torsdag 28. september 2017

Om å utsette ting...

Enkelte ting er så kjedeleg, og det er lett å utsette.
Som å få glass og metallsøppel ut frå boksen under kjøkkenbenken og ta den med til returstasjonen ved butikken. Av og til veldig ofte, blir det til at eg puttar det i ein pose og sett det i kjellaren, til etterpå. Etterpå er ofte lenge til...
Eller rydding i klær og sortering. Før sonene pakka og flytta i sommar, gjekk dei gjennom klesskapa sine. Der var det mykje rart... Slitt, ubrukt, for smått, brukbart, fullt av flekkar +++ Det dei ikkje viste kva dei skulle gjere med, sa eg at eg skulle sortere. Sa eg visst, i midten av august. Tirsdag fekk eg gjort det! Ein del vart kasta, slik som single sokkar og klær med flekkar. Så har eg bretta og lagt i posar til Fretex. Så har posane stått i gangen.
Idag skulle dette ut av huset! Eg samla og sette i bilen, og når eg først var i sving, kasta eg mange plastboksar, med sprekkar eller utan lokk. Slike eg har tatt vare på "i tilfelle". No er årets sylteproduksjon over, og dei boksane eg hadde "i tilfelle", vart ikkje brukt i år heller. No har eg kasta dei! Og når eg først heldt på i kjellaren, fekk eg samla saman alle panteflaskene også. Snakk om effektiv!

Om det tok lang tid? Nei...
Tru korleis eg skal huske det til neste gong?!

Som belønning, etter å ha tømt bilen for alt dette, gjekk eg tur i skogen. Herleg! Ikkje så varmt som i helga, men nydeleg haustsol og haustfarger.





tirsdag 26. september 2017

"Indian summer"

I Trøndeleg er det indian summer, det er sol og varmt, til langt på kveld. Det blir mørkt, og det er framleis lunt ute.
Igår gjekk vi kveldstur i mørke, under stjernehimmelen. Idag har vi gått i skogen, i t-skjorte og shorts. Folk smiler og nyt godværet. Sommerkleda er i dagleg bruk. Ullgenseren eg har strikka meg må berre vente, same kor fin den er!

Sommarkjole og ullgenser. Mest til ære
for fotografen.

Det er godt med sol og varme, men det er ein bismak... Er det klimaendringane som gjer at verda oppfører seg slik!? I så fall er det ikkje berre greit. Er dette det same som gjer at det er orkanar i kø i Karibia?


Samtidig nyt eg været! Gler meg over at eg framleis kan lufte sommarkjolen og lette sko, at vinterdyna og ullteppa kan ligge på loftet ei stund til og at eg enno har tid til å bestille vinterved. Eg er inkonsekvent på ein måte!


September er framleis sommar, og starten på hausten og ikkje minst vinteren... Det fine lauvet skal snart falle ned og bli til jord, den bæra som ikkje blir plukka dett ned og rotnar bort. Slik er årets, og livets, gang.

SEPTEMBERKVELD
Ein still og sval septemberdag
går under i sitt blod.
No står i loge ås og li
og bjart brenn myr og mo.
Og vinden ror i gullskirt lauv
og varslar kjøld og snø.
Så er alt vår og sommar slutt.
No ventar haust og død.
Det susar smått om stille tun
der osper står og blør
og bjørker over bleikna hå
sin visne rikdom strør.
Men åkren løfter korn på staur
mot dagsens siste eld.
Så sloknar himmel, folnar jord,
og kveld og mørker fell.
Og lysa døyr i alle hus
med stjerner stilt blir kveikt,
og natta rår om all vår jord,
og hjartet slår så veikt
som var alt vår og sommar slutt,
meir vonlaust slutt enn no,
som skulle hausten svale snart
mitt eige heite blod.
Halldis Moren Vesaas

søndag 24. september 2017

Rein mat

Eg er opptatt av kva vi et, kvar maten kjem frå, korleis den er dyrka eller avla fram. Eg er ikkje så opptatt av økologisk, men likar kortreist mat. Eg likar å plukke bær sjøl, mannen er med på elgjakt, eg er vant med hjortekjøt frå skogen heime, og pappa har fiska mykje fisk som vi har fått nyte godt av i mange år.

Eksempel på å bli kjent med maten, og
vite kvar den kjem frå.

Eg er mot matsvinn, og prøvar halde orden i kjøleskapet og passe på at ikkje maten blir dårleg. Eg kjøper gjerne mat frå den disken med varer som held på å gå ut på dato. Det har vorte litt meir utfordrande når vi berre er to heime, for vi et ikkje like mykje som 4 gjer, og eg strevar med å nedskalere innkjøpa mine. Brød for eksempel,  får pels før eg veit ordet av det, og då går det i komposten. Rart kor mykje det gjer at junior, som gjerne smurte 6 skiver til matboksen, har flytta ut...

Fangst frå kortreist bærtur
Eg har ein kjøkkenhage som i år har fått vokse seg stor og frodig, og det er lov å lese mellom linjene uryddig, med både grønkål og spinat som no er oppeten. Det er igjen sukkererter, og det er skikkeleg livskvalitet å gå ut og ete ferske, sprø erter rett frå belgen. Straks er rødbetene ferdige og, og då blir det bakte beter med fetaost...umm!

Men av og til maten bli for rein, same kor gode tankar det er som litt bak! Vi er i fårikåltider igjen, og til glede for gamle og nye lesarar, resirkulerar eg dette innlegget frå oktober 2012:

Fårikålen som vaska seg

Her ein dag laga eg ertesuppe, det er langsom mat som det tek tid å lage. Det er tradisjonsmat som vekkjer gode bandomsminner! Og ikkje minst er det matprodusjon som utløser mengder av husmorpoeng! Først kokte eg svineknoke i flerie timar, så tilsette eg ertene som hadde ligge i vatn sidan dagen før og tilslutt hadde eg oppi gulrot, potet og sellerirot. Eg hadde ikkje timian, det var ein skuffelse, men det gjekk bra lell.

Då suppa var ferdig seint på kvelden, avkjølte eg den og sette den  vaskekummen på vaskerommet til neste dag. Dei fleste likte den, særleg eg, og særleg likte eg at eg hadde ferdig middag som berre skulle varmast opp då eg kom heim frå jobb!

Samtidig fekk eg flashback til fjorårets fårikålmiddag, eg rødmar enno....

I fjor haust skulle vi ha fårikål ein dag, det er ekte haustmat, men det tek litt lang tid å lage. Men eg hadde naturlegvis høyrt at fårikål er minst like god dagen etter, så då kunne eg like gjerne lage den dagen før og ha maten raskt klar dagen etter. Eg handla inn, fann fram den store kjelen, la kjøt og kål lagvis, hadde peppar i pepparfårikålboksen, salta og slo på vatn. Gryta vart sett plata, den putra og kokte lenge, fårikållukta spreidde seg i huset(den lukta er eigentleg ikkje god, men....) Eg gledde meg til middagen neste dag!!
For å ta best mogeleg vare på maten, avkjølte eg gryta i kaldt vatn på kjøkkenkummen, og så bar eg den ned på vaskerommet og sette den i vaskekummen som eg fyllte med kaldt vatn. Snakk om å vere ei god husmor og kjenne slektskap med alle fårikålkokkar i slekters gang! Neste dag skulle eg berre koke potet og varme fårikålen.

Neste dag gjekk eg innom vaskerommet og sette på vaskemaskina, mørk 60gr-vask, og såg glad og lukkeleg på kjelen med mat.
Då eg skulle henge opp klesvasken var det merkeleg vått på golvet å vaskerommet, og forresten, kvifor seglar fårikålkjelen rundt i vaskekummen?!
Jo...det var fordi vatnet frå vaskemaskina blei tappa opp i vaskekummen, den eg hadde korka godt igjen for at fårikålen skulle stå kaldt...Gryta var no full av såpe-og skyllevatn i tillegg til resten av maten, golvet var fullt av sauefett... Humøret sakk, husmorstoltheita fekk seg ein alvorleg knekk og det var godt eg var åleine i rommet!
Kva gjer ein når slikt skjer? Sjølv om ein har laga mat i årevis, er over 40 år og i det meste taklar livet? Jo, ein ringer mamma! "Mamma, fårikålen er full av såpe! Kan den reddast?" Svaret frå mamma var enkelt og greit: "Start på nytt!"
Eg gjekk til butikken med ei tordensky over hovudet, kjøpte inn alt eg trong, det vart sein middag den dagen, men det vart fårikål!

Nyvaska fårikål er ikkje å anbefale, såpe er ikkje godt og smaken var vaska bort... Ikkje hadde eg brukt MILO heller....
Fårikål uten såperestar


fredag 22. september 2017

Husmorpoeng??

I går var vi på plommeslang, på ein måte. Vi var invitert til sjølplukk hos ein nabo, som hadde meir enn nok. Klok av erfring frå tidlegare, prøvde vi å begrense oss i plukkinga. For plommer er lett å plukke og det monnar fort, men det skal jo brukast etterpå også, så eg la begrensningar på min indre hamster!

Men litt plommer tok vi med oss. Og etterpå renska vi og fraus ned porsjonar vi skal ta opp og ete til vinteren (tips frå naboen, kok opp sukkerlake og putte oppi den frosne plomma, kok opp og nyt med is til), vi kokar saft og eg har hermetisert!!!

Eg har arva mange Norgesglass, og nokre av dei er no fyllt med
plommer. Det er berre å kome på besøk, det blir plommer med krem til dessert!


Hermetisering utløser eit hav av husmorpoeng, sant??

onsdag 20. september 2017

Fridag igjen

Idag har eg hatt fri. Nokre vil sikkert seie "fri igjen?" Fridagane mine er ikkje fri, eigentleg, det er dagar for helsa mi. På fridagane gjer eg minst mogeleg husarbeid, istaden prioriterer eg ting som gjer godt.

For ryggen er det tur i skogen og anna trening som gjer godt. Å bevege seg i terrenget er god trening. For hørselen er det å ha det stille veldig viktig. Eg brukar mykje krefter på å lytte og høre, både på jobb og heime. Tur i skogen hjelp, der er det skogens ro, tinnitusen får konkuranse av sus i tretoppane og vatnet i bekken, det er ikkje noko eg treng høyre (bortsett frå syklistar i full fart, men dei er det få av på dagtid) Eg har aldri musikk på øret når eg går tur!

Når eg lever slik, klarer eg jobben min betre når eg er på jobb, og kanskje eg er trivelegare å leve saman med også?
Det hender naturlegvis at eg sett på ei vaskemaskin, eller tømmer oppvaskmaskina, eg prøvar å ha tannelgetime eller fysioterapi på fridagane mine. Eg har ikkje fri for å gjere husarbeid, men for å stelle best mogeleg med helsa!
Tyttebær

Haustfarger!

Lunsj i solveggen

Idag har eg hatt fri, som sagt. Eg hadde sakte frukost, og fyra opp i omnen for første gong iår, for plutseleg var det haust ute! Så tok eg på turklær og stakk i marka. Eg gjekk, fekk opp varmen, snakka med andre som var ute på tur. Eg plukka tyttebær, det er så mykje i marka! Plukking av bær gjer eg etter metoden "ta med berre ein liten pose/boks", for når den er full, må eg slutte å plukke , og ryggen er framleis i godlune! Etterpå gjekk eg på ei hytte i marka og kjøpte lunsj. Ein skikkeleg luksusdag!

Og igår oppdaga eg at eg har sko som matchar hausten!
Eg tøyser ikkje med sko og haust!

tirsdag 19. september 2017

Fjellet altså

I helga var vi på hyttetur. På fjellet. I Rondane. "No ser eg atter slike fjell og dalar", som Aasmund Olavson Vinje skreiv det.
Det var høgfjell, vidde, toppar på over 2000 moh med snø på toppane. Haustfarger kvar eg snudde meg. Eg har spamma ned både instagram, Facebook og snapchat med bilder allereie.
Vi budde på hytte. Vi hadde med oss vener. Det var tur, prat, fyring i omnen utover kvelden, trøtte fjes, god mat, varming av vatn til oppvask og dusj. Utedo, stjerneklar nattehimmel. Vi bar vatn og ved (ikkje så langt, men det måtte flyttast frå utsida av hytta og inn) Eg har ete blåbær og bringebær og tyttebær og krekling. Eg vurderte å bli att på fjellet for å plukke bær, for det var mengder med bær enno! Ullklær og tursko. Lang frukost, og te i tekanne, då kan igrunnen lite gå galt for meg. Lunsj i lyngen. Sjokolade ved eit vatn. Bustete hår og potetgull til kveldsmat.

Det var ei pustepause i kvardagen. Eg huska kor glad eg er i fjell. Og i hyttetur. Eg har lada batteria mine. Eg treng litt meir lading før vinteren, men slike helger er gull verdt!

