søndag 4. september 2016

Historia bak eit bilde #2

Fyr sett frå inne i båten, medan vi saakte
sig mot kai
Igår skulle eldsteson også få vere med på segltur. Han som stort sett bur ute, i telt om han er heldig, i skogen og oppe på vidda, har ikkje sett saltvatn på lenge, og slett ikkje vore ombord i seglbåten vår! Så alle mann til båten og ut på tur.

Det var seglvind, ei stund, men så vart det veldig stille og vi gjekk for motor. Vi drakk te og åt eple og kjeks og hadde skikkeleg familietid der ute på sjøen. Det vart dokumentert med bilder at vi var der, og lagt ut på både snap og insta. Men...
Etter ei stund laga motoren andre lydar enn før... Slikt likar vi ikkje! Litt prøving og feiling med mengde gass, litt fundering, og så fann vi ut at det ikkje kom kjølevatn ut. Dårleg teikn. Mannen opna luka til motoren, der kom det vatn! Også eit dårleg teikn...

Og dette er motoren, sett frå den sida der den
ikkje spruta vatn

Vi låg ute på fjorden, det var ganske stille sjø, det var langt å svømme... Men no kom det heldigvis litt vind igjen, og eg fekk segle i stødig fart, og akkurat no syns eg det vart meir enn nok vind. Det er noko med det, når ein ikkje veit kvar ein vil, og iallfall ikkje vil dit så veldig fort. Dei andre dreiv feilsøking. Dei fann ein laus skrue, dei veit no kvar vatnet kjem inn til vasspumpa, dei fann ei skive som ikkje låg på plass(og eg veit at i slike tilfeller er det ikkje snakk om skive med brunost) og med tålmod og kunnskap fekk dei fiksa såpass at vi kunne skru på motoren utan at det kom vatn inn i båten(og i kjølsvinet, mannen har som før nemnt, brukt litt tid på å tømme det. det kan du lese om her Historia bak eit bilde)
Medan vi sakte segla inn til hamna og båtplassen, før vi skrudde på motoren til hjelp, sto eg nede og vaska opp og såg altså fyret ut vinduet, det var ganske fint, sånn når ein ser bildet.

Tips til alle som skal kjøpe båt: sørg for å ha ein handymann som ikkje mistar motet når det dukkar opp problem, og som kan skru litt(mykje)! Eg får jo lyst til å ringe etter hjelp, evt legge meg nede i båten og gråte litt når det skjer slike ting, men eg ser at det ikkje er så lurt mtp problemløsing!

Og idag har mann og son fiksa pumpa til kjølsvinet, slik at dei slepp stå på alle fire og tømme med ei avskoren brusflaske til hjelp neste gong. Imponert ovar alt dei får til!

Dette kan bli ein følgjetong, er eg redd... Satsar på at neste gong er det ei litt muntrare historie bak bildet eg deler!


2 kommentarer:

  1. Hehe, jeg blir mer og mer sikker i min sak om at vi ikke skal kjøpe båt... ;-) Selv om det hadde vært utrolig deilig, når den hadde virka som den skal. :-D

    Og så er det artig å vite historien bak bildene :-)

    SvarSlett
  2. Jeg elsker historien bak bildet!

    Og du forteller så levende at jeg kjenner salt i nesa og vind i håret. Takk!

    SvarSlett