fredag 30. september 2016

Ein fredag i september

...og ikkje kva som helst slags fredag, den siste i september.
Nokon bryr seg ikkje om at det er oktober i morgon, ute blomstrar jordbærplanta og serverer raude bær kvar dag(men dei byrjar bli litt sure, det er vel litt lite sol og varme)

Dagen starta tidleg, som vanleg, og litt travelt. Eg vil gjerne rekke mest mogeleg dei timane eg er på jobb, eg lærer (om enn noko treigt) at det begrensningar, sjølv for meg, og det kan gje litt høge skuldre... Eg fekk iallfall gjort ein del før eg tok helg. Og eg gjekk heim frå jobb, med ulljakke og regnjakke(og dessverre ikkje støvlar) og kjente på klar haustluft og såg fine haustfarger.



For den som ikkje veit det, så er det elgjakt no, det fører til at eg, inntil kvota er skote, er elg-enke dei fleste helger. Når i tillegg eldstejunior er på veg tilbake til militærteneste og minstejunior er på hyttetur, betyr det at eg er heime åleine! Yuhu!
Sliten i ryggen og med litt sår hals, blir det vel ikkje all verdas utskeiingar og sprell, men eg skal kose meg!

Eg har rydda, vaska og ordna i heimen(heilt til ryggen sa stopp), med den tanken at når eg er åleine, så må det halde seg ryddig lenger? Håpar den teorien stemmer...noko seier meg at det kan bli eit hardt møte med realiteten! Og eg har kjøpt blomster og plukka litt ute i hagen, då er det helg!


Eg har laga pizza med rødbeter, gulrot og blåmuggost. Det var kjempegodt, og kan fort bli laga flerie gonger. Eg har ein bunke aviser, radioen på P2(og eg har vore innom NRK Alltid klassisk) Eg har Pepsi Max i kjøleskapet, og før junior oppdaga posen, hadde eg 8 bitar smågodt. Ikkje no lenger... Eg har ullpledd og ved, dersom eg vil fyre. Eg har blinka meg ut eit par program eg skal sjå på tv, og eg skal lese på senga til eg sovnar frå boka(utan at nokon klagar på lyset) og sove lenge i morgon!
Eg har ein avtale om lunsj på kafe i morgon, og eg skal kjøpe fleire aviser. Eg skal kanskje gå tur i skogen, dersom det ikkje regnar iallfall. Eg skal lade batteria!

Hausten altså

Og eg gler meg til dei andre kjem heim igjen etterkvart, det er det beste med å vere heime åleine, at eg veit det ikkje varer evig!


mandag 26. september 2016

Bilblues volum 3

Eg har rett og slett ei fylletabbe å berette om! Les og lær av tante si bitre erfaring!

I helga har vi vore i konfirmasjon på austlandet. Det var stas! Vi traff opptil fleire vi ikkje har sett på lenge, og oppdatert oss på det eine og det andre. Vi traff nokon vi ikkje hadde møtt før, det gjekk også bra. Bunaden fekk lufta seg(og den passa). Kakebordet var raust! Været var fint. Konfirmanten var flott i bunad og brått vaksnare enn før.

I går skulle junior og eg køyre heim att. Mannen skulle vere igjen for å jobbe i Oslo. Den andre junioren skulle vere igjen og treffe vener. Været var bra, humøret upåklageleg og fartsgrensene høge. Mor fekk passasjersetet.

Vi er på veg nordover!
På Lillehammer var det passe med dopause, beinstrekk og drivstoff til både folk og bil. Sukk! Hastverk er lastverk og av og til er det for seint å angre. "Mamma, du fyller bensin" sa junior. Vi har dieselbil.... Eg har pulsklokke, og ein slik beskjed får pulsen rett til værs, eg har bevis!
Kva gjer ein når slikt skjer? Eg skal love deg at eg rakk tenkje svært mykje på veldig kort tid! Eg gjekk inn på bensinstasjonen, der var det ingen som kunne hjelpe meg. Han bak meg i køa(muleg han var før meg, eg kan ha brøyta meg veg framover i køa) sa "ikkje start bilen!!!" Så då gjorde eg ikkje det, og vi fekk hjelp til å flytte/skubbe bilen vekk frå pumpa.

(her skulle eg naturlegvis hatt eit illustrasjonsbilete av ei drivstoffpumpe, eller av mine stressraude kinn eller noko, men eg hadde fokus heilt andre stader)

Så ringte eg nødnummeret til bilmerket. Den samtalen var omtrent som følger:
"Øh, hallo...eg har fyllt bensin på dieselbil. Kva skal eg gjere?"(sagt med fortviling i stemma og høg puls, ikkje kvilepuls)
"Jeg er ikke mekaniker, så det vet jeg ikke", sa dama i den andre enden.
"Eg er heller ikkje mekanikar, eg ringer for å spørre om råd."
"Jeg kan ikke svare deg, men vi kan sende en bil om du vil. Det er en startpris på 4000 kroner"
"Javel, men har du ingen eg kan spørje om råd hos først?!"
"Joda, du kan ringe serivcemann og spørre selv, om du vil."
"Det ville vore fint, kan eg få nummeret kanskje?"

Eg fekk nummeret og ringte. Den samtalen gjekk litt betre:
"Hei(med litt desperasjon og ekte fortviling i stemma) eg har fyllt 3 liter bensin, og eg har dieselbil..."
"Hvor stor tank har du? Vi sier det er greit med opptil 10% feil"
"Eg har 60 liters tank..."
"Ja, men da går det greit, vet du! Fyll så fullt du klarer med diesel, så går dette så bra!" sa den snille mannen.

Eg kunne nesten byrja grine. Eg hadde sett for meg i det minste tømming av tanken og at det ville kreve at vi sette igjen bilen på verkstad på Lillehammer, og eg såg for meg at mannen måtte reise dit etter jobb idag og hente bilen. Evt at eg måtte bli over til i dag. Evt at vi måtte skifte motoren, eller noko anna billeg... (for googlar du "fylle bensin på diesel" skal eg love deg at katastrofene står i kø!) Heilt trygg var eg lell ikkje, så eg ringte eit anna nødnummer. Han sa mykje det same som forrige snille mann: "fyll full tank og kjør videre. Vi har mange slike telefoner hver dag, vår erfaring er at det går helt bra når man får tynnet ut bensinen!". I tillegg råda han meg til å fylle på ofte på turen. "Problemet" med nye bilar, er at dei knapt nok treng meir enn lukte på drivstoffet for å kjøre, så vi greide ikkje presse nedpå meir enn 13 liter før vi var heime.
Eg satt i alarmberedskap på resten av turen og lytta etter ulydar (Var det ein rar lyd? Nei, det var berre den litt rare frijazzen på radio. Det der då? Nei, det var asfalten som er humpete. Osv...) Ikkje det beste for ryggen å stresse slik og spenne musklar, godt eg hadde time hos fysioterapeuten idag.

Eg har no stifta interesseorganisajonen "Vi som fyller bensin. På dieselbil." Der har eg allereie ei som har meldt seg som æresmedlem(fylte full tank med bensin og køyrte vidare...), og ein som er støttemedlem(fyllte litt bensin og tømte tanken). Vi har plass til uendeleg mange som måtte kjenne at dette er foreninga for dei! Her er både hjarterom og husrom!
Eg tenkjer forresten at det er bra det var eg sjølv som gjorde det, for eg hadde vorte urimeleg sur om nokon andre i familien hadde vore så dumme og fulgt så dårleg med på kva dei gjorde...no er eg berre litt oppgitt over meg sjølv.

På tur sørover møtte eg denne karen
Når slike ting skjer, er det godt å ha ein snill mann! Som rett nok vart litt stressa då vi ringte og fortalte kva som hadde skjedd...


PÅ BRUA

Elvevatn og kald haustluft.

Ein kjærast
med mjuk overarm.

Helge Torvund

Ønskjer deg ein god veke!
Og husk: det er ikkje likegyldig kva ein har i tankane!


