torsdag 3. mai 2012

Leseliste for siste del av april

Det kan virke som om lesefarta har gått ned i det siste, veit ikkje kva som har skjedd. Men litt har kome på lista sidan sist:

Eg har lese  Straffen av Jan Mehlum. her er det ein antihelt, på sett og vis, som er hovudperson. Advokat Svend Foyn er på dei svakastes side, og litt på kant med politiet. I denne boka blir ei politikvinne, som er eller var ei god venninne av Foyn, funnen død, myrda. Kven ønskte livet av henne, og kvifor? Denne boka var innkjøpt til å vere med på reise, men vart på mystisk vis lese ut før turen starta... Eg har lese alle bøkene om Svand Foyn og likar serien godt, passe småbykrim med snille og slemme og ting løser seg!

På turen snubla eg innom ein bokhandel, bøker innkjøpt når ein er på reise tel nemleg ikkje i den store reknskapen, trur eg...Dei kostar veldig lite og tek ikkje plass i bokhylla, det er iallfall teorien. Dessutan må ein ha noko å lese på i tilfelle ein ikkje får sove når ein er prinsessen-på-erten på hotell.

Eg fann iallfall ei bok eg har sett før, men som no var på salg(der ser du, bøker kjøpt på tur kostar lite): Balansekunst av Rohinton Mistry. Handlinga skjer i India på 70-talet, og litt før. Ulike personar, i ulike samfunnslag og kaster møtes og blir kjent. Til tider ei ganske grusom bok, men mykje å lære om kultur og kulturforskjellar, også innad i India, men iallfall hit til Noreg!! Men inga lettlest bok, og nesten 800 sider, samtidig ville eg gjerne vist endå meir om personane i boka.

Så har eg vore innom litt gamle nattbordstablar, og lese både Marian Keys og gamle ukeblad. Elles pushar eg krim på femtenåringen, for å halde lesegleden ved like!
Nokon som har bøker å anbefale?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar