mandag 27. juni 2016

Vekestart veke 26

Det kan vere eg har delt dette diktet før,  men etter å ha rusla på myrer full av myrull  idag, passar det så godt! Det var kanskje ikkje sønnavind, men plaskregnet hadde gitt seg, det var gløtt av sol og heile familien gjekk saman. Ferielukke!

Det er noko spesielt med akkurat desse myrene, eg huskar at eg samla myrull her då eg var lita, for noko må den vel kunne brukt til??

Sidan ryggen legg enkelte begrensninger,  gjekk eg litt åleine(medan dei andre delvis sprang rundt vatnet). Eg høyrte gauken. Eg høyrte dråper frå myra som draup i grøfta. Sauebjeller langt oppe I fjellsida, der graset nok er mykje grønnare og saftigere enn lenger ned. Ferielukke! 

Livet er ikke alltid
et heseblesende kappløp med døden.
Livet er ikke bare
titusen strevsomme steg
mot små mål.
Nei, livet er rikt nok til
å være bare sus i myrull – –
Livet er rikt nok til
å glemme timene og brødet
og døden.
Men alle disse flittige –
med lønningsposer og armbåndsur
og spisestue i lys bjørk … ?
De er så gjerrige på minuttene.
Ropet fra hjertene drukner
i larmen av stempler og stål.
Men myrull suser i sønnavind
den enkle sangen
som hjertene minnes i maskinhallene.
Og ensomme fugler
seiler i sol,
seiler i sol og skriker —
Hans Børli

I barndommens rike 

tirsdag 21. juni 2016

Vekestart veke 25

I helga var vi på konsert med eit kor for å høyre(og sjå) ei niese synge. Det var stas! Litt "memory lane" tilbake til då eg sjølv sang i kor i ungdommen. Fin sang og triveleg stemning. Den eine songen dei som var denne av Ingebjørg Bratland. Dette må vere ein bra sang å ta med inn i ei ny veke!!


Sjå deg for
Kring dine føter
Ville vekster av mange slag
Dei lever i lag
Og her har dei røter
Så sjå, du høyrer med!

For du har både vett nok,
Mot nok og ro nok.
Og du er både bra nok,
Sterk nok og god nok
Du er den blomen du skulle vera
Kom med dine draumar, kom med di tru
For ingen er som du.

Lyng og lauv
Lyser i mot meg
Gjev meg glede og tenner tru
Det same gjer du
Så skund deg og rot deg
Og sjå, du høyrer med!

For du har både vett nok,
Mot nok og ro nok.
Og du er både bra nok,
Sterk nok og god nok
Du er den blomen du skulle vera
Kom med dine draumar, kom med di tru
Eg kan sjå deg
Som en ven i verden
Som ein eg treng her
På denne lange ferden
For eg har sove i vakker seng
Blant ville vekster i blomeeng

For du har både vett nok,
Mot nok, ro nok.
Og du er både bra nok,
Sterk nok og god nok
Ja du er både vett nok
Mot nok og ro nok
Ja du er både bra nok
Sterk nok og god nok
Du er den blomen du skulle vera
Kom med dine draumar, kom med di tru
For ingen er som du

Ingen er som du
Ingen er som du


Og så kan du jo høyre sangen på denne linken frå You Tube!

tirsdag 14. juni 2016

Vekestart veke 24

Mi veke startar på ein måte i morgon, for då skal eg på jobb. Kan eg bruke det som unnskyldning for at eg er litt sein med vekestarten?

Livet mitt handlar mykje om kroppen min for tida. Kva eg klarer, kva eg kan, kva eg vil. Og ikkje minst; kva som virkar.
Ryggen blir stadig betre, men eg er utålmodig lell. Eg vil så gjerne berre bruke kroppen utan å tenkje så mykje. Det straffar seg etterpå. Og noko er eg fornuftig nok å be andre gjere, evt berre oversjå. Eg er betre, eg kan gå ganske lang tur, ganske fort, og få berre litt vondt etterpå. (men eg droppa å gå topp7-turen i Bymarka på søndag, sjølv med sol og strålande forhald, så innser eg at mi tid til å gå 3 mil nok er ein annan gong! Så eg har sjølvinnsikt, til ein viss grad. Og eg gler meg over junior som gjekk turen.) Fysioterapeuten seier det er lov å bli lei og utålmoding, og akkurat i dette høyrer eg på han.
Verre er det med tennene mine. Eg fekk brått vondt på venstre side sist helg. Eg ville helst berre ete suppe og yoghurt, evt banan. Ikkje drikke veldig kald eller varm drikke. Og berre tygge på høgre side. Såpass tungvint at sjølv eg innsåg at eg trong ein tannlege. Eg var hos tannlegen på tirsdag. Etter litt om og men, vart vi einige om å fjerne ei gammal fylling og sjå om det hjalp. Eg fekk ei fin, kvit midlertidig fylling. Det hjalp heilt til bedøvinga gjekk over. Då dunka det verre, i nabotanna. Den som har ei fin krone(som er nesten ny, berre les royale tenner) og som kosta meg både pengar, tårar og svette.  Eg vakna ståande på golvet den natta, fordi eg hadde vore så uforsiktig å lukke munnen i søvne...AU!
Berre å ringe tannlegen igjen, med meir fortviling i stemma. Eg har aldri gledd meg til ein tannlegetime før, men denne gongen kunne den ikkje kome fort nok! Tannlegen gjorde ein "banketest" og fekk den forventa hoppereaksjonen... Vi var på sporet av smerten og problemet! Eg fekk diagnosen irreversibel pulpitt, noko som er meir vanleg enn namnet skulle seie. Det vart rydda opp inni tanna, det er lagt på nok ei midlertidig fylling og då bedøvinga gjekk ut, kunne eg forsiktig tygge på venstre side for første gong på ei veke. Å, glede og lukke! (og eg fortrenger at eg må tilbake etter ferien for rotfylling...)
Kor lenge var Adam i paradis? Til i ettermiddag... Då knasa det brått inmi munnen då eg åt. Eg kunne plukke ut ein bit av den første tanna vi prøvde å fikse. Det er litt vondt, det isar. Tunga kjenner heile tida på den skarpe kanten. I morgon tidleg må eg ringe tannlegen igjen.


Idag passar det med eit tanndikt! Eit dikt om

Løvetannen
Der står en liten løvetann
blant andre løvetenner
i bakken på et åkerland
og blomstrer så den brenner.
Den har slått ut sitt gule hår
på toppen av seg selv.
For av en bustet knopp i går
er det blitt blomst i kveld.
Nå er den sterk og stri og vill,
en riktig løvetann,
og strekker kry sin lille ild
mot solens kjempebrann.
Hvor stolt og gladelig den gror!
Men like nedenfor
står en sørgmodig eldre bror
og feller hvite hår.
Slik, venner, farer livet med
all verdens løvetenner.
Først blir de ild, så blir de sne,
og siden gamle menner.
Inger Hagerup



Med ønskje om god veke og sterke tenner!

mandag 6. juni 2016

Vekestart veke 23

God måndag til deg!
Her er det sol. Vaskemaskina går, oppvaskmaskina jobbar ekstraskift. Vi har hatt overnattingbesøk i helga, veldig kjekt! Tid til å prate med vener vi ikkje ser så ofte. Eg har bestilt tannlegetime, fordi det er ting som tydar på at den tanna som har gjort vondt heile helga, neppe har tenkt å gje seg av seg sjølv. Eg tygg berre på høgre side, for å seie det slik...

Eg skal ut i sola, gå ein tur. Ligge i sola og bli brun! (det er ikkje så varmt, men heilt inntil veggen burde det gå) Eg skal til fysioterapeut og i kveld er det attpålag etter ein konfirmasjon. Ein travel måndag, sjølv uten jobb.
Eg skal byrje på jobb på torsdag. Det blir spennande! Litt dørstokkmil når det er så lenge sidan sist. Men all erfaring seier at det blir bra når eg er igang. Det blir fint med litt meir rutiner i kvardagen, å ha nokon å ete lunsj med og noko å gjere. Så får vi håpe at ryggen er enig.

Eg går lengre turar enn før, og sist veke gjekk eg min hittil lengste. Til mitt "smultronställe" i skogen. Det er det stille, det er godt å sitte, senke skuldrene og puste med magen. Ein kvilestein på vegen.

"Til deg du hei og bleike myr..."



Myrull

Dagens bukett




LIVET ER IKKJE RETTFERDIG


Livet er ikkje rettferdig!
Og det fins ingen klageinstans
Berre kvilesteinar på vegen
Små lune skjul av gleder
å krypa inn i
Ein ny soloppgang
Eit ekorn velberga over vegen
Menneske som med opne liv er der


Bente Bratlund Mæland

Ha ein fin måndag!

onsdag 1. juni 2016

Vekestart veke 22

Eg driv det stort som leiar i "Grusomme mødres forening", eg seier ting som "når skal du selge resten av dopapiret som fyller det meste av rommet ditt?"(med litt ilter masestmme) "Skriv liste over det du må huske å gjere!!!"(med endå meir mas på stemmebanda)og ikkje minst hender det eg nemner ting som flytt skoa dine(sko i størrelse 45 tek meir plass enn mine sko i størrelse 39...) sjå over om du treng reine klær og no må du sove!!!
Altså, eg masar ikkje heile tida, det hender vi snakkar om været, at eg serverer nystekt brød eller vi høyrer på musikk. Vi et middag, vi drøftar militærteneste, men vi ser ikkje dei same filmane lenger og eg likar ikkje å høyre om toppturar på ski. Vi et grillmat og nyt sommarvarmen på terrassen. Vi er einige om at nylagd sorbet er godt, og eg høyrer på forteljingar frå livet.
Men så kjem eg på noko, og masar igjen. Om nistemat, solkrem og forsiktig bilkjøring.
Eg trur ikkje eg er åleine om å vere ei masemor. Det er nok fleire der ute. Eg syns av og til at eg må mase, sjølv om eg høyrer sukk og setningar som startar med "Meeeen altså fordi..." Nokon må minne junior 1 og 2 på ting, nokon må passe på. På godt og vondt. (og det skal seiast, det er mykje mindre amsing no enn før! Noko har dei lært, takk og pris)


Lavendel


Kanskje eg skulle sagt som dette diktet her?

Strekk dagene stramt ut over strykebrettet
Dynk dem med glitrende vann
Stryk dem med varmt jern
til de blir skinnende hvite seil
La vinden fylle dem
Gå om bord

Annie Riis

Og no er det juni, Lyse kveldar, sol, forsommar, grønt! Det er dagar å fylle.
Ha ei god veke vidare!

Sol gjennom parasollen