Utsikt frå hytta


Studering av kart

Herr og fru. 

Rondemassivet i det fjerne

Krekling

#mykindofmindfullness 
Pause



Takk for oss!

Veke 38

Tirsdag. Ettermiddag. Joggetur i skogen, best etterpå. Åleine heime. Ostesmørbrød og Pepsi max. Ut og treffe fine folk i kveld. Oppvaskmaskina som jobbar. Prat på telefon med viktige folk i livet mitt. Regn i dag tidleg. Jobb. Sol no. Blå himmel. Norske epler som snurpar i munnen. Søte plommer.
Kvardagen altså.

Piano

Jeg skjønte ikke vitsen med de svarte dagene
ikke før jeg forsøkte å spille på dem
det klinger annerledes
når jeg får inn noen hvite
innimellom
Trygve Skaug



torsdag 14. september 2017

Strikking

Eg strikkar.  Det skjer ikkje kvart år.  No har eg kome så langt at eg kan tru det blir ein genser tilslutt!


Eg hadde litt startvansker,  men det vart etter nokre prøv og feil rett antall masker og ikkje snurr på strikketøyet. Eg er i gang med erme nr 2, det er alltid ein liten bøyg. .. Dei skal jo helst bli like...
No strikkar eg litt kvar dag. Og eg ser enden! Armen som hadde senebetennelse, tåler strikking igjen. Eg forstår oppskrifta.

Eg har byrja sjå på oppskrift til neste prosjekt.  Det er muleg det er litt optimistisk?!

onsdag 13. september 2017

Onsdag

Vekene går fort. Ein bloggar skreiv for litt sidan om at bloggen ikkje er alt, og at den slett ikkje fortel sanninga. Det kjenner eg litt på no, det skjer masse rundt meg som tek tid, men som ikkje høyrer til på bloggen. Fordi det ikkje er berre mitt, eller fordi det er uinteressant for deg, men viktig for meg.

Idag ryddar vi. Eg likar ikkje å rydde, same kor triveleg det blir etterpå, så kjenner eg min indre femåring blir trassig og får lyst til å sabotere ryddinga! Men litt fekk eg gjort. Eg har kasta masse rot, av typen bruksanvisningar til ting som har vorte kasta for lenge sidan. Teikningar i stablar frå barnehagen, utan namn og årstal (og forklaring...) Matoppskrifter klipt ut herifrå og derifrå, som eg aldri har prøvd, og som eg ikkje huskar at eg har. Gamle ukeblad. +++ Og enno har eg berre tatt halve hylla...

Før idag gjekk eg tur. Som eg ofte gjer. I haustluft, haustfarger og haustlukt. Eg kan ikkje beskrive lukta, men det luktar haust!


Det er masse tyttebær i skogen! Masse!!



Vekestartprosjektet mitt på bloggen lir under at bloggen ikkje står først på lista for tida, men du skal få eit dikt likevel!

SEPTEMBER
September-dager så klare som fugleøyne, myrerhvor tranebæra dugger matt om kvelden
når 
stjernene slår sine sølvspik i stillheten.
Alt er fred og fredløshet;

det ligger en marsjordre forseglet

under treets krøklete røtter

djupt i bergrevner og raumold.

Og løfter du blikket

fra stien gjennom blåbærlyng over høgda,

da renner øyenhulene dine fulle

av blå-blått ved himmelrendene: En vill lengsel

stryker stille gjennom din indre ødemark
lik skyggen av langsomme vingeslag.

Ha ein fin kveld!

torsdag 7. september 2017

Kvardagen etterpå

I snart 21 år har eg vore mamma. Det har vore så mange fine stunder, og nokre ganske slitsomme. 
Eg tenkjer av og til på den dama eg møtte i butikken då minstemann var nokre få månader og storebroren ca 2 år. Vi skulle handle mat, ein ville gå sin eigen veg, den minste ville ha mat, helst for 5 minutt sidan, mor var svett. Så seier dama: «ta vare på denne tida, og nyt den, den går så fort!» Det kjentes ikkje slik ut! Og eg lengtar ikkje tilbake, men at tida har gått fort er heilt sikkert!

Dei siste to åra har berre ein budd heime, det har vore ei slags nedtrapping. Men ei natt eg ikkje fekk sove, oppdaga eg at eg låg og venta på at nokon skulle låse opp døra så stille som råd, på veg inn litt seint på natt. Så kom eg på at det skjer ikkje no. Dei har flytta!

Det er ikkje veldig lenge sidan ungane forlot redet, berre eit par veker. Og eldstemann bur i byen og stikk innom i ny og ne, når han manglar slips eller har gløymt finskoa sine, men han har klart og tydeleg flytta ut og lever sitt eige liv. Han på folkehøgskule reknar eg med vil vere vanskeleg å halde tett kontakt med dette året! 
Men er det noko som er endra? Slik i tillegg til at det er stillare her? Det lurte forresten yngstemann på også, då han ringte, etter at vi hadde etterlyst livsteikn frå han; "er det stille og rart, eller er det litt som før, berre at vi ikkje kjem heim midt på natta?"

Famnen full! 

Eg saknar ikkje å vente på at nokon skal kome heim, seint på natt, låse opp og snike seg stille inn i huset. Særleg når dei kjem mykje seinare enn eg trudde... Sure sokkar og handkle som har "overvintra" i ein eller annan ryggsekk saknar eg heller ikkje.

Det eg kan sakne er at nokon kjem heim til middag med nytt å fortelje og liv i huset. Å bli presentert for ny musikk, i ein eller annan sjanger eg aldri har høyrt om før ein gong. Å bli invitert med til å sjå ein film, spele eit spel eller finne svaret på ei gåte (som kan gjelde alt frå forsikring av instrument til telefonnummeret til legevakta, det er ikkje snakk om så veldig til quiz altså, mest ting som er akutt der og då) 

Det som kan målast av endring, er for eksempel nedgang i skitne klær. Eg treng snart ikkje vaske klær lenger! Og eg har fått rapport om at vaskekurset eg hadde før flytting, virkar. Det tydar på intelligente, unge menn som slektar på mor si :) hehe! Middagsrestane forsvinn ikkje i same grad som før, kvitosten kan nesten bli tørr og ingen av oss et visst sognemorr eller kokt skinke. Brødet rekk å bli langhåra og juicen litt sur i kjøleskapet. Eg må altså venne meg på å lage mindre middag og kjøpe brød sjeldnare. Når dei kjem heim på besøk, kjem vi truleg til å gå tom for mat! Heldigvis bur vi nært butikk. 

Det er færre å spørje om  praktisk hjelp, som å løfte tunge kasser, skifte dekk på bilen eller slå plena. Færre som kan springe på butikken og kjøpe frukt og lasagneplater medan eg kokar kvit saus, færre til å fylle drivstoff på bilen eller støvsuge trappene. Eg må vel gjere det sjøl, eller sette mannen i sving(trur han merkar denne endringa godt).

Eksempel på ting ein må gjere sjøl når ungane har flytta.
Ja, det er ein skru midt i der...

Det er nok kvardagane med liv i heimen som er den største endringa...det er mindre liv med to som gjerne søv middag... 

Men eg venner meg på det. Sakte, men sikkert. På ein måte har eg jobba fram til denne dagen, meir eller mindre bevist. Eg har jo visst dagen skulle komme. Men den har vore så langt fram. Det har vore dagar der eg har sett fram til det, dagar med legoklossar over alt, krangling, høg musikk og middag som ikkje fall i smak. Grønsaker med feil farge, smak eller lukt. Då har eg tenkt at det går over, men det er lenge til. Eg har kanskje tenkt at det blir stille også, og at det ville bli godt. Men det var så mykje anna vi skulle først. 
Først skulle vi jo lære dei å ete og sove, så skulle dei lære å prate og gå, og etterpå vere stille og sitte i ro. Dei skulle i barnehagen, lære å vente på tur, spele spel, sykle og vere med på fjelltur, med og uten meis og pulk. Skulen skulle komme, ny skule og så endå ein. Men det var enno lenge til dei skulle ut og fram åleine, tenkte eg. Dei skulle jo lære å lage mat og smøre matpakker, velge rett klær etter været. Oppleve å klare sjøl, og av og til måtte be om hjelp. For enno trong dei mamman sin, til å svare på ting. Finne plaster og to like sokkar, sy i ein knapp. Dei skulle finne vener, og oppdage at ikkje alle er like, og korleis ein lever med det. Dei skulle vere ein del av kjernefamilien og storfamilien, nabolaget og samfunnet. Spele musikk, finne sin musikk og sitt instrument. Finne seg sjøl, meir og mer(det er ikkje så fort gjort. Av og til leitar eg fortsatt, etter meg sjøl altså) Dei skulle kjørast og hentast, lære å gi beskjed og halde avtalar. Men enno hadde dei base her, hos oss. Eg hadde eit ord med i laget, mine reglar gjaldt, likte eg iallfall å tru. Dei frigjorde seg meir og meir, tøydde strikken og grensene, tok ein diskusjon eller to, men enno budde dei her, under vårt tak. 

Innhaldet i kjøleskapet er veldig likt frå dag til dag!

Når #morstutogkjør ikkje har oppdrag lenger... då vart det strikking

No har dei flytta, begge to! Eg trur det vil gå bra med dei. Eg trur dei klarer seg, kanskje har eg gløymt å lære dei alt dei treng, men alle bør oppleve å farge kvite handkler rosa eller krympe ein ullgenser eller to. Då sorterer ein vasken betre seinare! Eller at å snu seg vekk medan ein varmar mjølk eller steiker pannekaker ikkje er så lurt. "Learing by doing" har mykje for seg. Og eg er jo her, klar for spørsmål om gjærdeig og koketid, klesvask og middagstips. Ein prat om kjærleikssorg eller eksamensnervar, husleige eller busskort. 


Om ikkje så lenge må eg oppdatere introen om meg på bloggen, for då er eg ikkje tenåringsmor lenger. Eg må finne nye ting å gjere, for no har eg tid. Vi seglar, eg les masse bøker, går meir tur, men eg har tid til overs. Kanskje blir det korsang? Eller meir fast trening. Kven veit? Tida vil vise! Enno må eg venne eg til å ha eit snev av "empty nest syndrom" (tomt rede-syndrom) og så får eg fylle reiret med andre ting!

Og eg gler meg på besøk! Eg skal stille med gode senger, nykokt kaffe, nybakt brød og heimelaga syltetøy! Ønskemiddag og god tid! 

mandag 4. september 2017

Vekestart veke 36

Måndag. Enkelte måndagar er litt motbakke, idag byrja forsåvidt bra, men travelt på jobb.
Så hadde eg time med gynekologen, og det var løsningsorientert og greit. Eg kan krysse av for #sjekkdeg og alt vel.
Etterpå hadde eg eit møte som var i motbakke og motvind, syns eg, iallfall. Eg skal ikkje seie altfor mykje, men eg trur ikkje eg og NAV snakkar samme språk eller høyrer dei same orda. Noko slikt. Vi kom i mål, vi har ei plan, men eg syns det var eit dumt møte.
Samtidig kjenner eg andre som slit kvar på sin stad, og begeret blir litt fullt. Sukk!

Sånn, ferdig med det! I morgon er ein ny dag, og i Matteusevangeliet står det "Ver ikkje urolege for morgondagen, morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde". Trur det er ein annan måte å seie "lev i nuet" på!?

Heldigvis har eg ein mann som høyrer på meg når frustrasjonene slår inn over kjøkkenbordet, og det er jammen godt.  Trur eg har delt dette diktet før, men det tåler ein repetisjon.

HANDA

Du legg handa di
inn i mi.

Verda tek ein pause.

Helge Torvund

Eg er jo heldig. eg har ein mann som tek handa mi. Eg har jobb, eg har hus. Eg har mykje stabilt rundt meg, så eg tåler ein storm, eg likar det berre ikkje :)

Og enno kan eg glede meg over blomster i hagen,
som eg kan plukke inn og ha på kjøkkenbordet.



fredag 1. september 2017

Fredag

Igår var det fridag, idag er det fredag. Begge deler er fint!

Mannen er på jobbfest. Så då eg kom heim frå jobb,  la eg meg på sofaen med bok og tenkte igrunnen å bli der. Sov gjorde eg og....heilt til mannen lurte på om eg kunne komme innom jobben hans med ei jakke til han. Ok, då fekk eg både sol, frisk luft og tur.
Så har eg laga pizza, lese bok, aviser,  høyrt radio, type nettradio, for å få med meg program eg ikkje rakk då dei var sendt. Og musikk på Spotify.  Og ete pizza, vurderer strikking. Har valgt bort tv inntil vidare.


Brenner lys og kjenner det er fredag og starten på helga, som enno er ganske planlaus!