lørdag 28. juli 2012

Min indre hamster - del 2

Idag har eg rydda litt, slikt må ein gjere, dessutan var det regn og mannen arbeidde frå før eg sto opp, eg skulle vere eit godt eksempel til tenåringane etc(ikkje mykje indre motivasjon til at huset skulle smile reint og ryddig mot meg, altså)
Tek ein inn ei sik rose, treng ein nesten ikkje rydde og knapt vaske!

Eg gjekk litt rundt, bretta klær, bar ting til rett stad, flytta, kasta gamle blomster, henta inn nye, snakka med naboen som gjekk forbi, fylte og tømte vaskemaskin  og oppvaskmaskin, skura badet, bakte kake av eggekvitene eg fann i kjølskapet OG IKKJE MINST:
prøvde finne plass til alle bøkene som låg i stablar rundt om. Dei var både her og der, i stablar, enkeltvis, i posar, sukk, så mange bøker, så lite tid!
På skrivebordet fann eg m.a.
  • Før jeg brenner ned
  • Angkor-mysteriet(god barnekrimbok)
  • Kjempenes fall
  • Hundreåringen som klatret...
  • Balansekunst
  • Graverens datter
  • Barbent
  • Miraklet på Speedy Motors 
  • En beretning om klarsyn(frå mi ambisiøse periode der eg skulle lese nobelprisvinnarar)
  • Svein og rotta og monstertanna(skulle bli bursdagsgåve, men var gløymt)
  • Norwegian wood
  • Glass og aske
  • Hypnotisøren(skal ikkje lesast ferdig, grøss for ei bok)
  • Drømmeløs
  • Nu, jävlar(kjemoebra bok!)
  • The sunner whitout men
I tillegg til div ukeblad, avisutklipp og fagtidsskrift...

Og rundt om i huset låg de stablar med bøker, 4 i gangen, fått tilbake frå utlån, ein stabel på nattbordet naturlegvis(når ringer dei frå Dagens Næringsliv, forresten?) På gjesterommet fann eg mykje bra, lagt fram til evt somnlause gjester(trur dei må bli buande lenge) som eg no delvis har flytta til nattbordet, for å lese på nytt...
Bokhyllene er litt lut i ryggen, eg har to rekker i djupna på kontoret...men eg innser at noko må gjerast Eg treng fleire hyllemeter(slik at vi får pakka ut bøkene som ligg på loftet etter oppussninga) eg treng forbud mot bokbutikkar både i det verkelege liv og på nettet og eg må lese meir på Kindle(og enno har ikkje bøkene eg har bestilt på nettet kome...dei var på salg, men det hjelper vel ikkje på kor mykje plass dei tek?!)
Kan drøyme om nye, store bokhyller, bilete lånt frå "Bookshelf porn"
Treng du lesetips? Det er berre å ta kontakt :)
Det einaste formildande i dette er: eg har lese dei aller fleste av desse bøkene!

Konklusjon: min indre hamster må på slankekur, evt konsentrere seg om å lagre mat(les bær) til vinteren!

torsdag 26. juli 2012

Leselogg, juni/sommarferie

No for tida er det logging av lesning som gjeld på skulane, til og med i ferien. Slik var det ikkje då eg var lita, det hadde vore noko, eg las i periodar bunkevis med bøker, kanskje ikkje alltid like gode bøker...
Eg har lese litt ymse i sommar, både på papir og på Kindle, på flytur, ved bassengkanten og rett før eg sovnar, akkurat som det skal være!
Eg las Graverens datter tidleg i sommar, ei ganske rå historie om ein familie som har flytta til USA før 2.verdskrig, og som ikkje kjem inn i samfunnet. Med dei siste vekene sine nyhende om Romfolk etc, er dette litt får den andre sida.
Då vi skulle på ferie, leita eg etter ei tjukk bok(snakk om kvalitetskrav!) Eg endte med Den usynlige broen og det var eit godt val. Den handlar om ungarske jødar i Europa før og under 2.verdskrig, ei fin, engasjerande historie og naturlegvis mykje grusomt med eit slikt bakteppe.
Eg fann fortsettelsen til ei bok eg las for mange år siden; Knit two Skikkeleg fell-good/chiclitt, akkurat kva ein treng i ferien. Fekk ein ettermiddag i bokhandel i USA; det er gulltid, finne nye skattar og gamle gleder:)
Eg kjøpte også ein skikkeleg ukeblad-strand-sommar-roman som eg la att på flyet, den var ikkje verdt å ta med heim, men den var god tidtrøytte på flyplass og fly:) Huskar ikkje ein gong kva boka heiter...
Eg skulle lese John Irving i sommar, men kjem ikkje heilt inn i boka. Den ligg på nattbordet, og får vel få ei ny sjanse?
Eg har fått Kindle(lesebrett) og etter litt lærevanskar i starten, les eg gjerne bøker der no!Det har vorte litt Agatha Christie og nyare enngelsk krim; Vera Stanhope, det er også landsbykrim frå England.
No les eg From the Goon Squad  (på norsk Bølle på døra) Den har fått gode kritikkar, og det forstår eg og forstår eg ikkje... Det er mange historier om folk som kjenner kvarandre meir eller mindre, over ein lang tidsperiode, nærast ei novellesamling, men lell en roman. Nærmar meg slutten og er spent på kvar vi ender!

