fredag 28. juni 2019

26 år går fort no for tida!

Idag var altså dagen. Den siste arbeidsdagen. Eg har lagt inn timar i timeregistreringssystemet. Eg har lagt inn fråværsassistent for mailen. Innimellom har vi ete sjokolade og drukke te. Eg har sendt mail til kollegaene mine om at no tek eg ferie, og etter ferien kjem eg ikkje tilbake. Då er det ny jobb. Heldigvis er det ikkje "femti og ferdig".

Eg kom inn dørene 1.august 1993. Nyutdanna og naiv. Eg går ut at med mykje erfaring og kunnskap, og slett ikkje så naiv lenger. Det har skjedd mykje, både på jobb og privat desse åra. Eg kan meir fag, og eg kan meir om livet. Heldigvis! Eg har hatt mange gode kollegaer, vi har hatt faglege diskusjonar og djupe samtalar om livet. Og ikkje minst delt galgenhumor og frustrasjonar!

Tomt kontor

Takk for meg!
(Dette får vere ei symboldør, for dette er ikkje den eg gjekk inn
i 1993, og heller ikkje den eg gjekk ut idag...)

Snart er eg uvedkommande!

Eg har kjent på vemodet over å slutte. Eg har kjent på gleda over at no er det ferie! Eg har fått så mange godord, eg har fått klemmar, det har vore latter og tårar.

Då eg gjekk ut døra, vart det veldig klart for meg at no er ein epoke over. Eg har skrive om det her, vi har snakka om det på jobb, eg har snakka med mange om det. Men no var det heilt på ekte! Klump i halsen-ekte!


Regnvåt dame. Har lukka ei dør, opna ei ny til ferie.

Marikåpe med regndråpar

Vått, skittent, skodde.
Turvær! 
Så eg køyrte heim, skifta til turklær og gjekk ein lang tur i skogen!
I regnet. Eg såg fuglar, blomster, og lite utsikt, for skodda låg tett! Eg gjekk i gjørme og må vaske både sko og bukse. Eg kunne senke skuldrene og ta inn at no er det ferie! 5 veker, lite planer og forhåpentlegvis tid til å kjede seg? Lese bøker. Sole seg. Besøke folk, få besøk. Vi skal ha ein liten tur neste veke. Eg trur på overskot og lyst til å rydde i kjellaren, kanskje er det vel optimistisk? Båttur. Fjelltur. Familietreff.
Eg trur sommaren kan bli fin!

torsdag 27. juni 2019

Fine ting på torsdag

For dette er ikkje kva som helst slags torsdag, det er torsdag før fredag(no er akkurat det ikkje så uvanleg) Men det er ikkje kva som helst slags fredag heller, det er siste fredag før ferie. Og det er siste fredag på jobb. Nokon gong, for den jobben. Etter ferien byrjar eg i ny jobb!

Sist fredag var det avslutning for meg, og eg har trengt veka etterpå for å venne meg på tanken. Men å gå ut dørene i morgon...gruar meg! Eg gler meg til ny jobb altså! Men først FERIE!

Tilbake til fine ting. Ute er det 10 grader og regn, det er slutten av juni. Eg treng nokre fine ting å glede meg over! 

  • eg har nye tekoppar! Eg hadde teselskap for nokre veker sidan, og alt var igrunnen bra, været, gjestane (i særklasse), maten og teen. Men tekoppane mine var ikkje heilt rett. (Eit problem eg fekk lite gehør for hos mannen) Eg har difor tenkt på korleis den perfekte, for meg, koppen skulle være. Eg har drodla med vener, og vi har vurdert tur til London for å finne tekoppar, og eg har vore innom mange glassmagasin for å sjå kva som finst. Dei hadde ikkje noko eg fall for... Men så tok eg ein impulstur til Fretex!!! Og der sto koppane. Litt upraktisk at eg tok turen utan bil når eg skulle kjøpe 11 koppar, men alt går. Eg fekk bobleplast og silkepapir og kasse å pakke i og gjekk sakte heimover. Eg har googla og trur eg trett og slett har gjort eit kupp. 3 koppar med "Spire" og 11 koppar frå "Riflet" frå  Porsgrund Porselen frå 1950talet. (og jada, eg er glad i ting! Men no har eg rydda vekk ein del ting eg ikkje har så nært forhald til, og dei skal Fretex få, og det vart betre plass i skapet)
    Teselskap med koppar som passer perfekt til kveldsmat og frukost, men
    ikkje så godt til min tanke om teselskap med festkledde damer.
    Spire
Riflet
  • eg har eit stort glas Pepsi Max med sitronskive i!
  • det har vore lite sko på bloggen i det siste. Det må vi gjere noko med. Gule sandaler er fint! Dei er ikkje nye, men eg har dei ståande framme, for dei er liksom solgule og løfter humøret! Og plutseleg kjem det ein dag som er perfekt for gule sandaler! Ballerinasko med dyreprint derimot, det passar uansett! Kanskje ikkje i pøsregn på langtur, men dei løftar dagen og har vore mykje brukt til no i sommar! 

