mandag 21. januar 2019

Langhelg

Vi har hatt langhelg. Fri fredag, og biltur til Romsdalen.

Vi starta i snøvær. Det har igrunnen snødd ein del i Trøndelag i det siste. Det vises om ein ser ut!

Ut av byen lag vi etter ikkje mindre enn 4 brøytebilar som brøyta i bredd! Veldig tøft. Og det var berre å vere tålmodig, for ikkje var det plass til å kjøre forbi og ikkje var det vits i heller, for å kjøre før brøytebilen er berre tull!



Heldigvis ga snøværet seg og etterkvart køyrde vi i sol over Dovrefjell. Vakkert! Og eg kjente plutseleg kor mykje eg har sakna sol og dagslys.



Vi rakk å besøke svigers, pappa på helsehuset, storebror på helsehuset og mamma på sjukehuset før vi på laurdag kveld var på jubileumsfest med ein vennegjeng. 27årsjubileum for mannsoktetten mannen syng i. Eller syng og syng...dei måtte nødast og truast før dei sang til oss kl 01.30 omtrent! Så for å vere litt grei, sang vi damene saman med dei etterpå. Det var god mat, god prat og latter og vemod. Vi har delt mykje liv saman, bryllup og barn og helse og familie. Det gjorde vi denne kvelden også.

På søndag vakna eg til denne utsikta! Vakkert! Og ikkje så verst å ete frukost saman med dei fleste frå laurdagens fest, med denne utsikta som etterkvart vart full av sol!


På tur heim kikka vi innom båten. Alt vel! Då slappar admiralen av også. Det var kaldt og klart (og veldig godt at båten ligg på land, ikkje fristande med båttur) og månen lyste opp!



Og heime i Trøndelag hadde det snødd endå meir. Og ingen hadde brøyta i gata...så ingen fare for at eg skal gløyme at det er vinter! Vi fordelte arbeidet, eg fyra opp inne og mannen måka snø. No satsar eg på opphaldsvær til søndag, for då kjem mannen heim igjen frå jobbtur.





søndag 13. januar 2019

20.dag jul

Igår var det 19.dag jul, og vi rydda bort jula. (vi har hatt nesten ei veke med julepynteskene ståande i stova, i tilfelle rydde- og pakkelysten skulle komme. Den gjorde ikkje det. Ikkje før igår. Eg har kjøpt nye esker og hatt voldsomme ambisjonar om å systematisere pynten. Trur eg vil bli skuffa på det punktet i desember...)

Eg har brukt mykje tid på å samle saman pynt og sette den på spisebordet, litt etter litt, i håp om at eg skulle huske alt.

Idag fann vi denne.



Jaja, eg fekk litt pynt som junior hadde kjøpt i Riga også, den kom heller ikkje med i kassene.



søndag 6. januar 2019

13.dag jul

-og her står jula godt enno.

Igår hadde vi årets første ribbemiddag, evt julas første ribbemiddag. I sjølvaste jula var vi så mykje her og der, at det vart ikkje tid til ribbe, og sidan gtutane skulle reise idag, fann eg ut at om det skulle bli ribbe, måtte det bli no. Eg brukte NRK si oppskrift på langtidsstekt ribbe. Byrja kl 9 på laurdagen, og vi sette oss til bords kl 17, så det var ikkje fort gjort. Men det var godt gjort, og mesteparten av tida gjorde eg lite eller ingenting med kjøtet. Saftig og god ribbe, mandelpotet og saus og surkål. Då kan eg krysse av det på julematlista også denne jula!
Ribbe

Du veit det er lite kaker igjen,
når du velger veldig små fat å servere på!

Idag har gutane pakka saman tingane sine, vi har ete litt meir vanleg middag og det er lite igjen av julekakene etter dagens kaffe. Juletreet står, men huset er stille og stort etter at dei reiste!

Vi har hatt ei fin jul saman!
Men no skal det bli godt med kvardag også! Og netter. Der eg kan stå opp og gå på do kl 04.30  utan fare for å møte ukjente i gangen, akkurat den der krev litt tilvenning kvar ferie. Kven er på besøk her, og kor lenge sitt dei? Dei er stort sett stille og greie, men eg kjenner meg ikkje trygg på at eg kan stå opp og gå farefritt på do før etter kl 06.00... Eg blir også litt furten når eg vaknar kl 4 og bilen ikkje er heime igjen. Eg kan finne på å sende ei melding og lure på kvar den -og sjåføren- er hen. Frukostane derimot, dei er rolege, eller veldig seine! Eller dei heiter brunsj. Ofte foregår dei utan husets yngste også.
Det heiter mammalivet og det er mammahjertet som dunkar, men det kjem litt i konflikt med at sonene er ganske vaksne og vant til å leve sine eigne liv. Vi finn ut av det! Eg er ikkje like streng på at i mitt hus gjeld mine reglar lenger, for eg treng ikkje passe på slik som før. "har du huska lue, og vintersko? Vær forsiktig! Det er glatt, det regnar"+++ slikt veit dei stort sett. "Har du huska å ete, når kjem du tilbake? Kven skal du treffe?" Akkurat desse spørsmåla har nok falle i løpet av jula. Fleire gonger. Muleg til irritasjon for den yngre garde? Eg har ikkje alltid fått svar, for å seie det slik. Eventuelt fått litt svevande svar.


No er det kvardag for alle, eg har til og med jobba fleire dagar i det nye året. Kvardag er fint, med grovbrød og skinke, havregraut til frukost, fleire fiskemiddagar og betre rutiner. Det krever berre litt å kome inn i dei rutinene...

Og snart ein dag skal juletreet ut!

onsdag 2. januar 2019

Årets første skitur

Det er mangt som kan vere årets første, lurer på om ikkje det må bli eit nytt tema på bloggen. Idag kunne det vore time hos fysioterapeuten, fiskemiddag eller handletur, men det som gjeld idag er skitur!

I fjor gjekk eg rekordmange skiturar, og med den "vinteren" vi har no, må ein verkeleg utnytte snøen når den er der. Inntil vidare trur eg det blir vanskeleg å få til like mange turar i år. Eg vakna til kvit bakke og snøvær, og etter nokre ærend hit og dit, fann eg ut at eg berre måtte ut på ski. Lurt, viste det seg, no regnar det.

Levering av forsinka julesnø utanfor kjøkkenglaset



Gjekk ut medan det enno var dagslys. Det var stille i skogen, lite folk og ikkje oppkøyrte løyper. Eg gjekk lysløypa, og medan eg var ute, forsvann dagslyset. Det var litt tungt å gå, med regntung snø, men det tel vel som ekstra god trening? Eit par plassar rann bekken på tvers av løypa...då var det greit eg ikkje hadde særleg fart. Vel tilbake i bilen, var det heilt mørkt.

Stemningsfyllt, stille, god tid, kvalitetstid for meg!

Mørkret kjem stille


(Og til middag hadde vi laks med sitronpeppar og laks med ingefær og chilisaus. Heilt innanfor med fisk til middag etter mange kjøtmiddagar i jula. Det er forresten mykje godt å finne på butikken no, etter langhelg. Eg kikkar bevisst i hyllene med mat som snart går ut på dato, og idag altså salmalaks.)

tirsdag 1. januar 2019

Breddejul!

Eg veit ikkje om "breddejul" er eit uttrykk som er definert, men eg tek det i bruk og definerer at det passar for årets jul for oss!
Før jul las eg ein artikkel ein eller annan stad om folk som alltid hadde feira jul på same måte, og som fekk store problem når det ikkje vart slik. Eg syns eg har lagt eit godt grunnlag for at mine soner skal kunne feire jul nesten kvar som helst, og lell kjenne det er jul...