Sommerboken
Berre omslaget er nok til å vekke leselyst!

Igår gjekk eg på ein bokhandelshoppingsmell, som så ofte før... Sommerboken av Tove Jansson vart med heim, saman med Kammerpiken av Cecilie Enger, eggler meg på nokre fridagar og tid til å lese! Eg har i tillegg Ernest Hemingway si bok For whom the bell toll, kjøpt i museumsbutikken ved huset hans på Key West.

søndag 15. juli 2012

Min indre hamster

Hamster er sikkert allrighte dyr, eg kjenner dei ikkje så godt, men eg trur eg har ein indre hamster, eller ekorn eller eit anna dyr som likar å legge opp lager til vinteren!
 
Igår var det billeg jordbær på REMA, eg kom rett frå vakt, eg hadde ikkje tilgang på bil, men det er nesten ikkje noko problem å frakte 6 kg jrdbær med sykkel, itillegg til laurdagshandel og det ein treng til sylting, nesten...
Vel heime var det berre å gå i kjellaren(som vil gi minus-husmor-poeng dersom det vart inspeksjon over orden og system)og finne boksar å fryse i. Sidan eg først skal ned 2 etasjer, kan eg ta med søppel og når eg har gått ei trapp kan eg ta med klær som skal i vaskemaskina og...det igrunnen rart at eg hugsa å ta med boksar opp igjen:)
Å renske jordbær medan ein høyrer radio og delvis les avis er nesten som meditasjon, ein er i det ein gjer!
Så er bollen full av søte, gode jordbær
 Til slutt:
Verdas beste jordbærsyltetøy klart for frysaren, slik at hamsteren og familien kan ete på brødskiva til frukosten på mørke og kalde vintermorgonar! No er det å finne meir jordbær og sylte meir i morgon, til frysaren får pukkelrygg og mage!
Denne rosa er frå rosebusken eg ha fått stikling av frå svigermor. Det er ein gamal sort, som luktar veldig godt! Trudde den var død, for den fekk hard medfart under graving rundt huset, men plutseleg sto den der med mengder av knoppar :)

torsdag 12. juli 2012

Heime åleine

"Heime åleine" kan gi assosiasjonar til filmane "Hjemme alene", satsar på at det ikkje blir slik :) Det kan og gi inntrykk av "heime-aleine-fest", det blir det heller ikkje!
Danse på bordet? Neppe. Slå ut håret? Kanskje, men no er håret kort, så...
Til no har eg laga jordbærsyltetøy, 4 kg er på plass i fryasaren. Så har eg vaska opp, for hand, sidan oppvaskmaskina har gått ut i streik eller har fått ein slags illebefinnande. Den brøler og ristar og er ikkje som den skal, så sjølv om den vaskar reint så ventar vi no på reperatør.
Men resten av kvelden skal er surfe på nettet, sjå TV, lese aviser, ete m&m og senke skuldrene! Beina på bordet!

tirsdag 10. juli 2012

Kva vart med heim?

Den STORE plana om å shoppe vart redusert, men litt klarer ein å få med seg heim!

Sko hadde eg planer om å kjøpe, greide nesten å unngå å handle i Noreg før vi for, nesten. Klær til mor vart det mindre av. Mat og snop blir alltid med heim.

Seriøs og skikkeleg julepynt må ein ha!

Kopp til smørteløl/butterbeer er godt å ha. Bøker og boklesar-dings tek lite plass i kofferten? Og nokre minner frå strendene i Florida

mandag 9. juli 2012

Feriekollasj

Har prøvd å samle høgdepunkt i ein kollasj, men alt blir ikkje med lell... Dei finaste bileta sitt på nethinna!

lørdag 7. juli 2012

Mat...

Litt om ting vi har ete på ferie:
Babyribs er vel omtrent det som vi kallar sparribs? Ser ut som enormt mykje mat, men det er mykje bein:) Blir servert med valgfri siiderett, feks cole slaw(kålsalat), som eg skal lage til grillmat neste gong eller potetmos eller bakt potet eller søtpotet eller... mange velg!
Pannekakefrukost høyrer med! Vi lagar det av og til heime, men iHOP er nok eksperten:)
Og subs har vi ete, baguett av ulik type med mykje godt pålegg.
Har prøvd å unngå frityrmat kvar dag, men det er ikkje berre enkelt, den er lett tilgjengeleg og billeg...

God mat er viktig på ferie, men så er det godt å kome heim til grovbrød igjen!

Vi åt stone crab claw(lokal krabbe i Florida) til forrett då vi var i Key West

Hovudretten var reker med limesaus og mangochutney og kvitløkskrydra potetmos :)

Key lime, er ikkje grøn slik som den vi brukar i Norge, blir brukt i Key lime pai som vi åt til dessert i Key West. Trur det er omtrent like mange oppskrifter som kokkare!

Ferieinnspurt

Dei siste dagane vart tempoet litt lavare, temperaturen var ikkje lav, så litt bassengliv var feks godt! Og alle hadde vel litt vorte tøffare og flinkare i vatn i løpet av dagane med bading, så det var kjekt å øve litt til og vise fram kunstene.
På kvelden 4.juli var vi i Univesal studios og såg vasshow og fyrverkeri. Heilt anna enn 17.mai, men folkelivet var litt det samme(om ein ser vekk frå temperaturen og at det var mørkt)
Torsdag kveld hadde vi felles middag; 9 stk som har vore på tur 14 dagar og alle framleis vener og vel forlikte er vel verdt ein felles middag! Det var kjekt pg lettvint å reise saman med nokon med større lokalkunnskap enn oss!

På fredag reiste dei andre tidleg og vi var i Epcot-senteret til Disney. Der var vi mellom anna i den norske paviljongen og såg at dei hadde sjokolade og lefser til salgs, og høg viking- og bunadsfaktor. Det vart ikkje til at eg kjøpte meg hatt i "Mexiko", men den ville sikkert hjelpt mot sola?

Iallfall når du ser kor lite skugge Sverre kastar midt på dag!
Framfor hovedattraksjonen i Epcot
No er vi vel heime igjen etter 18 timar på reise og lite søvn, så godt det er søndag i morgon så ein kan snu litt på døgnet før jobb på måndag. Huset er fullt av halvvegs tømte koffertar og vaskemaskina arbeider hardt med å ta unna, litt etter litt blir det kvardag!

torsdag 5. juli 2012

Vegen til Key West

hadde truleg ikkje vorte bygd i dag! For eit byggverk, for ein ingeniørkunst! Det starta med jernbane! Langt ut i havet, små, smale øyer, så vart det veg.
Solnedgangen på tur utover vart godt dokumenter!

Så vart det mørkt, ordentlig mørkt!

Vakre trær i Key West

Middag, med Stone crab, reker med lime og Key lime pie

Seven miles bridge, hav på alle kantar

See you later, alligator!

Å, den overskrifta  har eg venta på å bruke:) og no har eg  sett alligator og syns den passa. Vi har vore på alligatorsafari inn i Everglades(som er ei elv som renn sakte... 1/4 miles pr dag. Kan nesten tru det berre er ei stilleståande myr)

Vi køyrte airboat, motor og propell over vatn. Det var som om vi skulle køyrt båt over myrane ved Litjevatnet, artig. Men alle alligatorane hadde gøymt seg i varmen, så dei såg vi ikkje før i kom til parken etterpå.Enkelte heldige fekk halde alligatorbaby også :)

Kvelden før sov vi ved Mexikogulfen, der var det strand og palmer og måne. Vi fekk bada og plukka skjell og vore litt luksusturistar.
På turen tilbake til Orlando såg vi denne bilen, noko for bilinteressert slekt?

mandag 2. juli 2012

Sommarsol

Det er varmare enn vanleg her, så då er det ikkje berre vi som syns det er varmt(ikkje så godt å vite for ein som innimellom trur 15gr er brukbar sommar) Sverre har idag fått frukosten han har drømt om sidan sist vi var i USA, pannekaker på iHOP(bildet over viser oss på veg til frukostplassen: palmer og hav). Etterpå har vi sett oss rundt i byen, vore i akvariet, sett mating av skate og hai, klappa ein babyhai og studert barcuda. Etterpå var vi på omvising i huset til Ernst Hemingway. Byen er spesiell for oss, lave trehus i alle regnbogens farger, mange ville passa rett inn i Kardemomme by. Plana for i kveld er å ete sjømat og Key lime pai. (key er forresten spansk for øy)
Framfor huset til Hemingway, kunne godt hatt eit slikt hus!


 Glimt frå tidlegare:
Kennedy Space center på laurdag

Ein ekte astronaut




Sørover og vestover

Kjapp oppdatering uten bilder i kveld;
  • laurdag reiste vi frå Orlando til Kennedy space center og lærte mykje om måneferdene, interessant og lærerikt! (og varmt)
  • etterpå køyrde vi sørover, heilt på kysten, vassa i Atlanterhavet på Pelikan Beach og vart våte i bølgene før vi åt spareribs hos Woddy i Sebastian(ein liten by på kysten) Så køyrde vi vidare til Fort Lauderdale, der Margrethe og Michael heldigvis hadde sjekka inn før oss, så vi kunne berre legge oss. 
  • idag har vi først vore på stranda og bada og kosa oss, det var kilometervis med sandstrand ved Atlantern! Litt solbrente vart vi visst, for sola stekte og vi tenkte litt lite på å få solkrem overalt :) Vi får sjå om after-sun-solkrem hjelper!
  • på ettermiddag sette vi oss i bilane og byrja kjøre til Key West, ei øyrekkje sør for Florida, nesten i Karibien. Når vi kjørte utover hadde vi Atlantern til venstre og Meksiko-gulfen til høgre. Her ser vi at vi får alfor lite tid, men er kjempefornøgde med det vi rekk! På vegen stoppa vi og såg sola gjekk ned i gulfen, vakkert.
  • No er det straks natt og vi må planlegge morgondagen.