  • roser! Sa eg roser? Eg har roser på vasken på badet og på stovebordet. Dei luktar midtsommar og barndom og alt godt. Og rosebusken ute er iferd med å eksplodere i blomster. 
  • ei ny kurv til sommarbruk. Den er kjøpt til bilbruk, vi har alltid med varm og kald drikke, litt mat, frukt, servietter, koppar, aviser +++på litt lengre bilturar. Og då er det viktig at ting er der dei skal og ikkje trillar rundt omkring. Denne kurva er testa, og passa perfekt til det den er kjøpt til! 
  • Og alle dei tinga vi har som berre blir ein vane, tett og varmt hus, mat i kjøleskapet, vaskemaskin og fin utsikt. Ei melding frå ein son som er på ferie eller har sommarjobb. Ein telefon. Vissa om at eg har jobb også etter ferien. 
Håpar torsdagen din er fin!



onsdag 26. juni 2019

Blomster

Det blomstrar. Det er frodigt og grønt ute. Og det blomstrar inne. Planter som er trufaste og hardføre og kjem tilbake, igjen og igjen, tross tilfeldig omsorg og uregelmessig vatning gjennom vinteren.

Orkideen står på gjesterommet om vinteren.
Og kvar vår overraskar den meg, full av
knoppar! Då får den komme opp i stova.

Azaleaen er den som får mest støtte. Den står
i stova og får vatn fleire gonger i veke. Men
jord og gjødsel og slikt er det verre med!

Pelargoniaen står på vaskerommet. Der er det
litt varme og av og til litt vatn. Eg drista meg til
å klippe den ned no i vår, kanskje litt seint? No
blomstrar den ialfall.

Ute står ei rosebusk. Eg kikkar på den kvar dag, eg
ventar og ventar på at alle knoppane skal slå ut i
full blomst. Den luktar så godt. No er det like før...


Inne har eg også ein stor bukett på bordet.
Den fekk eg på jobb sist veke, då det var avslutning
for meg. Eg har ikkje slutta enno, men blomster har
eg fått, og den minner meg på at no er det like før!


tirsdag 18. juni 2019

Juni utan skulebarn

For nokre år sidan, då ungane budde heime, og vi sprang frå avslutning til avslutning, tenkte eg at om nokre år blir det nok veldig stille i juni. I juni opp gjennom åra har eg vore kald i fjæra og i skogen. Eg har grilla i regnvær og i sol, trur iallfall vi har grilla i sol? Det har vore motvind og sidevind og ofte litt dårlig tid. Grillpølser og potetsalat kjøpt på veg til avslutning. Men mykje triveleg folk!

Eg må seie at eg tok feil om stille juni.. Tid er noko som kjem, og passar du ikkje på, blir den vekk!

Denne veka her har blitt fylt opp på mystisk vis, utan ei einaste grilling i fjøra i regnvær og motvind! Derimot mykje fine folk og god mat og faktisk sol!

På fredag kom mannen heim etter ei veke på jobb i Korea, litt døgnvill.
Laurdag morgon sto vi opp før fuglane og reiste til Molde i bryllaup. Hurra for kjærleiken! Fint brudepar, fine gjester og nydeleg vær! Vi fekk låne seng med min nevø og familie, så vi fekk med oss frukost på terrassen deira på søndag, før vi reiste vidare til middag hos svigers og kaffe hos pappa.

Slik såg det ut då vi avslutta festen natt til søndag.
Fullmåne over Romsdalsfjella. Nesten for fint til
å legge seg, men eg slukna i det samme eg la
hoveudet på puta...
"Kjærleikens fergereiser"

I går kveld hadde eg avtale med ei venninne, og vi evaluerte livet, jobb og første halvdel av 2019. Kvalitetstid av dei sjeldne!

Trondheim ei sommarnatt!

Idag er mannen på sommarfest på sin jobb, eg håpar dei er inne, for det pøsregnar! (sjøl om sola skin innimellom)

I morgon skal vi i 50årsdag, og eg har skaffa gåve. Sjeldent tidleg ute!

Tordag skal eg på jobbfest, vi planlegg visst innefest...

Og mellom alt dette har eg mine siste dagar på jobb. I tilleg til å jobbe, ryddar eg. Eg les møtereferat frå 1997, finn kursnotat frå kurs eg har gløymt eg deltok på og ser på gamle notater frå studietida. Eg kastar med hard hand. Det hjelper ikkje at det er artig å sjå over, det hjelper ikkje at eg har verdas finaste forelesingsnotater (eg kladda på forelesning, og reinskreiv notatane på kvledstid!) Eg MÅ kaste! Og det gjer eg. Med tungt hjarte. Men nokre få ting (ikkje spør mannen kva få betyr...)  tek eg med heim. Og kontoret blir tomt og trist! Det er så rart. Samtidig er eg klar for å slutte og starte i ny jobb, eg har kome så langt at eg nesten ikkje er sint lenger, nesten. Men eg er spent, kor mange tårar kjem det den siste dagen på jobb? Korleis blir det å byrje i ny jobb? Kan eg det eg seier eg kan? Og rekk eg å avslutte det eg skal før eg går ut døra for siste gong? Det er litt hardt å motivere seg til ein ekstra innsats akkurat no... Eg skriv lister over "lurt å huske", "MÅ huske", "snakk med den, skriv mail dit". Eg kjem vel i mål!

Igår var hyllene fulle av bøker og permar...

søndag 9. juni 2019

Jada, eg er her

Facebook masar om at eg ikkje har lagt ut noko på bloggen si facebookside på lenge. Og det har facebook rett i, for eg har ikkje blogga på lenge. Eg trur det er det som heiter kvardag som har kome i mellom!

Kvardag, livet: det er for eksempel den haugen med skitne klær, som må innom vaskemaskina før det blir ein haug med reine klær som "nokon" etterpå må brette og legge på plass i skap og skuffer. Det er kjøkkenbenken med skitne koppar, kjøleskapet ingen har huska å fylle med ost og mjølk. Og det er brødskuffa med tørt og/eller grønt brød. (eller som då junior var heime: ikkje brød i det heile...) Det er plener med frodig gras som kunne vorte fint høy om vi slo med ljå og hesja det. Det er grønsakshagen, som er raus med skvalderkål, og i år har eg gått for kun jordbærplantene som har overlevd vinteren og så sådde eg ei pakke ringblomster, for det er nostalgi og barndom! Det har vore bøker å lese, genser å strikke til junior, turar å gå og dagar for jogging.

Og det er jobb, der eg framleis er, men som eg er veldig delt om! Eg skal snart slutte, eg skal rydde kontoret, og hodet mitt har allereie byrja tenkje på den nye jobben, sjøl om det er nesten 2 månader til eg byrjar der. Eg har vore der på besøk, og fått omvising og helsa på dei nye kollegaene mine, veldig
kjekt! Men det er altså rydding av kontoret...og det er nyttig og trist og fullt av minner! Eg har vel lagra meir enn strengt tatt nødvendig. Og det er vemodig å snart levere nøklar og vinke hadet til kollegaene. Den krever energi, denne fasen her! (Samtidig får vi karriererådgivning! Det er spennande og krevande og litt absurd, for der er det mykje eg ikkje har lært og tenkt på før! Det var lite snakk om LinkedIn og slikt då eg søkte jobb sist, i attenhundre og grønkål, slik cirka! Men no har eg oppdatert CV og snart oppdatert LinkedIn-profil og skulle det dukke opp ein jobb som fristar, står det ikkje på det tekniske)

Det har vore Romsdalstur og rydding. Det har vore 2 konfirmasjonar og det er fint å kunne ta fram bunaden og feire fine ungdommar, men blogging skjer jo ikkje slike dagar.

Sånn, eg skal ikkje klage meir! Nokre bilder kanskje?

 Mamma sitt blomstervindu lever vidare. 


 Eg fekk roser av nokre kollegaer

Blomster i skogen!


 Solnedgangen igår

 Dagens skogtur

Har vent på tordenvær heile dagen, men det kjem ikkje. 
Har fått regn da.

Dei siste vekene har eg tatt bilder av folk og blomster. Så då får du blomster!