onsdag 25. mai 2016

Etter regn kjem sol

(...og etter sol kjem det regn igjen.)

Men la oss ikkje tenkje på det. Det var tur i dag også, med selskap av Tove som hadde fri og hadde lyst på tur. Øspøs regn til frukosten vart til opphaldsvær, delvis sol og god temperatur.





Og no skal eg prøve å formulere eit brev til NAV... Wish me luck!

tirsdag 24. mai 2016

Føling i fjæra #2

Igår tenkte eg at idag blir det ingen tur. Eg var litt sliten, eg hadde ei bok eg gjerne skulle lese ferdig, det regna ute. Altså: unnskyldningane sto i kø!

Men etter å ha lese ut boka, ete lunsj og rydda litt, kjente eg at nei, eg orka ikkje sitte inne lenger. Eg tok ein vri, og stakk i fjøra istadenfor skogen, eg avtala med meg sjølv at eg skulle få te på kafe i fjøra etter å ha gått turen.

Då eg kom fram, hadde det nesten slutta å regne, temperaturen var perfekt, det var mjukt lys og lite folk ute. Langs fjøra lukta det tang og tare og sjøvatn, det lukta som då eg budde i Mandal i ei fjern fortid. Der gjekk vi masse tur langs strendene, i all slags vær.
Etterkvart drukna sjølukta i ein tett vegg av heggeduft(som er veldig god ute, men altfor mykje inne..)! Det blomstra på alle kantar. Det var masse blomstrar å sjå, ulike slag tre og det var berre mjuke bølgjer på Trondheimsfjorden.



Fjorden baby!


Regn på ei rosebusk

Hegg i lange baner

Belønning. Te på kafe. 

Dette skal eg gjere igjen.
Kom det fram at eg hadde det bra?

mandag 23. mai 2016

Vekestart veke 21

Eg er i rute. Måndag føremiddag! Her kjem vekestarten tidleg!

Alt klart til matlaging.

Helga har vore fin. Vi har feira mannen sin bursdag, eg er for feiring av alle bursdagar. Ikkje berre "runde" dagar, men dei heilt vanlege dagane. 48 for eksemper, er eit utmerka høve til å lage ei stor gryte chili con carne og invitere til gutteselskap. (så vart det litt mykje for ryggen å lage mat, men det var stor stas å høyre latteren i stova og sjå at maten hadde falle i smak)

Vi har gått fleire turar i skogen, og i går var det så varmt at eg kunne gå i shorts! (og regnet kom først då vi sette oss i bilen!
Skogen baby!

Idag er det ikkje så varmt, det er skodde og regn. Det er tomt for kake. Det er måndag. Men det er vel berre å kle på seg og kome seg ut likevel?

REGN

Når det gode regnet faller,
er alt mulig. Kjærligheten
kommer ut av ei åpen dør
i det grå murhuset.
en smal snorrett sti åpner deg
innover i skogen.
Hun bøyer til side ei grein.
Så går vi inn.

Kjell Ivar Sandvik

Ha ein fin måndag og ei god veke!

lørdag 21. mai 2016

Prolaps, operasjon og kva no?

Det har gått 4 veker sidan operasjon. Det har på ein måte gått fort, på den andre sida har eg kjent på brakkesjuke og vore alvorleg utålmodig i periodar. Mannen har ikkje nekta veldig når eg har brumma og lurt på om nokon andre kan merke at eg er lei. Eg har prøvd som best eg kan å halde meg til reglane: ikkje for lang tur, kvile ofte og mykje, ikkje støvsuge eller vaske golv(enkelte reglar er enklare enn andre å følgje :) Men bør eg fortelje mannen at den siste regelen ikkje er så streng lenger? Er liksom ikkje sikker på om eg kjem til å huske å fortelje det) Og eg har gått på eit par smellar,  der eg har gjort for mykje og ville meir enn eg klarte. Noko anna ville kanskje vore rart?
Eg har brukt timesvis på sosiale medier, eg har lese masse bøker(nokon gode, og nokre riktig lettleste, litt rosa bøker) Eg skal skrive litt meir om bøkene eg har lese ein annan dag, iallfall dei gode bøkene. Eg har gått tur, i større og større sirklar i nabolaget.
Slik såg arret ut rett etter operasjonen.
11 metallstiftar heldt det saman.

Denne veka har eg vore på kontroll og alt ser bra ut. Fysioterapeuten på sjukehuset var fornøgd med framgangen, hadde berre enkelte kommentarar til korleis eg skal gjere øvingane mine. Eg får lov til å gå lengre turar, eg kan gå fortare enn eg kunne rett etter operasjon. (For ikkje å snakke om at eg har fått sjå at skogen har vorte grøn medan eg har vorte friskare)
Samtidig kjenner eg at alt ikkje er på plass, eg blir fort sliten i ryggmusklane, eg slit med å sitte lenge, eg har mykje trening igjen. Eg har ansvaret sjølv(iallfall nesten)og må lære meg å leve med ryggen min og kva den treng. Det blir innimellom ein vanskeleg balansegang. Idag har eg gjort for mykje, det straffar seg no i kveld... Eg må legge ei plan for å komme tilbake på jobb, eg treng plass til ein madrass på kontoret og har plutseleg veldig lyst på eit kontor utan glassvegg...
Slik ser ryggen ut no. Og ser du godt etter, ser du eit arr under, det er frå 2004,
og det til venstre er frå 2006...
Rett etter operasjon, bleik, men nokså fatta.

Rett etter operasjonen var eg usikker på om det var verdt det, full av smertestillande, kvalm og med vondt både her og der. Men no, når isjassmertene er nesten heilt borte, er det heilt klart verdt det!

På skogtur i går!
Det går framover :)
No er det berre resten igjen. Nevrokirurgen meiner eg skal unngå fleire prolaps, skivene mine er snart borte... og alderen tel visst også litt, og det er jo eit pluss?! Eg og ryggen må øve oss på å ta plass, bruk "ryggkortet" for det det er verdt, sa fysioterapeuten. Så no er du førebudd!

Og for spesielt interreserte; her er ein video av ein operasjon: (det er blod og skalpellar, eg har ikkje klart å sjå heile...)



Og er du som meg, er dette litt meir greit å sjå på:

torsdag 19. mai 2016

Vekestart veke 20

Desse vekene med fridagar i starten og slutten og onsdagar som er måndag i hovudet etc, det blir rot!
Vi har iallfall hatt pinse, det vart rolege dagar, sakte frukost, innimellom felles middag, dårleg søvn medan eg venta på at juniorane skulle kome heim, trivelege treff med folk på kveldstid og litt tur i skogen.
Eldste junior har avslutta folkehøgskuleåret, og er vel heime. Vi finn nok ei felles rytme igjen etterkvart, akkurat no er vi litt i usync med døgnrytme og behov for informasjon.
Det har vore 17.mai, kaldt og perfekt bunadsvær. Det var tog og flagg og kake og grilling. Litt for mykje for ryggen, men eg trur det var verdt det!

Igår var det kvardag igjen. Eg kom meg ut i skogen og forstår godt kvar alle nasjonalsangane handlar om. Det er så fint no. Lysegrønt og frodig og det endrar seg kvar dag. Eg gjekk og stoppa om kvarandre, og sang (inni meg) Fagert er landet :)




Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
soleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

Anders Hovden

Og no skal eg på kontroll av ryggen, eg er litt spent!
Ha ein fin dag!

tirsdag 10. mai 2016

Vekestart veke 19

Ny veke er godt igang. Det er på tide med eit nytt innlegg. Ei god venninne deler dikt på Facebook kvar fredag, og dette måtte eg berre dele vidare, for det er jo slik det er:

BILDET
I går var treet - tre, men i dag
- Jeg går med noe grønt
for øynene
Noe ubestemmelig
Noe så lyst og vàrt
at jeg knapt kan skjelne det
fra blikket
Det ligner en irritasjon
av glede mot øyet. Det grønne
står liksom og hopper:
Er våren noe grønt ved meg
eller er det jeg som sanser våren; grønn
Det er som to farger
mot hverandre, blikket og treets
Naken, under blå himmel
Mai danser
- Stein Mehren -

Igår var årets, til no, varmaste dag. Og trea rundt oss rett og slett gjekk frå tre til grønt på 1-2-3! Det var så eg nesten høyrte knoppane opna seg. Eg var ute mykje av dagen, eg fekk farge på kroppen(syns eg iallfall, men det er vel ikkje så mykje eigentleg...) Eg gjekk barbeint i graset. 
Dette biletet er frå torsdag
Nesten same utsikt idag

Idag er vi tilbake til vanlege maitemperaturar. Eg tok på sokkar og ulljakke då eg gjekk "runden min" etter frukost. Eg går litt lenger kvar dag, eg har gode sko og idag altså ulljakke. Det går bra med ryggen, men eg treng nok litt tid enno før eg er tilbake på maxfart. 

torsdag 5. mai 2016

Ut på tur!

Det er mai, sol(iallfall så godt som) og temperaturar som gjer at ein kan kome seg ut utan lag-på-lag-på-lag med ull. Eg kan bruke den nye anorakken min :)

Vi har vore på tur langs Trondheimsfjorden. Ikkje langt, ikkje fort, men heilt klart på tur! Og neste gong skal vi ha med niste, for det kom eg ikkje på idag. Og vi gjekk forbi så mange fine rasteplassar... dei ropte etter niste, tekopp og ein sjokoladebit!

Men det vart lunsj i sola på terrassen då vi kom heim, og mannen tok ut ei feltseng til meg, så eg kunne ligge ute i sola og lese. Luksusliv for luksusdyret!


Kvitveis, som teppe rundt oss

Ein får jo lyst til å berre gå og gå!

Skarp sol, morsk dame.

Så kom toget forbi.

Fin detalj på eit nokså nedslitt hus

Fjorden baby!
Og været skal fortsette. Og igår var det onsdag, men på ein måte fredag. I morgon er det fredag, eller måndag, nei, fredag igjen!

søndag 1. mai 2016

Vekestart veke 18

Det er mai! Det er faktiskk bittelitt varmare, det er iallfall lysare kveldar og solnedgangar med rosa skyer. Det er krokus i plenen, det blir grønnare for kvar dag(antatt bak huset, der alt er gravd opp og ikkje blir grønt før neste år, ser det ut til. Men det står ikkje på mine planer/draumar, dei inneheld både grill, platting med overbygg, bærbusker og frukttrær, grøn plen og solskinn!)

Idag har det vore ein fin dag! Vi åt restar av gårsdagens middag, pai, til sein frukost, eller kanskje vi like gjerne skal kalle det brunsj. Vi gjekk tur i skogen, der var vi ikkje åleine. Det var den lengste turen til no, etter operasjon. Det gjekk veldig greit, både undervegs og etterpå! Etter middag fekk vi besøk, det var is og sjokolade til dessert. Eg har fått låne lesestoff og eg har fått ein liten kveldstur. Glimrande! Gode påfyll før ny veke startar. Eg har lagt litt planer for veka som kjem, slik at dagane ikkje skal bli så lange. I tillegg skal eg fjerne stiftane frå operasjonssåret, det gler eg meg veldig til!

Skogselfie! Med glorie :)


Ja, det ligg snø, men det er grønt gras der også!

Og draumen, den treng vi alle! Om uteplass, vårvarme, god helse, alle mogelege ting! 

Bønn for drømmen

Jeg frykter den kalde,
altfor kloke tanken.
Den som borer så presist,
roper så høgt på sannhet -.
Jeg ber for Drømmen:
det gåteblå sløret
som skjuler sannhetens
arrete ansikt.
Ja, jeg ber for Drømmen!
La meg lenge få tro
at suset i skogen er noe mer
enn et fysisk fenomen:
Grenenes friksjon
mot stømmende luft -.

Hans Børli 


Ha ei fin veke! Håpar du har ein draum, som susar i skogen. Eg drøymer iallfall om lunsj i solveggen ein dag denne veka!