torsdag 28. november 2013

Her går alt etter planen, ja...

Om eg held meg til november-parolen min, "Ikkje jul i november!"? Så klart!
Eg held fana høgt og har god moral, og kjører stramt fram mot desember. Eg har vaska advenstdukane, denne gongen fann eg dei(dei låg trygt i skittentøysdunken for finvask, der har dei ligge sidan sist desember...) Eg har ikkje pynta, men eg har kjøpt sviblar og amaryllis som står kaldt enno. Det kan ha kome fram nokre lyslenker som ligg i ei nisje, men det er berre fordi vi hadde eit selskap på laurdag som var!


At eg har kjøpt det søtaste og nettaste av alle luciatog eg nokon gong har sett, medan det enno er november har med heilt ingen ting med sprekk i opplegget å gjere! Høyr berre her:

  • November er ganske mørk, og det har vore veldig dårleg vær dei siste dagane, så ille at det har vore hovudtema på lokalsendingane til NRK P1 på radio. Både sørgåande og nordgåande hurtigrute, som nok ikkje var så hurtige lell idag, vart intervjua fordi dei var værfaste like uti fjorden her, medan eg var på veg til tannlegen idag tidleg.
  • Tannlegen, ja! Etter fleire trivelege og greie besøk hos tannlegen i august (les gjerne meir her "Krone på verket")som endte med tom lommebok og ei fin krone, har eg vore der utallege gonger i november for å finne ut av kvifor det ikkje vart bra lell... og idag var siste runde, og eg fekk på ny krone, i porselen. (sist eg var der tok det lang tid, mykje bedøvelse og noko som høyrtest ut som vinkelslipar for å fjerne den gamle krona...den gongen fekk eg rett nok eit lykketroll av tannlegen for innsatsen, men...lykketroll til adventspynt? Trur ikkje det!)
  • Eg reiser stadig vekk til Oslo i haust og det treng eg jammen belønning for! Og dei beste belønningane er dei ein kjøper sjølv(eller naturlegvis finn på sjølv! Det treng jo ikkje koste pengar, sjølv om det gjorde det akkurat denne gongen)
  • Når eg kjem tilbake frå Oslo er det faktisk Luciadagen, og det skulle tatt seg ut om vi ikkje hadde Luciatoget klart! (no har vi eit anna Luciatog, kjøpt før ein gong, men det er ei heilt anna sak som ikkje må bandast inn i utider) I verste fall måtte eg sjølv trekt i nattkjolen etter gamletante og sett lyskrans på hovudet og vekt resten av husstanden med liflig sang! Kanskje noko å tenkje på lell... :) Eg har safran innkjøpt i Nice, så det må iallfall bli lussekattar. Då må eg ha noko å sette stemninga med, og kva er betre enn eit luciatog?
    Denne gjengen ligg på loftet, enno, men i helga skal dei få sjå lyset!
  • Eg fortente rett og slett premie sidan eg igår fekk kjøpt inn og pakka og merka juelgåver til søsken og tantebarn. Vi snakkar 20 gåver, som no ligg klar for utdeling og juleglede! Det skulle berre mangle at ikkje eg skulle få noko også! (At den første timen av shoppinga igår handla om meg, og ikkje gåveinnkjøp, er noko vi ikkje har tid eller interesse av å drøfte her)
  • Eg har måtte levere inn høreapparatet for reperasjon, og lever eit liv i øresus og dus om dagane, noko som kan gjere dagen lysare er berre rett og rimeleg! Eg kjenner eg gler meg veldig til å få det att, for det er betre med enn utan!

Er dei ikkje dei søtaste!? Og bittesmå ;)
Neida, så eg ligg ikkje flat fordi eg har kjøpt noko eg har sagt at eg ikkje skulle kjøpe!

Helsing dronninga av bortforklaringar!
(No gler eg meg til å ta fram kassene med julepynt! Eg skal sette fram adventspynten på laurdag, høyre julemusikk, kanskje bake litt, nyte helga, før turen går til Oslo tidleg på måndag morgon)

søndag 24. november 2013

Vekestart veke 48

Det nærmar seg jul, det er berre 1 månad igjen og i helga har snøen lava ned!!! Det er mørkaste tida på året, eg ventar på jul og mitt eige signal om at no kan eg pynte til advent(ikkje lov før neste helg!) Men lys kan eg tenne, inne og ikkje minst ute! Lyslykter som lyser, som lyser for dei som går forbi og for dei som kjem på besøk.
Kva passar vel betre som vekestart enn denne sangen?
Den har i seg barndommen med minner om adventsserien over alle; "Jul i skomakergata" og aking og snømenn og den første snøen!


Sneen dalte lett og fin
og strøk blidt mot ruten min
i morges da jeg drømte på min pute
Vi tok skjerf og votter på
hastet veldig med å gå
snart var det tusen barnespor der ute
Ref:
Og vi tenner våre lykter når det mørkner
Og når alle lyder pakkes inn i vatt
Ja vi tenner våre lykter når det mørkner
for da lyser de til kvelden si`r godnatt
Først så trakk vi kjelken opp
på en diger bakketopp
så suste vi avsted langt ut på jordet
Også bar det opp igjen
snart var vi på topp igjen
Så lo vi mens vi akte små og store
Ref:
Og vi tenner våre lykter når det mørkner
Og når alle lyder pakkes inn i vatt
Ja vi tenner våre lykter når det mørkner
for da lyser de til kvelden si`r godnatt
Vi har bygget oss et slott
som vi syns er stort og flott
med snedronning og sneprinser med jakker
Vinterdagen tar farvel
vi må inn for det er kveld
vi ser på him`len at det lir og lakker
Ref:
Og vi tenner våre lykter når det mørkner
Og når alle lyder pakkes inn i vatt
ja vi tenner våre lykter når det mørkner
kanskje lyser de til kvelden si`r godnatt
Restar av festpynting, kjekt å stå opp til.

Vi har hatt ei helg full av selskap og kjekke folk! Slike helger går fort. Idag tidleg vakna eg før resten av huset, ute snødde det og det var stille. Huset var ryddig etter selskapet i går. Eg fyra opp i omnen, tente lys, åt opp sjokoladen frå selskapet igår, las aviser og kjente på kor godt er med stille, roleg start på dagen! Etterkvart kom mannen opp, og etter ein time med meir stille og roleg liv, laga vi frukost og tenåringane kom tuslande før vi rakk ta av bordet. Ein slik start på dagen er ei skikkeleg vitamininnsprøytning!
Den fine engelen eg fekk i gåve igår!

fredag 22. november 2013

Hos frisøren

Eg lurer på om eg er litt sløv.
Eg har aldri vore særleg opptatt av hår, med styling og stell og slikt. Eg har hatt veldig, veldig kort hår, det er lenge sidan, og aldri nokon suksess! Eg har hatt ganske langt hår, langt ned på ryggen, så tjukt og krølla hår at det trong 12 timar for å tørke og knapt lot seg greie... Eg måtte ha grov børste og det fanst knapt ein hårstikk som greidde halde villnisset samla. Då eg var lita hadde eg lyst, krølla hår med hårsløyfe i, eg fekk mykje skryt for den varianten. No har eg ei ganske roleg og enkel frisyre som ikkje krev så mykje meir enn vaks og ein kam av og til. Ei frisyre som krev at eg er ofte hos frisøren passar ikkje for meg!
Jula 1970, ikkje ferdig pynta, men med hårsløyfe!

Eg har ei glattetang eg av og til lurer på om eg skal prøve. Det har ikkje vorte enno, men den har berre ligge 1 år i skapet. Eg har grå hår, også kjent som sølvtrådar, som eg ikkje giddar farge for å skjule(eller så er eg så gjerrig at eg ikkje vil betale for å dekkje dei til?)
Men av og til ser eg i speilet og ser at NO må eg gjere noko. Eg må klippe meg, helst NO, evt i går.  Og då bør det vere ledig hos frisøren, NO. Eg reknar meg eg ikkje er åleiene, sjølv om det høyrest ut som dei fleste andre er meir planlagte enn meg.

Det glade nittitall! Har aldri hatt behov for kjøpekrøllar!

Igår var eg hos frisøren. Å sette seg i frisørstolen er som å skru på ein pauseknapp, det er ikkje noko anna som skjer då. Først er det litt prat om korleis eg vil ha håret, og litt diskusjon om lengde og slikt. Eg minner om at håret mitt krøllar seg som det sjølv vil, og frisøren strekker litt idet. "Vil du vaske håret?" spør frisøren så. Ja takk, gje meg hodebunnsmassaje og bruk god tid! Varmt vatn og lukka auger, det er berre å slappe av!

Så er det tørking og greiing av hår. "Jammen har du tjukt hår!" Ja, det har eg jammen, og det er eit passe krevande samtaletema. Eg kan seie at det var tjukkare før eg fekk ungar, og så seier frisøren at det er vanleg at det endrar seg etter fødslar. Og vips er vi inne på noko eg syns kan vere litt problematisk: small-talk! Eg høyrer dårleg, og endå dårlegare når nokon legg vått hår over øyrene mine. I tillegg kan eg godt berre sitte der, utan å diskutere været(det er ikkje kaldt ute, evt det er kaldt ute, det har regna eir enn vanleg etc), cupfinalen(kvifor skal det vere tema hos frisøren?! Eg må skryte på meg at eg heiar på Molde berre for å halde samtalen i gang her i Bartebyen) eller kor lenge eg har budd her, evt kvar det er best å bu i byen. Så kan vi snakke om jobb, ungar, juletradisjonar etc. Om sommaren er ferie eit fint tema, og skulle det bli heilt krise, kan ein snakke om sjukdom. SjakkVM er litt betre, men eg er truleg den einaste i Norge som ikkje har sett ein einaste kamp og difor ikkje forstår når folk snakkar om kor spennande det er å følgje med på TV. Ikkje kan eg reglane heller... Eg har mest lyst og berre sitte der, ikkje småprate. Heldigvis forstår mange frisørar det og let meg berre sitte der.

Det hender eg let att augene og forsvinn litt inn i meg sjølv. Då får eg plutseleg beskjed om å legge hovudet litt på skakke og halde det slik, men i havsøvne gløymer eg meg og får hjelp til å skakke på rett måte. Ok, så er ikkje frisørstolen ein stad å sove.
No er vi på punktet der det må sjekkast om håret er like langt der det skal vere langt eller kort, og der eg må minne om at mine krøllar gjer som dei sjølv vil. Det er fabelaktig å ha funne ein frisør som faktisk tek hensyn til det! Neste punkt er kva eg brukar av stylingprodukt. "Øh...eg tørkar håret...og det er det." Då får eg tilbud om både det eine og det andre som samlar krøllane, definerar håret eller hindrar brusing(til dags dato ikkje funne noko som eigentleg virkar!), og eg brukar gje meg etterkvart, og prøvar noko nytt kvar gong. Er eg heldig får eg no ein hårtørkar plassert over håret. Då kan eg halvsove eller lese gamle ukeblad, drikke te og all samtale er utelukka! Det kallar eg luksus!

Til slutt er det berre å betale, inkludert svare på om eg treng shampo eller stylingprodukt. "Nei takk, eg har det eg treng" og håpe at håret veks sakte, slik at eg ser grei ut på håret lengst mogeleg.
Dagen etter frisøren


(Eg meiner ikkje henge ut den som steller håret med omtanke eller glattetang, men eg er ikkje heilt der! Eg blir fasinert av dei som står opp ein halv time før for å stelle håret, det har aldri vore aktuelt for meg! Og for den som måtte lure, eg er like håplaus når det gjeld sminke!)

mandag 18. november 2013

Å minnast ein sommar

Idag er det vått, kaldt, glatt, mørkt og fleire andre ting eg ikkje syns så mykje om!
Hos Tre tette fann eg inspirasjon til å finne fram sommarminner. Og kvifor ikkje minnast ein sommar, med alt vi opplevde?!

Ein varm sommarkveld i Tivoli i København, lysshow
i sommarnatta. Heile familien saman!

Ei lys sommarnatt og kveldstur saman med mannen på Kristiansten festing i Trondheim.


Ein plass i sola! Å, kor eg lengtar tilbake til å sitte i solveggen og måtte ha drikka i termokopp for å halde den kald, kjenne sola brenne og finne fram solhatt og solbriller...

Den finaste "prestegårdsrosa" frå eigen hage, med litt regn på kronblada.

Og ein tur til barndommens rike, med sol og varme naturlegvis! Alltid det der...
Eg er iallfall varmare til sinns no, tross novembermørke og kulde ute.

søndag 17. november 2013

Saktesøndag (vekestart veke 47)

Igår høyrte eg Odd Nordstoga på radioen, November-sangen hans passa særleg godt når "Hilde" var innom på besøk!

Det er eit troll på loftet, og draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og ute er eit skrømt frå den tid slike fanst
Han dansar utpå marka ein skummel dans

Og veden vil ’kje brenne, og livet det er stutt
(så alle dei ringer og gjer det slutt)
Og koppane dei skranglar når toget fér forbi
Det skingrar gjennom byen, men det er ingen i

Ååå, d'er noko som fer
Ååå, d'er noko som skjer
Åååå, d'er noko som hender
og d'er ein som eg kjenner:
Det er November

Og katten er så rar av det vonde han ser
på sin blodige tur der ute
iblant halvetne fuglar og livredde mus
som nok aldri kjem heim til sitt musehus

Ååå, d'er noko som fer
Ååå, d'er noko som skjer
Åååå, d'er noko som hender
og d'er ein som eg kjenner:
Det er November

Det er eit troll på loftet og draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og eg er ikkje heime, så alt det eg fortel
ja, det høyrde eg i lufta av ei daud og plaga sjel

Ååå, d'er noko som fer
Ååå, d'er noko som skjer
Åååå, d'er noko som hender
og d'er ein som eg kjenner:
Det er November
Odd Norstoga

"Hilde" har vore på ferde bak huset, og tatt toppen av ei furu.


Idag er ein skikkeleg sakte-søndag!

Vi sov, LENGE, det gjorde godt for kropp og sjel, sjølv om eg vart litt forvirra då eg såg på klokka... nei, eg seier ikkje kva den var! Eg har nok vore vak i natt, for "Hilde" sa skikkeleg takk-for-seg før ho forlet bartebyen, og det ruska godt i trekronene ute.

Vi har ete frukost med ferskpressa appelsinjuice og varme croissanter. Vi snakka om å sitte på ein fortausresteurant i Nice og ete det samme. Men det var ikkje så verst å ete heime heller!
Ferieminner
No står middagen på kok, det skal den vere lenge, for det er ein skikkeleg saktemiddag!
Det skal bli saltkjøt med rotmos og vi skal ha grove, heimelaga pølser til. Sa du luksus!?
Sjølvgjort er velgjort!


Innimellom sitt eg i sofaen og gjer nesten ingenting. Surfar litt på nettet, tenkjer at eg skulle ha lese litt i avisene frå i går, rydda bort leikene eg tok fram til familieselskap for to veker sidan, skrella potet, tømt oppvaskmaskina. Vi har ny tørketrommel, den tørkar idag også, på ein søndag. Eg frydar eg over ein trommel som tørkar, ikkje berre bråkar. Eg er enkel slik, eg er lett, men ikkje spesielt billeg, å glede. (eg betalte den vel sjølv, forresten) Men ingen ting av alt eg tenkjer på går sin veg, så eg sitt her og sløvar. Det trur eg kroppen og hovudet har godt av! (eg likar iallfall å tru det :) ) Og no auser det ned att ute, så eg orkar ikkje gå tur heller!

Igår var ein dag i venskaps- og selskapstegn. Tenåringane var med og arrangerte LANparty natt til igår.  Dei var stille utpå dagen igår... Mannen var saman med vener frå mange år tilbake, på omvisning i Nidarosdomen, lunsj og til slutt jubileumsmiddag(her feirar vi alt, iår var det vel 22 års jubileum!) Eg var på 111årsdag hos ein venefamilie, med mat og prat og mange nye, trivelege folk å bli kjent med. Ein slik gårdag gjer det igrunnen nødvendig med ein sakte søndag!

I morgon er det måndag igjen, det er sikkert nok av oppgåver i kø, det er jobb, tentamenstid for tenåringane, livet som går sin gang, slik dei fleste vekene er.

Utsikt frå jobb ein novembermorgon!
Ha ei strålande veke!!

(November-forsettet sa du? Det går sin gang!Eg har nokre tankar om at å gle seg til noko er ein gløymt ting, det er så lett å berre ordne det med ein gong, iallfall for meg. Eg treng ein ny kjele på kjøkkenet, eg kjøper den og manglar noko å ønskje meg til jul. Eg finn ein fin genser, kjøper den og har ikkje behov for den... Eg gler meg veldig til jul, dette er ikkje ein eg-likar-ikkje-jula-aksjon, men eit vent-med-jul-forsøk. Samtidig har jo november så mange kvalitetar sjølv, som er gode. Eg kan ete haustmat, ikkje julemat, eg har bakt sitronkjeks, ikkje pepparkaker, eg drikk PepsiMax som er mykje betre enn julebrus og eg et nøttesjokolade istadenfor marsipan. Eg har byrja på julegåvelister, kjøpt eit par allereie, eg har funne dei finaste englane og det søtaste luciatoget som nok blir med heim, sånn ca 1.desember! Eg gler meg til å finne fram julemusikken, inntil vidare høyrer eg radio. Eg har bestemt og informert familien om at det blir sjokoladekalender iår, og at eg heller skal legge litt meir innsats i juelstrømpene. Slikt gir iallfall lavare skuldre i november! Men det er lenge igjen før advent, eg kan fort gå på ein smell...)


mandag 11. november 2013

Vekestart veke 46

Soloppgangen då eg kom på jobb! Vakkert!

Eg får av og til så lyst til å skrive det O-store-blogginnlegget, det som rører hjerter og snakkar til den som les det! Det som skaper ettertanke og inneheld alle dei kloke orda, i rett rekkjefølge... Ikkje er eg så sikker på om eg har det store alvoret i meg, eller dei djupe tankane, iallfall ikkje for å sette på papir, og ikkje akkurat no. Ikkje er eg tøff nok til å starte ein debatt eller rope høgt og tydeleg kva eg meiner om noko folk er ueinige om. Eg prøvar trøyste meg med at alt ikkje skal skrivast, livet skal levast, minner skal skapast og venskap skal pleiast, før det er for seint.

Idag er det faste postar og vekestarten som gjeld! Den første snøen har vist seg fram, det er glatt under, er det så farleg? Det er eit stille under som har skjedd!


Snømorgon

Eit under hende stilt i natt:

Vi sov, og det har snødd.

Og alle vegar grodde att

der alle folk hadde trødd.

Vi trør og trør, men sjå, 
om litt 
er faret grødd på ny.

Og jorda ligg i nysnø-kvitt

i første gråe gry.

Halldis Moren Vesaas



Leve-i-november-oppdatering:
Det er jo november enno, idag snør det både oppover og bortover og eg måtte rett og slett sette ut ei lyslykt så mannen hadde noko å navigere utfrå på veg heim frå jobb(iallfall nesten så ille :) ) Eg har halde meg unna julebrus, pepparkaker og julemarsipan sidan sist. Men eg definerar klementin som ei haustfrukt og kan difor ete lassevis, heldigvis, sjølv om det er november. I helga har vi feira farsdag, det er kjekt, sjølv om mange meiner det er unødvendig. Det er da stas å lage fin frukost, ha nokre enkle gåver og hedre far?

