fredag 30. mars 2012

Kylling


Påska nærmar seg, og kassa med pynt kjem fram. Mange seier at påskepynt nei, det har dei ikkje, men eg har! Masse:) Har frå eg sjøl var lita og har samla frå barnehage- og skuletid til tenåringane. Ok, alt er ikkje like lekkert, men noko er så stygt at det er fint likevel.

Jegeren er ikkje heilt einig i all pyntinga, han rista på hodet over denne gjengen. Junior meinte eg måtte passe på, det hadde kome kylling i karsen.


Denne duken har mamma brodert til meg, og den får bare ligge på til pynt. Berre sjå, ikkje rør!


Eg får både påskestemning og vårstemning når denne kjem fram. Det trengs, sidan det har regna lenge, idag snødde det og kaldt er det også...

Det er triveleg når huset er rydda og pynta, godt når ein kjem sliten heim får jobb.










God påske!

onsdag 28. mars 2012

Bamsemums

Kvifor er den her, i bloggen min, meiner eg? "Livet døden og kjærligheten" er store og alvorlege tema...bamsemums dreg det meir ned på jorda igjen, og det kan trengast!
 
Trur den heng att frå studietida, då var bamsemums helgekos, og til trøst i eksamenslesing. Då eg byrja å jobbe hadde eg ein sjef som delte ut bamsemums når det var travelt og han syns vi trong ei oppmuntring. Og litt oppmuntring kan ein trenge i kvardagen, sjå bamsemumsen som det!