torsdag 7. mars 2013

Hestepølse

"Hadde du vore hest, hadde du vore pølse", sa ein kollega ein gong til meg. Vær ikkje så sikker på det, i desse kjøttskandaletider, kunne eg vore både lasagne og kjøttbullar frå IKEA. Men ikkje kjøttpai, for den viste seg visst å vere utan kjøt.
Fine, støvete hesten frå gutterommet.
Men så lenge vi et av det som ligg i frysaren, seier min mann, elgjegeren, så er vi trygge og blir ikkje lurt. I frysaren er det elgkjøt frå trønderske skogar, og fisk frå djupe romsdalsfjordar. Fisken er videreforedla på mamma sitt kjøkken, garantert langt unna mafia og anna skummelt!



Grunnen til kommentaren frå kollegaen, heng saman med den tidvis dårlege helsa mi. Det har ikkje vore plana mi, eller noko ønskje frå mi side, men av og til skulle ein tru at eg har hatt som mål å halde sjukefråværet oppe på jobb... Det har vore skuldre og betennelsar og prolaps og rygg og vondt i sjela.
Men no har eg vore frisk lenge, eller frisk? Eg har kjent meg frisk for det meste, eg har berre hatt "litt vondter og skavankar" i perioder som har sett meg ut av spel. Det går på humøret laus, eg kan ikkje gjere det eg vil, eg blir "ho med ryggen". Og det er klart at det gjer noko med meg, når folk rundt kommenterer kor lenge eg har vore frisk... Men eg er meg, lell, og eg har vore heldig og fått hjelp når eg har trengt det, sjølv om det er ganske tålmodighetsutfordrande å stå i helsekø! No har eg vore frisk lenge, eg har kunne gjere jobben min, vore mamma og kone og ikkje måtte ta meir hensyn til kroppen min enn dei fleste. Og eg har tålmodige og fine folk rundt meg, både familie, vener og jobb!

Men det gjer noko med meg, i periodar har eg venta på å bli sjuk igjen, eg frykta at noko snart svikta igjen. Heldigvis gløymer kroppen og etterkvart hodet korleis det var, eg trur eg er frisk og ferdig inntil noko dukkar opp.

Kloke, små dyr...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar