søndag 24. august 2014

Vekestart veke 35


Og DEEER var vi igang igjen! Skulen har starta, mannen har starta på jobb. Vi må i seng om kvelden, det må vere brød til frukost og niste, klær må vaskast. Eg prøvar finne igjen rutinene i å handle inn, finne ut når tenåringane startar på skulen, når kjem dei forresten heim og når skal dei ut igjen? Dei går ikkje på skular med streik, enno, så det vart rett på full rulle. Rekk vi middag saman? Oj, skulle eg på eit møte i kveld?! Det er planlegging av hausten, eg ser at det er gode sjanser til å fylle tida med mykje. Eg skal ikkje seie ja til alt. Eg har hatt ei "mellomveke", der eg har vore heime. I morgon startar alvoret for meg og. Men det er jo kvardagen som er livet :)
Sjølv om vi har feira fødselsdag på forskot idag, med full stove, kaker, blomster og latter. Det var vitamininnsprøytning for meg! Og iallfall alt anna enn kvardagsleg.

Eg fekk så lyst på blomster,
så då kjøpte eg det til meg sjøl!

Det kan vere godt med ei pause, og nokon og ta pause saman med!!

HANDA 

Du legg handa di
inn i mi.

Verda tek ein pause.

Helge Torvund

God veke til deg!

søndag 17. august 2014

Vekestart veke 34

Det er siste søndag i ferien, eg har gått lang tur i skogen. Det var regn, og det er sikkert grunnen til at eg ikkje traff så mange. Eg smaka på blåbær, men det er ikkje så mange av dei heller, etter den tørre vinteren. Eg fann tyttebær, den er så vidt moden, men eg må nok på bærtur etterkvart, min indre hamster gler seg til tyttebær til kjøtmiddagar til vinteren.
Det er bloggaren sjølv som les i lyset av eit stearinlys.
Ho les nok ei ungpikebok med svært høg moral!!
Etter at vi var på hytta sist veke, har eg gått og sunge på ein sang eg ikkje har tenkt på på lenge. Då eg var lita, var vi mykje på hytta, det var helger frå tidleg vår til langt på haust, og det var ferieveker. Eg huskar helger der vi fulgte med på isen som gjekk på vatnet, lange, late dagar med bading og lesing av gamle Donald-blad. Kjedelege dagar der ingen ting skjedde, men så fekk eg kanskje ansvar for å steike sveler eller lage sjokoladebollar. Det var plukking av blåbær, henting av vatn, setting av garn. Det var dagar med silregn og masse mygg, då var det godt å finne gode pikebøker i bokhylla! Det var hausthelger med hauststorm og inneliv. Det var først år med hyttebygging, men så kom åra der det var mest ferie, og berre litt som skulle ordnast, som å olje båten eller stable ved. På hytta pappa fri, for det var ikkje telefon. Det var nok ein av grunnane til at vi var der så mykje(Det er knapt nok mobildekning no, til stor frustrasjon for tenåringar med sterkt behov for kontakt med kompisar 24/7. Eg skal forresten ikkje nekte for at eg er nokså nettavhengig sjølv… men det betrar seg etter eit par dagar) Enkelte "feriar" gjekk forresten pappa ned i bygda tidleg på morgonen, for å gå på jobb, så kom han opp igjen på ettermddagen. Seinare fekk han mobiltelefon, av den typen som var bærbar dersom du ikkje skulle bære noko anna, og med så lite batterikapasitet at den kun sto på frå klokka seks til halv sju kvar ettermiddag. Men det var uansett eit anna tempo på hytta, vi gjorde meir saman, vi hadde ei anna ro.

Tilbake til sangen. Om kvelden, når dagen nærma seg slutt og det var sengeitd, var det gjerne høgtlesing av eit eller anna.Vi hadde(og har) hyller med gamle bøker som er litt rare og morsomme, men stort sett fine. Der var det stoff til høgtlesing, noko som kunne fenge flerie. Til slutt sang vi, det er mogeleg at vi varierte, men den sangen eg huskar er denne:

Fager kveldssol smiler


Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
høyr, kor sterkt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg eingong blundar
i Guds faderarm.

A.H.H. von Fallersleben

Når vi hadde sunge denne, var det kveld. Vi kunne høyre elva bruse på andre sida av vatnet, men det var ein kveldssong det og. Eg skulle ønskje eg kom på den medan vi var på hytta, då skulle vi sunge den der!

Kanskje du har eit liknande barndomsminne?

God veke til deg!!
Og eg må gje deg eit utval av kveldssol frå i sommar, det gode været har gitt gode solnedgangar.


Solnedgang på hytta

Kveldssol sett frå stova til mamma og pappa

Solnedgang frå kjøkkenvinduet mitt

Kveldsol hos svigermor og svigerfar

torsdag 14. august 2014

Å lade batteria

Når vinteren kjem, er det enkelte ting som gjer at det ikkje er fullt så mykje snø, ikkje så ille med vind og kulde, dagane er ikkje så korte og det er ikkje så lenge til sommaren. Det er når eg tenkjer tilbake på dagar på fjellet, på hytta eg har vore på sidan eg var lita. Vi har klart å klemme inn nokre timar der iår også!!!
Finare blir det ikkje

Tenåringane har henta båten, no skal det roast, settast garn go generelt leikast i båt!

Det MÅ vere bål.

EIn slik solnedgang og batteria mine går frå kvart til fulle på ein kveld!

Ein #fjellfie

Solnedgang ein annan stad på "mitt" fjell

Vatn og himmel og fjell og alt er vel!
Turkameratar

Fangsten
Ok, då er eg klar for haust og vinter, sjølv om eg godt kan vente litt!

mandag 11. august 2014

Det døve øret (vekestart veke 33)

Kva kan ein skrive i ein blogg? Og kva vil ein skrive? Eg funderar litt, av og til(eller eigentleg oftast) det skjer ting eg ikkje deler, som ville vore heilt uaktuelt å nemne eller som er for kjedeleg/normalt/uinteressant å dele. Så skjer det ting som kan skrivast om, og då skriv eg litt om, slik at det skal vere greit for dei som er omtala, og så skjer det ting eg vil skrive om, men som eg lurer på korleis eg skal skrive om. Som no.

Sidan sist har eg fått konstatert veldig nedsett hørsel på venstre øre. Det kom brått. Eg vakna ein morgon og alt hadde endra seg, høreapparatet ga inga hjelp lenger og tinnitusen(øresusen) hadde auka. Først gjorde eg ingenting med det, vi skulle på biltur til Sverige, eg hadde ferie og ikkje tid til slikt. På den turen deltok eg i for mange samtalar av typer "God dag, mann. Økseskaft" til at eg kunne oversjå det. (Eventyret kan du lese her God dag, mann!) Enkelte sukka "maaamma" oppgitt, eg høyrte det ikkje. Så vel tilbake bestilte eg hørselstest. Mest for å få bekrefta eit eller anna uskuldig.

Eg har brukt høreapparat i fleire år (Hæ, eg høyrer ikkje) Det har vorte ein del av meg, eg har passa at eg har hatt mange batteri på lager, eg tek på høreappartet om morgonen og kjenner meg litt naken utan. Eg tek det av det siste eg gjer om kvelden. Eg har fortalt om min dårlege hørsel, har tenkt at det kan vere mi oppgåve, å vise at det er greit å bruke høreapparat.
Min trufaste favorittdings dei siste åra
Det gjekk ikkje som planlagt(mi planlegging altså) hos audiografen, som sendte meg vidare til ørenesehals-lege. Audiografen lurte faktisk på om utstyret i det heile virka...
Hos legen vart det bekrefta, eg høyrer lite på venstre øre. Fallet frå sist test er dramatisk. (Ein må ha litt å le av: Legen undersøkte ørene, som forventa. Då han hadde stappa eit eller anna instrument inn i det gode øret mitt, byrja han spørje, eg veit ikkje om kva. For eg måtte seie som sant var, at no høyrte eg ingenting, sidan han hadde blokkert den gode øra. Det kunne han forstå, og vi lo litt midt i alt)

No kan eg få litt lyst til å dra dyna over hovudet og sove vidare! Eg hører nesten ingen ting på venstre øre. Spesialisten sa dei orda ein ikkje vil høre «eg kan ikkje hjelpe deg, det må undersøkast vidare". Eg googlar symptom og lærer mykje skummelt.Eg innser at det ikkje er lurt å google! Det er ei klaustrofobisk kjensle å føle seg døv. Sjølv om det berre er på eine øret. Eg passar på kva side som vender mot den eg snakkar med, eg prøvar unngå bakgrunnsstøy, musikk på kafe er vanskeleg. Å oppdage at nokon snakkar til meg utan at eg er førebudd tek tid, eg framstår nok som litt overlegen, utan å ville det. Eg blir bekymra for om det gode øret vil bli ramma...

No ventar eg, på nye undersøkingar, meir utredning. Eg øver på å fokusere vekk frå øresusen. Eg høyrer radio, eg går tur, eg prøvar sove nok(men det er ikkje lett, for på natta er øresusen sterkast. Heldigvis har eg ei pute med innebygde høgtalarar som spelar bølgesus eller fuglekvitter eller noko heilt anna) Eg les bøker, ser tv, er sosial, er sjukmeldt og prøvar venne meg til endringa i livet. Det er upraktisk med dårleg hørsel, men ikkje farleg. Og eg trur på å fortelje og snakke om det.

Eg er optimist, eg trur eg vil få hjelp, eg trur det skal bli greit, men det er ein overgang!!!

Diktet må jo berre handle om ører denne gongen!!!


SI MEG – HVA

bruker han
det døve øret

til?
Det døve øret?
Ja, det døve øret.

Nåh - DET DØVE ØRET, det

bruker han

til å høre med.

Jan Erik Vold

Ønskjer deg ei strålande veke, med eller utan god hørsel!

Eg skal bruke det (nesten) døve øret mitt så godt eg kan. Eg skal få med meg flerie solnedgangar, nyte resten av sommaren, tross alt!


mandag 4. august 2014

Vekestart veke 32

Ny veke, meir ferie!

