torsdag 29. juni 2017

Om å vatne blomster

Idag, eller rettare i går kveld, kom sommaren på besøk til Trondheim. Då var vi på båttur på fjorden, og vi var ikkje åleine. Det er heilt rart når varmen kjem, det var 6 gr tirsdag morgon, så vi har venta! Men når godværet kjem, endrar folk seg! Dei smiler. går lettare, har friskare farge på klærne osv. Ikkje berre andre folk, eg og! Det er så godt med sol og varme. Og i morgon skal det fortsette. Eg strinyt sol og varme!
BLÅ himmel

Barbeint på terrassen. Og ei flaske med iste lett tilgjengeleg.
Boka vart ikkje med på bildet. Og arbeid inne? Det står seg!

Alt veks fort, eller slår ut i blomst. Det luktar syrin og jasmin og eg veit ikkje kva når eg er ute og går. Kjøkkenhagen og blomstrane ute treng litt ekstra stell når det er så varmt. Særleg kjøkkenhagen, der går det fort mange liter vatn, og hageslangen rekk ikkje dit. Altså får eg trim! Eg ber gjerne vatn. Og eg prøvesmakar spinat og grønkål, ser lengselsfullt på jordbæra som snart får farge. Mine første jordbær! Når eg går og ber vatn, kjem det naturlegvis nokre minner!
Då eg var lita var eg ofte på Kvila, nabohuset, der budde Gudrun og Erling. Dei hadde stor fin hage, med stort bed med påskeliljer som kom tidleg på våren. Så kom det eine etter det andre, med rhodondendronen som det store høgdepunktet. 3 store planter, meir som tre å rekne, heilt  fulle av blomster. Ikkje rart turistane stoppa for å ta bilder!


Rosebusker rundt om i hagen, som blomstra utover sommaren, det var alltid roser på fødselsdagen min i slutten av august. Bærbusker, og bringebær med fløte som dessert når eg åt kveldsmat der. Blomkarse som vi sådde om våren, eg var naturlegvis med på førebuingane. Huskar vi la frøa i bløt først, slik at dei skulle spire fortare. Krokete frø, som skulle bli ringblomster som skulle stå i bedet rundt syrinene, slik at det var blomster der når syrinen var ferdig med sesongen. Valmuer, Skaugumbegonia, erteblomster, eføy som vaks over heile glasverandaen, og sikkert mykje meir eg ikkje huskar! 

I år var eg heldig og fekk blomkarseplanter eg
berre kunne sette i stor potte.

Men så til det eg tenkjer på når eg skal vatne mine blomster, no slik ca tretti - førti år seinare; eg brukar ikkje kaldt vatn rett frå kranen! "Ingen likar å få føtene i iskaldt vatn!, sa Gudrun, "heller ikkje blomstrane! Og vi vatnar ikkje midt på dag i solsteiken, det gjer vi på kvelden" Så det gjer eg. Eg blandar til lunka vatn når eg fyller kanna andre og tredje gongne, og fyller alltid vasskanna full når eg er ferdig å vatne, slik at det er lunka vatn klart til neste vatning. Og det hjelper jo? Iallfall veks plantene mine godt, tross kaldt vær og sol om kvarandre.

Eg har sådd ringblomster i år, sjølv om eg ikkje har ein
syrin å plante dei rundt.

Frodig grønkål

Vasskanna er full av vatn, klar til i morgon ettermiddag.
Og så er det litt rart å tenkje på at Kvila skal selgast snart, sjølv om det er lenge sidan gudrun og Erling døydde, og lenge sidan eg sprang over markane på besøk. Det er rart at det kjem nokon andre som skal ha hagen der, som eg har så mange minner om. Der eg åt føremiddagsmat på den kvite benken i hagen, gjekk inn under rhodondendronane som var nesten som eit hus, samla frøkapslar av valmuene, satt i lysthuset(som har vore vekk i over 30 år)... No skal andre lage sine minner derifrå!
Det er fint og!

mandag 26. juni 2017

Segling, vaflar og overnatting

No kjem bilde på bilde med skryt, av båt og vær og meg sjølv. Du er advart!

I helga har eg vore på testtur. Eg trong det, dersom ferieplana skal gjenommførast (den er litt avhengig av vær og slikt også) eg måtte ha ein litt lengre tur med båten, med innlagt overnatting. Værmeldinga var ikkje så allerverst, ifølge Yr skulle det iallfall vere opphaldsvær. Kanskje til og med sol? Mannen meinte det kunne bli lite vind, og kanskje mest i feil retning, men vi la ut på laurdag.
Ja, etter å ha sove lenge, ete lang frukost, og handla diverse samt pakka. Då er det brått ikkje så tidleg på dag lenger, men pytt, det er lyst lenge (og eg visste igrunnen ikkje kor lang tid vi måtte berekne å bruke heller. Eg har lært litt om fart og knop og nautiske mil og kart og slikt i helga)

Pikkpakk i båten, klar til tur!

Det med vinden stemnte, det var lite av den. Før det vart mykje vind, rett mot. Kvittoppa bølger, sol og vassprut. Saltvatn i håret er vel bra? Litt kaldt kanskje, men eg vart iallfall ikkje sjøsjuk. Ikkje vart eg redd heller, det hadde eg vorte i fjor om nokon drog med meg på slik fjordferd. Vi las kart og rekna og tenkte og fann hamna vi skulle i, og omtrent kor lang tid det ville ta.

Det plaska godt!

Treng ikkje vindmaskin på båt i motvind!

Det var tid til litt sol på leggane!

Det er ganske sakte med seglbåt, enten den går for segl eller motor. Lite bråk og lite fart. Iallfall når ein går for motor og det er stabil (om enn litt ruskete) sjø. Når ein kjem inn i rytma, er det litt mindfullness. Det blir tid til tekopp, aviser, løse kryssord, prate, sjå utover fjorden (på tur tilbake såg vi mange niser som dreiv ein slags synkronsvømming rundt båten) og bli litt solbrent på nasen. Eg vurderer fat med høge kantar til servering i båt, evt kun doble skiver servert i serviett, for då eg hadde smurt skiver i fart igår og skulle sende dei opp til mannen ved roret, kom det ei litt brå bølge, og vips låg all maten i dørken... Pytt, berre kjentfolk og kjente fugleartar som har opphalde seg der.

Mat før brå bølge
(illustrasjonsfoto)

Framme i gjestehamna i Sivertsvika var det lett å finne båtplass, sol, stille og roleg, reint og fint på sanitæranlegget, lett å få fyllt diesel. Alt vel altså! Vel til kai vart det fiskesuppe, så eit liten runde for å sjå seg rundt og til slutt ein fabelaktig solnedgang! Klisje på klisje med farger og lys og skyer!
Etterkvart vart det natt, eg blir grusomt trøtt av slik uteliv. Planen om å sitte lenge og lese og småprateutgjekk. Eg sovna og vakna av ein lyd og med mitt litt reduserte nattsyn utan briller, såg eg båtmaster som sklei forbi utan for vindauget. Skvatt litt, for eg byrja lure på om vi hadde byrja drive frå kai... Heldigvis viste det seg å vere ein anna  båt som kom seint!
Mann og kone et fiskesuppe.

Kveldsstemning
Solnedgang

Utpå morgonsida måtte eg på do, og då eg kom ut på dekk hadde sola allereie stått opp. Det var blikkstille fjord, heilt stille rundt meg, alle andre sov nok,  fuglane gnei enno søvnen ut av auger og nebb, eg såg berre ein hegre som letta frå moloen. Inn fjorden kom hurtigruta sigande, og det var nesten vanskeleg å gå og legge seg igjen. Men halv seks er litt tidleg start...
Då eg omsider sto opp på rett, vart det egg og reker til frukost på dekk, nybrygga te i kanne, kryssord og god tid. Vi snakka med folk i dei andre båtane, og det skal båtfolk ha, dei er veldig hyggelege. Vi snakka båt og modell og pluss og minus med det eine og andre. Vi fekk gode råd om Hustadvika og segling i ferien, historier om båtbyggarar og tur i Karibien.


Men vi skulle heim igjen, vi måtte berre vente til vaffelsalget starta. Det er nemleg vaffelsalg kvar søndag! Mette på både frukost og nystekte vaflar, med ferdig rydda båt og ved godt mot, la vi ut på fjorden. No var det vind! I rett retning! Det tok litt tid før vi fann rytmen og rett stilling på segla, men så fekk vi ein så lang segltur som vi aldri har hatt før i eitt strekk! Litt ruskete i overgangen mellom to fjordar, men eg trua ikkje med å hoppe på sjøen denne dagen heller. Eg kunne sitte i short og tskjorte og jobbe med d-vitaminsanking og brunfarge (note to self: solkrem på nasen neste gong, den vart gløymt i går. Kirsti er raud på nasen!) Det vart vindstille akkurat då vi låg i leia for ferga, og der bør ein jo ikkje bli for lenge. Så vi starta motoren og gjekk siste stykket tilbake til rett plass i Trondheim. Litt sliten, og veldig fornøgde. Kanskje blir det ferie i båt i år?

Vind i segla 
Tenk deg at horisonten er horisontal...
No er det måndag igjen. Det er 2 veker til ferie. Det er lite folk på jobb, det gjeld å halde humøret oppe. Ein båttur gjev ei kjensle av ein liten ekstra ferie. Det er bra!
Det er klart for vekestart. Eg likar Odd Børretzen, han har fine tekster om segling, og livet og slikt. Og på min første tur i ei gjestehamn, passar det med denne sangen; "Tønsberg hamn". Då eg var oppe midt på natta, kunne det virka som om alt var stille, men neida!


Lytt og nyt!
Og ha ei strålande veke, på sjø eller land!

fredag 23. juni 2017

Kunsten å koble av

Fredag. Ei lita samling papir på kontorpulten som skulle gjerast noko med, eit dataprogram som ikkje samarbeida og eit hode som hadde problem med å konsentrere seg. Sol og varmt ute. Og fredag altså. Heldigvis var det sjokolade på bordet i lunsjen!

Eg avtala med meg sjølv at eg skulle gå tur når eg var ferdig på jobb. Rett heim og skifte til shorts og singlett, i det fjerne tunge skyer, men rett i skogen med meg. Eg har skrive om det før, skogen er min stilleplass, der eg ladar batteria og eg kallar det gjerne mindfullness å gå der. 2 km motbakke, ikkje ein frustrasjon igjen! Eg og skogen, idag luktene av tidleg sommar, klissvåt myr og fuglesang over alt. Herleg!

Bittelitt vått i myra. Sikkert bra for huden med
gjørmebad??



Tyttebær

Storknebb

Blåne bak blåne


Fann ei rute der eg var nesten åleine, tømte tankane for irritasjon over datamaskiner, planla middag, funderte litt, plaska rett ut i kalde bekkar for å skylle av skoa og tok litt bilder. Mindfullness på høgt plan! Vel heime vart skyene svarte og tora slo, før det kom regn, i mengder. Godt å vere inne!



No er det sofateneste, NRK jazz, eg er passe mett etter sommarpizza og eg har mokkabønner. No er det helg!


torsdag 22. juni 2017

Fridag

Idag har eg prioritert hardt! Fridag og sol, skal vi sjå, eg kunne

  • vaske badet
  • rydde klesskapet
  • bake brød(det kunne gått, forsåvidt, det skal jo heve)
  • generelt husarbeid
Eg har
  • ete lunsj ute
  • gått ein liten tur i sola
  • lese bok og blad og aviser UTE
  • høyrt sommarmusikk UTE
  • sett på sola 
  • høyrt fuglesang
  • tatt med reine klær ut og bretta saman
  • ete middag ute på terrassen(restemiddag som berre skulle varmast opp)
  • raka plena etter at mannen slo graset
Eg har fått farge, eg har sanka D-vitamin, frisk luft og godt humør. Eg har snakka med fleire naboar enn på lange tider. Og fryda meg over at toåringen som ropte "Nei! Neei! Neeeei! Mamma!" ikkje er mitt problem. Eg har vore der... 
Eg har vore ute! Det var så godt! (i morgon er det regn igjen, då kan eg vaske og rydde, om eg skulle få lyst!)


Morgonstund har gull i munn!

Særleg på ein fridag. Med sol!

Tekanne, tekopp, fin tallerken, lesestoff og aviser.




søndag 18. juni 2017

Sommar i Trøndelag

Sommar i Trøndelag er ikkje for pyser. Idag har det veksla mellom pøsregn og yr, med enkelte glimt av sol, men aldri så lenge at det tørkar opp. Skoa eg sette til tørk ute på fredag treng ein runde i tørketrommelen...
På fredag hadde vi forresten grillfest med jobben. Dagen starta med sol og varme, men før festen var det flomvarsel, og jammen er det godt at han som inviterte på hageparty, hadde stort kjøkken og stove. Fint å sitte inne og sjå på regnet ute!

Så noko må ein gjere! Idag har eg tatt fram dei nye sommerskoa/sandalane eg kjøpte i Tromsø i vinter, ein dag med omtrent snørekord i mars der oppe. Alle fly var forsinka og brøytekantane høge. Og eg har tatt fram linkjolen frå i fjor, kjøpt ein optimistisk sommardag på Røros. Det finns ikkje dårleg vær, berre dårlege klær!


Og dei rette klærne kan gje solskinn, om ikkje anna inne!

Vekestart veke 25





 ondt er av alle andre
bli trakka på og trengd.
Men vondare å veta
at du er utestengd.
Det er så mangt i livet
Søndag. Fridag. Lave skuldre, sein frukost, tid til å lese. Lunsj med junior då han var ferdig med jobb. Sjokoladekake til dessert. Yoga inne og tur i skogen saman med mannen, nesten mellom regnbygene. SMS frå han som er i militære.


Liljekonvall på stovebordet. Tid til å sjå over papir og melde til NAV og Statens pensjonskasse, dei har visst venta på meg. 


Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.
Jan-Magnus Bruheim

Ganske klar for ny veke. 
Må veka di bli god!

onsdag 14. juni 2017

Allereie no?!

Idag har minstemann (noko meir enn 1.92 høg) hatt siste eksamen på videregåande. Han har rett og slett gjort unna grunnskulen og videregåande, og mor står som eit spørsmålsteikn igjen.

Var ikkje dette no nettopp?
Her er det rett før han skal starte i barnehagen.
Ok, så var det i 1999...
Alla dessa dagar som kom och gick,
inte visste jag att det var livet.
Stig Johansson

Eg kjenner det litt slik .....
Klisje, eg veit det, men 5 år i barnehage og 13 år på skule, i ettertid så har det gått ganske fort.

Eg har forsåvidt registrert at han har gått på skule, for det har vore ein del diskusjonar rundt det viktige med å gjere lekser og slikt, eller det var vel mest dei første åra. Han syntest ikkje han lærte noko, så kvifor jobbe? Noko må han ha fått med seg likevel! (Eg mistenkjer at dei må ha lurt inn ein del kunnskap på skulen, som junior trudde han hadde plukka opp sjølv)

