tirsdag 20. desember 2016

20.desember

Det nærmar seg jul! Idag har vi hatt julelunsj på jobb. Det var høg kjolefaktor. Vi fekk påsmurt mat, det var levande lys og tale frå avdelingsdirektøren. Frukt og sjokoldae til dessert. Rart med det, korleis  nokså enkle endringar, gjer lunsjen til noko anna. Eg meiner, det var same lokale og dei samme folka.
Eg tok ikkje bilde idag, men dette er
adventskalenderen på jobb.
Det får duge som illustrasjon!

Då eg vaks opp, var det juleavslutning på skulen. Skulen eg gjekk på hadde ca 100 elevar, fra 1.-9.klasse. Samla frå mange bygder rundt fjorden.
Festen var kvelden før siste skuledag, ofte 20.desember. Det huskar eg godt, for 21. desember, alltid siste skuledag i min hukommelse, hadde ei i klassa mi fødselsdag, og vi brukte synge bursdagssangen for ho, før vi gjekk rundt juletreet og det var juleferie!
Festen var open for alle, 9.klasse(for dette var i gamle dagar, då 9.klasse var siste året) var arrangør, med ansvar for kafe og for hovudprogrammet. Landskapet var gjort om til festsal. Skilleveggane var skubba til sides og golvet fyllt med stolar. Og fremst var scena! Alle klasser hadde innslag, altså kom både tanter, bestefedre og foreldre og søsken. Ungdommar, som i mine auger var vaksne, men mest truleg hadde gått ut frå skulen for 3 år sidan, kom også. Dei satt bakerst. Det var fullt hus og stinn brakke! Akkurat slik det hadde vorre året før, og kanskje er enno?

Ute trur eg det stort sett alltid var snøstorm. Parkeringsplassen var full. Det var prøving av juleklær, og pensko medbrakt i pose. Eg huskar eg hadde "huset på prærien"-kjole eit år. Med kvit bluse inni og rysj på skuldrene. Eg var så fin! Og fine sko, som var vonde på. Omtrent som om det skulle vore idag...  Det var balansering av kakefat og kaffekanner til kafeen. Garderoben var full. Når festen var slutt var det ut i kulden og mørket, varm av det vi hadde opplevd, for å koste bil.

Programmet var variert. Alle klasse hadde øvd inn noko, og vi hadde øvd på å neie etter applausen. Skodespel! Det var alltid skodespel på desse kveldane. Kanskje julespel av førsteklasse? Song og nokon som spela gitar eller piano. Eg har vore med i dukketeaterversjon av Hakkebakkeskogen. Vi hadde laga dukkene sjølv, i formingstimane. Det var høg filt- og striefaktor. Eg har sikkert sunge i kor, i ei eller fleire former. I 9.klasse hadde eg drama valgfag. Vi hadde instruktør frå Teateret Vårt, og spela eit stykke som eg trur heitte "Krav". Det var eit ganske tungt stykke om krav ein som ungdom møter, og hadde sikkert vore minst like aktuelt no! Eg forsto iallfall at eg ikkje hadde ein skodespelar i magen. Men oftast var det ei komedie som vart framført, med giftesjuke ungkarar og kranglete naboar. Det var mange skodespelartalent! Og mon tro om vi ikkje sang "Deilig er jorden" til slutt, alle saman?
Og saman med oss var det ivrige lærerarar, med vilje og evne til å inspirere og hjelpe oss vidare! Eg har veldig mange gode minner frå desse kveldane!

Meiner bestemt eg var engel eit år! 

Dagen etter var det rydding, dugnad med heile skulen. Kosetime med klassa. Gang rundt juletreet med heile skulen før ferien starta. Eg kan ikkje huske at det var nokon som hadde fritak eller at det var diskusjon rundt dette. Vi var aldri i kyrkja, for det var for langt unna skulen. Men eg huskar det å slutte litt tidleg på skulen, ta buss heim medan det var lyst og vite at "NO, no er det jul!"

Eg kan sakne desse kveldane. I ein stor by, med store skular og store klasser, kan ein ikkje ha slike festar som samlar så mange. Difor måtte eg mimre litt no. Naturlegvis var det skummelt å skulle opp på scenen, nervar for om ein huska alt. Det var fullt og kø i kafeen. Å vere liten i ein slik vrimmel kunne vere overveldande. Men alt i alt huskar eg desse kveldane med glede!!

2 kommentarer:

  1. Det er så mye man mister når man skal fortette, effektivisere og modernisere. Jeg ble varm av innlegget ditt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje sikkert alt var betre før, men noko var det heilt klart! I all fall i minnet 😊 håper du har fine juledag.

      Slett