fredag 29. april 2016

Mi indre burugle

Eg veit ikkje heilt kva ei burugle er, men eg trur bestemt det er ei litt småhissig, lett irritert, utålmodig sjel...omtrent som eg om dagen. (sjølv mannen seier, under press, at han merkar at eg er utålmodig)

Det går jo bra med ryggen, eg har stadig mindre vondt, eg klarer meir og meir. Og eg har god tid til å sjå på det eg ikkje klarer... eller ikkje har lov til å gjere noko med, altfor god tid. Eg blir ei litt mindre hyggeleg utgåve av meg sjølv. Eg har god tid til å sjå på ting som skulle vore gjort, vi snakkar vasking av bad, flekkar på skapdører, visne blomster etc etc.
Men eg prøvar jo å ikkje vise det(særleg at det virkar)
Så istadenfor å mase og seie "har du ikkje tatt opp brød?!" seier eg med silkemjuk røyst: "Når du likevel skal hente brød i frysaren, kan du vel ta med det som ligg i vaskemaskina?". Eller istadenfor å brumme "Kvifor er det berre EG som ser at det trengs å støvsugast her?!", smiler eg sukkersøtt og seier "Kanskje du tørkar opp den flekken der når du likevel skal støvsuge?"
Eg trur kanskje eg er gjennomskua... Det er ikkje artig å møte ein mindre søt og hyggeleg versjon av seg sjølv i trappa, det er omtrent så langt eg kjem meg, og der skulle det iallfall vore støvsuga!

Eg ser altså hårstrået på min manns skulder, men ikkje hybelkaninkolonien på mine eigne strømper (eller feil, det gjer eg verkeleg! Men eg får ikkje avliva den) Altså må eg berre lese fleire bøker, gå fleire turar og satse hardt på at det snart blir så varmt at eg kan bruke tid ute i solveggen! Eg må flytte fokus til noko anna, og har du forslag blir eg (og resten av familien)  glad!

(og når alle restriksjonar ang kva eg kan gjere er oppheva, kjem eg til å oversjå alle hybelkaninar og syltetøyflekkar i vekevis!)


Dagens frukost var bra om ikkje anna! Med kvitveis frå skogturen igår og te i Mummikopp. Her reknar vi på plusspoeng!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar