mandag 31. mars 2014

Leselogg, februar/mars

Eg les og les, det er alltid ei bok eller tre rett ved meg, på nattbordet(eigentleg er det vel ein stabel med fare for bokskred der…) eller stovebordet eller i veska mi. Skrekken er å gå tom for lesestoff! (eg skal på tur i slutten av veka, og har sikra meg to bøker i tillfelle eg treng lesestoff) Eg lastar ned bøker til Kindle-lesebrettet, eg tek bilder av interessante bøker på bokhandelen eller når dei blir anmeldt i avisene, slik at eg ikkje skal gløyme dei. Bøker er min hobby nummer ein!! Eg har bøker eg sluker i eitt, nesten utan søvn og matpause, eg har bøker eg les i innimellom og eg har favorittar eg les gong på gong.
Ok, det var innleiinga(lett entusiastisk!), kva har eg lese sidan sist?

"Kameleonmenneskene" av Hans Olav Lalum, krim frå "gamle dager", altså tidleg syttital, då det ikkje fanns google og nettaviser, der det var eit saktare tempo. Kan lesast litt saktare og.

"et offer til Molok" av Åsa Larsson. Etter å ha lese denne og dei andre bøkene i serien, er eg sikker på at eg ikkje skal flytte til Kiruna eller andre små bygder nordpå i Sverige! Skrekk og gru, samtidig likar eg skildringane av folket, naturen, overtrua, truslivet og livet der, og eg likar måten Larsson skriv krim på! Eg ventar allereie på neste bok! Her er det slekters gang og arv og elende så det held, hat som blir arva nedover i generasjonar, misunning og uvenskap. Eg satt med nasen i boka i heile går(turte ikkje sove før eg viste korleis det gjekk)! Og skal du lese denne boka, anbefalar eg å starte med bok ein i serien, dei heng tydeleg saman.

"Og været skiftet og det ble sommer og så videre" av Pedro carmona-Alvarez er ein ny favoritt. Den handlar om ei jente som veks opp i skyggen av sine to døde søstre, foreldre som ikkje taklar sorga saman og det nye barnet, det er trist og svart og håp om kvarandre. Anbefalast på det varmaste!!

"Karusellmusikk" av Jo Nesbø, viser ei for meg ny side hos forfattaren. Det er lite krim, det er ettertenksomt, snodig og sårt. Eg har nettopp fått gjenfortalt "Panserhjerte" og "Hodejegerne", med verkemiddel og det heile frå junior2, so skal ha norskframføring i morgon om dei bøkene, og dette er ei heilt anna verd! Klart verdt å få  med seg!

"Syngja" av Lars Amund Vaage, ei bok om å vere far til ei jente med autisme. Ei bok om å ikkje få det ein ønskte seg, om å ikkje gjere som ein tenkte, om å måtte møte livet slik det er. Ei historie om livet!

"Harbour Street" av Ann Cleeves, krim frå England. Handlar om Vera Stanhope som leier mordetterforsking i ein liten by nord i England. Boka er ein del av ein serie, og flerie av bøkene er det laga tvseire av.  Eg får lyst på fish and chips, te og scoones og spaserturar i små engelske byar, men ikkje åleine, for jammen lurer det farar overalt! (denne har eg lese på Kindle, supert å ha mange bøker på ein liten dings, særleg når ein skal ut på tur) Eg har forresten lasta ned flerie bøker som eg skal lese, godt å ha i reserve! Må berre huske å lade den før eg tek den med på tur i slutten av veka.

Og til slutt to godbitar eg fann på loppemarked: "Mette-Marit går til filmen" og "Mette-Marit russepike". Vi snakkar lettleste ungpikebøker frå femtitalet, med innbygd både romantikk og moral! Kjempestas å lese, men kanskje ikkje det som festar seg lengst i hukommelsen :)


(og desse bøkene kan vere medvirkande årsak til at eg ikkje alltid rekk det eg skal på heimefronten…heller lese enn vaske!)
Kva les du?


søndag 30. mars 2014

Vekestart veke 14

Ny søndag, ny vekestart!
Eg planlegg stadig å skrive flerie innlegg, men dagane går så fort, jobben tek si tid, sofaen krever sitt, eg har litt strikkedilla for tida og vips så har eg ikkje blogga. Men i helga har eg lese masse, og kjem på at det er lenge sidan eg har skrive boklogg, så det kjem ein dag.

