torsdag 22. mars 2012

kva har eg lese til no i år?


Eg skal skrive om bøker, sa eg...
Eg er veldig glad i å lese, og tenkjer at bloggen kan vere ein stad å ta notere kva eg les. Eg har sett over bokhyllene og funne iallfall noko av det eg har lese til no i år. Meiner eg har lese om igjen enkelte gamle bøker, men dei blir nok ikkje med, om eg ikkje plutseleg finn dei og syns dei fortener omtale.
Bokhylla på kontoret er overfylt... 

Kjempenes fall, Ken Follett 
Fantastisk murstein av ei bok!!! Over 900 sider om Tyskland, England og Frankrike og resten av Europa og litt innom USA frå 1911 og til første verdskrig er over. Ventar berre på neste bind...

Glass og aske, Ann Syrehn Tomasevic 
Denne boka handlar også om 1. verdskrig, Frankrike og Tyskland og "vanlege" folk, ei litt «lettare» bok.

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant, Jonas Jonassen 
Absurd humor, uventa ting skjer på kvar side, absolut artig, i samme sjanger som Arto Paasilinna(ein finsk forfattar som skriv herleg, absurde, rare bøker), men litt skuffa etter all omtalen som ikkje innfridde.

Norwegian wood, Haruki Murakami 
Eg trong sterkt lesestoff, leita i hyllene og fann denne som var innkjøpt og avglemt. Dyster og bra om studentliv. Skal lese fleire bøker av Murakami!

Vinterstengt, Jørn Lier Horst 
Krim må eg ha, og William Wisting er ein favoritt.

Drømmeløs, Jørgen Brekke 
Skummel krim får Trondheim, ekstra spenning sidan eg bur her! Andre bok om etterforskar Odd Singsaker. Like bra som førsteboka(Nådens omkrets)

Nu, jävlar, Heidi Linde 
Eitt døgn, fleire personar som har liv som heng saman. Obama og dronning Sonja og ein liten by på Austlandet. Frå boka: «om alt som skulle bli, men aldri ble»

Zofies verden, Grethe og Norunn 
Juhu, passe nattbordlitteratur!!

Og akkurat no les eg Shetlandskrim av Ann Cleeves; Raven Black White nights, Red bones og Blue lightning.

Nesten ei bok i veka ser det ut som, det er etter planen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar