fredag 26. juli 2013

Sommaridyll

I finvær blir det fint overalt, og særleg der ein syns det er fint frå før!!
Her kjem litt bilder frå barndomsparadiset mitt.

Sommarfjøs

Naust

Anna naust

Bak fjella lurer skyene


mandag 22. juli 2013

Eit rom på loftet



Eg tenkjer meg ein fattig student som leier dette rommet. Tynn og nærsymt, kanskje brystsvak? Rommet er sikkert kaldt på vinteren, og varmt på sommaren. Det er kanskje berre eg som har sett for mange filmar?


Eit bilete eller ei utsikt kan ha mange historier i seg.
Dette er utsikta frå hotellrommet i København. Eit vindu, med tak på alle kantar, rare vinklar. No er det nok berre eit lager der, det er ikkje godkjent rømningsveg, ikkje ventilasjon, ingen vil vel leie eit rom som er så lite.... Men den romantiske tanken om ein fattig student er der likevel!

lørdag 20. juli 2013

Sykkelbyen København

Ein skal ikkje vere lenge i København før ein forstår at dette er ein sykkelby.


Åh, ønskjer meg noko slikt!

Sykkelparkering

Alle dei fine syklane...

Eg gløymr meg og ser meg for, men berre bilar, og hoppar stadig tilside for syklistane, som held trafikkreglane, syklar i sykkelfelt og stoppar for raudt lys.
Nesten alle har sykkelkorg, det er barneseter og store sykkelkasser på syklane og nesten ingen brukar hjelm. Alle syklar, uansett alder og kroppsfasong, det er for alle å sykle her(men dei har forhold til det, det er lite bratte bakkar her...)

Eg kjenner det rykkjer i sykkelfoten! Eg har kjøpt meg ny sykkelbjelle og kunstige blomster til å ha i sykkelkorga når eg kjem heim! Her skal det syklast!

onsdag 17. juli 2013

Å sjå Noreg i 3.gir...

...eller biltur i sus og motordur!

Vi har Sharan. Den ser ikkje så verst ut, men ein skal ikkje skue bilen på lakken. Eg og den har vore litt avmålte mot kvarandre i mange år, igrunnen heilt sidan den slo seg litt vrang rett etter at vi kjøpte den. Den har slått seg vrang fleire gonger etterpå, det hjelp ikkje på samarbeidsviljen frå mi side. Eg må lell yte den rettferdigheit og seie den har vore bra, dei periodane den ikkje har stått på verkstad.

Tenkt deg å køyre heim frå konfirmasjon 30 mil unna, så seint som mogeleg 16.mai, med trøytte ungar og finklær og sludd og 2 gr og stopp når du er halvvegs... Då er det sanneleg godt det fins veghjelp og leiebilar!
Eller kva med når mannen skulle hente meg nyoperert på sjukehus, 20 mil unna, og fekk motorstopp etter 10 mil... Det var også 16.mai, forresten, den bilen kan kalenderen. Då fekk vi hjelp på ein liten bilverkstad på timen.

I periodar har den vore alt anna enn vasstett, og eg har køyrt bil med regnklær innnandørs for å unngå dusjen frå takluka, og brukt bøtte for å tømme dørken.

Det var ikkje stas den gongen vindusviskarane ikkje virka heller, når vi køyrte i styrtregn. Vi fulgte ikkje rådet om å køyre fort, slik at vatnet berre kunne renne av rutene av lufttykket... Heldigvis byrja viskarane å virke igjen etter ein times tid. Då køyrte vi heim i eitt strekk, turde ikkje skru av motoren!

Eg har vore sint og frustrert og lei, men så har den vore innom verksted og kome ut igjen litt betre enn før, men oftast ikkje heilt frisk. Eg har vorte på fornamn med servicemennene, som kanskje helst hadde sett at eg ikkje kom, med bilfrustrasjon i blikket og tordensky over hovudet!
Med gammal bil, kjem ein til det punktet at kvar reperasjon blir vurdert etter om det vil lønne seg. Og dersom det kjem flerie reperasjonar etter kvarandre, då blir det litt sånn at no må i berre slite litt til på den.

Og denne sommaren... Ingen bilferie, men tur til foreldre og svigerforeldre, treffe søsken og gå å jazzfestival. Det er over 30 mil kvar veg, samt småkøyring der. På tur dit juksa den litt, men fekk den i 4.gir etter 9 mil! På tur tilbake fekk vi den aldri meir enn i tredje gir. Gleder og frustrasjonar med automatgir, alle i bilen heldt pusten kvar gong vi var ferdige med ei 60sone, ville den liflige lyden av giring kome no? Nei. Det var mykje bråk i bilen. Ein må berre puste med magen og sjå ut på naturen og nyte det ein ser. Og vi har laga meir eller mindre gode sangar om å sakne 4.gir og knusktøre ordspel og vitsar.

I morgon skal bilen inn på sjukestova, næraste på avlastningsopphald nokre dagar, så blir det ny vurdering, skal den få hjelp eller flytte til dei evige eksosskyer?

søndag 14. juli 2013

No ser eg atter slike fjell!!!

Solnedgang sett frå svigers sin verandra
Når ein har vakse opp med fjell på alle kantar(nesten sant) er det lite som gje ro i sjela som å sjå dei igjen! 
Inni skodda her feks er det fjell.
Foten av Romsdalshorn





 Og ein liten skogtur vart det tid til i dag. Frodigt er det iallfall når det regnar....

tirsdag 9. juli 2013

Leseliste, julistart

For å vere litt ajour med leselistene mine, må eg berre skrive ned det eg har lese på starten av juli med det samme.
Eg er framleis på Harry Hole-kjøret, og har lese "Frelseren" og "Snømannen". Heldigvis huska eg delvis kven skuken var, men å lese så mykje skummelt hjelp ikkje på å vere skvetten og mørkredd!


Litt i same sjanger er "Den siste gode mann". Thriller med handling frå Danmark og særleg København. Dit vi snart skal på ferie...det blir vel enkelte stader eg må unngå! Boka tek utgngspunkt i ei jødisk myte/historie om at det i kvar generasjon er 36 gode menn(eller kvinner) på jorda, dør dei før neste generasjon er på plass, går jorda under. Men kven er gode? Korleis finne dei og redde dei?






Heldigvis fann eg ei kosebok å lese etterpå!
"Å bake kaker i Kigali" er ei bok som gir innblikk i ei verd som er framand for meg, eksotisk på mange måtar. Handlinga foregår i Kigali, ein by i Rwanda. Hovudpersonen Angel bur saman med mann og barnebarna ho har måtte ta seg av etter at barna hennar døydde. Det er krig, sjukdom, venskap og problem, den er lettlest og utmerka ferielektyre. Boka er herved anbefalt!

mandag 8. juli 2013

Hæ, regnar det ikkje?

Eg er innom yr.no ganske ofte, eg vil gjerne vite kva vær det blir(og om eg ser på værmeldinga på TV kan du vere sikker på at eg går glipp av været i Trøndelag, evnen til konsentrasjon er lav). Men på yr kan eg sjå innom når eg vil :) og det er oppdatert og greier!
Igår såg eg innom. Eg vaska terrassen på laurdag og oppdaga (heldigvis) at vi ikkje hadde treolje, så eg kunne ikkje olje då. Eg skulle ha fri idag, og draumen og plana var ikkje å olje terrasse... Eg kunne feks godt ligge i sola og lese ;) Men det var meldt regn (veldig lavt hurra) og igår kveld fann eg fram symaskina(det har eg hatt ei plan om, lenge!)og leita i stoffrestar og mønster og la ei plan for kva eg kunne gjere idag.


Lesehest!


Eg vart i tvil kva eg skulle gjere då eg sto opp idag, for det regna ikkje! Det var faktisk ikkje heilgrått og lavt skydekke heller, tvert i mot glimt av blå himmel og solstrålar her og der. Eg syns vi har hatt ein finfin sommar til no, mange dagar der eg har kunne svette i sola, og bli lett solkyssa(eller brent som enklete andre kallar det) medan eg har lese om Harry Hole og alt det fæle som tydelegvis skjer i Oslo. Så det ville ikkje vere krise om det regna bittelitt, nok til at eg kunne sitte inne og gjere hyggeting.

Men tilbake til idag, kva skulle eg velgje? Det vart symaskin og radio! Eg har lese oppskrifter, sydd i glidelås, prøvd og feila, sett saman stoff som passar, eller skulle eg prøvd noko anna, og ombestemt meg igjen. Eg har brukt strykejernet som nesten ikkje huska sjølv korleis de virka... Eg hadde heldigvis mat i huset, slik at det vart middag til alle, for eg skulle berre prøve litt til før eg ga meg, gong på gong. Eg må satse på syvær i morgon etter jobb, for eg har eit par planer og prosjekt eg ikkje rakk idag, og stova er full av stoff og symaskin og synåler som eg må rydde vekk før eg trur det skal ligge utover spisebordet. (plana om at symaksina kunne stå framme på kontoret slik at eg lettvint kunne sy når innfallet kom drukna i alt rotet som alltid er på skrivebordet...)





Symaskina er ein gammal travar eg kjøpte for 25 år sidan for pengar eg arva. Ikkje fancy på nokon måte, men den har det eg treng. Etter at den fekk service ifjor, vart den god som ny! Og no må eg berre huske kor kjekt eg har hatt det idag, kanskje eg skal rydde plass til symaskina på skrivebordet og sy meir! Kanskje prøve meg på eit større prosjekt? Men då meg eg handle meir stoff, leite etter spennande mønster...eg har mykje kos framfor meg!!!




(Men etterpå køyrde eg til OBS! og kjøpte treolje og olja terrassen. I tilfelle du lurte)

fredag 5. juli 2013

Veke 27

Oisann, kallar ikkje dette for vekestart, eg, sidan det allereie er fredag :)
Men nokre fine ord skal de få med inn i helga!!!


Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje,
at det må skje-
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein veg me ikkje har visst um.

-Olav H. Hauge-


Dette diktet heng på oppslagstavla mi, og eg les det for meg sjølv av og til. Noko å drøyme om og noko å håpe på, det treng vi alle!

God helg!
Og no har rosene sprunge ut, og luktar sommar og varme og gode tider!

tirsdag 2. juli 2013

TOTOkonsert


Søndag var eg og yngste junior på TOTO-konsert, eg måtte vere med for at han skulle få lov å kome inn og eg fekk lov å stå saman med han og kompisane under konserten, vinn-vinn!!  Men det spørs om ikkje han har større rockeattitude enn mor...

Det var sommar og sol og lang, lys kveld, så lysshowet kom vel ikkje heilt til sin rett, men musikken og stemninga var bra!!
Alle dei kjente sangane kom, Africa, Rosanna og Hold the line, og allsangfaktoren var høg(og ein kan godt synge litt "lalala" når ein ikkje er heilt sikker på teksten, ingen snudde seg og såg rart på meg!)


Men mor er mor, og ho såg andre ting som godt kunne takast bilete av :)

Gode sko er vikitg!!
Olav Tryggvasson strålte saman med sola!
Beviset for at eg verkeleg var der!