søndag 20. mai 2012

Kva skjer?

Dagar kjem og dagar går. Kva skjer i livet?
17.mai var tidenes våtaste i Trøndelag, iallfall så lenge dei har hatt målingar. Men dagen var fin lell. Såg kjekkaste #femtenåringen gå i tog, vinka og snakka med mange, ropte hurra! På kvelden hadde vi besøk, samansett selskap med ulike nasjonalitetar, koldtbord med vegetarhensyn og speling av spel.  Det vart liv og røre og god stemning:)

Vi har vore i familieselskap og kjent på gleda over å vere del av ein fin storfamilie: Det var liv og røre og eg fekk kose meg med vesle Hanne, som eg er gamaltante til.
Mann og barn har snekra terrasse, og eg satsar hardt på at det fine været som yr.no melder kjem!
Hodet er fullt av rare tankar, og eg er glad mannen, også kjent som jegeren, er ei klippe å støtte seg på!
Til veka skal junior ha eksamen, det er spennande for mor. Forar han med god litteratu, iallfall norsk krim, slik at han er nokonlunde førebudd til norsk.
Sjøl les eg akkurat no På direkten, norsk krim, passe på ein roleg søndag.

Ønskjer alle ei fin veke!

fredag 11. mai 2012

HÆ, kan du gjenta, eg høyrte visst ikkje...


Å høre eller ikkje høre, det er spørsmålet.
Bildet er lånt her: http://www.nlsh.no/ensidig-doevhet/category6186.html
I Vårt Land for nokre veker sidan,  sto det at stadig fleire får problem med hørselen: Snart er 1 av 4 tunghørte. På radio NRK P2 snakka dei om alle som har problem med hørselen, særleg pga høg musikk.

Eg er ei av desse. Det er ikkje alderen eller for mykje høg musikk, men uansett har eg fått dårleg hørsel på ei øre. Det er upraktisk, det er tungvint, det er uvant, og det er eit visst tabupreg over det.

Eg oppdaga for eit par år sidan at det skjedde ting rundt meg eg ikkje fekk med meg, eg høyrte ikkje alltid når nokon bak meg snakka til meg, eg hadde problem i telefonen og i lunsjen vart eg veldig stille. Plusset er at når eg ligg på det gode øyret høyrer eg ikkje så mykje av snorkinga til mannen.
Eg er undersøkt på kryss og tvers, eg har nedsatt hørsel på ei øre. Eg har fått høreapparat, og pute med «bakgrunnsstøy» som eg kan bruke når øresusen bråkar på det verste når eg skal sove. Eg høyrer godt på det andre øret, så eg er ikkje veldig plaga til kvardags. Men enkelte ting er vanskeleg, småprat når det er bakgrunnsstøy, telefonsamtalar, lunsjsamtale med kaffemaskin som bråkar.

Eksempel på høreapparat
Men det eg har oppdaga er at dette er noko ein nesten ikkje snakkar om! Eg syns det er like greit at folk veit eg høyrer dårleg og må spørre om igjen og helst vil sjå den eg snakkar med. Når eg fortel det, er det utruleg mange som seier «Å, slik har eg det og», men enten så har dei ikkje gjort noko med det, eller så syns dei det er litt flaut å bruke høreapparat. Det er greit å bruke briller, men det er tabu med høreapparat? Kvifor er det slik?!

Eg trur mange ville hatt det betre om det var meir åpent om hørselsplager, særleg sidan fleire og fleire får det.

søndag 6. mai 2012

Mi royale fortid

Ser du for deg spennande avsløringar ala "Se og hør" må eg nok skuffe deg. Men eg har ei fortid som veldig kongeleg interessert. Eg elska å lese, eller kanskje mest kikke, i ukeblad og aviser når det sto om kongelege, og særleg om Märtha Louise og Haakon Magnus.
Kvar denne interessa kom frå er litt usikkert, men eg hadde god tilgang på ukeblad hos tanter. I tillegg følgde eg interessert med på tv når det var kongelege bryllup, feks då Diana gjekk opp kyrkjegolvet i marengskjolen sin! Sukk, det var ein kjole å drøyme seg inn i! Eg teikna kjole på kjole og kunne ikkje tru at moten ville endre seg før eg eventuellt skulle trenge sin brudekjole:) dette  var kjolen over alle kjolar!

