søndag 28. april 2013

Mortons nevrom

Bilete henta får www.onlinlegen.no
Noko slikt hadde eg aldri høyrt om for eit halvårs tid sidan. Ikkje Mortons metatarsalgi, nerveknute eller andre namn som blir brukt om det samme heller. Eg hadde berre vondt under tåballen...

Gjerne når eg hadde gått langt, men etterkvart kvar gong eg trødde på foten. Det er som å ha ein stein i skoa, eller ein brett på strømpa. Ikkje gjekk det over heller, sjølv om eg venta og såg. Så etter å ha klaga til mannen i lengre tid, gjekk eg til legen, som fort kunne fortelje kva dette truleg var.
Og eg har tålmodig venta på MR, etterpå har eg venta på time hos ortoped, og må vel kunne seie at tida i kø ikkje liknar på tida som undersøkinga tek! Trykk her og trykk der, vondt? JA! Ok, operasjon neste. Operasjon!?

Javel, så eg har lese meg opp og ned om Mortons rare nerveklump, det finns mykje på den store verdsveven. Og eg ser at eg ein gong i fjern studietid faktisk har lært om dette... Det finns filmsnuttar med stiliserte operasjonar, det er bilder og teikningar. Samt påstandar om at dette særleg rammar joggarar og middelaldrande damer som går med trange sko med høge hælar! Eg er iallfall ikkje middelaldrande, og går mest i flate sko, om eg ikkje er så aktiv med jogging. Det viser seg dessutan at folk eg kjenner har det eller har hatt det, dei er operert, står i kø, eller er ikkje så plaga. Det verkar som dette er ei folkeplage som ikkje blir snakka om. Mortons; det siste tabu!? (På den andre sida har det i det siste stått mykje om foten til ein hekkeløpar med desse plagene, både på papir og på nett, så heilt stille er det ikkje!)



Så no har eg venta på operasjon. Eg har til og med takka nei til operasjon. Mest sidan den kom litt brått på: "Kan du møte kl åtte i morgon?" Då var klokka 15.20 og det er 15 mil til sjukehuset og det var 10 dagar til konfirmasjon... Nei, det går ikkje, det var sjukepleiaren som ringte einig i. Det var litt nærme konfirmasjonen til junior, særleg det blir sagt at ein bør ta det med ro og ikkje belaste foten rett etterpå, altså dårleg kombinasjon for mor med ekstreme kontrollfrik-tendensar.

Men no har eg fått dato, det blir 17.mai-feiring frå sofaen, eg tek vel eit kransekakeflagg og sett i bandasjen, tenkjer eg.  Eg gler meg veldig til knuten er borte, men noko styr er det jammen først. Sidan det er dagkirurgi, må eg feks bli henta etter operasjonen og fulgt heim av ein vaksen, ansvarleg person! Godt eg er gift med ein som oppfyller krava! Men korleis vi reiser skal godkjennast, eg har lange lister med spørsmål om korleis eg gjer slikt rett. Og eg ventar på telefon frå sjukepleiar som skal høyre korleis heimesituasjonen min er...det er noko eg meir forbind med utredning av hjelp i heimen til eldre :) Det er liste opp og skjema ned som skal fyllast ut og bekreftast lest og forstått. "Ta med krykker og lesestoff, det kan bli ventetid."Eg kjenner meg ganske oppegåande sånn i det meste til kvardags, men i møte med slikt som dette byrjar eg lure på om det er noko meir eg skulle opplyst om, meir eg ikkje forstår eller burde lure på.

Men krykker og lesestoff har eg, så dei punkta er klare!

Vekestart 18 og litt om livet

Det er vår, faktisk og endeleg og deileg! I samband med konfimasjonen, som eg trur ahr vore nemnt tidlegare, ser eg stadig etter om våren er her, det er jo fint om det blir slik at ein kan vere bittelitt ute på den store dagen...
Det kom seg litt på plena då eg fekk raka vekk tørt gras og gamalt lauv, men løkane eg sette i haust viser seg ikkje.... Kanskje dei ikkje tålte den lange vinteren? Mine grøne fingrar trur eg iallfall ikkje det er noko i vegen med!

Dagens gode ord er frå ein vårsang eg huskar frå skulen, 17.mai og andre vårsamlingar, og som eg tok meg i å nynne på i dag då vi var ute på tur(må jo berre tilfeldig nemne at vi har vore på tur idag, i sola, ved sjøen...)
No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,den heile skapning stundar no fram til sumars tid.Elias Blix
(heile sangen kan du lese her:Vårsalme)

Eg stundar til lysare tider, varme og som. Gler meg til meir fuglesang, grøne plener, grilling på terrassen, lesing i sola etc!!!























Vi gjekk tur på Ladestien i dag, sjølv om du ikkje ser det på bileta var det masse folk ute! Det var lang kø for å kjøpe is, det var ungar som utfordra høgda på støvlane sine der dei vassa i fjøresteinane, det var spreke joggarar og nyskjerrige hundar. Det var spede små spirar som om nokre dagar spring ut til årets første kveitveis. Eg fekk årets første uteis! Det var rett og slett mykje vår i lufta!



I heimen byrjar det lage seg mot konfirmasjon, det er 6 dagar igjen. Eg surrar ikkje lenger rundt taklampa, det er tid for å gjere det som må gjerast! Og det meste er vaska, det trengs berre litt overflatebehandling dagen før dagen, eg har masse kaker på lista, vi har hjelp med middagen og vi skriv på ein sang. Mannen har skrudd og fiksa do. Vi landar altså mest sannsynleg på beina denne gongen også! 
Det som er mest krevande er at kvardagen går for fullt, parallelt med konfirmasjonsførebuingane... Vi må ha mat kvar dag, det krever at nokon handlar inn noko anna enn konfirmasjonsrelaterte ting, idag er eg veldig glad for søndagsopne butikkar. Klesvask blir det uansett og det er jobb og skule kvar dag!

Eg har kjøpt hortensia til å pynte med, no krevest det berre at eg huska vatne den så den lever heilt til den skal brukast.... Den hang med nebbet i dag tidleg, men etter kraftig vatning kom den seg :) 





onsdag 24. april 2013

Sjonglering og prioritering

Det slo meg, midt i laging av middag, samtale med folk rundt meg og administrasjon av diverse, at det er det eg driv med; sjonglering og prioritering. For dagen idag var litt hektisk...

Det var ein vanleg, og travel dag på jobb. Prioritering er ein viktig del der også, først/sist/fort er stikkord. Noko må gå etter klokka og andre ting krever erfaring og ein kollega å diskutere med. Eg greidde gjennomføre plana om å gå litt før, slik at eg kunne kjøpe middag på tur heim(sidan planlegging av middag ikkje sto på lista, evt hushjelpa hadde svikta) slik at eg kom heim ikkje altfor seint, for der eg hadde besøk av mamma og pappa.
Då eg vel var heime, med middagen innkjøpt, kunne tenåring 2 fortelje at han skulle på bandøving(ting som skjer annakvar veke, er veldig vanskeleg å halde styr på, for mor), som starta før middag kunne forventast å vere ferdig. Vi avtala at han skulle ta buss eine vegen, og bli henta etterpå. Kotelettane kom inn i steikomnen og poteten på kok, så hente eg mannen på jobb, slik at vi som var igjen kunne ete middag saman. Medan eg henta mannen, hadde tenåring 1 huskonsert for besteforeldra, (og eg fekk og høyre gitarleksa då eg kom tilbake).

Så åt vi middag. Plutseleg var klokka litt for mykje, men vi rakk speletimen til junior 1utan å bryte trafikkreglar. Han tok buss heim igjen. Småprata og åt konfekt saman med mamma og pappa og mannen, og tenåring 1 kom heim og åt konfekt før han gjekk laus på leksene. Mannen henta så tenåring 2 etter bandøving, og kom heim i tide til å seie hadetbra til mamma og pappa. Bittelitt ro før mannen skulle bort, og han fekk sitte på med ein kompis(vi har vel gjort vårt for luftforureininga i dag...) Etterpå har eg vaska klær, sortert klær, prøvd klær, sett over dukar og sølv til konfirmasjonen og faktisk sitte litt i sofaen!

Travelt? Ja!
Samtidig er  dette kvardagen, det normale, slik eg vil ha det. Eg kan gå på jobb, treffe kollegaer. Reise heim etterpå, vere saman med familien, ha besøk, glede meg over aktive tenåringar, kjenne på livet! Så kan eg sukke litt over travle ettermiddagar, at eg er sliten etter jobb, at eg ikkje har oversikta, at eg gløymer:
Men eg vil gjerne ha slike dagar!


søndag 21. april 2013

Konflikthåndtering på danskebåten(og vekestart veke 17)

kan høyrest ut som noko heilt anna enn det eg skal skrive om!
Men eg har altså vore på tur med fagforeninga, vi har reist med danskebåten og vi har hatt både årsmøte og kurs i konflikthåndtering.
Ein skal ikkje tulle med slike alvorege tema og det gjorde vi heller ikkje. Vi hadde nyttig og god undervisning, vi snakka mykje om erfaringar på godt og vondt, dei fleste har jo erfaring. Det treng ikkje vere jobb, så lenge ein har kontakt med andre er det muleg å finne, bidra til og lage konflikter! Vi hadde gruppearbeid og rollespel, eg var sjefen og kjente på mine kanskje ikkje beste sider... Eg prøver å unngå konfrontasjon i kvardagen, men her måtte eg... Jammen ikkje lett når arbeidstakar hadde svar klart når eg prøvde forklare grunnen til samtalen, og kvifor vi måtte rydde opp i dette. Eg har nok ein skodespelar djupt der inne!!!

Då vi reiste får Oslo, var været ganske grått, heilt greit å reise. (Det er sjøvatn på rutene, difor litt gråe bilder)

Men då vi fekk anbefalt å ta middagen klokka 19.30 istadenfor kl 20.30, vart eg litt betenkt. Med rette... Det vugga godt ute på Kattegat! Altså vart det heller ikkje denne gongen noko seint natteliv.


Men litt pause er det jo i slike kurs, så nokre travle timar i København sentrum vart det tid til. Mykje å sjå, mykje å kjøpe, mykje å ønskje seg og mykje ein ikkje rekk!!!
Høibro plass, men ingen som spela på kontrabass

Dejlig dansk frukost!


 Ein gong for mange år sidan, då ungane var små, var vi i København og fann tynne sjokoladeplater som var til å ete som pålegg på brødskiva. Eg fann slike no!!!! Så vi har hatt nostlgifrukost idag, og ete brød med sjokolade. I tillegg kjøpte eg sjeldant krydder, rare nøtteblandingar og spennande te. Å gå i matbutikkar i ulandet, sjølv om det berre er Danmark, er kjekt!
Shopping i København. Skogal, sa du? Forstår ikkje kva du snakkar om!

 Utseglinga frå København. Utsikt frå konferanserommet øverst i båten.




Innseglinga til Oslo var på stille sjø, ein vakker vårmorgon. Så rett til Gardermoen og venting på flyet.


Og vel heime har eg idag drukke kvit te med kvede til frukosten, innkjøpt på Strøget i Køben. Kjempegod!!!
 
Enno gyngar kroppen, eg syns eg kjenner dønningane, men det gir seg vel.... ?

Å ha vore på kurs i konflikthåndtering viste seg å vere nyttig då eg kom heim og mannen var i gang med å vaske ned kjøkken og stove til konfirmasjonen(som eg aktivt hadde gløymt medan eg var borte) Gjekk ein liten runde med meg sjølv før eg fann fram vaskebøtte og klut eg også, istadenfor å legge meg på sofaen.