4.søndag i advent i barndomsheimen

For ein månads tid sidan bestemte vi oss for å feire jul i Romsdalen, fordi vi såg at det kunne vere både fint og nødvendig. Plana var å feire saman med mamma og pappa. I tillegg ville vi treffe svigers og søster til mannen, og kanskje fleire av mine søsken. Eg kom på at vi kunne ha juleselskap 2.juledag. Og plutseleg fann lillesøster ut at dei ville kome i selskap også. 30 mil er ingen avstand for eit skikkeleg juleselskap! Eg pakka med meg julekaker, julemat og anna julerelatert!

Etterkvart som jula nærma seg, endra ein del ting seg. Mamma og pappa trong å vere på helsehuset, og eg tenkte først at dei kunne kome heim på julaften.
Istaden besøkte vi dei på dagen og feira med storebror og familie på kvelden. 10 stykk, med pinnekjøt og dronning Maud-fromasj, mange gåver, muntre kommentarar og kaffe og kaker. Og ikkje minst slektsprat til langt på natt, initiert av den yngre garde. Og ja, eg gløymte ein Albert, men vi var innom mange Anders og Knut med T og Knud med D. Og oppdaga at oldemor mi Amalie eigentleg heitte Petra Amalie, og at før den store utskiftinga i 1859 låg garden ein annan stad i bygda.


Vi klarte få litt friskluft og trim også, det er
berre å stå opp og gå ut medan det enno er mørkt.
Då får ein med starten på dagen og lyset som kjem, og frukosten smakar ekstra godt.
(og at det regne og var glatt gjer det ekstra fint å kome inn att)

1.juledag var vi invitert på full pakke til mannen sin barndomsheim, der søstra hans var. Frukost, gudsteneste, kalkun med alt mogeleg tilbehør til middag og eit raust kaffebord, saman med svigers og bror til mannen. 16 stykker er akkurat passe. Prat, spel, og igrunnen alt som høyrer til eit ekte juleselskap.
Gamal julepynt

2.juledag hadde eg invitert alle i min næraste familie til lunsj. Alle kunne ikkje, vi vart 23 stykker, det mangla 6 personar, men dei hadde gyldig forfall. Det gjekk unna på maten, lydnivået var ikkje for pyser, men det var så kjekt å treffast! Hjelpande hender i fleng, bord vart flytta av "seg sjøl" når eg tenkte høgt og funderte på om vi ikkje skulle hatt bordet frå kjellaren til å ete lunsj ved. Oppvaskmaskina jobba minst trippelt skift, kakebordet var fyllt med mykje godt og jammen stilte ikkje slektsgranskarane frå julaften med slektskahoot! Der scora dei poeng med både den eine og den andre. Slektsforskninga som storesøster dreiv med på tidleg 90-tal, og som endte som bok, var utgangspunkt og fasit. Og det vart etterlyst oppdatering av boka og det vart lagt planer om å lese seg opp på andre greiner av slekta neste jul. Store og små søskenbarn, kinasjakk og sjakk på tv. Det var godt å vere saman! Sjølv om helse og hukommelse og slikt ikkje spela på lag heile tida, hadde vi ein fin dag saman. Ein dag å huske!

Minst sju slag!

Eg likar godt å ha jul i eigen heim, men i år var det rett å reise bort. Det vart ei god jul! Med familie, på begge sider, med gode minner og litt såre tankar om at livet endrar seg.
Eg ser verdien i å kunne snu fort om på planer, lage det beste ut av dei dagane vi har, utan at det blir feil. Jul er mange ting, men å vere saman er ein viktig del!

Romjulsfrukost

Og så er det fint å kome heim, til sitt eige, til klesvask, romjulsjobbing og vener. Litt slakkare tempo, tross jobbing, og mykje mat. Ein draum om snø og skiturar, som aldri vart noko av, på grunn av regn og is. Nyttårsaften med gode vener. Ungane heime, natterangling og snart kvardag.
Eg har lese ut boka eg fekk til jul, "Jordmor på jorda" av Edvart Hoem. Den foregår i mine heimtrakter, og eg fann linkar til slektspraten vi hadde i jula.

Lyset gjer godt. Også i januar 2019.

Godt nytt år!