fredag 5. august 2016

Historia bak eit bilde

I går kveld la eg ut eit fint solnedgangsbilete på Instagram. Det har eg fått mange "likes" på, både på Instagram og Facebook. Og det var nydeleg fint på Skansen, der båten ligg, kl 23 i går kveld:



Solnedgang er eit takknemleg motiv, fjord og fyr er fin framgrunn.
Men det er ei bakhistorie til kvifor eg var der så seint på kvelden...

Først på dagen var vi i byen og gjekk litt på Matfestivalen i Trondheim. Vi handla litt, og kom oss til båten. Vi slappa av, mannen fiksa litt og eg sat i cockpiten og pynta opp.


Etter litt om og men, lesing og mat, la vi ut på fjorden. Det var såpass med vind at vi fekk opp segla, og vi segla sikkert 20 minutt før det vart blank fjord og vindstille.... Men det er ikkje det som er grunnen til at eg var i hamna seint på kveld. Vi starta motoren og tøffa sakte rundt ei god stund.

Undervegs oppdaga vi at det var ein feil på pumpa til septiktanken... skulle gjerne ikkje måtte skrive det! Det kom vatn(heldigvis ikkje noko anna) inn i båten istadenfor at ting gjekk ut. Vel i land, reiste eg heim medan mannen skulle skru litt. Det vart litt meir enn litt, og solnedgangs-idyll-biletet er tatt etter at eg kom att for å vere håndlangar og moralsk støtte til reparatøren som låg og prøvde tømme kjølsvinet for ekstra vatn og skit... Det har eg dessverre/heldigvis ikkje bilete av. Men eg har vaska ei mengde håndkle og klær idag, slik til orientering.
Ifølge andre båtfolk er dette normalen, tida ein seglar på fjorden er berre ein brøkdel av tida ein brukar på å skru. Nuja, eg håpar dei tek feil! For når slikt skjer, er det ikkje til å kome frå at eg lurer på om det var lurt å kjøpe båt? Vel, eg angrar ikkje enno, og båten ligg ikkje på Finn.no. Det går seg vel til?! Og det å sige rundt ute på fjorden er ganske roleg tidsfordriv som veg opp for ein god del anna!


Avslapping i båt før det vart skruing og fiksing...

Så: eit fint solnedgangsbilete kan lyge meir enn mange ord om realitetane rundt fotografen.

(Om pumpa virkar no? Nei. Og det foregår ein del surfing på nett etter ei liknande pumpe, og nødreparasjon av den vi har. Vi får tru "det blir likar i morra")

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar