torsdag 24. september 2020

Haustklisje

Det er altså så fine farger for tida. 

Turen til og frå jobb er full av gode motiv, så eg har kameraet fullt av klisjefylte bilder med haustidyll! Berre litt dit og om eg klarer å fange lyset her...og vips har eg brukt litt ekstra tid. (alt regnværet derimot, det gløymer eg å ta bilder av!)





Men enkelte bilder er meir klisjefylte enn andre. Dette her konkurrerer med nakne tær i grønt gras, tær på sandstrand og tær i snøen! Akkurat no er dette kanskje det finaste eg veit! 


Å vasse i haustlauv. 

onsdag 23. september 2020

Eg, ein hamster

 Hausten er ei fin tid for oss som likar å hamstre! 

Eg har plukka blåbær, bringebær og tyttebær. Eg har ete masse bær når eg har gått i skogen, og eg har mi eiga multemyr der det i år var mogeleg å finne langt meir enn til multekrem i jula. Mannen hjalp meg å få tak i rognebær, for som kjent "høyt henger de" og eg har laga gele til viltmiddag og viltsaus. Eg har vore invitert til bærplukking i fleire hagar, og eg har sylta stikkelsbær og eg har kokt ripsgele.

Gelekoking


                                                   

Og i går fekk vi levert kjøt frå geitekje på døra. Det er delt opp og pakka og noko ligg i salt for å bli spekekjøt(det heiter neppe fenalår når det er frå geit...)


Det er mannen som plukkar sopp. Eg kan berre kantarell...



Mi indre husmor reknar  husmorpoeng og boksar med syltetøy og reknar ut kor ofte eg kan ta opp tyttebær og likevel ha heile vinteren. 

Men no er snart sesongen over for i år... eg finn nok noko anna å hamstre (sko kanskje?)



lørdag 19. september 2020

Knoll og tott?

 I serien "Kirsti prøvar og feiler": 

Georginer

Eg har forsåvidt ikkje feila, enno.





I vår fekk eg tilbod om georgineknollar frå svigermor. Eg tenkte at her har eg lite å tape, så eg tok dei med... Svigermor sa at eg kunne plante dei i potte, så det gjorde eg først. Slo fort fast at det ikkje gjekk, dei vart fort altfor store. Så eg måtte ordne eit bed. Eg tenkte at dei skulle ta ca halve bedet, og sette ei roseplante og nokre ringblomster der også. Vel... rosa har eg flytta og ringblomstrane har vorte vekk... Trur dette var veldig godt fostra knollar, for no er dei over ein meter høge.

Etter kvart vart det knoppar, og no er det masse blomster. Som eg nyut ute, som eg plukkar og sett i vase inne og blandar med dei andre blomstrane eg har i krukker ute. Eg kosar meg!




Men... eg har byrja lese meg opp, og er veldig spent på temperaturutviklinga, når kjem frosten, når skal eg klippe dei ned, når skal knollane opp? Google er min beste og verste ven, eg les hagebøker og diskuterer med andre georgineeigarar. Eg lurer på om eg har passande kasse å lagre dei i, må huske å tørke ute først, slik at dei ikkje rotnar så inn i kjellaren. Skal eg satse på matbua eller vaskerommet? Og ikkje minst; når skal eg ta dei fram igjen til våren?! 

(og vil nokon oppdage det om eg ikkje klarer å få dei til å overleve, og kjøper nye neste år?!)



"Nytt liv av daude gror"

I vår, då koronaen senka seg over landet og våren aldri kom. Snøen derimot, den kom i mengder. Då rydda eg i blomsterpottene frå i fjor, og fann ein vissen, bortimot død stakkar. Identifiserte den som ei potterose som nok haddde vorte ignorert på det grovaste i fjor haust. Eg tenkte at her har eg lite å tape, så eg klipte den ned og tok den inn i huset og ga den stell, vatn, lys og kjærleik.



Den var litt pjusk i starten....


Den kom seg. Fort!

Då sommaren kom, planta eg den i ei plantekasse bak huset. Det viste seg å ikkje vere så lurt, for rådyr likar roser... Så eg sette den tilbake i potte, ei større denne gongen, og plasserte den på rådyr-trygg grunn. Og den har vakse, og sist eg rekna over, hadde den 14 knoppar! Eg er litt spent på om den vil rekke å blomstre før frosten kjem...



No har den kome seg :) Eg må stoppe og sjå litt på den kvar dag når eg går til jobb!



Og eg er spent på om den vil overleve ein vinter til?! Kjenner eg har litt å leve opp til no.