søndag 24. mars 2013

Vekestart veke 13

Påsketur, ingenting er som påsketur!!!


Idag må eg berre låne orda til Øystein Sunde, vi sang litt på den idag :)

Det må vel seiast at vår tur verken var lang eller ambisiøs eller strevsom og vi hadde ikkje bakglatte ski. Bilen gjekk som ei klokke då eg handla igår, men sidan vi med bileta til ein viss grad kan lage ein illusjon om skikkeleg tur, nynna vi på sangen! Påskeferien blir litt amputert,  sidan eg har jobba i helga, mannen skal jobbe i morgon og junior skal jobbe til helga igjen. Men med verdast finaste påskevær, terrasse i solveggen og pølser og bålkubbe låg alt til rette for skikkeleg "påsketur" og kos! Solo og kjeks og marsmallows til å steike. Vi tok fram stolar, pledd og saueskinn, eg hadde ull over og under og påskekrim å lese. Kan det bli betre? Krim er best å lese i sollys!!! Mindre skummelt på den måten, sa pysa...





Mett eller frossen? Neida, berre les på lesebrettet!


Kun ute til ære for fotografen, litt kaldt på natta
Ja, det var Kåre og Ronald og Einar og jeg
som sku' på hytta til tanta til Kåres tjei,
for hu var grei.
Vi pakka bilen på torsdag kveld,
for hytta til tanta lå på Norefjell, bak et svært hotell,
som ingen visste navnet på og ikke hvor det lå,
og ingen hadde kart, for det tenkte visst ingen på.

Da freda'n kom var bilen full
av teddyfor og gabardin og kamgarn og ull,
og annet tull
som godhjerta mødre og bekymrede fedre
som presten sa vi skulle ære og hedre,
for da gikk det bedre,
hadde stappa i bagger og sekker og spann,
dem trudde visst vi skulle helt til Franz Josefs Land.

Men vi skulle på påsketur,
ingenting er som påsketur.
påsketur,
bare en liten tur på påsketur

På Sollihøgda kom første stopp,
for bilen ble kvalm og måtte kaste opp,
så vi slo i en propp.
Men det sku' vi slett ikke gjort, min venn,
for proppen ble sint og kom opp igjen,
men da var panseret igjen,
så der blei det et høl som vi tetta sjøl
med Einars gamasjer og rød Swix og Araldit,
så det hjalp da litt.

Med Falken foran og purken bak,
og Biltilsynet i ro og mak,
litt lenger bak,
kom vi da frem til Norefjell,
men vi fant ikke hytta, så vi bodde på hotell
til neste kveld.
Da fant vi hytta, men vi fikk ikke benytta'n,
for ingen hadde nøkkel'n, så vi bare flytta
på hotell igjen.

Påsketur
ingenting er som påsketur.
Påsketur,
virruværramedpå påsketur?

Dagen etter sku' vi ut på tur
i rødmerka løyper og full mundur og hip natur
men Ronald satt seg i bildøra
og rigga seg til med kamera for å ta bilder av
fugler i farger med bakoversveis,
men den eneste fuggel'n han så, var en Bergans meis.

Påsketur
ingenting er som påsketur.
Påsketur,
ingenting er som påsketur.

Så smørte vi skia med alle slag,
grønt, blått og lilla i flere lag, men det ble væromslag.
Så vi måtte til å skrape og smøre
med klister for godvær og skareføre,
men da fikk vi høre
at med propanbrenner ble det mindre styr,
så prøvde vi det, men da tok skia til Kåre fyr.

Resten av påsken satt vi i baren
og snakket om skredmoren og skredfaren
på Eidsbugarden,
og Anne Jahren som var bedre på ski
enn Thomas Gustavsson med god gli
på Nya Ullevi,
og bartenderen var etter hvert så kjølig
at vi smørte'n med grønt under midten for å få servert.

Påsketur
ingenting er som påsketur.
Påsketur,
ingenting er som påsketur.

Til sist hadde penga for lengst tatt slutt
så vi tilbød oss jobb som oppvaskgutt,
men ble kasta ut
og Einar solgte bilen på rot
for å dekke hotell og tauing og bot,
det va'kke meg imot
som Kåre sa: «Den som har Kandahar
kan da ha Kandahar så mye han vil for meg.»

Read more: http://artists.letssingit.com/oystein-sunde-lyrics-pasketur-1s1vg39#ixzz2OUSGeCZT

fredag 22. mars 2013

Mammutjakt

Eg snublar gjennom dagane, litt etter meg sjølv, men godt før min eigen skugge! Dagane går fort, oppgåvene er mange, lysta til å rekke ALT er der, men ikkje evnen!
I går var det årsmøte i NITO, med middag etterpå. Triveleg tiltak, vi var flerie kollegaer som gjekk dit saman. Det har vore musikkskulekonsert og lange dagar på jobb. Huset går for lut og akldt vatn, og eg har byrja skrive lister for å huske alt til konfirmasjonen i mai.
Sånn prinsipielt starta påskeferien idag, bortsett frå at eg skal jobbe litt både i morgon og søndag, samt at mannen skal jobbe måndag og tirsdag. "Eg trur de har fått ein ferie som ikkje virkar", sa mamma då eg snakka med henne idag.

Idag låg denne "premien" i postkassa, snakk om timing med påskekrim!

Bøkene Brekke skriv har ofte handling frå Trondheim, og er fulle av grøss og sitrande spenning, så eg må lese fort for å kome vidare og få løysinga!!!




Heimen har idet siste og i det stille fått endå fleire bøker, eg skuldar litt på mammutsalget, ingen kjem frå det utan tom lommebok og tunge posar, iallfall ikkje eg. I tillegg fins det jo så mykje anna å lese!!!
Eg har lese den siste boka om Barbarotti, svensk krim på sitt beste om ein solid politimann som diskuterar og filosoferar med Gud i kvardagen, samtidig som han skal vere far og politi.
Eg har lese Jan Mehlum, ein stor krimfavoritt, om ein litt sliten advokat. Eg les "Verdensmestrene" av Henrik Langeland på senga, det tek si tid sidan eg sovnar frå boka kvar kveld. Ikkej fordi det er kjedeleg, men fordi eg er så trøytt! Den handlar om Oslo og fire ungdommar/barn i 1982, då eg og var midt mellom barn og ungdom. Eg har store ambisjonar om å lese biografien om Bjørnstjerne Bjørnson og har kjøpt bøkene til Edvard Hoem. Eg har kjøpt barnebøker som eg skal gi til tantebarn, og bøker eg har lånt før og difor gjerne vil ha i bokhylla no.

Men noko må gjerast, det er stablar med bøker overalt....

Sidan det er fredag og så godt som påskeferie, vart det pizza i kveld,
eg treng ikkje meir mat på ei stund no!


Og til sist eit bilete for å illustrere mammuten!! 

søndag 17. mars 2013

Vekestart veke 12

Då er helga snart historie, igjen. Tida går fort i godt selskap....
Ein del av helga er tilbrakt på sofaen under det varmaste pledde, hutrade og hostande. Velger å tru eg er på bedringens veg no!

Heldigvis rakk eg å sitte i sola før eg byrja hoste(eg ser ingen samanheng her!) Å ete lunsj ute og drikke varm te medan ein les avisa er lise for den som lengtar etter vår og varme! Eg kjenner meg litt som lerka som trur på våren! Huskar vi sang denne på skulen om våren :)

Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på våren med ein einaste gong.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Og vesle lerka, ho hev det slik
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
vår herre for maten, med kvitter og kvad
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili-tirili-ti!"
Per Sivle

Eg har i tillegg baka massevis av kaker til feiring av femtenåringen, og med hjelp av resten av familien utført hurtigrydding av heimen slik at vi ikkje blir stengt av mattilsynet eller andre tilsyn som kan kome innom for ein sjekk. Vi har nye koppeklutar og reine handkle!! Mengda støv er også redusert!
Det var ønskjer om suksessterte til festen. OK, tenkte mor, det har eg nesten aldri laga før, så det må vel gå?
Å lage eggekrem er risikosport av høgste klasse: "varm opp til det tykner". Ja, når der et tjukt og kor sterk varme tør ein bruke? Eg sto ganske lenge ved komfyren, og rørte og rørte, skrudde varmen opp og ned....og plutseleg var det tjukt og alt gjekk bra. At kakefatet ikkje hadde kant rundt og ikkje sto heilt beint etter at eg hadde kremen på kaka, fann eg ut etterpå. På den litt irriterande måten...


Kakebordet var riktig bra! Trur det fall i smak, for etterpå såg det slik ut:
No skal det seieast at det var meir i boksane, men eg hadde ikkje fulgt med og det var plutseleg tomt!
Og i kombinsjon med prat og leik og latter, små og store samla, var det ein kjekk ettermiddag!!

Og sidan det snart er påske, har eg funne fram den finaste påskeduken




mandag 11. mars 2013

Vekestart veke 11

No er det snart vår!
I helga har det vore -12 om morgonen, idag snør det og dagane blir lengre og lysare. Eg trur på våren! Eg må tru på våren...



No ein av dagane er det 15 år sidan minstemann vart fødd. Eg huskar medan eg gjekk og venta, med stor mage og liten storebror, det var glatt ute, alle som ringte sa: "Å, er du heime ENNO?" Ja, det var eg, mange dagar, men så kom prinsen, ein viljesterk kjekk kar frå første stund!
Vekas ord er eit dikt av Inger Hagerup:

Mauren 
  Liten?
  Jeg?
  Langtifra.
  Jeg er akkurat stor nok.
  Fyller meg selv helt
  på langs og på tvers
  fra øverst til nederst.
  Er du større enn deg selv kanskje?
  


På laurdag laga junior elg-bacon-burger.


Eg følgjer med i debatten som går no, om permisjon, om deling av permisjon mellom mor og far, arbeidgivarar som gir far bonus for ikkje å ta permisjon. Om ulønna permisjon, forlenga permisjon, om barnehagar utan tilsyn og elendige forhold.... Og sukkar veldig stille og letta inni meg om at dette er eg ferdig med, tenåringsmor som eg har vorte, eg treng ikkje meine noko, eg treng ikkje bestemme meg foe kva eg skal velge!

For eg veit ikkje korleis vi ville valgt i dag, det er mange viss og dersom og kanskje, noko har ein lært i livet og noko er endra i livssituasjonnen, men eg trur vi hadde skrudd ned tempoet på ein eller annan måte. Eg jobba fullt etter andre permisjon, tok ein stjernesmell, jobba meg tilbake, og har jobba redusert i periodar. Eg huskar lite frå den travaste perioden, og er det verdt det? Det er så kort tid, dei blir så fort store, kanskje er ved verdt å skru ned tempoet ein periode?! Det viser seg dessutan at det er fullt mogeleg å kome tilbake på jobb og få interessante oppgåver etter å ha vore borte. Skulle berre mangle forresten, så mykje snakk som det er om inkluderande arbeidsliv og tilrettelagte oppgåver.

"Savne du barnehagen?" spurte han som straks er 15 meg om idag, då debatten på radioen gjekk om kritikkverdige forhald. Tja, sa eg. Eg saknar ikkje å dra ut to små karar i all slags vær, alle trøytte, med tidspress frå alle kantar. Eg saknar ikkje å jobbe mot klokka og hentetida, og vite at no MÅ eg komme meg avgarde. Det eg kan sakne er roa som var i barnehagen når eg kom dit og skulle hente, når dei små satt i ring og høyrte Karin fortelje eventyret om "Dei tre bukkane Bruse", då skulle eg gjerne gått i barenhagen sjølv. Enno har vi kontakt med andre frå barnehagetida. Vi kjente oss heldige som fekk barnehageplass, det var ikkje sjølvsagt då, makspris var det heller ikkje, forresten.

Men ei tid var, og ei tid er! No er det val av videregåande og lekser og køyretimar som gjeld!

fredag 8. mars 2013

Fine damer

Eg byrja tenke idag, på kvinnedagen og damene rundt meg, dei som har forma meg, damer som har vore mine forbilder. Det er ikkje dei

Mamma er viktig for dei fleste av oss, eit forbilde mange av oss ikkje tenkjer over. Utan henne hadde eg jo ikkje vore her, og ho har lært meg mykje om mangt. Då mamma var ung gjekk ho handelsskule, eit halvt år på handelsskule var å rekne som full utdanning. Ho jobba i butikk før ho gifta seg, og fekk ansvar for hus og heim i det som for oss er ung alder. Som tjueåring lurte eg på kva eg skulle bli, mamma gifta seg som tjueåring. Det var berre å lære seg å administrerte mann og etterkvart  barn, få pengane til å strekke til, lage mat og lære seg å strikke strømper. Men den gongen var det normalen, iallfall på bygda. Pappa dreiv maskinstasjon, han hadde traktorgravar og gravemaskin og etterkvart brøytebil. Han trong at mamma var heimebase og telefonsentral, og ho måtte ha sertifikat. Det var ikje vanleg for damer på tidleg 60tal! Mamma er B-menneske, men har stått opp utallige tidlege morgonar og smurt matpakke til pappa. Det kan kanskje virke gamaldags no, men eg syns det er fint! Det er noko med samarbeid, dele arbeidet og støtte kvarandre.

Mamma og eg 17.mai 1969. Bunaden mamma har på seg, broderte bestemor til mamma, og eg har arva den. Sjekk hårsløyfa! Truleg ikkje mykje hår, men sløyfe må ein ha når det er høgtid.

Farmor, eller Mor som eg og alle barnebarn kalla henne, var "alltid" tilstades i nabohuset. Mor fortalde ein gong at ho gjerne ville ha gått meir på skule enn dei 7 åra som var vanleg, men det var ikkje snakk om det. Ho arbeidde før ho gifta seg, og arbeidde endå meir etterpå. Ho fekk 7 barn, ho passa svigerfar, ho hadde kårfolk buande, ho dreiv gard. Ho hekla sengetepper og dukar, og lærte meg hekle. Ho syns det var artig at eg ville gå på skule, utan at ho brukte store ord. Men kanskje er omsorgen for alle rundt den viktigaste lærdommen. Ho fulgte opp barn og barnebarn og oldebarn, ho såg oss!!
Mor og eg, våren 1969

Bestemor var født i 1896, og døydde før eg vart fødd. Ho byrja arbeide som 10-åring, då faren hennar døydde. Ho gjekk på skule annakvar dag, og arbeidde med  barnepass og husarbeid, som var vanleg pliktarbeid for husmannsfolk, dei andre dagane. Langt frå kvardagen no, men eg trur det var vanleg då. Ho flytta frå Romsdalen då ho var 16, som tenestejente for prestefamilien, men flytta tilbake då ho gifta seg som 19-åring. Då flytta ho med bestefar til Nord-Dakota, dei kjøpte jord og dreiv farm der, ho fekk to barn medan dei budde der. For meg virkar det som eit eventyr, men det var vel eit tøfft eventyr... Iallfall flytta dei til Norge igjen, ho fekk fleire barn, ho dreiv garden medan bestefar køyrte rutebåt.

Ingen av desse er vel rødstrømper, gjekk aldri i tog, men dei har lært meg om livet! Det er naturlegvis fleire som har forma meg, lært meg ting, gitt meg idear og tips, men det var dei nære eg ville skrive om idag!
Eg har gått skule, ikkje spesielt lenge i dagens verden, men eg har vorte ingeniør. Det var ikkje noko problem, det er jo studielån å få for alle.
Eg har gifta meg, og har hatt gode rollemodellar i foreldre og besteforeldre. Eg har fått barn, det har vore lønna permisjon og det er barnetrygd, det kunne bestemødrene mine berre drømme om. Eg har jobba i nesten 20 år, eg får lønn, og eg får lønn sjølv om eg er sjuk.
Eg tenkjer at dei har vore med og gått opp vegen for meg!



Storesøster er ikkje så mykje eldre enn meg, og stiller i ei anna klasse enn dei andre eg nemner, men ho var eit stort forbilde!!! Då ho hadde tannregulering, var det mitt høgste ønskje å få tannregulering!!(må presisere at eg berre var 4 år den gongen:) ) Ho hadde hårtørkar, du veit slik hette? Det ville eg og ha! Men det var ikkje in lenger då eg vart stor nok... Ho viste meg at ein kunne ta utdanning, så då ho vart førskulelærar, ville eg og bli det. Men eg trur det er bra for alle at eg ombestemte meg og vart ingeniør :)
To festkledde søstre. Det ser ut til å vere jul. Truleg ikkje selskap, sidan eg ikkje har hårsløyfe.

torsdag 7. mars 2013

Hestepølse

"Hadde du vore hest, hadde du vore pølse", sa ein kollega ein gong til meg. Vær ikkje så sikker på det, i desse kjøttskandaletider, kunne eg vore både lasagne og kjøttbullar frå IKEA. Men ikkje kjøttpai, for den viste seg visst å vere utan kjøt.
Fine, støvete hesten frå gutterommet.
Men så lenge vi et av det som ligg i frysaren, seier min mann, elgjegeren, så er vi trygge og blir ikkje lurt. I frysaren er det elgkjøt frå trønderske skogar, og fisk frå djupe romsdalsfjordar. Fisken er videreforedla på mamma sitt kjøkken, garantert langt unna mafia og anna skummelt!



Grunnen til kommentaren frå kollegaen, heng saman med den tidvis dårlege helsa mi. Det har ikkje vore plana mi, eller noko ønskje frå mi side, men av og til skulle ein tru at eg har hatt som mål å halde sjukefråværet oppe på jobb... Det har vore skuldre og betennelsar og prolaps og rygg og vondt i sjela.
Men no har eg vore frisk lenge, eller frisk? Eg har kjent meg frisk for det meste, eg har berre hatt "litt vondter og skavankar" i perioder som har sett meg ut av spel. Det går på humøret laus, eg kan ikkje gjere det eg vil, eg blir "ho med ryggen". Og det er klart at det gjer noko med meg, når folk rundt kommenterer kor lenge eg har vore frisk... Men eg er meg, lell, og eg har vore heldig og fått hjelp når eg har trengt det, sjølv om det er ganske tålmodighetsutfordrande å stå i helsekø! No har eg vore frisk lenge, eg har kunne gjere jobben min, vore mamma og kone og ikkje måtte ta meir hensyn til kroppen min enn dei fleste. Og eg har tålmodige og fine folk rundt meg, både familie, vener og jobb!

Men det gjer noko med meg, i periodar har eg venta på å bli sjuk igjen, eg frykta at noko snart svikta igjen. Heldigvis gløymer kroppen og etterkvart hodet korleis det var, eg trur eg er frisk og ferdig inntil noko dukkar opp.

Kloke, små dyr...

søndag 3. mars 2013

Vekestart veke 10

Søndag kveld og snart ny veke!

Huhei kor det går!!! Det er flyttekaos på jobb, med kontoret i to esker og ein del på nært fjernlager og full drift sjølv i flyttesjauen. Det blir nok veldig bra når det er ferdig, og på fredag sjekka eg utsikta frå det nye kontoret, og det spørs om eg får gjort noko fornuftig dei første dagane, for utsikta over Fosenalpene(ikkje noko mot Romsdalsfjell, men lell) var super!!!
Igår var det vinterens verste værdag i Trøndelag! Eg var ute på vift i sentrum, først då eg kom heim fekk eg med meg beskjeden frå politiet om at folk som ikkje MÅTTE ut, burde halde seg inne. OK, no er vel mammutjakt(også kjent som boksalg) ein god grunn til å måtte-ut?!


Samtidig kjem våren snikande, det er jo lyst til klokka seks på ettermiddagen!! Ein kan få arbeidslyst av mindre:) Idag har vi omsider fått laga invitasjon til konfirmasjon, gjestane kjem vel ikkje utan å bli bedt?! Og det blir ikkje fest utan gjester!? Og fest il vi ha når vi skal feire minstemann(høgare enn både mor og far ;) )

Eg skriv og skriv på eit innlegg eg ikkje veit om eg skal poste. Kor mykje skal ein dele? Kor mykje treng de vite om meg? Og kven er de alle saman? Det handlar om meg og livet mitt, eg veit korleis det er, men kanskje kan det bety noko for nokon å vite meir eller forklare meir kven eg er? Eg får skrive vidare så får vi sjå kvar det ender ;)



Eg såg Bokprogrammet på NRK2 ein kveld, det var intervju med Jon Fosse. Ein mann som mange meiner noko om, og særleg om det han skriv. Det vart lese flerie av dei  nye dikta hans, og eg fall for dette:

Ingenting

ei stor og kvit stille
teier og teier
og så seier ho
nettopp det som skal seiast
i denne kvelden
på denne staden
der eg sit og ser
og ingenting ser
der eg sit og høyrer
og ingenting høyrer

Jon Fosse

Ha ei strålande veke i vårdagane!!!