No har Lillesøster rydda på loftet hos mamma og pappa, og kom med ei skatt til meg, frå mi mest aktive tid som royalist:
Teikne- og utklippsboka mi frå ca 1973

På framsida her ser de prinsesse Märtha Louise på sykkeltur, og at eg har fått denne boka frå bestemor og bestefar.
Det er mange skattar i denne boka, som er sterkt prega av min unge alder og mangel på lesekunnskap. Det er altså litt eksprimentell klippekunst og interessant liming...
Baby var stas, kongeleg baby endå meir!
Skrivetrening, og tape frå gamle daga som har farga av...
Gruppebilete frå Haakon Magnus sin dåp
Den dagen Haakon Magnus vart døpt, døpte eg forresten dukka mikjøpt i Italia, der mamma og pappa hadde vore på ferie), eit gult badehåndkle fungerte som dåpskjole, men eg hadde ikkje hatt... Det biletet trur eg ikkje blir offentleggjort!

Eg er framleis litt skaproyalist, sjølv om det går meir i rykk og napp.
På bryllupsdagen til Mette-Marit og Haakon hadde eg prinsesseselskap, alle gjestar måtte stille i galla og med ordensband! Og ingen protesterte:) Kjolen imponerte og det var klump i halsen under vielsen. Då arveprinsen i England gifta seg i fjor, fekk eg med meg mest mogeleg, sjølv om eg var på arbeid.

Eg likar framleis å følgje med, men er nok ikkje særleg oppdatert... Og utklippsbok har eg ikkje lenger...

lørdag 5. mai 2012

Du veit du er gift med ein jeger når... (2)

...du blir bedt om å kjøpe mjølk i 1literskartong.

Kvifor? Er ikkje det innlysande? Han skal fryse vatn i kartongane og bruke som blink nå skyttarlaget på jobben skal på skytebanen.
 Melk TineMelk Ekstra Lett Skummet Lett Hel Samlebilde Familie Felles Østlandet

Eg kan kjøpe mjølk i literskartongar, eg. Og det fins folk som meiner at eg ikkje er tålmodig?

torsdag 3. mai 2012

Leseliste for siste del av april

Det kan virke som om lesefarta har gått ned i det siste, veit ikkje kva som har skjedd. Men litt har kome på lista sidan sist:

Eg har lese  Straffen av Jan Mehlum. her er det ein antihelt, på sett og vis, som er hovudperson. Advokat Svend Foyn er på dei svakastes side, og litt på kant med politiet. I denne boka blir ei politikvinne, som er eller var ei god venninne av Foyn, funnen død, myrda. Kven ønskte livet av henne, og kvifor? Denne boka var innkjøpt til å vere med på reise, men vart på mystisk vis lese ut før turen starta... Eg har lese alle bøkene om Svand Foyn og likar serien godt, passe småbykrim med snille og slemme og ting løser seg!

På turen snubla eg innom ein bokhandel, bøker innkjøpt når ein er på reise tel nemleg ikkje i den store reknskapen, trur eg...Dei kostar veldig lite og tek ikkje plass i bokhylla, det er iallfall teorien. Dessutan må ein ha noko å lese på i tilfelle ein ikkje får sove når ein er prinsessen-på-erten på hotell.

Eg fann iallfall ei bok eg har sett før, men som no var på salg(der ser du, bøker kjøpt på tur kostar lite): Balansekunst av Rohinton Mistry. Handlinga skjer i India på 70-talet, og litt før. Ulike personar, i ulike samfunnslag og kaster møtes og blir kjent. Til tider ei ganske grusom bok, men mykje å lære om kultur og kulturforskjellar, også innad i India, men iallfall hit til Noreg!! Men inga lettlest bok, og nesten 800 sider, samtidig ville eg gjerne vist endå meir om personane i boka.

Så har eg vore innom litt gamle nattbordstablar, og lese både Marian Keys og gamle ukeblad. Elles pushar eg krim på femtenåringen, for å halde lesegleden ved like!
Nokon som har bøker å anbefale?