Og for meir om meg og bilproblem, sjå under etiketten "bil" i menyen til høgre... Det er ikkje første gongen eg har hatt trøbbel på tur!

tirsdag 20. september 2016

Vekestart veke 38

Eg har hatt fridag idag! O lukke! Kabalen på jobb gjekk opp utan meg, og eg kunne la humla suse. Og det har eg gjort. Går klokka fortare på fridagar? Eg meiner "poff! Så er dagen over?"
Men det kan vere noko med tempoet; først unte eg meg å ligge ein time lenger enn vanleg, og så var det frukost. Litt skuffa over været, det låg skodde heilt inntil husveggen. Men været var fullgodt til å lese avis, drikke ei kanne te og halvvegs følge med på P2. Så måtte eg lese litt i boka mi, meir om den seinare, før eg fann ut at ut måtte eg, same kva vær det var.
Langbein på tur

Fint treningsstudio!

Doggdropar i spindelvev
Skogen viste seg å ligge over skodda! Herlig! Å stå der og sjå ned på skodda. Nyte sola, varmen, fargene, nokre overmodne bringebær, nevar med blåbær, nokre få tyttebær. Bli våt og skitten i myra. Kome heim og ta ein dusj, og så var det jammen tid for lunsj. Tida går fort i godt selskap, hehe.
Etterpå skulle eine bilen til "doktor", men eg rakk litt meir lesing etterpå, no ute i septembersola, før det vart restemiddag.
På ein måte har dagen hatt lite dødtid, men samtidig mykje tid til å gjere det eg hadde lyst til! Må ha ein fridag til snart!

Det har vore diktkåring i NRK. I heile sommar har det vore dikt og diskusjon på P2, og alle mine gode forsett, eg er jo glad i dikt, om å følge med, har drukna i det vanlege livet, eg har berre fått med meg litt her og der.(Ja, eg veit det finns nettradio og podkast, men då må ein ha tid til å høyre det ein annan gong, og ikkje minst konsentrasjon) På søndag var det "finale" og den skulle eg iallfall få med meg. Vel, eg er glad det er mogeleg å lese om det på nettet etterpå og...
Her er diktet som vann:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge 

Kven har ikkje draumen? Om noko vidunderleg?
At det må opne seg nye dører, nye mulegheiter, ein ny veg? Betre helse, vidundermedisin til seg sjølv eller andre. Framsteg på eit eller anna vis. Ny jobb, eller kanskje jobb, skule. Tid til dei rundt. Ei pause frå slitet, jobben, sjukdom. Det er så mange ting vi ber på av draumar! Ofte mest inni oss.
Eg les at Hauge ønskte seg ei lun vik, der han fekk fri frå sjukdommen. Håpar han fann det. Og håpar du finn ei vik der du får pause!
Dame som les i solveggen


Før prøvde eg å skrive litt leselogg, men det har sklidd heilt ut. Eg les likevel ein god del bøker, og må få anbefale to til deg:
På fødselsdagen min fekk eg "Alltid tilgivelse" av Anne B Ragde(jada, å hinte kraftig om boktitlar hjelper!) Det er bok nummer 4 om familien på Neshov, og eg vart heilt forelska i dei då første boka kom. Fjerde bok var som dei forrige, lesverdige! Har du ikkje lese nokon av dei, start med "Berlinerpoplene", og bli kjent med gardsliv, familiehistorier, grisungar og Københavnhomser. Og ikkje minst gravferdskonsulent Margido.

Eg har også lese om igjen ein krimserie av Leif GW Persson i sommar og haust. Ikkje krim av typen hardkokt, dyster privatdetektiv, men om svensk politi og -trur eg- ganske truverdig om arbeidet deira. Naturlegvis med meir eller mindre dumme kollegaer, udugelege sjefar og vanskelege oppgåver, slik som mange kan kjenne på i eige arbeid innimellom. Det er tjukke bøker og store historier, med trådar til verkelege hendingar og kjente personar. Eg elskar slike bøker! Og då eg las anmelding av den nyaste boka, "Bombemakeren og kvinnen hans", i avisa på laurdag, kom eg til å laste den ned på lesebrettet  mitt ganske fort. Ikkje rart eg måtte legge inn lesetid idag! Anmeldaren skreiv at dette er krim du ikkje les samtidig som du ser tv, og det er heilt sant! Dei krever at du er der! (og eg anbefalar å lese bøkene i rett rekkefølge, for historiene heng på eit vis saman)
Her har du tusenvis av sider du kan gle deg til å lese!

(og for å hovere litt: eg har pakka inn 12 julegåver idag!)

onsdag 14. september 2016

Difor bør du alltid ha ei lue i sekken!

Idag gjekk eg tur i marka. Eg hadde med pose for å kunne plukke litt tyttebær, for den er moden no. Store, raude bær som ropar etter å bli trollkrem eller rørte bær å ete til søndagssteika i vinter. Men eg fann bringbær og blåbær også, som gjekk rett i munnen. Nam! Så mykje bær og så lite tid til å plukke...

Eg gjekk lenger enn på lenge, eg gjekk der vi er så få som går at alle ein treffer stoppar for å snakke litt om kor fint det er i skogen, kor mykje bær det er igjen og kor varmt det er, no når vi er langt ut i september!

Så gjekk eg litt til. Og kva ser eg!? Heilt plutseleg der inne i skogen?! Nede i lyngen og mosen. Rett ved stien:

Små gullgule...

Kantarell!

Skogens gull: kantareller! Min indre hamster vart overlukkeleg!
Men kva hadde eg å plukke i? Ingen ting... Plastpose er ikkje noko for sopp. Ned i sekken og håpe at det skulle vere ei soppkurv der. Nei, og ingen papirpose, men ei rein lue hadde eg! Eg plukka forsiktig dei små og og gule og la dei i lua!
Ei lue kan altså vere redninga, sjølv om det ikkje er surt og kaldt!

Dagens fangst!
(og det var jo fin fargematch mellom lue og kantarell)
Dagens moral: Gå aldri på tur utan lue!


mandag 12. september 2016

Måndagsmoro

Ny veke og kvifor ikkje velge ei positiv vinkling på ein måndag?


  • fårikålrestar til middag. I helga hadde vi besøk av svigerforeldra mine, og eg laga skikkeleg søndagsmiddag: fårikål og til dessert eplepai (men den er det ikkje restar av) Fårikål dag 2 er om mogeleg endå betre! 
  • norske epler!! Finns det noko betre på hausen? Raude, grøne, sure, skarpe, søte, GODE! 



  • norske plommer! Mykje det same som med eplene. Og det inneheld jo ein del barndomsminner, minner om eplekart, sure plommer, litt vondt i magen og snurp i munnen :) Klatring i tre og jakta på den perfekte plomma! Ikkje mykje som slår å sitte i eit tre og prate med vener og ete plommer eller epler.
  • nokre dagar med "indian summer". Plutseleg sommar igjen, på dagtid, og skarp, klar haustluft på morgonen. Høg himmel og måne på himmelen på kveldstid. (Men eg syns det blir litt for tidleg mørkt...)
  • å gå tur og konkurrere mot meg sjølv, endeleg kunne gå litt på i motbakkane (men enno ta hensyn til ryggen)  Plukke dei siste bringebæra i grøftekanten og planlegge ein tyttebærtur. 
  • god bok på Kindle, og lese på senga(og innsjå at ein byrjar bli gamal og vakne av at ein har sovna med boka i handa...)
  • tenne lys utpå kvelden, mange lys!
  • fotosafari, å legge merke til dei små og store motiva ein går forbi.
  • mimre tilbake til helga, som både hadde skogtur og segltur



Og alt dette går godt å gjere på ein heilt vanleg måndag! 


Eit dikt skal du også få, natulegvis. Det er tross alt måndag! 
Eg veit ikkje om eg har ein fast ventestein, men eg har ulike stader som er "mine" der skuldrene senkar seg og pulsen går ned. Håpar du også har ein eller fleire slike stader.

Ventesteinen

Ingenting som ein ventande stein
ein stein som ventar oss
ein stein der vi kan venta
og vera venta

ein fin, flat stein i sol og regn
ein stein for smil
ein stein for gråt

ein tålmodig stein som ventar
saman med oss

Sigbjørn Heie

tirsdag 6. september 2016

Vekestart veke 36

Av og til er det ting ein skulle meint noko om, sett ord på, gjort noko med. Av og til er det vanskeleg. Av og til er det noko stille i rommet. Noko som treng eit namn.


  



Hvem er det som er så stille i rommet?


Det er den lille stillheten
som ønsker seg et navn

Hva vil du hete da,
lille venn
Har du noe forslag?

Kran
og Kran ble det




        Forfatter: Gro Dahle
Ha ei fin veke! 

søndag 4. september 2016

Historia bak eit bilde #2

Fyr sett frå inne i båten, medan vi saakte
sig mot kai
Igår skulle eldsteson også få vere med på segltur. Han som stort sett bur ute, i telt om han er heldig, i skogen og oppe på vidda, har ikkje sett saltvatn på lenge, og slett ikkje vore ombord i seglbåten vår! Så alle mann til båten og ut på tur.

Det var seglvind, ei stund, men så vart det veldig stille og vi gjekk for motor. Vi drakk te og åt eple og kjeks og hadde skikkeleg familietid der ute på sjøen. Det vart dokumentert med bilder at vi var der, og lagt ut på både snap og insta. Men...
Etter ei stund laga motoren andre lydar enn før... Slikt likar vi ikkje! Litt prøving og feiling med mengde gass, litt fundering, og så fann vi ut at det ikkje kom kjølevatn ut. Dårleg teikn. Mannen opna luka til motoren, der kom det vatn! Også eit dårleg teikn...

Og dette er motoren, sett frå den sida der den
ikkje spruta vatn

Vi låg ute på fjorden, det var ganske stille sjø, det var langt å svømme... Men no kom det heldigvis litt vind igjen, og eg fekk segle i stødig fart, og akkurat no syns eg det vart meir enn nok vind. Det er noko med det, når ein ikkje veit kvar ein vil, og iallfall ikkje vil dit så veldig fort. Dei andre dreiv feilsøking. Dei fann ein laus skrue, dei veit no kvar vatnet kjem inn til vasspumpa, dei fann ei skive som ikkje låg på plass(og eg veit at i slike tilfeller er det ikkje snakk om skive med brunost) og med tålmod og kunnskap fekk dei fiksa såpass at vi kunne skru på motoren utan at det kom vatn inn i båten(og i kjølsvinet, mannen har som før nemnt, brukt litt tid på å tømme det. det kan du lese om her Historia bak eit bilde)
Medan vi sakte segla inn til hamna og båtplassen, før vi skrudde på motoren til hjelp, sto eg nede og vaska opp og såg altså fyret ut vinduet, det var ganske fint, sånn når ein ser bildet.

Tips til alle som skal kjøpe båt: sørg for å ha ein handymann som ikkje mistar motet når det dukkar opp problem, og som kan skru litt(mykje)! Eg får jo lyst til å ringe etter hjelp, evt legge meg nede i båten og gråte litt når det skjer slike ting, men eg ser at det ikkje er så lurt mtp problemløsing!

Og idag har mann og son fiksa pumpa til kjølsvinet, slik at dei slepp stå på alle fire og tømme med ei avskoren brusflaske til hjelp neste gong. Imponert ovar alt dei får til!

Dette kan bli ein følgjetong, er eg redd... Satsar på at neste gong er det ei litt muntrare historie bak bildet eg deler!


torsdag 1. september 2016

Kan det vere hausten?

I går kveld skulle eg sjå over uteplantene når eg først var ute med søppel, men det var så mørkt?! Klokka var ikkje ein gong ni.
Noko er i ferd med å skje...

Morgonane har vorte kaldare, med klarare luft og høgare himmel, dei dagane det er opphaldsvær. Det er godt med tjukkare jakke, og eg må snart byrje med strømper igjen. Ei og anna natt ønskjer eg meg vinterdyna, men finn fram eit ullteppe, det får vere måte på!
Bringebæra i skogen er snart overmoden, og blåbæra syng på siste vers, heldigvis er det snart modne tyttebær.
I helga var første kveld med lys i lyktene ute, det er så fint når dei lyser i kveldsmørket.
Fargene i naturen byrjar endre seg. Det er norske epler i butikken.
Ferietida på jobb er over, vikaren har slutta og vi andre er vel ferdige med ferien og godt igang med både rutiner og møter.


Travle arbeidarar





Denne fekk stå!

Velkommen inn!
Det er 1.september idag.
Det kan nok vere hausten. Årstidahjulet går og går. Var det ikkje nettopp vår?!