onsdag 14. september 2016

Difor bør du alltid ha ei lue i sekken!

Idag gjekk eg tur i marka. Eg hadde med pose for å kunne plukke litt tyttebær, for den er moden no. Store, raude bær som ropar etter å bli trollkrem eller rørte bær å ete til søndagssteika i vinter. Men eg fann bringbær og blåbær også, som gjekk rett i munnen. Nam! Så mykje bær og så lite tid til å plukke...

Eg gjekk lenger enn på lenge, eg gjekk der vi er så få som går at alle ein treffer stoppar for å snakke litt om kor fint det er i skogen, kor mykje bær det er igjen og kor varmt det er, no når vi er langt ut i september!

Så gjekk eg litt til. Og kva ser eg!? Heilt plutseleg der inne i skogen?! Nede i lyngen og mosen. Rett ved stien:

Små gullgule...

Kantarell!

Skogens gull: kantareller! Min indre hamster vart overlukkeleg!
Men kva hadde eg å plukke i? Ingen ting... Plastpose er ikkje noko for sopp. Ned i sekken og håpe at det skulle vere ei soppkurv der. Nei, og ingen papirpose, men ei rein lue hadde eg! Eg plukka forsiktig dei små og og gule og la dei i lua!
Ei lue kan altså vere redninga, sjølv om det ikkje er surt og kaldt!

Dagens fangst!
(og det var jo fin fargematch mellom lue og kantarell)
Dagens moral: Gå aldri på tur utan lue!


2 kommentarer:

  1. Jeg synes ALLE finner sopp utenom meg. Jeg må lære meg triks. Hvor vokser kantarellen? Der hvor det er skygge på ettermiddagen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lært denne plassen av nokon andre, og har aldri funne noko på eiga hand. Iår trudde eg ar eg var altfor seint ute, men superflaks for meg ligg denne plassen lutt gøy.
      Skulle gjerne lært kvar ein bør leite. For nåe eg leitar på passar som eg syns liknar, finn eg ingenting...

      Slett