Og til slutt eit lite visdomsord frå foredragshaldaren:

Du sier ikke hva du tror du sier, men du sier det den andre hører.

 Ha ei strålande veke!! 

søndag 14. april 2013

Overlevingsguide for konfirmantmødre (vekestart veke 16)

Føler det er på sin plass å skrive om vårens vakraste eventyr idag: Konfirmantmødrene!!! Og eg er ei av dei...

Dei er eventyrlege i all sin fantasi om kva som MÅ gjerast før konfirmasjonene, og er du heldig så ser du henne i selskap med konfirmanten, i ferd med å velge ut serviettar til den store dagen. Konfirmanten, det er han lange, med kviser, som ikkje er interessert. Og når mor spør om dei ikkje har hortensia i ei litt anna blånyanse, for å matche serviettane, er konfirmanten i ferd med å bli ein kameleon, og sakte forsvinne ut av butikken.

Eg har gjort øvinga "konfirmasjon med langt tilløp" før, og skulle kunne det. Likevel kjenner eg stresskodda for augene og nye, uante problem dukke opp. For to år sidan var vi så vidt ferdige med å bygge på og pusse opp, eg var glad vi hadde gulv i stova og lister i gangen. Eg har feira 40årsdagen min, utan å vaske i bestikkskuffa, det gjekk bra. Vi har hatt barnedåp, men i ammetåka var eg truleg berre glad eg kom inn i bunaden. Likevel tenkjer eg på om det er rotete på loftet, skittent kjøleskap, om hybelkaninane lyder namnet sitt og om det er brødsmular i kjøkkenskuffa.


Bunad, ja... den er trang, den er det mest upraktiske plagg for å være vertinne i, sjølv med tilnærma stålkontroll. "Øhhh, sølvskeiene la eg på ein lur plass etter å ha pussa dei...". Det er ikkje sikkert det blir bunad i år, dersom ikkje pre-konfirmasjon skulle føre til ein uplanlagt slankekur.
Klær er eit tema for konfirmanten og. Er det berre eg, guttamamma, som meiner det må vere enklare med jenter og bunad? Innkjøp av klær til guttekonfirmanten må førebuast i god tid, slik at han er mentalt førebudd på å gå i butikkar. Det er jo bortkasta tid! Og ein må ikkje kjøpe kleda for tidleg, gutar i denne alderen veks dei fort 10 cm i høgda og blir breiskuldra over natta... Hurra for dei som jobbar i slike butikkar og kan språket til begge generasjonar og leier ein forsiktig fram mot målet: "Det slipset var fint, det passa godt, syns du ikkje?" Eit blikk på konfirmanten, og så eit lite spørsmål om han vil prøve noko anna, kanskje.

Mat må ein ha, og eg lærte sist at dersom nokon vil bake kake så seier ein JA. Snille venninner, gode kollegaer og snille naboar som kjem og tilbyr hjelp med kakebaking, det er gull, det gjeld berre å tørre å spørre om kva dei skal bake(så slepp ein ende opp med 3 "verdens beste") Dei siste dagane før selskapet skal ein tross alt vaske vindu så dei blir så blanke at ein kan spegle seg i dei, kakebaking er godt å sleppe. Ein skal rydde alt laust ut av kjøkken og stove og inn på soverom og kott, slik at det ser ut som om huset er minimalisisk innreidd og ein har plass til gjestane. (så er det litt jobb etterpå å finne igjen alt som er rydda bort, slikkepott? Det har eg ikkje sett sidan sist veke) I tillegg må ein vaske i skuffer og skap og rydde kjellarboda, for ein veit aldri kvar gjestane har tenkt seg! Det einaste gode med det er at det iallfall er ryddig etterpå.
Dette er eit typisk før-bilete

Å finne ein guttekonfirmant med langt hår, har eg gitt opp...

Og eg har bestilt middag, eg skal ikkje ligge våken og fundere på om det er nok med 1 liter saus pr person og kor mange potetar skal ein rekne pr mann, 5 eller 8? Men cateringmannen roa meg ikkje akkurat: "Ja, no er det berre tida og vegen, ikkje lenge igjen no nei, jaja!" før han skratta godt! Så eg har bestilt ein porsjon pr mann, om dei er 14 mnd eller 83 år, då må det bli nok?! No har vi sett over lokalet der vi skal ete middag, det er både bord, stolar og servise der, så det ligg an til å gå bra. Eg skal ikkje skrive noko om kvite dukar som skal strykast, det finns mykje fint i papir. Så då er det berre bordpyntinga igjen, den skal jo berre vere enkel og stilfull, tilfredstille mors esteiske sans og spegle konfirmanten si personlighet! Ikkje mindre...sukk! Mor er heldigvis enkel i estetikken og konfirmanten bryr seg vel berre delvis så lenge det ikkje er rosa!


Når alle desse små detaljene er på plass, kan ein byrje å tenkje på underhaldning og høgtid på den store dagen. Tale? Ein liten bildepresentasjon, kanskje? Alle andre har truleg full orden i bileta sine? Alle papirbilder i kronologisk rekkjefølge i album, og dei digitale i mapper med namn og forklaring... Vi og, naturlegvis, det er berre tilfeldig at vi fann nyfødtbileta av konfirmanten midt inni noko anna, frå lenge før junior var født. Det er iallfall lurt å kikke på dette litt før dagen før, som ein note-to-self. Sang er jo kjekt, vi tek den på det gule arket først. Men aller først må sangen skrivast, også det er lurt å starte med litt meir enn dagen før. Godt konfirmanten har ein far som er betre på rim og rytme enn mor er, det blir fort mange stavingar i siste linje for å få det til å gå opp når mor er i sving :)

Grunnen til alt stresset er naturlegvis at eg ønskjer at dagen skal bli best mogeleg for hovedpersonen!! Men kanskje han blir like glad om ikkje mor får høgt blodtrykk?

Heldigvis har eg ein roleg mann, han seier vi har kontroll, vi har tross alt konfirmanten på plass!


mandag 8. april 2013

Snart 20 år i arbeidslivet!!

For litt sidan fekk eg invitasjon til 20årsjubileum , for det nærmar seg 20 år sidan eg var ferdig utdanna bioingniør! Hjelpes...då burde eg vere vaksen allereie? Nokre initiativrike sjeler inviterte til fest, men den fekk eg ikkje med meg sidan eg vart sjuk(ikkje fekk eg med meg 5årsjubileum heller, då var minstemann heilt nyfødt)
Ung og fager bioingeniørstudent skjær lever

Men slike jubileum skaper jo nokre tankar...
20 år er veldig lenge, iallfall når ein ser framover. Eg kan ikkje huske at eg såg for meg kvar eg skulle vere no for 20 år sidan. Og eg klarer ikkje sjå for meg korleis livet er om 20 år, då er eg kanskje pensjonist?!
Eg ville kanskje vorte overraska over at eg faktisk jobbar same stad enno? Men sjølve jobben er ganske endra, eg har heilt andre oppgåver enn for 20 år sidan, men gjer dei innanfor dei same veggane. Men slik livet er, har det vore godt med same arbeidsgivar og kvifor bytte når ein trives?

Eg ville kanskje vorte forundra over at eg jobbar med mikrobiologi? Det var noko som ikkje sto øverst på ønskjelista! Men det er eit modningsfag, ser eg no, og veldig interessant! Eg lærer stadig noko nytt, eg bygger stadig ny kunnskap på gamal kunnskap. Dyr og menneske har mykje av dei samme bakteriane, fisk er litt annaleis, men teamarbeid og litteratur hjelper.

