlinerkransnostalgi

Plutseleg hadde eg litt tid, og då vart det baking av berlinerkransar. Eg brukar samme oppskrifta kvart år, ikkje noko fiksfaks, eg held meg strengt til oppskrifta og passar på at dei ikkje blir for mykje stekt, dei skal vere gyldne og smelte på tunga....mmmm!
Oppskrifta finn du feks her;
Tine sine berlinerkranser

Vi brukte ikkje ha berlinerkransar heime då eg var lita, men Gudrun-nabo måtte ha det for at det skulle bli jul. Eg var gjerne med på kjøkkenet hennar, og fekk med smaksprøver heim. Gudrun hadde mange teoriar om baking; vart ikkje brøda som dei skulle, kunne det vere at ho hadde baka på fallande måne eller før det var flo. Alle veit jo at det ikkje blir bra då! Eg brukar gjerne den grunnen sjølv...
Men sjølv om berlinerkransar ikkje skal heve akkurat, så er det mykje som kan gå litt på skeive, deigen heng ikkje godt saman, deigen blir for varm etc, så eg forsto tidleg at berlinerkransar ikkje var for pyser!  Desto tøffare kjenner eg meg når eg bakar dei, og får godt resultat!

 Gyldne, sprø, skjøre kaker, smeltar på tunga....
Den mest nostalgiske kakeboksen eg har, minner om ein Gudrun hadde, full av kaker. Dei må vel leggast på ein lur stad for å vare til jul :)
Det står meir om Gudrun her; Te-plis

Eg kjenner på at desember er kort iår, men det er mogeleg at den er omtrent som før? Igår fekk eg endeleg opp adventskalenderen, det var jo berre 3.desember... Eg ligg skikkeleg bakpå med julegåver, og alt frå mørkeloftet står framlei på stova. Men i morgon skal det opp på oftet igjen!!!

Som barn derimot, var desember endelaust lang. Vi hadde kalender, ikkje meir hemmeleg innhald enn at eg var med på å pakke inn seigmenn og sjokoladebitar. Når den var klar, var ikkje julaften å skimte i det fjerne ein gong...sukk!
Heime hos oss var det tradisjon at dersom det skulle pussast opp, skulle det vere ferdig til jul, og då gjeld det å ikkje starte for tidleg. Den store adventskosen blir det ikkje på den måten...men samtidig var det slik det brukte vere. Det var alltid litt kaos rett før julefreden senka seg. Eg meiner bestemt at vegg-til-vegg-teppet som vart lagt i 1978, ikkje var på plass før 22.desember, og vi har fine bilete frå stova i 1992, utan bilder, knapt lamper, men nytapetsert! Ikkje rart eg har mørkeloftet på stova, og for to år sidan knapt hadde kjøkken til jul, både arv og miljø!

Eg skal ein annan dag innvie dykk i rensking av oljekamin lillejulaften og fullt hus julaften formiddag...


søndag 2. desember 2012

Vekestart veke 49

I dag er det 1. søndag i advent og 2. desember, eg har fått opp stjerna og vi har tent adventslys, men adventskalenderen er ikkje på nokon måte klar. Den heng oppe, men heilt tom. Spørs om eg må gjere noko med det i kveld....




Eg har dessutan sett fram julekrybba, det brukte vi gjere då ungane var små og då fann vi fram ein figur kvar dag. Eg likar gjere det no og, men det hender eg gløymer det nokre dagar...men enno er desember ny og eg heng med. Igår kom ein engel for å sjekke at stallen var der og i dag kom eit lite lam.



Sidan mamma og pappa er i byen for tida, vart det storfamilieadventssøndag idag. Først var vi 11 til middag, og med påfyll vart vi 18 til kaffe. Spredd over 4 generasjonar frå 10 mnd til nesten 83 år. Det blir kaos, rot, ganske høglytt og enkelte aldersgrupper går lei heile familiestyret etterkvart. Heldigvis har vi to stover, men det ender alltid med at vi stort sett er i samme rom! Kaffebordet var fullt og spennande. Gutta hadde bakt ostekake med browniesbotn og bringebærkrem, eg laga adventskrans av gjærdeig, mamma hadde med tjukklefse og vi lei inga overhengande nød. No har oppvaskmaskina gjort ferdig dagens 3.runde og både kjøkken og stova byrjar sjå ut som seg sjølv igjen. Godt det ikkje er slik kvar dag, men det var vel familiejuleselskapet for i år.


Vekas gode ord er igjen Ragnar Hovland sine. Eg syns dei passar i julestri og kjas :)

Mor. Huset.

Mor går ut av huset.
Huset går etter henne
og gnir seg
oppetter beina hennar.
-No får du gå heim, då,
seier mor og smiler.

Ragnar Hovland


Ha ei strålande veke! Eg planlegg å skrive litt om barndoms advent og å måtte vente på noko som skal kome, om grusomt lenge, kanskje over 20 dagar... sukk! Det blir ein annan  dag.