torsdag 7. november 2013

Hybellivet(og ein novembersmell)

Korleis er det å bu på "hybel"?(eg skryt på meg meir kumerlege forhald enn sant er, det er ei lita leiligheit, mykje større enn hybelen eg budde på i dei harde studiedagene!)
Jotakk, eg let meg overraske over kor godt det er å kome heim til "mi" stove etter jobb, kor godt det er at det er stille, at det ikkje er ein einaste haug med klær som skal vaskast eller brettast, eg kan vere egoist etter å ha jobba med ting på ein ukjent plass. Samtidig er det litt vel stille, ingen tenåringssoner som lurer på kva som er til middag og ingen ektemann som snorkar. (Men eg har ein nabo likar å synge, gjerne seint på kvelden, idag trur eg han hadde selskap av nokon på blokkfløyte også...)
Og apropos middag, det blir litt enkelt... Eg gler meg over mddagsinvitasjonar, og lever ellers på ferdigmat. Pytt, det er berre for nokre dagar!
Eg gjekk forresten på ein novembersmell idag... Forkjøla og sliten gjekk eg på butikken for å kjøpe sushi, og kom ut igjen med kakemenn i tillegg. Ikkje var dei spesielt gode heller, tørre og litt kunstige i smak. Skal ikkje gjenta seg!
Eg har vore på adventskalenderpresangjakt, men eg er mykje betre på å finne ting til meg sjøl. Spørs om det blir sjokolade?

Reknar med dette er ein slags koblingsbok, med hjerte! Slikt ein ser når ein går til jobb.

Eit forsøk på å pynte på sanninga, her er det berre sunne saker!

Morgonstemning på Adamsstua.


tirsdag 5. november 2013

Prosjekt "leve i november" år 2

Kva skal vi med november, eigentleg?! Mørkare og mørkare dag for dag, ikkje er det snø, og det er glatt pga lauvfallet. (OK, det er ganske mildt ute, så det er ikkje på det verste iår)
Morgonstemning på Adamsstua

Eg skal iår som ifjor ha eit prosjekt "leve i november", eg skal øve meg på å ikkje ta advent og jul på forskot. Kva eg skal gjere?

  • eg skal gå i selskap! Eg har allereie vore i dobbel 50årsdag, og vi har feira 17åringen på etterskot. Eg skal i 111årsdag og siste dag i november skal eg på julebord(det må vere lov heilt i sluttenav november) Eg syns det er så flott med selskap og feiring! Å feire kjente og kjære, ha ein grunn til å ta fram finkjolen og eit av para med festfine sko.
  • eg skal førebu adventskalenderen. Slik det ser ut no, skal eg vere borte dei første vekene i desember, og då har eg lyst å lage ein hyggeleg kalender til dei som er igjen heime. Kva skal ein forresten finne på til tenåringssoner og mann?
  • eg skal gå tur! Når eg lever hybellivet, går eg til jobb. Det tek ikkje mange minutta, men det er godt! Og utan tilgang på bil, er det lettare å tur, sjølv om kollektivtilbodet i Oslo er mange gonger betre enn i Trondheim!
  • eg skal skrive lister, julegåvelister, lyst- å-lese-må-huske-den-boka-lister, kva-har-eg-lyst-å-blogge-om-lister, ønskjeliste, lister med kva vi skal bake til jul.
  • eg skal gå på kafe! Åleine og saman med andre! Åleine for å sjå på livet rundt meg, lytte til andre sine samtalar, lese bøker, pløye gjennom aviser. Saman med andre for å ha ei anna ramme rundt det å treffast. Eg byrja allereie på laurdag, med kafedate med mannen!
  • eg skal lese! Masse! Lett litteratur, tyngre litteratur, noko å lære av og noko å le av. Eg les "Manhatten" av Torgrim Eggen akkurat no, den handlar om nettopp Manhattan, eg har vore der ein gong, eg får lyst å reise tilbake, no og med ein gong! Boka har historier, anekdoter og dagbok. Idag har eg vore på Norges største bokhandlel(trur eg) og eg har kjøpt Olav H Hauge "Dikt i samling", eg gler meg. Eg kjøpte også "Natten og lyset", andre del av ein biografi om Hildegard von Bingen(no er eg inne på "læredelen" av lesinga i haust), ei nonne som levde på 1100talet. Eg las første delen i haustferien, og vart litt fanga.
  • eg skal sove middag når eg treng det, legge meg i rimeleg tid og stelle litt fint med meg sjølv. Eg trur kroppen treng kvile når det er mørkare ute, eg trur eg vil ha igjen for å stelle fint med meg sjølv. Eg skal seie nei når ting ikkje passar, og heller ta initiativ når eg har overskot.
  • eg skal prøve fleire nye oppskrifter! I helga laga eg briocher, fint fransk frukostbrød med rikeleg smør og egg! Dei vart kjempegode, og verdt arbeidet med å lage dei.
    Briocher!
  • eg skal sjå meir fjernsyn! Ikkje ukritisk, men lese programmet og sjå noko eg har lyst til. Av og til blir det skikkeleg sippefilm, andre gonger "Bokprogrammet" eller dokumentarar. Eg skal prøve å kome meg på kino eller teater, ikkje berre misunne andre som fortel at dei har sett ein fabelaktig film eller godt teaterstykke. Ein ting eg enklare kan gjere når eg lever hybellivet.
  • Og når eg ikkje orkar noko anna, skal eg sjå i veggen!
Det eg ikkje skal gjere, er å høyre julemusikk, drikke julebrus eller starte på julemarsipanen før desember! Eg skal ikkje kjøpe julepynt i november, og når eg startar å pynte, så skal eg pynte til advent, ikkje til jul! I fjor erfarte eg at med å vere litt bevist, var eg meir tilstades i november og eg gledde meg endå meir over alt i desember. Kanskje eg neste år skal sette oppstart for julematen endå seinare? Advent er eigentleg fastetid, og det kunne vore interessant å prøve ut det. Men eg treng tid for å finne ei fastetid som passar for meg, så det kan ikkje bli før neste år.

søndag 3. november 2013

Vekestart veke 45

Eit lite livsteikn, midt i ein litt travel kvardag. I morgon kjem flytaxien og hentar meg kl 05.25, då er det igrunnen natt i min kropp enno... Det er berre å innstille seg på ei ny veke i tigerstaden, med jobbing og eg veit allereie no om eit par kjekke sosiale treff. Denne helga har gått fort, som vanleg. På fredag hadde vi på ein måte ein datekveld, mannen og eg var iallfall heime åleine, satt i kvar vår sofa og småprata og las bøker og aviser! Vi var ute og kjøpte ny tørketrommel igår, vi fekk feire to flotte naboar med dobbel 50årsdag, og idag har vi feira den finaste 17åringen. Eg har bakt og vi har kriserydda, hatt huset fullt og kosa oss!

Men det er mørkt ute, tida går så fort, det er ting eg ikkje rekk, eg blir litt sliten. Eg fann dette fine diktet på bloggen Sta. Sunniva av Selja som eg nettopp har oppdaga. Kanskje er det nokre ord til deg og?


Sliten engel


Jeg ser at engelen din
er sliten nå
Den har våket med deg om nettene
Den har sittet på bunnen
av depresjonen
og tatt deg i mot når du kommer
Den har vinket farvel
til vennene
Den har plukket blomster
du selv ikke så
Den er sliten nå
Men å gi opp
finnes ikke
i det himmelske vokabularet
så den retter på glorien
børster av vingene
og går videre

Guro Skottene
Fra diktsamlingen "Trist og trøst" (2007)


Ønskjer deg ei fin veke!

Eg planlegg å skrive eit nytt innlegg om november, for eg ser tilbake til i fjor og ser at "aksjon leve-i-november" hadde mykje for seg!! Du kan lese om fjorårets tankar her: Prosjekt leve-i-november