Men no vekas dikt:


KOM IKKJE MED HEILE SANNNGI

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste,
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med ein glimt, ei dogg, ei fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.

Olav H. Hauge

Ønskjer deg ei god veke!

søndag 23. mars 2014

Ord til hjertet (vekestart veke 13)

Av og til finn ein noko som snakkar til hjertet,

som dette diktet av Rolf Jacobsen

Guds hjerte vet vi ikke, 
men vi vet
noe som overstrømmer oss
som ett regn over hendene.

Hans øye ser vi ikke,
men vi ser
usynlige lys over alle ting
som i sommernatten.

Hans stemme hører vi ikke,
men vi finner
veier overalt og spor i hjertene
og stier med lavmælt lys.

Rolf Jacobsen

Ha ei fin veke!


Og våren kjem, her med gåsungar

mandag 17. mars 2014

Når passar det at det snør?

Det er eit godt spørsmål!
For byrjar det snø tidleg på hausten, blir vinteren for lang. I advent og jul er det greit med snø, om den er av sorten som ligg sånn julekortaktig , i eit passe tjukt lag. Etter jul passar det med snø i helgene, slik at ein kan gå på ski(no skal eg vere litt forsiktig, for det er vel ei stund sidan nokon har sett meg med ski på beina, men eg har høyrt andre seie det passar då) Det passar iallfall ikkje med mengder av snø som kjem på natta og er ei uvelkomen overrasking når ein skal skynde seg til ein avtale ein er for sein til og det ikkje er brøyta. Det passar med snø i påska, då er også den snøen som ligg pent på plass under blå himmel og strålande sol den som blir foretrekt.
Eksempel på snø vi kan like

Men etter ein sjeldan snøfattig vinter i Modt-Noreg passar det tydelegvis ikkje med snø i mars!! Etter at det byrja å snø i helga(det er vel rett å seie lava ned)har usedvanleg mange fått sur munn og klagerynker. "Når den ikkje kom før, kunne det vore det same!" Og det er litt surt ute no, det skal eg vere einig i. Det er sørpe, snø, vatn, ubrøyta vegar, glatt, brøytekantar og generelt uframkommeleg.
Eksempel på snø vi ikkje likar

Men eg likar (stille, inni meg) marssnøen. Den kjem voldsomt, den kjem kvart år, det er mykje av den, den tek plass og den let våren stå på vent. Men det er lange, lyse dagar, denne snøen har ikkje kome for å bli, den smeltar fort. Og DÅ blir det vår. Dei lyse ettermiddagane gjer det muleg å sitte inne etter middag og sjå på snøen som fell utanfor vinduet, det er nesten meditasjon.
Det finns mange ordtak med snø; "ingenting så stille som snø", "snø vil falle over snø som har falt", "å vere dekt av ei snødyne". Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn(det er vel meir som ein trussel :) )
Eg treng ikkje så grått ver for å "snø-meditere".

(Det kunne eg gjort idag, om eg ikkje vart sittande fast på jobb for å gjere ferdig eit foredrag til ein gjeng bioingeniørstudentar i morgen. Eg hadde starta på foredraget før, heldigivs, men det var litt å forbetre, det var bilder å putte inn og eg må vite kva eg skal seie, ganske detaljert… Og kva skal ein ha på seg? For å sjå passe pent kledd ut, ikkje desperat ung eller trist satt? Iallall gjekk klokka, og eg kom heim med høge skuldre og lavt blodsukker og sa sikkert ting til familien som ikkje står i ei einaste lærebok om foreldreskap! Det kom seg heldigvis med middag og eit stort stykke sjokoladekake)

Då eg gjekk til jobb idag tidleg, snødde det hestar og elefantar, det blåste og var generelt ufyseleg! Å bli vaksen har den fordelen at ein kan kle godt på seg utan å skjemmest, så sjøl om eg såg ut som snømannnen Kalla, var eg varm. Men plutseleg letta det, sola braut nesten fram, det vart lyst og lett! Eg fekk ein super start på dagen! Og det snødde vidare etterpå…men eg hadde rett og slett sett lyset :)


søndag 16. mars 2014

Vekestart veke 12

Ikveld satt eg i stove og såg meg rundt og kjente på ROA!
Du veit, den som gjer at du pustar med magen, senker skuldrene og les i avisa litt til, i stadenfor å hente den bærbare pc´n, slå på radioen medan du skriv ei melding på telefonen og opnar Facebook.
Kvar kom roa frå? I all hovudsak frå at det var ryddig rundt meg (eg kan skryte på meg at eg ikkje treng  å ha det ryddig, eg berre snur meg bort frå rotet, men å vite at det er ryddig også om eg snur meg, hjelper) Den kom også av ei fin helg. Igår hadde vi besøk av gode vener, det var prat, masse latter og speling med vaksne og tenåringar saman i går kveld. Idag har vi feira at den minste junioren har vorte 16 år, og hatt familieselskap. Det vart meir mat, meir latter og speling.
Roa kom av kalde pizzarestar, med fyll av spekeskinke, blåmuggost og honning, ein bit sjokoladekake til slutt. Den kom av at eg satt heilt åleine. Kanskje kom den og av ein lang tur i snøen og sola, med nye joggesko. Tross snøen som kom igår, kom vårkjensla når eg kjente sola varme!
Men roa kom mest av alt av at eg hadde TID til å kjenne etter! Eg tok meg tid til å nyte stunda, såg ekstra på blomstrane på bordet, snøen som fall utanfor vinduet…. (og eg tenkte heller ikkje på at eg skulle skrive om det. Det kom eg på etterpå)
NTNU i vårsol og værsnø.

Etterpå byrja eg tenkje på dei ulike vekedagane, og kveldane som kjem og går. Kva kveld er best, på ein måte? Måndagskvelden kjem tidleg i veke, den har ofte med seg restar av søndag, klesvask ingen har bretta etter innsatsen på vaskerommet på laurdag, eg går på med friskt mot og kan fort sette ein brøddeig eller starte eit prosjekt eg angrar på seinare i veka. Tirsdag er eg meir igang, ting er rutine, kanskje skal eg bort. Både onsdag og torsdag er møtekveldar, eg tenkjer at eg skal rekke klesvasken, men finn at maksina er full av kler ingen har gjort noko med sidan måndag. Eg prøvar å handle mat og ta telefonar eg må huske. Fredag er den ultimate frikvelden, arbeidsveka er over! Det er sofa og eg søv meg gjennom gullrekka. Laurdag er familiekveld, som oftast, og kanskje har vi besøk. Og så er det søndag, og det er sjeldan den er så prega av ro som i kveld, for jobben har ofte starta kverne i bakhovudet. Men i kveld var det altså RO!
Blomster på bordet, og sol inn vinduet(det var før idag)

Ei heilt anna veke, er den Jan Erik Vold har skrive om:

Kulturuke


Ulturkuke

Tulkuruke

Ultkuruke

Ukturulke

Tlukuruke

Ukturkule

Urtukulke

Turlukuke

Kulrukute

Ultrukuke

Kuleturuk

Ruletukuk

Tulekukur

Luretukuk

Kukuterul

Ruktukule

Lurekuktu

Luekuktur

Kutlukure

Rukletuku

Tuklekuru

Urukekult

Kuruketul


Jan Erik Vold

Ønskjer deg ei strålande veke, med og utan ro og klesvask og kultur. Kva er din favorittkveld?
(No skal eg sove, og i morgon skal eg gå gjennom to-do-lista mi på jobb, den er full av utfordringar denne veka, men trur alt står der, så eg kan krysse ut etterkvart)

søndag 9. mars 2014

Vekestart veke 11

Det er vår, folkens! Same om eg syns det er for tidleg, for sjølv om det er feil med påskekjensle om morgonen tidleg i mars, pollenspreiing "all over" og påskemarsipan i butikken(nesten side om side med julemarsipan på salg), kjenner eg det kriblar litt!

For kanskje er det på tide med nye sko? Eg får lyst på klær med lyse, lette farger og byrjar tenkje på kompostbinge og såing av grønsaker (Eg gjekk nemleg på kompostkurs i haust og eg har planer om ein liten kjøkkenhage. Tenåringane snakkar om alt vi skal ha, slik som då dei var små. Jada, spreidd over fleire år hadde vi gulrot i mjølkekartong, sukkererter som voks i krukke på trappa og tomat i krukke på terrassen. Ungdommen lir av sterkt utvikla hukommelsessvikt og trur at slik hadde vi det år etter år, alt alle år! Vakre barndomsminner, sjølv om det er feil, men for å kunne sole meg i glansen som ei super mor, let eg det vere slik som dei huskar det!)
Elles har eg denne veka hatt besøk av prinsessenieser ein ettermiddag, og då må kjem badeendene fram! Denne gjengen syng visst i kor, det er sjefen(også kjent som dirigent) som står framom. Nokre av endene kranglar om plasseringa, og er difor ikkje med på bildet. Katten på golvet er truleg tilskuar og repertoaret var i all hovudsak "Lille Petter edderkopp".

Men altså, vår! Og det krever eit vårdikt

Frøet

Jeg ligger bare her og gror
og drikker vann og spiser jord.
Her er så varmt og mørkt og vått.
Her er så fredelig og godt.

I natt kom regnet lett på tå
og banket ganske sakte på.
Det hvisket til meg: Lille bror,
en vakker dag blir du så stor

at du kan løfte taket vekk.
Og i en bitteliten sprekk
vil hele verden åpne seg
og sola skinne ned til deg

Inger Hagerup 


Elles har eg laga iberisk kylling i helga, det er godt det! Laga i gryta hennar mor, mi gryte altså, kjøpt av meg sjølv, til meg sjølv. Kylling med løk, kvitløk, røkt paprikapulver, sitron, appelsin, potet, olivenolje, rosmarin, salt, pepar. Det var greit å lage, det sto i omnen i 45 min, hadde mykje smak og fall i smak hos alle! Ein vinnar på middagsbordet!
I denne gryta skal det bli mykje god mat!

(og sånn forresten så kjøpte eg nye sko igår! Vårsko! Men dei fanns dessverre berre i blått, ikkje i frisk fersken som eg drøymte om. Veldig fornuftige er dei og, men snart, snart, blir det lette sko med sommarfarger!)

Ha ei strålande veke!!

søndag 2. mars 2014

Vekestart veke 10 og litt om "å ta seg til rette"

Fastelavenssøndag og bollar i fleng på bordet! Vener samla rundt bordet, prat, høge rop frå den yngre generasjon som spelar spel i naborommet, kanskje nokon som vart glad for invitasjonen?

Rakk ikkje å ta bilete av bollane  med krem før dei var vekk!

En Hustavle

Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
da du skjønte dette

Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage
Døgnet har mange timer
året har mange dage
Arnulf Øverland

Fastelavenssøndag er ein fin dag å invitere nokon, det skal vere bollar og fest denne dagen! Men kva med resten av året? Kvardagane, når nokon er sliten, lei seg, sjuk…når ein har lyst å gjere noko for nokon.
Eg har det siste året gjort meg nokre tankar om det å bry seg,  for eg er ofte redd for å trenge meg på. Tanken om at det sikkert ikkje passar, eller at dei syns eg masar for mykje, kan gjere at eg vegrar meg litt. Samtidig byrjar eg å få litt trua på å ta seg til rette, på ein forhåpentlegvis god måte. Eg har ikkje så trua på å brøyte seg veg, overkjøre eller ikkje lytte… 
Kanskje kan eg seie "eg kjem innom i morgen klokka seks" istadenfor å seie "sei frå om du vil eg skal kome ein dag". (og ta meg tid til å høre på svaret, om det passar eller ikkje) Eg tek heller med eit nybakt brød når eg skal innom, istadenfor å seie "vil du at eg skal bake til deg?". Invitere med på kafe for å gje eit lite pusterom i kvardagen, eller invitere på middag, slik heilt vanleg kvardagsmiddag utan fiksfakseri. For eg trur ikkje eg sjølv ville ringt og bedt om besøk dersom eg var sliten, eller bedt om ein pose bollar eller ferdig middag. 
Men om det virkar og er rette måten, veit eg jo ikkje. Så eg prøvar meg fram, og prøvar tenkje kva eg sjølv ville sett pris på, lytte til responsen eg får og ikkje vere så redd for bry meg.
Kvifor er vi så redde for kvarandre, forresten? Kva er det vi trur kan skje om vi er tilstades for kvarandre? Tilbyr hjelp, eller spør om hjelp, for den del. Og er hjelp og støtte ein får ubedt, dårlegare enn den ein spør om? Eg syns det er godt når nokon bryr seg!
I mangel av fastelavensris vart det fastelavenstulipanar!