Det har vore dagar og år med lekser, gløymte gymklær(både før gymtimen, og i sekken etterpå), overraskande prøver, lange dagar, skogtur i regn. Det har vore skulekjøkken og pannekakefrukost, forvirrande framandspråk, ekskursjon for å sjå på kryp i fjøra, vanlege skuledagar med niste og matematikk. Det har vore lærarar som har sett gull, og oppmuntra til vidare arbeid. Det har takk og pris vore musikktimar som lyspunkt!
Det var trening, det har vore sykkel, det har vore celloøving med både glede og motgang for far og son. Det var elbass og bandøving i stova vår, til varierande entusiasme frå mor. Det vart kontrabass og øvingsrom i kjellaren. Det har vore masse musikk i heimen, og masse fine folk innom.
Smått om senn kunne eg sleppe taket, for han tok ansvaret sjølv for både lekser og øving og nistesmøring.

Og dei tre siste åra har det vore masse musikk! Gleda var stor over å kome inn på musikklinja for tre år sidan. Det har vore knallhard prioritering av tid og søvn, og det viktige(les musikkfag) har fått fokus. Det andre har vorte gjennomført, av og til til mors lette frustrasjon over tidsbruken. Det har vore seine kveldar med siste innspurt, kven har ikkje vore der? Det har vore litervis med kaffe(det har han ikkje frå meg), diskusjonar rundt kjøkkenbordet med medelevar, kollekvier med taco og kveldar med Risk.

Forrige veke satt eg svett, nervøs og kjempestolt på eksamaneskonsert, utan å kunne gjere noko mer enn å vere der. Det gjekk bra med både mor og son! Og idag altså siste munnlege eksamen, gjennomført med stil (eg måtte vente veldig lenge på oppdatering, han skulle jo ha lydprøve til avslutningsfesten i morgon, må vite. Då må mødre finne seg i å vente, viser det seg).

Gratulerer! 

Og vi er over i ein ny epoke, som eg veit lite om. Storebror har gått opp stien for første året med folkehøgskule, men så? Mor finn stadig noko nytt å lure på...men det er visst ikkje mitt problem lenger? (Særleg! Eg hevdar min rett til å spørre og mase og blande meg inn lenge enno! Eg øver meg på å godta at eg ikkje blir høyrt så mykje lenger. Øver. Eg er litt førebudd alså, eg har lært mykje sidan eg skreiv dette)

Stor og liten bror. I sola med is. Med ullklær.
Satsar på at dei har fått med seg litt i oppveksten, om
klær og kosthald.

mandag 12. juni 2017

Syrin!

Lukta av syrin.
Eg er 7 år og er tilbake til huset til besteforeldre mine. Der sto det ein syrin i hagen, lilla blomster og berusende lukt. Tru om den står der enno?  Det er lukta av sommar og sol. Eg gjekk forbi syrinen på veg frå skulebussen opp bakken. Det sto ein steinbenk der og, eg huskar den som alltid varm av sola.

Idag gjekk eg i regnet. Og lukta var der. Sterk og søt! Og eg var tilbake i barndommen! Måtte berre knekke av ein kvist og ta med heim.

Og eg har ført opp syrin over planter eg skal plante bak huset.



(Og bilda la seg på tvers... )

søndag 11. juni 2017

Vekestart veke 24

Det er juni. Eg har vore på tur, først jobb, så litt ferie.
Det har vore jobb med grilling og fagleg påfyll. Sosialt, men som alltid for lite tid til å snakke med alle ein skulle, når ein først møtest. Eg skulle spurt den om det, helsa på dei som eg ikkje har sett på lenge, utveksla nokre erfaringar der. Noko rakk eg, ikkje alt. Sett det nye(halvferdige) bygget kollegaer skal inn i om 3 år. Fagleg påfyll som sett tankar i sving, skulle vi gjort slik? Eler slik? Og det dukkar opp spørsmål og undring og irritasjon! Jada, jobb altså!
Nytt Veterinærinstitutt på Ås

Rett frå jobb til kjærestehelg med mannen, tid til besøk hod familie og hos vener vi ikkje hadde sett på lenge. Sein morgon, sein frukost på kafe, rusling i Oslo by, ingen nye sko, men ei bok eller to vart med heim. Museum istaden for park idag, sidan det regna.