Eg ville kanskje lurt på kvar bioingeniøridentiteten min hadde vorte av? Eg har aldri jobba som "bioingeniør", ikkje jobba på sjukehus anna enn i sommarferie som student, og ikkje før dei siste åra jobba saman med andre bioingeniørar. Eg er ingeniør, med ulike "forord" som avdelings- og over-, men det seier forsåvidt ikkje noko om kva eg jobbar med, nesten kven som helst kan vere overingniør. Skal eg seie kva eg er, brukar eg bioingeniør, det veit dei fleste kva er, og at vi ikkje berre er "vampyrar".

Glede av å vere bioingniør har eg jo, og ikkje berre på jobb.
Eg kan vere den mest nyskjerrige og plagsamme blodgivaren!! "Er det slik de gjer det no?!" "Då eg jobba på blodbank..."(note to self, ikkje sei noko om at det var sommaren 1992, då forstår dei at dette er ei gammal dame med lite oppdatert kunnskap!)
Frå sist tur på blodbanken
Men vi kan jo få ein hyggeleg prat også, om betydninga av å gje blod, litt fag og slikt! Og eg må tåle eit stikk, som eg aldri venner meg til! Eg hoppar til i stolen! (og då er det best om eg held yrket mitt hemmeleg, syns eg)


Hos legen stiller eg inngåande spørsmål om kvifor dei ikkje sender bakterieprøvene mine til dyrkning, eller endå verre: har med resistensprofil for infeksjonen min når eg kjem!
Ser du smilefjeset på bakterieskåla?


Eg kan kome til å fortelje feil go upassande historier under kafebesøk eller middagar, når eg har vore med på obdusjon eller undersøkt den mest hæslege avføringsprøve for parasittar. Slikt blir ofte ikkje tatt godt i mot i selskapslivet...
Strongyloides-egg
Ok, parasittar er litt ekkelt, men fasinerande og fine i mikroskopet! Og dei fleste eg finn er farlege for dyr, ikkje folk, dei fleste iallfall.

Og spør folk kva eit blodprøveresultat betyr, må eg oftast skuffe dei, det kan eg ikkje lenger. Eg kan derimot gjerne fortelje dei kva bakterie som oftast gir augekatarr. Eg ville hatt store problem med å lage eit histologisnitt, men er ganske flink til å pipettere. Eg ser at eg har ei god grunnutadanning, men at som alle andre ender ein opp med å spesialisere seg.

Slik kan ein bioingeniør sjå ut i 2013. Med kamera i garderoben, trangt og i farta:)

søndag 7. april 2013

Vekestart veke 15 (og vekeslutt veke 14)

Påska kom og gjekk og ingen, iallfall ikkje eg, la ut noko som helst om vekestart for veke 14. Det straffar seg, viser det seg!!! Eg er forskjøla og tett og har feber og har ligge rett ut nokre dagar. Idag orkar eg sitte litt, men ikkje lenge, kjenner eg! 

Vekestarten gjev seg nesten sjøl, det må bi eit GRUK av Piet Hein
(eg er mest einig i del ein :) så er det sagt!!!)

Forkølet
Jeg er så forkølet, forpint
og besværet,
og det er så synd og så trist,
og jeg er så syg, som ingen
har været -
siden jeg var det sidst.

Og jeg ligger i sengen og
tænker kun på
at jeg har det så vederstyggeligt,
og er så elendig og mishandlet, åh!
Og det er i grunden så hyggeligt!
Eg syns grusomt synd i meg sjøl når eg ligg der og hostar, og kan ikkje anna.... Men nokre lysglimt finn eg, tross alt.
C-vitamin må ein ha!
Sol utanfor!




Solgult inne!
Papirlommetørkle er heilt nødvendig!

Litt om påska må eg også ha med! Vi reiste nokre dagar til mamma og pappa, med slekt og vener.
Då var eg frisk som ein gyngehest, og fekk fleire fine turar på påskefjellet, som altså er fjellet heime i Romsdalen, ved Herjevatnet, mine barndoms fjell, og ikkje kva som helst slags fjell. Reknar med mange har sitt "eige" påskefjell.

 Litt snø første dagen på tur, men det endra seg!!!








Finare kan det knappast bli!