Det er iallfall sommar enno, varmt både dag og natt, sjølv om kveldane blir mørke. Men slike lune, mørke augustkveldar er fint. Det er på tide med levande lys igjen. Idag har det vore varmt og lummert heile dagen, og til slutt braut det laust med lyn og torden og etterkvart eit voldsomt regnvær, men det er varmt enno.




Igår hadde vi kaffegjestar på terassen, gode vener, mat og drikke og god prat. Ein rikdom i feriekvardagen.

Vekstarten må difor bli eit dikt om venskap.

Vennskap

Hva jeg søker i vennskapet
Nesten ingenting og likevel mer
enn jeg kan finne alene. For ennu leter jeg
og jeg søker ikke lenger trøst og trygghet
ikke engang bekreftelse søker jeg
Det har jeg fått eller stjålet som barn
Det forsøker jeg å gi mitt eget barn
Jeg er langt over førti år
Det er ikke mer å hente av slike ting
Min ensomhet blir ikke mindre av å støtte seg
til andres

Hva er det da jeg søker
Jeg går og bærer på biter av visdom
brokker av mening, ilanddrevne skår av
skjønnhet, bruddstykker som ikke passer sammen
Og det jeg søker er noe som stemmer med mine
funn, de få og forferdende øyeblikk
da mine ord og en annens ord
plutselig faller på plass i hverandre
Og jeg ser mer enn jeg kan se alene

Jeg ser!

Stein Mehren

Ønskjer eg ei fin veke, med ferie eller tilbake i kvardagen!

søndag 3. august 2014

Laurdag, eller korleis mette 7 tenåringsgutar

Idag, altså ein laurdag i ferien med godt vær og god tid, fann eg ut at eg skulle gå for slow food. På butikken fann eg heil, rå kylling, og eg la planer om grilling. Min kvinnelege intuisjon, eller erfaring, gjorde at eg også kjøpte kyllingfiletar, bacon og loff.

Vel heime fyra eg på grillen, og det er inga lita bragd når ein er tom for tennvæske. Eg vaska kyllingen, fylte den med sitron og kvitlauk( det siste er forresten uoffisielt, sidan enkelte i husstanden ikkje likar kvitlauk) Så krydra eg den med ulikt eg fann, salt, peppar, røkt paprika, canynnepepar, chipotle etc, la den i form og sette på grillen. Fantastisk måte å lage mat på, eg sette på vaskemaskina, hengte opp klær,  låg på plena og las, samtidig som maten laga seg sjølv!!! Etter ein time la eg potet, gulrot, løk, (meir kvitlauk) og squash opp i forma og grilla vidare.

Yummi!

Så fekk eg melding frå eldste junior, som lurte på kor mange ekstra eg hadde mat til. Tja, kor langt rekk ein stor kylling? Og kor mange ekstra er det som kjem? Etter ei lita oppteljing kom dei fram til 2,5 ekstra! (2,5 er eit interessant tal; er det ein småspist person eller ein som berre skal vere med?) Sidan junior#2 hadde besøk av to kompisar, fann eg ut at dei måtte få tilbodet og, og dei takka pent og entusiastisk ja!

Heldigvis har eg vore ute ei sommarnatt før, og har kjøleskåpet og kjøkkenskåpane fyllt opp i tillfelle eit eller anna skulle skje! Så eg sette på ei gryte ris, kledde kyllingfilet med bacon, laga salat og pesto, skar opp loff og sette dei som var heime til å rydde spisebordet, for no var det svært truande skyer over oss. Kyllingen hadde no fått 2,5 timar på grillen(under lokk, og eg grillar på ekte kolgrill, ikkje gass) og poteten og grønsakene var møre. Eg gjekk ut i kjøkkenhagen og plukka sukkererter, det kjennes så fint å kunne ha sine eigne grønsaker, sjølv om det er litt midt i mellom no, med sneglespist salat, medan rødbetene og gulrota treng nokre veker til.

Klart til innrykk!


Slike tenåringar er ganske omtrentlege på tidspunkt og avtalar, men dei dukka opp litt etter litt.  Men dei kom omtrent samtidig med at regnet byrja hølje ned! Syns litt synd på han som kom ein halv time før dei andre og måtte tørrprate med gamlingane i huset…det viste seg at han var den halve, han skulle eigentleg ein annan stad å ete, men så langt kom han aldri. Så kom junior#1 med 2 til og det var fullt rundt bordet! Men det fine med ein slik middag, litt på sparket, men fullt rundt bordet, er at eg får møte og bli litt kjent med kompisane til juniorane mine. For det er ikkje som før at alle bur i nabolaget eller går i samme klasse, dei er frå heile byen, dei kjenner kvarandre gjennom felles interesser og via andre vener og aksjonsradiusen er stor!

Maten fall i smak, praten gjekk etterkvart lett og dette var det som var igjen :) Det er kjekt å ha fullt hus!  Trur menyen fall i smak, og eg skal passe på å ha rikeleg mat i hyllene, slik at eg kan ta i mot ein gjeng ein annan laurdag og!

Restar!?