Akerselva

No vel heime i solnedgang og varme. Har pakka ut, sortert skitne klær, så vidt snakka med junior, prøvd å planlegge morgondagen. Har sett at kjøkkenhagen har tålt sol og varme, no spirar det overalt! Om nokre veker har eg spinat!

Eit junidikt til deg. Juni med lyse kveldar, fuglesang og lovnad om sommar!

HANS BØRLI: JUNIKVELD
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.
Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.
Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster...
Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen

I går satt vi ute, rett nok på ettermiddagen,
og åt lunsj. I juni. I regn. Under tak heldigvis!

mandag 5. juni 2017

Kjensla av meistring

Meistring er bra. Eg meistrar ikkje riktig alt med båt, og det er så lettvint å kvile på alt mannen kan. Men i dag tok eg grep, og for første gong har eg lagt til kai. Åleine! Mannen sto framme og ga retning, det som brukar vere min jobb. Medan eg hadde ansvar for rorkult og gass og revers og greier. Båten fekk ikkje nye hakk eller skader, ingen andre båtar heller.

Og eg? Eg var veldig, veldig fornøgd! Om du skulle tvile, finns det bildebevis!


torsdag 1. juni 2017

Det såg ut til å bli ein slik dag...

Det er 1.juni idag. Første sommardagen så og seie. Nokon må ha gløymt å oppdatere Yr.no, for det var 5 gr og plaskregn då eg sto opp. Eg var trøytt, men ingen ting mot han på andre sida av bordet som skulle ha eksamen idag, og nok skulle stoppa lesinga tidlegare går kveld. Ein stor kopp te hjalp før eg måtte ut i regnet. 

Vel inne på jobb var det varmt og tørt. Eg låste opp dører, skifta til labklær og sandalar. Det er veldig stille på laboratoriet før kl 8 om morgonen! Ro i hodet og tid til å finne fram det ein treng for dagen. Heilt til brannalarmen går... Først eit bittelite håp om at det var brannøving, men sidan det er eksamenstid for studentane vi deler hus med, slo det meg at det ikkje var truleg. Då var det ut (nemnde eg at det regna?) og finne oppmøtestaden, som er på parkeringsplassen.  Ikkje på nokon måte under tak. Fann ein ekstra labfrakk, for det var kaldt, og regnjakka og dei gode skoa var i 4.etasje, og eg var i første. Omsider kom brannbilen, og etter gjennomgang både her og der, slo dei fast at det var falsk alarm.


Så gjekk det stort sett greit ei stund, unntatt nokre småting. Men eg vart ferdig med eit lass prøver som skulle analyserast for parasittar, ja det er snakk om parasittar i bæsj! Og vel heime hadde eg huska å skru opp varmen, så det var slett ikkje så verst! 

I ettermiddag har telefonen låst seg, såpass grundig at eg byrja lure på om det verkeleg var min telefon. Eg prøvde det meste, av opplåsingsmønster, koder og pålogging, eg fekk beskjed om feil mønster og feil kode og ikkje minst feil pålogging! Bittelitt desperat (og telefonavhengig) må eg innrømme at eg vurderte å ta ein tur på telefonbutikken... Tilslutt måtte eg restarte alt, eit par spennande minutt gjekk før den viste seg å ville samarbeide igjen. 


No satsar eg på at resten av dagen går greit. Vi hadde restar til middag, det er eit pluss på så mange måtar. Eg slapp lage middag, og vi åt opp restane! Eg skal på trening, det er eit pluss. Eg får besøk av ei venninne som skal overnatte. Det blir forhåpentlegvis tid til å prate og oppdatere seg på livet!  

Og ute er det ei bleik sol som lurer seg gjennom skyene. Kan det vere at regnet gir seg?
Nuja... det er litt sol og blå himmel, men regn!
(og han med eksamen var ganske fornøgd med dagen)